Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Kjenneteikn på djupnelæring B – Samarbeid

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Kjenneteikn på djupnelæring B – Samarbeid"— Utskrift av presentasjonen:

1 Kjenneteikn på djupnelæring B – Samarbeid
Modul 1 Kjenneteikn på djupnelæring B – Samarbeid

2 Mål Målet med denne modulen er å kunne klargjere kva djupnelæring er, reflektere over kjenneteikn på djupnelæring og grunngi korleis eiga undervisning legg til rette for djupnelæring.

3 Tidsplan for denne økta
Aktivitet Tid Summer opp forarbeid i grupper 15 minutt Gruppearbeid 30 minutt Fagleg påfyll Summer opp 5 minutt Førebu observasjon i klasserommet Totalt 85 minutt

4 Summer opp forarbeid 15 minutt

5 Gruppearbeid (10 minutt)
Bruk notata frå A – Forarbeid og diskuter i grupper på tre–fire personar: Kva var kjent for deg? Kva var nytt? Har du vektlagt noko av dette i undervisninga di?

6 Felles oppsummering (5 minutt)
Kvar gruppe presenterer kort kva dei har snakka om: Kva var kjent for deg? Kva var nytt? Har de vektlagt noko av dette i eiga undervisning?

7 Gruppearbeid 30 minutt

8 Kva er levande? (5 minutt)
Følg lenka under og sorter bileta på sida i levande og ikkje levande i fellesskap:

9 Gruppearbeid (10 minutt)
Kva er levande? Sjå på bileta i konvolutten de får utdelt. Sorter bileta i levande og ikkje levande, og grunngje kvifor.

10 Summer opp (5 minutt) Kvar gruppe fortel korleis dei har sortert bileta, og forklarer korleis dei har tenkt når dei har sortert.

11 Kva seier forskarane om at noko er levande?
Menneske har diskutert kva som er kjenneteikn på liv opp gjennom historia, og forskarar diskuterer framleis dette i dag. Dei vanlegaste kjenneteikna vi bruker i dag for å seie om noko er levande er at det... tar opp næringsstoff og kvittar seg med avfallsstoff har gassutveksling («pustar») veks formeirar seg bevegar seg sansar og reagerer på forandringar i omgivnadane

12 Diskuter i fellesskap (5 minutt)
Gjer kjenneteikna at de vil sortere bileta annleis? tar opp næringsstoff og kvittar seg med avfallsstoff har gassutveksling («pustar») veks formeirar seg bevegar seg sansar og reagerer på forandringar i omgivnadene

13 Utforskande undervisningsopplegg
Blei du motivert til å finne ut meir? Ta ein titt på dette undervisningsopplegget ... Utforskande undervisningsopplegg Aktiviteten de nettopp har gjort er eit tilpassa utdrag frå det utforskande undervisningsopplegget Cella som system. Opplegget består av seks økter der elevane lærer om korleis cella er eit system som består av fleire delar som påverkar kvarandre. Utforskande undervisning handlar om å få elevane til å undre seg, reflektere, sette ord på egne tankar, lese for å finne svar og gjere praktiske øvingar. Målet er djupnelæring!

14 Fagleg påfyll 30 minutt

15 Djupnelæring Figuren på neste side summerer opp artikkelen om djupnelæring og demonstrerer korleis kunnskap, ferdigheiter og haldningar heng saman for å bygge djupnelæring.

16 Djupnelæring Kunnskap,
Djupnelæring består av kunnskapar, ferdigheiter og haldningar ..for at eleven skal gjere koplingar og sjå samanhengar Kunnskap, som fakta, modellar, teori, lover må organiserast i nettverk Målet er robuste mentale nettverk

17 Djupnelæring Kunnskap, Ferdigheiter må må organiserast i nettverk
Djupnelæring består av kunnskapar, ferdigheiter og haldningar Kunnskap, som fakta, modellar, teori, lover Ferdigheiter prosedyrar og strategiar … for å frigjere kapasitet til å organisere kunnskap. øvast inn må organiserast i nettverk Målet er robuste mentale nettverk

18 Djupnelæring Kunnskap, Ferdigheiter Haldning, må vekt-leggast må
Djupnelæring består av kunnskapar, ferdigheiter og haldningar Kunnskap, fakta, modellar, teori, lover Ferdigheiter prosedyrar og strategiar Haldning, som motivasjon og tru på egne evner må vekt-leggast øvast inn må organiserast i nettverk Målet er robuste mentale nettverk ..for at eleven skal oppnå meistring.

19 Tenk (2 min) – par (3 min) – del (5 min):
Tenk på da de sorterte bileta i levande / ikkje levande: Kan ein slik aktivitet bidra til organisering av kunnskap hos eleven? Kvifor / kvifor ikkje? Er det nokre ferdigheiter eleven kan ha behov for å øve på for å gjere aktiviteten? Vektlegg aktiviteten motivasjon og tru på eigne evner? I så fall, kvifor?

20 Målet med djupnelæring
… er å gje elevar robuste mentale nettverk som gjer dei i stand til å: overføre kunnskap til nye situasjonar sjå komplekse samanhengar Korleis kjem eleven dit?

21 Ofte skjer dette som ein overgang frå overflatelæring til djupnelæring – ein progresjon frå nybegynnar til ekspert Overflatelæring Djupnelæring Elevar jobbar med nytt lærestoff utan å relatere det til kva dei kan frå før. Elevar relaterer nye idear og omgrep til tidlegare kunnskap og erfaringar. Elevar behandlar lærestoff som åtskilde kunnskapselement. Elevar organiserer eigen kunnskap i omgrepssystem som heng saman. Elevar memorerer fakta og utfører prosedyrar utan å forstå korleis eller kvifor. Elevar ser etter mønster og underliggande prinsipp. Eleven har vanskeleg for å forstå nye idear som er forskjellige frå dei dei har møtt i læreboka. Eleven vurderer nye idear og knyter dei til konklusjonar. Eleven behandlar fakta og prosedyrar som statisk kunnskap, overført frå ein allvetande autoritet. Eleven forstår korleis kunnskap blir til gjennom dialog og vurderer logikken i eit argument kritisk. Eleven memorerer utan å reflektere over formålet eller over eigne læringsstrategiar. Eleven reflekterer over si eiga forståing og sin eigen læringsprosess. Korleis legge til rette for progresjon frå overflatelæring til djupnelæring? Sawyer: The Cambridge Handbook of the Learning Sciences

22 Ved at elevane … observerer nøye og beskriv kva som er der
byggjer forklaringar og tolkingar resonnerer basert på bevis (evidens) vurderer ulike synspunkt og perspektiv gjer forbindelsar/koplingar avdekker kompleksitet og går i djupna undrar og stiller spørsmål fangar essensen og formulerer konklusjonar … blir dei involvert i tankeprosessar som kan bidra til djupnelæring. Ron Ritchhart, Mark Church og Karin Morrison (2011): Making Thinking Visible. How to promote engagement, understanding, and independence for all learners

23 Tenk-par-del (10 minutt)
Tenk på da de sorterte bileta i levande og ikkje levande tidlegare i økta. Vurder om, og eventuelt korleis, aktiviteten la til rette for djupnelæring. Bruk dei to skjemaa de får utdelt til å grunngi. Tenk kvar for dykk (2 minutt) Diskuter i par (2 minutt) Del i plenum (6 minutt)

24 Djupnelæring er ein prosess
Å bygge robuste mentale nettverk – som gjer deg i stand til å overføre kunnskap til nye situasjonar og å sjå komplekse samanhengar – er ikkje gjort i ei handvending. Nytt fagstoff må bli knytt til det eleven kan frå før, og samanhengar, generelle prinsipp og mønster må bli løfta fram og synleggjorde. Dette krev ein tydeleg progresjon i undervisninga. Ein slik aktivitet i seg sjølv gir ikkje nødvendigvis djupnelæring, men kan bidra i prosessen dit.

25 Summer opp 5 minutt

26 Tenk (1 min) – par (2 min) – del (3 min)
Kva har de lært om djupnelæring? Kva betyr dette for undervisninga di?

27 Førebu observasjon i klasserommet
5 minutt

28 Observer læring hos elevane dine
Vel ei undervisningsøkt der du observerer læringa til elevane dine. I undervisninga: Bruk skjemaet og identifiser situasjonar frå undervisninga di der du meiner elevane engasjerast i tankeprosessar som legg til rette for djupnelæring. Etter undervisninga: Vurder korleis du synast det fungerte å analysere eiga undervisning, og om det hjelpte deg til å bli meir bevisst på elevanes læringsprosessar.

29 Kjenneteikn på djupnelæring D – Etterarbeid
Modul 1 Kjenneteikn på djupnelæring D – Etterarbeid

30 Mål Målet med denne modulen er å kunne klargjere kva djupnelæring er, reflektere over kjenneteikn på djupnelæring og grunngi korleis eiga undervisning legg til rette for djupnelæring.

31 Tidsplan for denne økta
Aktivitet Tid Diskuter i grupper 20 minutt Summer opp i plenum 10 minutt Tenk-par-del Vegen vidare 5 minutt Totalt 45 minutt

32 Diskuter i grupper (20 minutt)
Identifiserte du nokre situasjonar frå undervisninga di der du meiner at elevane blei engasjert i prosessar som legg til rette for djupnelæring? Korleis fungerte det å analysere eiga undervisning? Hjelpte det deg til å bli meir bevisst på elevanes læringsprosessar?

33 Summer opp i plenum (10 minutt)
Summer opp i plenum der kvar gruppe fortel kva dei snakka om.

34 Tenk-par-del (10 minutt)
Vil erfaringar frå arbeidet med denne modulen påverke den framtidige undervisninga di? I så fall, på kva måtar? Tenk kvar for dykk (2 minutt) Diskuter i par (3 minutt) Del i plenum (5 minutt)

35 Vegen vidare (5 minutt) Neste modul handlar om kvifor det er nødvendig å fokusere på sentrale omgrep for å byggje djupneforståing hos eleven. Sjå gjennom Introduksjon og A – Forarbeid i neste modul.

36 Kjelder Blackwell, Trzesniewski, og Dweck (2007): Theories of intelligence and achievement across the junior high school transition. Child Development, 78, 246–263 Mayer, R.E. (2010). Applying the science of learning. Upper Saddle River, NJ: Pearson Meld. St. 28, Fag – Fordypning – Forståelse NOU 2014:7 Elevens læring i fremtidens skole NOU 2015:8 Fremtidens skole Pellegrino, J. W og Hilton, M. J. (2012): Education for Life and Work. Developing Transferable Knowledge and Skills in the 21st Century Ritchart mfl. (2011): Making Thinking Visible


Laste ned ppt "Kjenneteikn på djupnelæring B – Samarbeid"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google