Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

GARVARBUDA. Historie ● Garvarbuda vart bygd i 1838 av Olai Olsen ● Ligg nede ved sjøen på Rotset ● Var først handelshus ● Vart seld til Carl Nicolai Rødseth.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "GARVARBUDA. Historie ● Garvarbuda vart bygd i 1838 av Olai Olsen ● Ligg nede ved sjøen på Rotset ● Var først handelshus ● Vart seld til Carl Nicolai Rødseth."— Utskrift av presentasjonen:

1 GARVARBUDA

2 Historie ● Garvarbuda vart bygd i 1838 av Olai Olsen ● Ligg nede ved sjøen på Rotset ● Var først handelshus ● Vart seld til Carl Nicolai Rødseth i 1876 ● Vart garveri frå 1878 ● Carl dreiv verksemda saman med sonen Nils ● Dei hadde 8-9 mann i arbeid ● Dei dreiv butikk i eine enden av huset

3 ● Rødseth fekk oppleve både medgang og motgang ● Han måtte selgje Garvarbuda på tvangsauksjon i 1884 pga økonomiske problem ● Med hardt arbeid greidde han å kjøpe buda attende for 5000kr. ● Då innreidde han bustad i andre høgda, og budde der saman med familia. ● Dreiv garveri og butikk i resten av bygget

4 ● Rødseth døydde i 1925 ● Sonen dreiv i eit år, men så døydde han også ● Då tok dotterson Bjarne Vassbotn over (1926) ● Han heldt på til 1971 ● No eig Volda Sogelag bygget

5 Bygget ● Bygget har to og ei halv etasje ● Buda låg på eit viktig knutepunkt for handel og skyss/transport ● Kommuneadministrasjonen heldt til på Rotset på den tida

6 Første etasje ● I nordenden av bygget (mot Volda) var krambud ● Butikken ser omlag slik ut i dag som han gjorde då ● Mykje av inventaret er der, td. Vekteene, disken, skrivepulten og pengekassa. ● Mange varer står «enno» i hyllene

7 Bilete av butikken

8 Garveriet ● Resten av første etasje var garveri ● Der gjekk våtprosessen føre seg ● Her var fleire store kar som var senka ned i golvet ● Der vart skinna lagt i kalk eller bjørkelog ● Her er også ein del reiskap som garvaren brukte

9 Bilete frå første etasje

10 Riss av første etasje

11 Andre etasje ● Her var to arbeidsrom og husvære ● Her budde garvaren og familien hans ● I arbeidsromma gjekk etterarbeidet av skinna føre seg. ● Det var smøring, pressing og glatting ● Verkstaden er omlag slik han var før

12 Bilete frå andre etasje

13 -og enda eit bilete

14 Tredje etasje ● Her var lager og tørkeloft og kvern til borken ● Her vart borken malen og lagra ● Her gjekk ei sjakt ned i første etasje der borkinga gjekk føre seg ● Her var også ei sjølvlaga slipe og kardemaskin for saueskinn

15 Bilete av sjakta ned til første etasje

16 Garvarkaia ● Nedanfor inste enden av Garvarbuda var Garvarkaia ● Det var som ein pir (kai),laga av stein, som gjekk ut til marabakken -omlag 15m ● Yst på kaia var det ei kran der varene vart heist på land ● Det var stort sett skinn og huder ● Dei vart så køyrde inn i huset og heiste opp i tredje høgda. ● Då fjordafolket kom til Volda for å handle eller gå i kyrkje, var det vanleg å leggje til her. ● Dei fekk då kome inn til garvaren for å stelle seg og ete niste.

17 Garvarkaia

18 Energivanskar ● Før elektrisk energi vart teke i bruk i 1920, var det nokre praktiske vanskar ● Borkkverna skulle drivast, sameleis valka («vaskemaskina») ● Dei prøvde å nytte vasskraft frå ein bekk innom buda, men vassføringa vart for liten ● Dei prøvde så vindkraft, med tre segl i vindhjulet, men heller ikkje det gjekk ● Det enda med at ein gardbrukar på Folkestad mol borka og trasporterte den til garvarbuda. For dette fekk han 13 øre sekken og 1,90 for ein tur til Volda. ● Valka vart dreva med handkraft ● Men i 1920 fekk dei elektrisk motor som drog både kverna og valka.


Laste ned ppt "GARVARBUDA. Historie ● Garvarbuda vart bygd i 1838 av Olai Olsen ● Ligg nede ved sjøen på Rotset ● Var først handelshus ● Vart seld til Carl Nicolai Rødseth."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google