Grammatikkurs Engelsk 9. trinn Adverb og adjektiv
Adverb - ord som står til verb, adjektiv, andre adverb og i nokre tilfeller til ei heil setning - når ein spør When? Where? How? finn ein ofte adverbet? - kvar er adverbet i desse setningane? I am skating now. I skate here, there and everywhere! I skate well. Ein legg som oftast –ly til adjektivet (som beskriv substantivet) for å danne adverbet: A slow walk. He walked slowly. A clever student. The student solved the task cleverly.
Adverb - stavemåtar - ord som sluttar på –y får endinga –ily Happy – happily Pretty – prettily Kva med shy? (shyly) - Ord som sluttar på –le får –ly Probable – probably Possible – possibly Kva med whole? (wholly) Kva med energetic? (energetically) Kva med public? publicly
Adverb og adjektiv I nokre tilfelle er adverb og adjektiv same ordet på engelsk: daily, early, fast, hard, high, late, long, low, near, short, straight. Tuva has a fast car. She drives fast John went out for his daily walk. I read a newspaper daily. NB! Dersom du set –ly til nokre av desse orda, får dei ei heilt anna tyding: Hardly (knapt), lately (nyleg), nearly (nesten)
Oppgåver 1. Gjer desse adjektiva om til adverb: Weak, beautiful, straight, hard, loud, immediate, busy, shy, comfortable, probable, bad, fast, proud, general, pretty, true, whole 2. Lag setningar med 5 av adverba du laga. 3. Start på oppg 17 på arket.
«odd Man» Out
Adverb på norsk….adjektiv på engelsk Etter desse verba blir det alltid eit adjektiv på engelsk (ikkje adverb som på norsk): taste, sound, smell, feel, look, seem The food tastes good (ikkje well) That music sounds a bit strange (ikkje strangely) I think the milk smells sour (ikkje sourly) Merk: «As soon as possible» er eigentleg ei forkorting for «As soon as it is possible», difor ikkje possibly. ASAP
Samsvarsbøying av Adverb Vanleg at adverba blir gradbøygde som adjektiva: early - earlier - earliest fast - faster - fastest soon - sooner - soonest Kva har desse til felles? Tips – staving? Merk! well - better - best badly - worse - worst late - later - last Kva med little, much, ill? Merk! Adverb som sluttar på –ly får more og most i komparativ og superlativ: politely – more politely – most politely Bøyingsformene heiter: positiv, komparativ og superlativ