Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Elevrådet presenterer:.  Gamleskulen låg ikkje lenger sentralt til  Forholda på gamleskulen var svært dårlege, i Møre Nytt vart det omtala som ei skandale.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Elevrådet presenterer:.  Gamleskulen låg ikkje lenger sentralt til  Forholda på gamleskulen var svært dårlege, i Møre Nytt vart det omtala som ei skandale."— Utskrift av presentasjonen:

1 Elevrådet presenterer:

2  Gamleskulen låg ikkje lenger sentralt til  Forholda på gamleskulen var svært dårlege, i Møre Nytt vart det omtala som ei skandale  På krinsmøte i 1956 vart det gjort vedtak: ”Det var semje om at ein måtte gjera det som gjerast kan for å få nytt skulehus for krinsen, noko som det er rimeleg von om å få”.

3  I etterkant vart saka likevel drøfta i: 6 nye krinsmøte,9 skulestyremøte og like mange formannskaps- og kommunestyremøte!  Heile 14 ulike framlegg til tomt vart lanserte!  Endeleg var det einigheit om å byggje nyeskulen på eit område ved Hovdebygda Idrettsplass  I 1961 vart det bygd eige vassverk ved Hovdeåsen som skulle sikre vatn til nyeskulen

4  Skulebygget, som vart bygd i to høgder + gymnastikksal, fekk eit areal på 1132 m 2 og eit byggevolum på 5500 m 3  Rekneskapen viste ein samla kostnad for bygget, med veg, tun, inventar og utstyr på kr. 1.091.370,-  Bygget stod ferdig i august 1964  Nyeskulen er det vi kallar Øvrebygget i dag

5  Elevane gjekk i tog frå gamleskulen med fanar og flagg som ein 17.mai

6  Formann i byggjenemda, Jens Kåre Engeset leidde festen  Det var allsong, musikk ved Bjørg Engeset, andakt ved sokneprest Nils T. Eide, prolog av Hallfrid Eiksund og kåseri av 88-åringen Karl Straume. Festen vart avslutta med Garborg- salmen ”Gud signe Noregs land”

7

8

9

10  Vi har lite fakta frå hendinga, men vi veit at delar av taket på nyeskulen skal ha vorte øydelagd eit av dei første åra etter opninga av skulen  Det skal ha stått bøtter bortetter gangen for å samle opp regnet som lak inn på skulen

11  Det var 84 elevar som byrja på nyeskulen i 1964, frå 9 til 21 elevar per klasse  Lærarar var: Hallfrid Eiksund, Målfrid Rabben, Bjørg Engeset, P.P. Sørheim og Jens Kåre Engeset  Rektor/styrar var Peder P. Sørheim

12  Dei brukte Egner sine lesebøker på denne tida  Dei brukte òg Bibelsoge, av Vogt

13  Tidlegare hadde dei brukt denne:

14  Elevane stilte opp utanfor, lærarane henta elevane inn  Elevane sto ved pultane og song kvar morgon og før dei gjekk heim, oftast songar frå Salmeboka og/eller ba ”Fader vår”  Dei hadde ikkje brannøvingar, så vidt vi veit  Dei hadde ikkje dataundervisning

15  Dei brukte å reise med buss for å gå på ski på Reset, Kvanndal eller Standalseidet på vinterstid  Faga dei hadde var blant anna Kristendom, orienteringsfag (geografi, historie, naturfag), sløyd og handarbeid. Den første tida var sløyd for gutar og handarbeid og heimkunnskap for jenter. I sløyd var det populært å hole ut skåler

16  Mange av foreldra til borna hadde ikkje telefon heime. Difor var mykje av kontakta per brev  Det var ikkje mykje fokus i skulen den gongen på å ha tett kontakt med heimen. Det var difor ein god del mindre kontakt mellom skule-heim enn det er i dag  Fleire av lærarane var øvingslærarar, for studentar ved Høgskulen i Volda, som då heitte Lærarskulen. Dette var ein stor fordel for skulen

17  Hovden skule var ein av dei første skulane i landet som integrerte psykisk utviklingshemma på same skulen. Det vil seie dei hadde eit tilbod i tilknyting til den kommunale skulen  Dei oppretta ei klasse i 67/68, og dette var det først Hallfrid Eiksund, og seinare Olav Marøy, som blant anna stod i bresjen for

18  Marøy skreiv hovudoppgåve i utdanninga si om integreringa på skulen, og den vart trykka i eit kjend blad og fekk mykje merksemd landet over  Skodespelaren Wenche Foss, som sjølv hadde ein son med spesielle behov, ringde Hovden Skule og gratulerte at vi hadde kome så langt på dette området. Ho hadde høyrd om saka på radio

19  Wenche Foss gav skulen ei pengegåve  For gåva kjøpte skulen to piano og sklie til borna på leikeplassen ute

20  Dans var ikkje tillete  Det var forbode å bruke stiletthelar i Ørsta-skulane  Det sto svært dårleg til med tannhelsa til elevane i skulen -64/65. Skuletannlækjaren måtte kome for å holde foredrag om tenner og tannhelse. Elevane måtte møte til fluortannbørsting fleire dagar  For elevane i 7.klasse var det gjennomsnittleg 16 hol per elev!

21  Boka ”Folk og kultur” i serien ”Mi gamle grend” av Hovdebygda soge og velferdslag 1997  Bilete frå hovdebygda.com  Olav Marøy


Laste ned ppt "Elevrådet presenterer:.  Gamleskulen låg ikkje lenger sentralt til  Forholda på gamleskulen var svært dårlege, i Møre Nytt vart det omtala som ei skandale."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google