Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Førebygging av trykksår ved rett bruk av rette hjelpemiddel.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Førebygging av trykksår ved rett bruk av rette hjelpemiddel."— Utskrift av presentasjonen:

1 Førebygging av trykksår ved rett bruk av rette hjelpemiddel

2 NAV, Side 2 Kor stort er problemet?  For den det gjeld: Katastrofe! (Sosial isolasjon, inaktivitet, depresjon, allmenntilstand, skam?, dødssjedeli).  Prevalens: - På helseinstitusjon i Norge: 3-23%. - I Norge: per år -Heimebuande med ryggmargsskade i USA: 33%. -USA: døyr av trykksår per år.

3 NAV, Side 3 Årsak til trykksår  Trykk over tid (deformering av celler + nedsett sirkulasjon)  Glidekrefter (shear)  Friksjon  Mikroklima (varme, fukt)  Brukar sitt funksjonsnivå og medisinsk tilstand

4 NAV, Side 4 Førebygging, generell  Kva er behovet?

5 NAV, Side 5 Kartlegging av behov krev samhandling!

6 NAV, Side 6 Brukaren Evaluering Tilbake- melding Utgreiing av total- situasjonen Val Vurdering Utprøving Tilpasning Vegleiing Opplæring Trening Oppfølging Reparasjonar Teknisk sørvis Søknad Vedtak Skaffe hjm. Praktisk problem Målsetjing rehab-plan

7 NAV, Side 7 Førebygging, generell  Informasjon, opplæring og oppfølging av brukar/evt pårørande/personale.

8 NAV, Side 8 Førebygging, generell  Redusera trykk ved å fordela trykket over størst mogleg område. Ein kan finna ut mykje om brukar si vanestilling ved å observera seteputa og seteryggen etter at brukar har site i stolen.  Redusera tid ved å gje (rom for) stillingsendring.  Redusera glidekrefter ved å gje maksimal stabilitet i sitjande og liggjande.  Redusera friksjon mellom hud og underlag ved forflytting ved bruk av friksjonsreduserande hjelpemiddel.  Sikra godt mikroklima.  Betra brukar sitt funksjonsnivå og medisinske tilstand, hudpleie.

9 NAV, Side 9 Når oppstår trykksår?  1. Avvik frå dagleg rutine. Ferietur, ny aktivitet, annan arena (teater, flyreise, kino, båttur, dusjstol, sitja på i annan bil, sitja ved bålet, solseng, basseng, strand, sykkel, sitski m.m.)  2. Gradvis endring av behov. (Sitje/liggjetid, vektendring, funksjonsnivå/rørsleevne, allmenntilstand m.m.)  3. Akutt endring av behov. (Ambulanse, operasjon, overføring mellom avd., venting på sjukehus, sjukdom/skade, skifte av omsorgspersonar/personale m.m.)  4. Forflytting (oppskraping, friksjon m.m.)

10 NAV, Side 10 Analyse av årsak  Kor er trykksåret (anatomisk lokalisering!)  Kva er mest sannsynleg årsak? Grundig analyse for å kunna setja i verk rette tiltak!

11 NAV, Side 11 Systematisk observasjon  Det er utarbeidd fleire ulike registreringsskjema for vurdering av trykksårrisiko (døme: Norton, Braden, Waterlow).  Nav Hms Sf har utarbeidd ei hugseliste som grunnlag for vurdering av risiko ved val av setepute og madrass.  Det er naudsynt med systematisk arbeid på dette feltet i form av gode rutinar og oppretthalding av fokus. EPUAP/NIFS tilrår risikovurvudering ved sjukehusinnlegging innan 8 t, Pasientsikkerheitsprogrammet tilrår innan 4 t.  Rutinane må innehalda anvarsplassering og avviksrapportering.

12 NAV, Side 12

13 NAV, Side 13 Risikovurdering

14 NAV, Side 14 SJEKKLISTE FOR VAL AV TRYKKAVLASTNINGSHJELPEMIDDEL  SJEKKLISTE FOR VAL AV TRYKKAVLASTNINGSHJELPEMIDDEL. Denne lista kan vere ei hugseliste for nokre av dei viktigaste faktorane som du må ta omsyn til når du skal velje hjelpemiddel.For at valet av trykkavlastande pute eller madrass skal bli så rett som råd er i høve til brukar sine behov, må det gjerast ei vurdering av brukar sin risiko for å utvikle trykksår. Sjå og firmakatalogar/nettsider for å finne hjelpemiddel som høver for brukarar i ulike risikogrupper dersom du ikkje finn det du treng her.  Indre faktorar:  Allmenntilstand. Vurder sirkulasjon, blodtrykk, respirasjon, vekt, smerte, temperaturregulering, mental tilstand, medikament m.m.  Aktivitet. Evne til å forflytte seg sjølv.  Evne til stillingsendring.  Feilstillingar, kontrakturar, anomaliar, kvasse knokar.  Ernæringstilstand. Inntak av mat og drikke.  Sensibilitet.  Huda sin tilstand. Er huda ofte utsett for fukt grunna inkontinens/sveitte? Er det arrvev/eksem på utsette stader?  Trykksår. Er det utvikla trykksår, i tilfelle kva grad og kor på kroppen? Har brukar tidlegare hatt trykksår?  Sjukdom. (Diabetes m.m.)

15 NAV, Side 15 Sjekkliste, ytre faktorar  Trykk. I kva grad er utsette stader utsette for trykk?  Tid. Kor lenge er brukar utsett for trykk på utsette stader? Behov for snuregime/alternative sitjehjelpemiddel?  Friksjon/gliding. Vurder i kva grad liggje- og sitjestilling og forflytting medfører fare for friksjon/glidekrefter (sit/ligg brukar stabilt?).  Underlag. Gjev den madrassen/puta som er i bruk tilstrekkeleg trykkavlasting og trykkfordeling?  Temperatur/fukt. I kva grad er huda utsett for varme/kulde og fukt?  Tilpassing/opplæring/oppfølging. Dei ulike trykkavlastingshjelpemidla krev svært ulikt med ressursar når det gjeld tilpassing, opplæring og oppfølging. Val av trykkavlastingshjelpemiddel må difor samsvare med det brukar og/eller hjelparar kan greie av tilpassing og oppfølging av hjelpemiddelet. Naudsynt opplæring må gjevast av kompetent person, som også må følgje opp saka over tid.

16 NAV, Side 16 Sitjande stilling  God sitjestilling inneber god stabilitet, god trykkfordeling, komfort og høve for aktivitet og/eller stillingsendring.  Ved godt tilpassa sitjestilling er vekta fordelt om lag slik: Sete/lår 65%, armlene 10%, fotstøtter 20%, seterygg 5%. Ved bruk av setetilt endrar dette seg vesentleg.  Feil bruk og dårleg tilpassa stol gjev høgt trykk på utsette punkt og auka glidekrefter.

17 NAV, Side 17 Sitjestilling, teori

18 NAV, Side 18 Bekkenstilling, nøytral

19 NAV, Side 19 Bekkenstilling, bakovervippa

20 NAV, Side 20 Bekkenstilling, framovertippa

21 NAV, Side 21

22 NAV, Side 22

23 NAV, Side 23 Glidekrefter i sitjande

24 NAV, Side 24

25 NAV, Side 25

26 NAV, Side 26 Trepunktstøtte

27 NAV, Side 27 Sjekkliste, sitjestilling:  Bekkenet skal stabiliserast i nærmast mogleg nøytral posisjon. Korreksjon av skeivstilling viss fleksibilitet.  Vektfordelinga på setehalvdelane bør vera så lik som råd.  Avstand golv/setepute og fotplate/setepute må tilsvara brukar si legglengd. For lang avstand vil føra til at brukar akar seg fram på setet for å nå golvet/fotplata. For kort avstand aukar trykket under setet.  Fotstøttevinkel. Open vinkel (meir enn 90 gr.) kan vera med å trekkja brukaren fram på setet, nb! bruk av vinkelstillbare beinstøtter, fotgynge m.m.  Setedjupna skal vera så stor at den gjev støtte nesten fram i knehasane. Viss knea stikk ulikt fram, finn årsak!  Setebreidda skal vera slik at brukar ikkje kan setja seg skeivt i stolen.

28 NAV, Side 28 Sjekkliste, sitjestilling (framhald)  Setevinkel. Eit sete som er lægre bak enn framme vil gje betre stabilitet og redusera skjerkreftene, men kan vera ulempe m.o.t. manuell forflytting til og frå stol.  Ryggvinkel. Open ryggvinkel vil auka framgliding på setet og auka skjerkreftene.  Seteryggen tilpassast slik at den gjev maksimal støtte i alle plan.  Aktiv bruk av setetilt vil gje stillingsendring og trykkavlasting utan at sitjestillinga vert endra.  Armlene/bord skal ta mest mogleg vekt av armane for å avlasta vekta på setet.  Hugs å glatta ut tekstilar under sete og rygg! (Forflyttingsvott?!)  Setepute. Storleik, materiale og fasong vert valt ut i frå brukar sine behov, sjå eiga sjekkliste! Nb! Ikkje bruk uelastiske tekstilar mellom setepute og brukar!  Beste trykkavlasting for setet/områder rundt sitjebeinsknokane er at brukar lener seg godt framover (med t.d. bordstøtte).  Vurder behov for individuell tilpassing, evt formstøypt sits!

29 NAV, Side 29 Seteputer, generelt  Sjå til at seteputa høver i storleik (breidde og lengde).  Ei tynn/låg setepute gjev generelt mindre rom for trykkfordeling og stabilitet enn ei tjukk/høg pute.  Vel pute i eit materiale som er tilpassa brukar sine behov for m.a. stabilitet (alle retningar), trykkavlasting (nedsynking + omslutting), inkontinens og fukt, komfort m.m.  Vel pute med anatomisk form eller som kan tilpassast brukar si anatomiske form.  Vel pute som ikkje krev meir tilpassing eller oppfølging enn det som er realistisk vert gjort.

30 NAV, Side 30 Seteputer, generelt  Vel pute som tillet stillingsendring viss brukar har høve til det.  Ha gode rutinar for inspeksjon av seteputa; sjekk at den er heil, at den har den spenst og form som den skal ha, om den treng vask eller er fuktig og treng tørking/lufting.  Sjekk at puta ligg rett veg i stolen, og ikkje berre at trekket ligg rett veg!

31 NAV, Side 31 Liggjande stilling

32 NAV, Side 32 Firedelt sengebotn

33 NAV, Side 33 Firedelt sengebotn, skisse

34 NAV, Side 34 Ryggliggjande  Ved bruk av store puter og/eller hjartebrett må ein syta føre støtte under låra som motkraft til nedgliding i senga. Støtta kan vera ved bruk av lårdelen i sengebotnen eller ved bruk av pute. Ver merksam på trykk mot hælane!  Bruk av ”hælbeskyttar” kan medføra auka trykk på hælane. For å unngå auka trykk, må vekta av føtene avlastast med støtte under leggane.  Hyppig stillingsendring er viktig (snuing, ”den vandrande puta” m.m.).  Madrass/overmadrass må veljast ut i frå totalvurdering av brukar, sjå sjekkliste!

35 NAV, Side 35 Sideliggjande  Ved liggjestilling heilt over på sida vert det stort trykk på lårbeinsknoken, trochanter major, og andre beinframspring. Det kan vera eit godt alternativ å berre snu grader over på sida; då unngår ein stort trykk på dei mest utsette beinframspringa. Bruk gjerne støttepute!  Legg gjerne ei stor pute mellom knea for å unngå kontakt bein mot bein.  Ver merksam på trykk på øyra og okleknokar.

36 NAV, Side 36 Forflytting, bruk av personløftar  Unngå mykje friksjon når segl skal takast av og på.  Fjern fotstøtter og evt. armlene for å gje best mogleg ergonomi og for å hindra oppskraping m.m.  Ved plassering i stol skal stolen tiltast godt bak, slik at bekkenet vert plassert heilt bak i stolen.  Sjå til at det ikkje er brettar, saumar el.l. under setet (Tips: Bruk glidevott).  Viss brukar må sitja på seglet, må det nyttast eit segl som er laga for slik bruk.

37 NAV, Side 37 Manuell forflytting, sitjande  Bruk teknikk og hjelpemiddel som ikkje gjev unødig friksjon når brukar skal setjast heilt bak i setet.  Fjern fotstøtter m.m. heilt, slik at det ikkje kan skje skade på fot/legg under forflyttinga.  Trekk fram buksebeina for å glatta ut brettar m.m. utan at baken sklir fram på setet, t.d. ved å lena brukar over til sida og gje støtte framme på kneet.  Glatt ut tekstilane mot seteryggen.  Ved sidevegsforflytting: bruk glidebrett, evt. i kombinasjon med forflyttingsmatte.

38 NAV, Side 38 Manuell forflytting, liggjande  Bruk antifriksjonshjelpemiddel der brukar sjølv ikkje kan avlasta kroppsdel/der tyngd og friksjon er størst. Det skal berre vera gliding mellom hjelpemiddel og laken, ikkje mellom brukar si hud og underlaget.  Høgare opp i seng: Ta bort friksjon under hæl, sete og skulder. Bruk gjerne hovudputa som forflyttingshjelpemiddel.  Snuing i seng: Ta bort friksjon mellom sete og underlag ved bruk av hjelpemiddel (glidelaken, plast, glidematte m.m.). Trekk i laken i staden for å gripa i brukaren.

39 NAV, Side 39 Rammeavtalen   Gjeld for kontraktsperioden til  SITTEPUTER MED TRYKKSÅRFOREBYGGENDE EGENSKAPER

40 NAV, Side 40 Postinndeling 1. Enkel sitjepute i skum. 2. Sitjepute der brukar og/eller brukar sine omgjevnader ikkje skal innstilla eller setja saman sitjepute. 3. Sitjepute der ein kan stilla inn kor langt ned i materialet den enkelte brukar skal søkkja.

41 NAV, Side Sitjepute med gode ventilerande eigenskapar for å redusera/førebyggja fukt. 5. Sitjepute som kompenserer/korrigerer for asymmetri og/eller feilstillingar. 6. Sitjepute som gjev god støtte under forflytting.

42 NAV, Side 42 Madrassar og overmadrassar  Ved val av liggjeunderlag må brukar sine behov vurderast tilsvarande som ved val av setepute. Tett oppfølging frå starten av er avgjerande. Særleg viktig er det å velja underlag som:  Tillet stillingsendring (på skånsam måte).  Ikkje er meir avansert enn det ein greier å handtera rutinemessig.  Tek høgde for at brukar kan få auka behov for trykkavlasting. Litt ”overkill” vert tilrådd!

43 NAV, Side 43 Rammeavtalen: Madrassar med trykksårførebyggjande eigenskapar.  Post 1. Vendemadrass, ingen på avtale  Post 2: Dynamiske madrassar  Post 3: Statiske madrassar  Post 4: Dynamiske overmadrassar  Post 5: Statiske overmadrassar som vert innstilt til brukar  Post 6: Statiske overmadrassar utan høve for innstilling


Laste ned ppt "Førebygging av trykksår ved rett bruk av rette hjelpemiddel."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google