Vel digital postkasse på Noreg.no

Slides:



Advertisements
Liknende presentasjoner
Nedlasting av apper på Apple
Advertisements

Kontoinnstillinger Slik kommer du til «Kontoinnstillinger»:
Sikkerhet - bakgrunn og introduksjon til kryptosystemer
: Elektronisk post Hva er elektronisk post
Undertekst Med en ekstra linje.
Korleis søker du? Du søker og svarar på vigo.no Du søker og svarar på vigo.no Logg inn med MinID Logg inn med MinID Søknadsfrist Søknadsfrist.
EQS prosessteikning Rettleiing for deg som skal bruke prosesskart-editor i EQS.
Korleis lage Kompetanse- og opplæringsportal Opprette og legge innhald i opplæringsportal.
Oppsummering av holdningsundersøkelse om digital post til innbyggerne
Smart Podium – din digitale tavle i klasserommet Terje Mølster Lynkursdag
Digital postkasse: Få med innbyggerne! Felles innbyggerrettet kommunikasjon fra offentlige avsendere Februar 2015.
Vibeke IT-seksjonen LU - LUVIT brukere våren PUS Luvit undervisning våren 2001 Hvordan lære opp studentene i LUVIT?
Introduksjon I tillegg til autentisering, bør/skal også ein sikker kanal tilby garanti for meldings- integritet og konfidensialitet.
Digital postkasse: Få med innbyggerne! Felles innbyggerrettet kommunikasjon fra offentlige avsendere Desember 2014.
Med nettbank har du full kontroll! Nettbankkurs. Kundene våre sørger for en digital revolusjon dnb.no Facebook 12 mill på dnb.no pr månedChat – raskest.
Lær å logge inn til offentlige tjenester med BankID på mobil.
SeniorSurf 2015 Oversikt over veilednings – og hjelpemateriell og ressurser til bruk i presentasjoner og opplæring om digital postkasse Oversikten er utarbeidet.
Registrering i Digipost steg for steg. Kort om Digipost  Digipost ble lansert i2011  Digipost er utviklet av Posten Norge som et sikkert digitalt alternativ.
Lær å bruke Noreg.no – vegvisaren til offentlege tenester på nett.
Å skrive meininga si Fempunktsmetoden. Skriv fem setningar: Fortel kva emne du vil skrive om. Skriv tre setningar om dette emnet. Skriv ei setning som.
Lær å logge inn til offentlege tenester med BankID på mobil.
Lær å oppdatere kontaktinformasjonen din i kontaktregisteret.
Lær å logge inn til offentlege tenester med MinID.
Lær å opprette den elektroniske ID-en MinID. Kva er MinID? MinID er ein personleg elektronisk legitimasjon. Elektronisk ID = e-ID.
100 høgfrekvente ord nynorsk 2 sekunder1 sekundBlink Pål Monstad, Pedagogisk senter Haugesund oktober
Velg digital postkasse på Norge.no. Hva er en digital postkasse? - en sikker løsning for å få og oppbevare viktig post digitalt Digital postkasse tilsvarer.
Lær å logge inn til offentlige tjenester med BankID på mobil
Lær å opprette den elektroniske ID-en MinID
Lær å logge inn til offentlige tjenester med MinID
Sikker Digital Post - SDP
Lær å bruke Norge.no – veiviseren til offentlige tjenester på nett
Velg digital postkasse på Norge.no
ESøknad - Et webbasert system for elektronisk innlevering av søknader om forskningsmidler Kort presentasjon av systemet beregnet på prosjektledere/forskere.
1900: Spådom om år 2000.
3. trinn, Øyra Vurdering for læring.
Lær å logge inn til offentlige tjenester med BankID
Lær å logge inn til offentlege tenester med BankID på mobil
Lær å logge inn til offentlige tjenester med BankID på mobil
Tekniske data.
DFØ-app Din portal på mobilen.
SLIK VERT DU FLINK TIL Å FRAMFØRE FOR ANDRE
UNIVERSELL UTFORMING AV IKT
Digital postkasse Offentlige tjenester på nett
Lær å logge inn til offentlege tenester med BankID
ESøknad - Et webbasert system for elektronisk innlevering av søknader om forskningsmidler Kort presentasjon av systemet beregnet på prosjektledere/forskere.
Lær å logge inn til offentlege tenester med BankID på mobil
Lær å bruke Noreg.no – vegvisaren til offentlege tenester på nett
Lær å logge inn til offentlege tenester med MinID
Vel digital postkasse på Noreg.no
Lær å logge inn til offentlige tjenester med BankID på mobil
EQS-opplæring på lync:
Lær å logge inn til offentlige tjenester med MinID
Lær å oppdatere kontaktinformasjonen din i kontaktregisteret
Lær å oppdatere kontaktinformasjonen din i kontaktregisteret
Lær å logge inn til offentlige tjenester med BankID
Lær å opprette den elektroniske ID-en MinID
Enkel brukerveiledning
Digital post Ottar Sverre Bakken
Brukerveiledning for timeregistrering med Betalmeg
Vel digital postkasse på Noreg.no
Gjere greie for hovudsyn og argumentasjon
Enkel brukerveiledning
Utskrift av presentasjonen:

Vel digital postkasse på Noreg.no Manus:* I dette kurset skal du lære korleis du kan velje digital postkasse på Noreg.no. Med digital postkasse kan du få post frå stat og kommune digitalt. Bakgrunnsinformasjon til læraren:** Dersom kursdeltakarane sjølve også skal kunne opprette postkasse under kurset, må dei ha skaffa seg ein e-ID på høgaste sikkerheitsnivå, nivå 4. BankID, BankID på mobil, Buypass og Commfides er alle på nivå 4. MinID har sikkerheitsnivå 3 og kan derfor ikkje brukast til å oppretta postkasse. Men han kan brukast til å logga inn når ein har først har fått oppretta ein postkasse. Men ein får ikkje lese brev med sensistivt innhald (til dømes helseopplysningar) når ein loggar inn med MinID. For å få lese slike brev må ein logge inn med ein elektronisk ID på høgaste sikkerheitsnivå, altså ein av dei andre elektroniske ID-ane. Det er laga eigne presentasjonar (kurs) om korleis ein skaffar seg dei ulike elektroniske ID-ane. Til slutt i denne presentasjonen ligg det lenke til videoen «Motta digital post fra det offentlege» . For å få vist denne videoen må du ha tilgang til internett. *«Manus:» Det som læraren kan lese opp for å forklare informasjonen i lysbilda. **«Bakgrunnsinformasjon til læraren:» Dette er informasjon mynta på læraren slik at han eller ho kan svara på spørsmål frå deltakarane og ha noko meir kunnskap om Noreg.no og dei digitale postkassane.

Kva er ein digital postkasse Kva er ein digital postkasse? - ei sikker løysing for å få og oppbevare viktig post digitalt Manus: Ein digital postkasse tilsvarer den fysiske postkassen du har hengjande på gjerdet framfor huset ditt. Men i den digitale postkassen blir breva sende på en sikker måte via internett, og ikkje på papir som i den fysiske postkassen. Den digitale postkassen er sikrare enn den fysiske postkassen fordi både avsender og mottakar må stadfeste identiteten sin. Du er derfor trygg på at alle er dei som dei gir seg ut for å vere. Uvedkommande kan heller ikkje få tilgang til post i den digitale postkassen, i motsetning til kva dei kan i den fysiske postkassen. Du kan lagre posten du får så lenge du ønskjer. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Du må sjølv opprette ein digital postkasse for å kunne få post digitalt. Når du får post i den digitale postkassen din, blir du varsla på SMS eller e-post. Digital postkasse tilsvarer den grøne postkassen ved huset ditt Digital postkasse er sikrare enn den grøne postkassen din

Fordelar med digital postkasse Du får post digitalt på ein sikker måte. Du får og oppbevarer viktige brev på éin stad, både frå private og offentlege verksemder. Du får post der du er. Du sparer miljøet og er med på å redusere offentlege utgifter. Manus: Brev med vedtak, helseopplysninger eller annan sensitiv informasjon kan ikkje sendast på vanleg e-post fordi det ikkje er sikkert nok. Skal du kunne få viktige brev frå det offentlege digitalt, må du ha digital postkasse. Fordeler med digital postkasse: (Sjå lysbildet) Bakgrunnsinformasjon til læraren: Det er gratis å opprette og å bruke digital postkasse Det kjem ikkje uadressert reklame i digital postkasse For å sikre at ingen uvedkommande kan lese posten din, blir han både send og lagra kryptert, som skjult tekst. Ei kryptert sending kan samanliknast med at du set på ein hengelås. Det er berre den som har nøkkelen, som kan låse opp og lese innhaldet. Les meir om digital postkasse på Noreg.no: http://www.norge.no/nn/om-digital-postkasse

Slik skaffar du deg digital postkasse Gå til www.noreg.no Manus: Gå til nettstaden www.noreg.no.

Gå til sida «Velg digital postkasse» Klikk på eit av alternativa Manus: Frå framsida til Noreg.no kan du komma til sida ‘Velg digital postkasse’ ved å klikke på menyen ‘Digital postkasse’ oppe på sida. Klikk så på ‘Velg digital postkasse’ i nedtrekksmenyen. klikke på bildet ‘Velg digital postkasse’ klikke på ‘Velg digital postkasse’ under ‘Mest brukte tenester’. Bakgrunnsinformasjon til læraren: URL-en til sida er http://www.norge.no/nn/velg-digital-postkasse

Les informasjon om digital postkasse Bakgrunnsinformasjon til læraren: Du finn utfyllande informasjon om digital postkasse på sida ‘Om digital postkasse ‘ og ‘Spørsmål og svar’ på Noreg.no.

Finn fram den elektroniske ID-en din Manus: For å opprette digital postkasse må du bruke ein av desse elektroniske ID-ane: Bank-ID Buypass Bank-ID på mobil Bakgrunnsinformasjon til læraren: Du treng ein elektronisk ID på høgaste sikkerheitsnivå (nivå 4) for å opprette digital postkasse. MinID er på nivå 3 og kan derfor ikkje brukast til dette. MinID er derfor ikkje med i denne oversikta. Commfides kan brukast til å opprette e-Boks, men ikkje Digipost. Commfides er derfor ikkje teken med med i denne oversikta. (Men Commfides og MinID kan brukast til innlogging via ID-porten.) Du finn meir informasjon om elektronisk ID på sida ‘Elektronisk ID’ på Noreg.no: http://www.norge.no/nn/elektronisk-id

Vel den digitale postkassen du vil opprette Digital kommunikasjon er hovedregel Klikk på Digipost Manus: Ved å klikka på ‘Gå til Digipost’, kjem du til registreringssida til Digipost. Ved å klikka på ‘Gå til e-Boks’, kjem du til registreringssida til e-Boks. Klikk på e-Boks

Registrering hos Digipost Manus: Når du har klikka på ‘Gå til Digipost, kjem du til denne sida. Følg instruksjonane for å opprette digital postkasse hos Digipost. Når du opprettar digital postkasse hos Digipost eller e-Boks, vert den postkassen du vel, automatisk også valt som postkasse for post frå det offentlege. Det er laga eit eige kurs for korleis du skal opprette digital postkasse hos Digipost, sjå Digidel.no. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Dersom brukaren allereie har valt digital postkasse for offentleg post og skal endre til den andre postkassen, må brukaren logge inn på brukarprofilen sin i ID-porten for å byte til den andre postkassen. (Brukarprofilen: https://brukerprofil.difi.no/minprofil )

Registrering hos e-Boks Manus: Når du har klikka på ‘Gå til e-Boks’, kjem du til denne sida. Følg instruksjonane for å opprette digital postkasse hos e-Boks. Når du opprettar digital postkasse hos Digipost eller e-Boks, vert den postkassen du vel, automatisk også valt som postkasse for post frå det offentlege. Det er laga eit eige kurs for korleis du skal opprette digital postkasse hos e-Boks, sjå Digidel.no. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Dersom brukaren allereie har valt digital postkasse for offentleg post og skal endre til den andre postkassen, må brukaren logge inn på brukarprofilen sin i ID-porten for å byte til den andre postkassen. (Brukarprofilen: https://brukerprofil.difi.no/minprofil ) Når ein brukar opprettar digital post hos Digipost eller e-Boks, vert den valde postkassen automatisk også valt som postkasse for post frå det offentlege. Men dersom brukaren allereie har valt digital postkasse for offentleg post og skal endre til den andre postkassen, må brukaren logge inn på brukarprofilen sin for å endre til ny postkasse etter at postkassen er oppretta (Brukarprofilen: https://brukerprofil.difi.no/minprofil )

Meir informasjon om digital postkasse Her finn du meir informasjon og spørsmål og svar Bakgrunnsinformasjon til læraren: Du finn utfyllande informasjon om digital postkasse, spørsmål og svar, elektronisk ID m.m. under menyen ‘Digital postkasse’.

Motta digital post frå det offentlege Bakgrunnsinformasjon til læraren: Videoen ‘Motta digital post fra det offentlige’ fortel kvifor du bør opprette digital postkasse. Han er på 1 min. 37 sek. Klikk på tittelen «Motta digital post fra det offentlege» for å vise videoen. Når videoen er starta, kan du klikke på fullskjerm-symbolet nede til høgre på videoen for å få vist videoen i fullskjerm. Du må vera tilkopla internett for å få vist videoen. (Lenke til videoen på YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=TolO-RVkg80 )

Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar frå deg! Dersom du eller kursdeltakarane har forslag til forbetringar av denne presentasjonen, set vi stor pris på om du vidareformidlar dette til oss i Difi. Var det til dømes nok informasjon til deg som lærar? Skulle kvart steg i å finne tenester vore nærmare forklart eller var det for detaljert forklaring og for mange lysark? Var det informasjon som mangla i presentasjonen? Send tilbakemeldingane til e-postadressa brukerstotte@difi.no og merk e-posten med Digidel. Takk for hjelpa!