Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Lær å bruke Noreg.no – vegvisaren til offentlege tenester på nett

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Lær å bruke Noreg.no – vegvisaren til offentlege tenester på nett"— Utskrift av presentasjonen:

1 Lær å bruke Noreg.no – vegvisaren til offentlege tenester på nett
Manus:* I dette kurset får du lære å bruke Noreg.no til å finne og logge inn til offentlege tenester på nett. Bakgrunnsinformasjon til læraren:** I dette kurset skal deltakarane lære å finne digitale tenester (sjølvbeteningstenester) på Noreg.no. I kurset viser vi framgangsmåten fram til ein kjem til innloggingbildet for tenesta (dersom det er ei innloggingsteneste ein skal finne). Kurset viser ikkje korleis ein loggar inn med dei ulike eleketroniske ID-ane. Det er laga eigne kurs om det. Kursdeltakarane treng ikkje elektronisk ID for å løyse oppgåvene i dette kurset. Men dersom kursdeltakarane også skal kunne logge inn til tenestene, må dei ha skaffa seg ein e-ID på førehand. e-IDar som kan brukast til innlogging til tenester frå det offentlege via ID-porte, er: MinID, BankID, BankID på mobil, Buypass og Commfides. *«Manus:» Det som læraren kan lese opp for å forklare informasjonen i lysbilda. **«Bakgrunnsinformasjon til læraren:» Dette er informasjon mynta på læraren slik at han eller ho kan svara på spørsmål frå deltakarane og ha noko meir kunnskap om Noreg.no.

2 Kva er Noreg.no? Vegvisar til
digitale tenester (sjølvbeteningsløysingar) frå stat og kommunar Manus: På Noreg.no finn du digitale tenester frå offentlege verksemder, også kalla sjølvbeteningsløysingar eller tenester på nett. Mange av tenestene tilsvarer dei skjemaa vi tidlegare fekk på papir. På Noreg.no finn du digitale tenester frå det offentlege. Med ‘det offentlege’ eller ‘offentleg sektor’ meiner vi statlege verksemder, fylkeskommunar og kommunar, og altså ikkje privat næringsliv, privatpersonar og liknande. På Noreg.no finn ein også informasjon om korleis ein kan skaffa seg ein digital postkasse. Dette er tema for eit anna kurs, og blir ikkje teke med her i dette kurset. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Noreg.no inneheld innbyggjarretta tenester, ikkje tenester for næringslivet.

3 Eksempel på digitale tenester på Noreg.no
Meld flytting Din pensjon – oversikt over din eigen pensjon Bestill helsetrygdkort Søk om bustøtte Finn informasjon om eigedommar på digitale kart Bakgrunnsinformasjon til læraren: Omgrepet ‘digitale tenester’ er eit vidt, og vi har ingen felles definisjon av omgrepet. På Noreg.no reknar vi desse typane tenester som digitale tenester: søknadsskjema som kan fyllast ut på nett og sendast inn via ein eigen send-knapp (t.d. søknad om endra namn) oppslag i register (t.d. motorvognregisteret) kalkulatorar (t.d pensjonskalkulator) bestilling av dokument (t.d. skattekort) innbetaling av avgifter m.m. til offentlege etatar (t.d. betaling av jegeravgift) digitale kart (t.d. Se eiedom der du kan finne informasjon om eigedommar i landet, sjå informasjon frå grunnboka og sjå kva som er tinglyst.)

4 Tre måtar å finne tenester på Noreg.no
Finn teneste Søk Livssituasjonar 2 1 3 Manus: Du kan finne tenester på Noreg.no på 3 måtar: Via menyen ‘Finn teneste’ Via ‘Søk’ oppe på sida Via ‘Livssituasjonar’ som du finn både blant menyane oppe på sida og som eigne boksar med ikon nedst på sida. 3

5 Finn tenester via menyen «Finn teneste»
Klikk på menyen «Finn teneste» Manus: (Metode 1: Menyen ‘Finn teneste’. ) Vi startar først med å visa korleis korleis du kan finna tenester på Noreg.no via menyen ‘Finn teneste’. Klikk på det blå menypunktet ‘Finn teneste’. Du får då opp ein nedtrekksmeny med tema.

6 Få fram nedtrekksmenyen
Klikk på aktuelt tema Manus: Når ein klikkar på menypunktet ‘Finn teneste’, kjem nedtrekksmenyen til syne. Klikk så på det temaet som tenesta du vil finna, høyrer til under. I eksempelet vårt skal du flytta til ny leilegheit og du skal derfor melde flytting.

7 Klikk i neste nedtrekksmeny
Klikk på «Flytting» Manus: Når du har klikka på ‘Bustad og eigedom’, får du opp ein ny nedtrekksmeny. Du skal finna skjema for melding om flytting og klikkar derfor på ‘Flytting’.

8 Vel teneste i lista under «Flytting»
Klikk på tittelen for å gå til tenesta Manus: Klikk på namnet på tenesta, altså på linja ‘Melde flytting innenlands’, for å komma til sjølve tenesta. Når du held musepeikaren over tittelen på ei teneste, blir tenesta markert med ei understreking. Dette syner at tittelen er ei lenke. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Under namnet på tenesta, står det kva statleg verksemd eller kommune som er ansvarleg for tenesta, i dette tilfelle skatteetaten. Symbola som ligg heilt til høgre i det grå feltet, viser til under kva ‘Livssituasjon’ ein også kan finna desse tenestene under. Dette blir nærmare omtalt seinare når deltakarane skal finna tenester via ‘Livssituasjonar’.

9 Du kjem til skatteetaten si nettside
Klikk her for å logge inn Manus: Når du har klikka på tittelen til tenesta, altså på lenka, kjem du til skatteetaten si nettside.

10 Logg inn via ID-porten Vel den elektronisk ID-en du vil bruke,
og følg rettleiinga du får Bakgrunnsinformasjon til læraren: Korleis du loggar inn til tenester frå det offentlege via ID-porten, er forklart i eigne kurs/presentasjonar.

11 Finn teneste via «Søk» Skriv inn søkeordet i søkefeltet.
Klikk deretter på «SØK». 1 2 Manus: (Metode 2: Søk via søkefunkjsonen oppe på sida) No skal vi finne tenester ved å bruke søkefunksjonen på Noreg.no. Skriv inn eit søkeeord i søkefeltet oppe på sida. Klikk deretter på ‘SØK’. I dette tilffellet har vi valt søkeordet ‘alderspensjon’. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Ein kan også trykka ‘Enter’ i staden for å klikka på ‘Søk’ for å få opp resultatlista.

12 Søkeordet «alderspensjon» gir dette resultatet
Klikk på den tenesta du ønskjer Manus: Søkeordet «alderspensjon» gir dette resultatet. Klikk på den tenesta du ønskjer.

13 Feil søkeord – prøv på nytt!
Sjekk stavemåten eller prøv eit nytt ord Manus: Får du feilmelding etter å ha søkt, er det lurt å sjekka om ordet er stava rett. Prøv så andre nøkkelord, gjerne eit meir allment ord.

14 Finn teneste via «Livssituasjonar»
Klikk anten på «Livssituasjonar» i menyen eller på eit av ikona 1 Manus: (Metode 3: ‘Livssituasjonar’.) Under menypunktet ‘Livssituasjonar’ er det samla tenester som er aktuelle å bruke i ein gitt livssituasjon. Førebels er det samla tenester for åtte livssituasjonar. Du finn livssituasjonane med kvart sitt ikon nedst på framsida. Dei ligg også under menyen ‘Livssituasjonar’ oppe på sida. 2

15 Nedtrekksmenyen under «Livssituasjonar»
Klikk på ein av livs-situasjonane Manus: Når du klikkar på menypunktet ‘Livssituasjonar’ oppe på framsida, kjem nedtrekksmenyen med dei ulike livssituasjonane fram. Dette er dei same livssituasjonane som du finn nede på i framsida. Klikk til dømes på livssituasjonen ‘Studere’.

16 Innhald på ei livssituasjons-side
Informasjon Andre livs-situasjonar Manus: Her ser du innhaldet på livssituasjonssida ‘Studere’. På ei livssituasjons-side finn du informasjon - kort informasjon om den aktuelle livssituasjonen aktuelle tenester - ei opplistinga av tenester som høyrer til denne livssituasjonen andre livssituasjonar – dei ulike livssituasjonane som du finn på nettstaden. Klikk på den eller dei tenestene som er aktuelle for deg. Aktuelle tenester

17 Å avgrense søket til éin kommune
Skriv «barnehage» i søkefeltet Manus: Her skal du avgrense eit resultat til å gjelda tenester frå éin bestemt kommune. I eksempelet skal du finne søknad om barnehageplass i Fusa kommune. Skriv først inn barnehage i søkefeltet på Noreg.no. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Ein kan bruka både søkefeltet eller menypunktet ‘Finn teneste’ for å få opp ei resultatliste over barnehage-tenester. (Brukar du Finn tenester, klikkar du på ‘Barn og familie i nedtrekksmenyen, og så på ‘Barnehage’ i neste nedtrekksmeny. )

18 Bruk feltet «Skriv inn kommunenamn»
Skriv inn kommunenamnet Klikk på kommunenamnet som kjem opp 1 2 Manus: Skriv inn kommunenamnet i feltet der som det står ‘Skriv inn kommunenamn’. (Det er eit anna felt enn ‘Søk’-feltet øvst på sida). Når du byrjar å skrive inn namnet, kjem kommunenamnet etter kvart opp i feltet. Klikk på kommunenamnet. Du får då opp tenestene frå den aktuelle kommune øvst i resultatlista. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Dersom tenesta ein skal finne er statleg og ein har avgrensa søket til ein kommune, får ein opp feilmeldinga ’Søket ditt gav ingen resultat’. Feltet med val av kommune er ikkje ferdig utvikla. Ein får derfor ikkje noko tilbakemelding om ein skriv inn eit namn som ikkje er eit kommunenamn. ‘Enter’ kan heller ikkje brukast i alle situasjonar.

19 Resultatet etter avgrensing av søket
Klikk på tittelen for å få opp tenesta Manus: Klikk på tittelen for å få opp tenesta.

20 Oppgåve 1. Bruk menyen «Finn teneste»
Du skal kjøpe bruktbil og ønskjer å finne ut om det er hefte på køyretøyet. Bruk menyen «Finn teneste». Bakgrunnsinformasjon til læraren: Ein ‘heftelse’ er ein rett nokon har på bilen. Bilen kan til dømes vere brukt som pant for å ta opp eit lån. Ein treng ikkje logga inn for å komma til denne tenesta. Ein treng derfor ikkje nokon elektronisk ID for løysa denne oppgåva. Slik løyser ein oppgåva: Klikk på menyen ‘Finn teneste’. Klikk i nedtrekksmenyen på ‘Trafikk, reiser og samferdsel’. Klikk på ‘Køyretøy’ i neste nedtrekksmeny. Klikk på tenesta ‘Heftelser i motorvogn’ som kjem opp i lista over tenester. Her kan ein skriva inn eit registreringsnummer og få opp info om ev. heftelsar. Ein treng ikkje logga inn for å komma til denne tenesta. 2

21 Oppgåve 2. Finn teneste via «SØK»
Du skal ut på ei reise og treng Europeisk helsetrygdkort. Bruk søkefeltet på Noreg.no til å bestilla eit slikt kort. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Slik løyser ein oppgåva: Skriv inn søkeordet i søkefeltet. Både søkeorda europisk helsetrygdkort, helsetrygdkort, helsekort, bestille osv. gir resultat Klikk på tenesta Bestill helsetrygdkort i resultatlista Du kjem til informasjon om helsetrygdkortet på Helsenorge.no Klikk så på Bestill Europeisk helsetrygdkort på denne sida. (Logg inn med ein elektronisk ID for å bestille kortet.)

22 Oppgåve 3. Finn teneste via «Livssituasjonar»
Du ventar barn og ønskjer å finne ut kor mykje du får i foreldrepengar. Bruk «Livssituasjonar» til å finne denne tenesta. Bakgrunnsinformasjon til læraren: Løysing av oppgåva: 1. Klikk på menypunktet ‘Livssituasjonar’ oppe på sida. 2. Klikk på ‘Få barn’ i nedtrekksmenyen som kjem opp. Alternativt: Klikk på boksen/ikonet ‘Få barn’ nede på framsida. 3. Rull nedover sida til du ser ‘Foreldrepengeveileder – kalkulator’ i lista over tenester. 4. Klikk på tittelen på tenesta og du kjem til kalkulatoren på Nav.no. (Du treng ikkje logge inn for å bruke denne kalkulatoren)

23 Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar frå deg!
Dersom du eller kursdeltakarane har forslag til forbetringar av denne presentasjonen, set vi stor pris på om du vidareformidlar dette til oss i Difi. Var det til dømes nok informasjon til deg som lærar? Skulle kvart steg i å finne tenester vore nærmare forklart eller var det for detaljert forklaring og for mange lysark? Var det informasjon som mangla i presentasjonen? Send tilbakemeldingane til e-postadressa og merk e-posten med Digidel. Takk for hjelpa!


Laste ned ppt "Lær å bruke Noreg.no – vegvisaren til offentlege tenester på nett"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google