Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Kartlegging av born med språkvanskar Gjennomgang av ulike språktestar.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Kartlegging av born med språkvanskar Gjennomgang av ulike språktestar."— Utskrift av presentasjonen:

1 Kartlegging av born med språkvanskar Gjennomgang av ulike språktestar

2  Generell innføring om kartlegging av språkvanskar hos barn og unge  Kort gjennomgang av testane  - Nya SIT  - BPVS  - TROG-2  - CELF 4  - CCC- 2 Innhald

3  Bishop 2006: What causes SLI in children?  Dianostiske kriteriar: -Språket er sigifikant på eit lavare nivå i forhold til alder og IQ. Vanlegvis tolka som skåring mellom dei 10% lavaste på standardiserte ekspressive og/eller reseptive språktestar -Ikkje-verbal IQ og ikkje-språklege utviklingsaspekt ligg vanlegvis innanfor normalområdet -Språkvanskane kan ikkje forklarast med hørselsvanskar, fysiske forhold i taleapparatet eller miljømessig deprivasjon -Språkvanskane skuldast ikkje hjerneskader Kva er spesifikke språkvanskar?

4 Vanlege/typiske trekk: -Barnet starta seint å snakke. Dei første kjem ikkje før i toårsalder eller seinare -Brukar enkle grammatiske strukturar, som utelating av fortid eller hjelpeverb langt utover den alderen der ein vanlegvis meistrar dette -Begrensa vokabular. Både i produksjon og forståing -Svakt verbalt korttidsminne, som kan observerast i oppgåver med repetisjon av ord eller setningar -Vanskar med å forstå komplekst språk. Spesielt ved rask tale Bishop 2006 (framhald )

5  To hovudsvakheiter: 1.Morfosyntaks: Langvarig periode med inkonsistent bruk av verbtider og «agreement morphemes», samsvarsbøying («eit stort hus»), redusert evne til å repetere setningar korrekt, samt vanskar med å forstå setningar med kompleks syntaktisk struktur 2.Vanskar med repetisjon av non-ord som har to eller fleire stavingar; redusert fonologisk korttidsminne Språkvanskar – Leonard 2014

6  Litteraturen omkring årsakene til språkvanskar kan oppsummerast i form av 3 hypoteser (Ottem 2007) - Mange forskarar antar at språkvanskar hos barn skuldast generelle begrensningar i kapasiteten til informasjonsbearbeiding (Leonard 1998; Johnston 1994) - Andre meiner at det handlar om spesifikke begrensningar knytt til fonologisk minne (Gathercole & Baddeley 1990) - Begrensningar i auditiv diskriminasjon (Tallal 1990) Årsaker til språkvanskar

7  IQ-diskrepans og eksklusjonskriteriar -SSV: Språk er signifikant lavare enn forventa i forhold til alder og IQ (Bishop 2006) -Normal ikkje-verbal IQ og andre utviklingsaspekt. (Bishop 2006) -Språkvanskar – ofte brukt der vanskane er ein del av eit meir samansett vanskebilde -I siste DSM-5 (2013) vert brukt språkvanskar -Leonard (2014) brukar både betgenelsen språkvanskar og Spesific Language Impairment (Spesifikke språkvanskar) Spesfikke språkvanskar (SSV) versus språkvanskar

8 DSM - 5

9

10  Fire grunnpillarar i ei undersøkelsesprosedyre (J.Sattler 1992): -Intervju (med foreldre, lærarar og evt andre som kjenner barnet) -Observasjonar (i ulike naturlege situasjonar) -Uformelle kartleggingsprøver, screeningprøver og spørjeskjema) -Normerte, standardiserte testar Ulike måtar å innhente informasjon

11 -Foreldra er dei som kjenner barnet best og kan gi viktig informasjon om språk- og kommunikasjon, utvikling og ferdigheiter -Ei gjensidig forståing av barnet sine vanskar vil kunne gi eit optimalt, trygt og forutseieleg utviklingsmiljø for barnet på alle arenaer -Det er ei tilråding å ha jamnleg kontakt med foreldra Samarbeid med foreldre

12  I tillegg til at foreldre kan gi viktig informasjon om barnet, kan det vere lurt å få eit bilde av foreldra sine  - tankar om barnet sine vanskar  - tankar om kva slags hjelp barnet treng  - haldning til vanskane  - livssituasjon/ressursar  - behov for informasjon, støtte, rettleiing Samarbeid med foreldre (framhald)

13  Kartlegging av generelle evner, språklege ferdigheiter (både ekspressive og reseptive), kommunikasjonsferdigheiter og hørsel er heilt naudsynt for å få eit rett bilde av barnet sine styrkar og vanskar  Også tilhøve utanom barnet, som vanskelege heimeforhold, traumatiske opplevingar o.l. kan påverke eit barn si språklege fungering Vi må alltid hugse på at:

14  Kva pregar barnet sin måte  - å vere på?  - å lære på?  Vi må vite noko om f eks  - personlegdom, temperament, miljø, kultur, interesser, læringsstrategiar, minnefunksjonar, uthaldenheit, konsentrasjon, sjølvstende…. Kartlegging utover språklege aspekt

15  Språk 6-16 og Språk 5-6  20 spørsmål  Norsk fonemtest  NLL`s språklydprøve  SATS og Språk 4 (helsestasjon)  TRAS  Reynells språktest  Askeladden  ITPA  NEPSY/NELLI  D-KEFS  og mange fleire Eksempel på språktestar/-screeningar

16

17  SIT = Språkligt Impressivt Test för barn  Svensk test utarbeidd av Britt Hellqvist (1989)  Testen er ikkje omsett til norsk, men er lett å bruke for norske tilhøve. Berre ei av deloppgåvene må endrast (Oppgåve nr 38)  Berekna for born i alderen 3-7 år  Testar grammatisk forståing  Berekna brukt av logopedar (og talepedagogar) Nya SIT

18  Nya SIT kan vere ein god test å starte med, fordi den vert opplevd som ein leik/ei forteljing, og barnet må ikkje sjølv seie noko  Ereit godt supplement til Reynells spåktest  Gir tydelege implikasjonar for tiltak  Kan bestillast hos https://www.studentlitteratur.sehttps://www.studentlitteratur.se  SEK 1768 for eit heilt sett Nya SIT (framhald)

19  Nya SIT består av 46 bildeseriar  Det tek ca 10 minutt å gjennomføre heile testen  Testen krev ingen lang instruksjon  Barnet får sjå tre bilde og skal velje det som passar best med det testleiaren les Nya SIT (framhald)

20  Sett deg mitt imot barnet som skal testast  Du skal ha tekstsidene, og barnet skal ha bilda framfor seg  Bruk talespråk og legg trykket slik det fell seg naturleg, utan å overdimensjonere det du vil ha fram  Unngå å sjå på eit spesielt bilde  Observer barnet i testsituasjonen  Du kan minne barnet på at det skal peike på berre eitt av bilda, og at du skal lese før det peikar  Dei 5 første bilda er øvingseksempel Slik brukar du Nya SIT

21  Ha arbeidsdelen framfor deg når du testar barnet, og før inn barnet sitt svar. Marker med A, B eller C  Dei svara som er feil, vert overført til oversiktsdelen av skjemaet, under den aktuelle språkkategorien  Sjekk om det er forventa at barnet skal meistre den aktuelle oppgåva, samanlikna med dei normalspråklege borna sine resultat Slik brukar du Nya SIT (framhald)

22  + i ruta betyr at minst 75 % av dei normalspråklege borna har svart rett  - i ruta at mindre enn 75 % av dei har svart rett  Dersom barnet har svart feil på ei oppgåve som dei normalspråklege borna i same aldergruppe har klart, vert dette markert i ruta for AVVIKANDE FEILSVAR  Gjennomsnittleg antal feil i ulike aldersgrupper, seier berre noko om antal feil, og ikkje om type feil Slik brukar du Nya SIT (framhald)

23 BPVS

24  Testen kan bestillast hos GL Assessment  http://www.gl-assessment.co.uk/products/british-picture- vocabulary-scale-third-edition http://www.gl-assessment.co.uk/products/british-picture- vocabulary-scale-third-edition  Den norske standardiseringa er publisert i ein artikkel i Spesialpedagogikk 9/10  Noteringshefte og skåringsark (BPVS2)kan bestillast hos  ekspedisjonen@isp.uio.no Tlf 22 85 80 43 ekspedisjonen@isp.uio.no  Opplys om organisasjonsnummer, fakturaadresse og leveringsadresse.  Pris: kr 475 + moms BPVS

25  Undersøkjer det reseptive ordforrådet, vokabularet, m.a.o. kva for ord barnet/eleven forstår  BPVS er ei britisk tilpassing av den reviderte Peabody Picture Vocabulary Scale (PPVT-R) frå 1981  Den engelske utgåva er standardisert for aldergruppa 3-15 år  Den norske utgåva er standardisert for aldersgruppa 3-16 år (jamfør Spesialpedagogikk 9/10) BPVS (Dunn, Dunn, Whetton og Burley 1997)

26  Testen vert administrert individuelt  Testen har 14 oppgåvesett med 12 enkeltoppgåver (enkeltord) i kvart sett  Vanskegraden er aukande, og verbal respons er ikkje nødvendig  Den er tenkt brukt i PP-tenesta og av logopedar/audiopedagogar eller andre med kompetanse om språkvanskar  Det tek 5-15 minutt å administrere testen BPVS (framhald)

27  Framgangsmåte:  Kvar side (enkeltoppgåve) har 4 bilde. Testleiar les eit ord, og barnet skal velje (t.d. peike på) det bildet han/ho meinar passar til stimulusordet  Ein startar med det oppgåvesettet som tilsvarar barnet sin alder (evt. forventa nivå)  Nedre grense: Dersom barnet har meir enn 1 feil i første oppgåvesett. Må ein administrere tidlegare oppgåver  Øvre grense: Dersom barnet har 8 eller fleire feil i eit oppgåvesett, vert testinga avslutta  Testen går frå høg- og lavfrekvente ord, og frå konkrete til abstrakte ord og omgrep BPVS (framhald)

28  Ein reknar først ut barnets råskåre ved å trekke antal feil frå siste administrerte oppgåvenummer  Institutt for spes.ped v/UiO har utarbeidd tabellar for vurdering av resultat etter norsk normering  Gjennomsnitt og standardavvik vert vurdert med utgangspunkt i alder  Standardskåre og skalaskåre er det same  Det er mest relevant å rapportere om standardavvik BPVS - Skåring

29  Ola er 11 år  Gjennomsnittskåre 11 år: 116,55  SD på 11 år: 8,46  Ola sitt resultat (Råskåre): 101  Differanse: 116,55 -101 =15,55  Resultat: 15,55:8,46 =1,8  Ola skårer -1,8 SD under gjennomsnittet BPVS – Skåring (Eksempel)

30  68 % av testresultata vil ligge mellom 1 SD under og 1 SD over gjennomsnittet  Det er sjeldan grunn til bekymring innanfor dette området  Det kan vere stor spreiing i ordforråd innanfor kvar aldersgruppe  Mellom dei yngste kan born med det største ordforrådet forstå nærare 4 gongar så mange ord som born med det minste ordforrådet BPVS – Resultat

31  Born med redusert ordforråd ved 3 års alder vil kunne markere ein framtidig skilnad til jamnaldrande  Vokabular målt med BPVS representerer kunnskap om den breidda av ord som barnet forstår  Andre testar viser kva for nokre ord barnet brukar aktivt eller kva for djupne det er i forståinga av ord (Horn, Lyster & Rygvold i Spesialpedagogikk 9/10) BPVS – Resultat (framhald)

32  EIT INSTRUMENT FOR VURDERING AV RESEPTIV GRAMMATISK FORSTÅING HOS BARN OG UNGDOM TROG-2

33

34  TROG-2 komplett:  Norsk manual  Britisk manual  Protokoll (25 stk)  Stimulus Book  Erstatningsbilde (2 stk)  Alt testmateriell pakka i ei veske  PRIS: NOK 3 135 TROG-2

35  TROG (Test for Reeption of Grammar) undersøkjer den grammatiske forståinga, både med omsyn til syntaks og morfologi  TROG vart utvikla av Dorothy Bishop på slutten av 70- talet  TROG er mykje brukt i forsking på ulike kliniske grupper, mellom anna for å undersøkje språkforståinga til born med SSV, hørselsvanskar, vaksne med afasi o.s.v. TROG-2 (framhald)

36  Utgitt i 2003  Norsk utgåve i 2009  Den norske utgåva er standardisert på 950 normalspråklege born i aldersgruppa 4-16 år  Den tek 10-20 minutt å administrere  Testen er tenkt brukt i PP-tenesta og av logopedar TROG-2 (framhald)

37  TROG er omsett til norsk av Institutt for spes.ped. (UiO), Institutt for lingvistiske og nordiske studier (UiO), Bredtvedt og Eikelund kompetansesentra, samt Institutt for samfunnspsykologi (UiB)  Dei same institusjonane har også tilrettelagt for den norske standardiseringa TROG-2 (framhald)

38  Reseptiv test som måler setningsforståing, d.v.s. forståing av grammatiske konstruksjonar  80 fleirvalgsoppgåver  Eit avgrensa utval av enkle, høgfrekvente substantiv, verb og adjektiv  Barnet får sjå fire bilde, g skal peike på det som passar med setninga som testleiaren les TROG-2 (framhald)

39  Oppgåvene er rganiserte i blokker med fire oppgåver for kvart grammatisk forhold som skal undersøkjast  TROG-2 kan også brukast kvalitativt for å identifisere grammatiske forhold som er vanskeleg for eit barn å forstå  Blokkene er arrangert i rekkefølgje med stigande vanskegrad  Testinga vert avslutta når det er 5 blokker etter kvarandre med gale svar  TROG-2 har oppgåver som kartlegg forståinga av 20 ulike grammatiske konstruksjonar TROG-2 (framhald)

40  Testen høver for desse vanskeområda:  - Spesifikke språkvanskar  - Hørselstap  - Fysiske handikap som påverkar taleproduksjonen  - Lærevanskar  - Afasi TROG-2 (framhald)

41  Skal ikkje brukast åleine ved diagnostisering av språkvanskar  Skal ikkje brukast på personar som har norsk som andre språk, dersom det ikkje ligg føre normer frå den kulturelle og språklege minoriteten personen representerer  Tidlegare Bredtvedt kompetansesenter (no Statped) har omsett og standardisert TROG-2 til fleire av dei mest vanlege minoritetsspråka i norsk barnehage og skule TROG-2 (framhald)

42  Norsk standardisering har gitt resultat som i stor grad er i tråd med den britiske  Med få unntak er det liten skilnad mellom britiske og norske born sin grammatiske kompetanse  Men ein tendens til norske born har litt betre utvikla grammatisk kompetanse mellom 4 og 6 år  Dette kan kanskje forklarast med t britiske born må forholde seg til to typer presens  Enkelte blokker/grammatiske konstruksjonar verkar å vere litt enklare for norske born. Dette påverkar likevel ikkje stoppkriteriane TROG-2 (framhald)

43  Alle dei fire oppgåvene i ei blokk må vere rette for at den skal verte godkjend som meistra  Manualen gjer greie for måling av skåre  Presentasjon av materialet og informasjon om kleis du skaffar deg TROG-2 kan du finne på  www.pearsonassessment.no www.pearsonassessment.no Skåring av TROG-2

44  Bruk tabell A.1 for å konvertere råskåre, det vil seie totalt antal blokker som er meistra, til standardskåre. Standardskåre vert notert rubrikken «standardskåre».  I tabell A.2 finn einpå same måte ut kva forein persentil som motsvarer det totale antalet meistra blokker. Vert notert i rubrikken «persentil». Kvanitativ tolking

45  Med t.d. 58.persentil er meint at 58% av barnet sine jamnaldrande har meistra same antal oppgåver  Skåre som ligg eitt SD eller meir under gjennomsnittet, kan indikere vanskar med forståing av grammatiske konstruksjonar. Videre utgreiing bør vurderast. To SD under indikerer alvorlege vanskar Kvanitativ tolking (framhald)

46  Tabell 4.1 gir ei oversikt over ulike måtar å uttrykkje det kvantitative resultatet på. Det er tilrådd å bruke verbale formuleringar framfor tal, for å gjere greie for testresultatet i utgreiingsrapportar.  Tabell A.6 viser gjennomsnitt og standardavvik for råskåre i dei ulike aldersgruppene. Kvanitativ tolking (framhald)

47 CELF – 4 Clinical Evaluation of Language Fundamentals – Fourth Edition Semel, Wiig & Secord 2003 Norsk utgåve Anne-Lise Rygvold og May-Britt Monsrud

48 Bakgrunn  Amerikansk språktest, vurderer språkferdigheiter og avdekkar eventuelle språkvanskar  Vert administrert individuelt  Norsk versjon med norske normer utgitt 2013  Alder: 5-12 år  Består av 13 delprøver  Nokre deltestar skal berre administrerast for dei yngste (5-8 år) eller dei eldste (9-12 år) 48

49  Manual (1 stk)  Protokoll 5-8 år (25 stk)  Protokoll 9-1 2 år (25 stk)  Pragmatisk profil (2*25 stk)  Observasjonsskjema (2*25 stk)  Stimulusbok 1 (1 stk)  Stimulusbok 2 (1 stk)  PRIS: NOK 12 700 Skåringspogammet er gratis og kan lastast ned under fliken «Skåringsprogram» CELF-4 komplett

50 Deltestar  1. Forståing av instruksjonar (Fi): 5 – 12 år  A.Verbale instruksjonar av aukande lengde og kompleksitet  B. Hugse namn på gjenstandar, eigenskapar og rekkefølgja dei vert nemnde i  C. Identifisere gjenstandar i rett rekkefølgje. 50

51 Deltestar (framhald)  Grammatiske strukturar (Gs): 5 – 8 år  Bruk av grammatiske reglar som eintal/fleirtal (regelrett/uregelrett), ulike tempusformer, komparativ, pronomen, negasjon og bruk av verken/eller 51

52 Deltestar (framhald)  Narrativ forståelse (Nf): 9 - 12 år  Lytte til oppleste tekstar av aukande lengde og kompleksitet. Forstå og hugse informasjon. Svare på spørsmål frå teksten. Resonnere seg fram til logiske svar 52

53 Deltestar (framhald)  Talhukommelse (Th): 5 – 12 år  Hugse tilfeldige talrekkjer av aukande lengde, forlengs og baklengs.  Likheiter 1 (Li 1): 5 – 8 år  Forstå og forklare samanhengen mellom semantisk relaterte ord, med bildestøtte  Likheiter 2 (Li 2): 9-12 år  Det same, men utan bildestøtte 53

54 Deltestar (framhald)  Kvardagslege sekvensar (Hs): 5 – 12 år  Hugse og manipulere, sekvensiere og gjengi informasjon så raskt som mogeleg  Formulere setningar (Fs): 5 – 12 år  Formulere sjølvstendige, semantisk og grammatisk korrekte muntlege setningar som inneheld bestemte målord, og som passar til ein bestemt bildekontekst 54

55 Deltestar (framhald)  Repetisjon av setningar (Rs): 5 – 12 år  Lytte til og oppfatte setningar av aukande lengde og kompleksitet og gjenta dei utan endringar i betydning, grammatikk eller syntaks  Hurtig namngjeving (Hb): 5 – 12 år  Bearbeide og halde repeterande visuelle stimuli (farge- og formkombinasjoner) i arbeidsminnet, og gjengi visuelle stimuli automatisk, nøyaktig, flytande og så raskt som mogeleg 55

56 Deltestar (framhald)  Ekspressivt ordforråd (Eo): 5 – 9 år  Namngi illustrasjonar av personar, gjenstandar og handlingar ved å bruke korrekte ord eller omgrep  Setningsforståing (Sf): 5 – 8 år  Identifisere (namngi eller peike) spesifikke illustrasjonar av menneske, gjenstandar eller handlingar 56

57 Deltestar (framhald)  Ordmobilisering (Om): 5 – 12 år  Semantisk organisering, samt hente fram og namngi ord som tilhøyrer ein spesifikk semantisk kategori, på en rask og effektiv måte  Kategoriane er dyr og mat for aldersgruppa 5-8 år, og mat og yrke for aldersgruppa 9-12 år 57

58  Pragmatikk inngår som ein viktig grunnleggande språkleg komponent  Nokre elevar kan ha relativt gode språklege ferdigheiter innanfor semantiske, grammatiske og/eller syntaktiske område, men kan ha vanskar med pragmatikk  Pragmatiske vanskar ser ein ofte saman med vanskar på andre språklege område  Det er viktig å vite noko om elven sine pragmatiske ferdigheiter Pragmatiske ferdigheiter

59  Tradisjonelle testar er lite sensitive når det gjeld å fange opp kommunikative problem innanfor det pragmatiske området  Pragmatikk kan definerast som det å kunne oppfatte/velje/tolke den «rette» bodskapen og tolkinga i relasjon til den kommunikative konteksten (Bishop 1997). I ein tradisjonell testsituasjon kan det vere vanskeleg å fange opp eventuelle pragmatiske vanskar Pragmatiske ferdigheiter (framhald)

60  For å få eit realistisk inntrykk av eit barn sine pragmatiske ferdigheiter er det viktig å få informasjon frå nokon som kjenner barnet/den unge godt og som veit korleis han/ho kommuniserer i ulike situasjonar  CCC-2 er utarbeidd med tanke på utfylling av ein vaksen som har regelmessig kontakt med barnet – t.d. foreldre. Pragmatiske ferdigheiter (framhald)

61  A. Vedvarande vanskar med sosial bruk av erbal og nonverbal kommunikasjon manifestert ved alle følgjande punkt:  1. Nedsett evne til å bruke kommunikasjon til sosiale formål, som å helse eller dele informasjon på ein måte som er passande i forhold til den sosiale konteksten  2. Vanskar med evna til å tilpasse kommunikasjonen til konteksten eller til behova til tilhøyrar/samtalepart, som å snakke annleis i klasseromet enn på leikeplassen, annleis til eit barn enn til ein vaksen, og å unngå å bruke for formelt språk Sosiale kommunikasjonsvanskar. DSM-5

62  3. Vanskar med å følgje reglar for konversasjon eller forteljing, som turtaking i konversasjon, oppklare misforståingar, og å vite korleis ein kan bruke verbale og nonverbale signal for å regulere samspel/interaksjon  4. Vanskar med å forstå det som ikkje vert sagt eksplisitt ( f eks å trekke slutningar og ikkje-bokstavlege og fleirtydige utsegner (t.d. faste uttrykk, humor, metaforar som er avhengig av kontekst for å kunne bli tolka) Sosiale kommunikasjonsvanskar. DSM-5 (framhald)

63  B. Vansken resulterer i funksjonelle begrensningar i effektiv kommunikasjon, sosial deltaking, akademiske prestasjonar eller utføring i eit yrke (individuelt eller i kombinasjon)  C. Symptoma viser seg tidleg i utviklinga men vanskane er ikkje alltid tydelege før krava til sosial interaksjon overgår dei avgrensa ferdigheitene)  D. Symptoma kan ikkje tilskrivast andre medisinske eller nevrologiske tilstandar eller lave ferdigheiter i forhold il ordstruktur og grammatikk, og kan ikkje forklarast betre ved autismespektervanske, utviklingshemming, generelt forseinka utvikling eller annan mental vanske Sosiale kommunikasjonsvanskar. DSM-5 (framhald)

64 CCC-2

65  Children Communication Checklist - 2nd editon er utarbeidd av D.V.M.Bishop  Formålet er:  Å fange opp barn som truleg har ein språkvanske, og som bør til vidare vurdering/undersøking  Å identifisere pragmatiske vanskar hos barn med språk- og talevanskar  Er meint som eit supplement når det gjeld identifisering av born som bør kartleggast nærare for ein eventuell vanske innanfor autismespekteret CCC-2

66  Norsk utgåve i 2011  Omsett og omarbeidd til norsk ved logoped Wenche Andersen Helland og psykolog Lillian Hollund-Møllerhaug Utgitt på Pearson Assessment, Stockholm Pris på handbok: NOK 980 Utfyllingsskjema: NOK 800 for 25 stk CCC-2

67  Info frå Pearsons heimeside: Ved interesse for kurs i CCC-2 kan Lillian Hollund- Møllerhaug kontaktes via e-post lillian.moellerhaug@c2i.net lillian.moellerhaug@c2i.net Wenche Andersen Helland kan kontaktes på e-post wenche.andersen.helland@statped.no Eigne kurs om CCC-2

68  CCC-2 er utarbeidd for born/unge i alderen 4;0 – 16;11 år  Testen høver ikkje for born som ikkje snakkar eller ikkje brukar setningar på over 3-4 ord  Dersom den blir brukt på born som ikkje har norsk som hovudspråk heime, må ein vere varsam ved tolking av resultat CCC-2 (framhald)

69  CCC-2 består av eit spørjeskjema med 70 punkt (items) som skal besvarast ut frå ein gitt skala (0-3) ut frå kor ofte den aktuelle åtferda er observert  Det tek 5-15 minutt å fylle det ut  Punkta er delt inn i 10 enkeltområde/skalaer  Kvar skala har 7 enkeltledd som beskriver vanskar og to som beskriver styrkar  I spørjeskjemaet er skalaane blanda saman CCC-2 (framhald)

70  Den som skal fylle ut skjemaet må få grundig instruksjon frå ein fagperson som er kjend med sjekklista og som har god kompetanse om språk/språkvanskar  Skjemaet kan gjerne fyllast ut heime  Skårane vert ført inn i eit elektronisk skåringsprogram (Kan også gjerast manuelt) CCC-2 (framhald)

71

72  Oversikt over dei ti skalaane  A. Tale  B. Syntaks  C. Semantikk  D. Samanheng  E. Samtaleinitiativ  F. Stereotypisk språk  G. Bruk av kontekst  H. Nonverbal kommunikasjon  I. Sosiale relasjonar  J. Interesser CCC-2 (framhald)

73  Tolking:  Det er viktig å hugse at svara vil vere farga av respondentane sitt subjektive syn  Resultatet gir eit bilde av de 10 ulike enkeltområda (A- J) og  det kan gi ein indikasjon på om barnet sine generelle kommunikasjonsferdigheiter er adekvate. Dette kjem til uttrykk gjennom ein «generell kommunikasjonsindeks» (GKI) CCC-2 (framhald)

74  Vidare kan ein finne ein «Indeks for avvik i sosial interaksjon» (IASI) som reflekterer ein eventuell «mismatch» mellom summane på nokre av skalaane (E, H, I og J og samla resultat på A, B, C og D).  Denne kan vere til hjelp med å identifisere barn med ein kommunikasjonsprofil som er karakteristisk for autismespekteret CCC-2 Tolking (framhald)

75  Det er viktig at ein aldri lar resultata frå CCC-2 stå åleine. Dei må alltid sjåast i samanheng med andre testresultat, observasjonar og kjennskap til barnet  Som regel vil det vere skilnad mellom foreldre/føresette og pedagogar si vurdering av eleven. Dette er naturleg, både fordi ein ser barnet i ulike situasjonar /miljø, og fordi foreldre og fagpersonar har ulik ståstad med omsyn til å vurdere barnet sine ferdigheiter. T. d å sjå ferdigheitene målt opp mot kva som er forventa for alderen CCC-2 Tolking (framhald)

76

77  Frost et al. (2004): Samordnet styrking av vokabular og lesing – i intensive arbeidsøkter på mellomtrinnet med tekster fra samfunnsfag. Spesialpedagogikk 02/14  Hagtvedt et al (2011): Ordforråd i førskolealder og senere leseferdighet – En metaanalytisk tilnærming. Spesialpedagogikk 01/11  Helland et al. (2014): Stable associations between behavioral problems and language impairments across childhood. The importance of pragmatic angage problems. Research in Developmental Disabilities. Volume 35/Mai 2014. Side 943- 951  Leonard, L.B. (2014): Children with Specific Language Impairment. Second Edition. Massachusetts Institute of Technology Aktuell litteratur

78  Lillian Hollund-Møllerhaug: Forekomst av språkvansker hos norske barn. Tidsskrift for Norsk - Psykologforening. Vol 47 nr 7 2010. Side 608-610.  Melby-Lervåg, Monica (2010): Kognitive markører for dysleksi og spesifikke språkvansker. Skolepsykologi nr 6/2010 Aktuell litteratur (framhald)


Laste ned ppt "Kartlegging av born med språkvanskar Gjennomgang av ulike språktestar."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google