Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Vassdragsekspropriasjon

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Vassdragsekspropriasjon"— Utskrift av presentasjonen:

1

2 Vassdragsekspropriasjon
Salsverdierstatning for fallrettar. Kort om bruksordningar og kraftverk. Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

3 Oversikt over forelesinga
Første time, og første halvdel av andre time: Salsverdierstatning etter ekspropriasjonserstatningslova § 5 for fallrettar Vekt på rettspraksis Utmåling av 25 % tilleggserstatning etter vannressurslov eller vassdragsreguleringslov Andre halvdel av andre time: Kort om etablering av bruksordningar, og falleigarlag med heimel i jordskiftelova Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

4 Kort innføring i omgrep
Kva er ein fallrett? Kva kjenneteiknar eit stort kraftverk med regulering? Kva kjenneteiknar eit mindre kraftverk? Den typiske problemstillinga: Utbyggjarane av eit stort kraftverk eksproprierer fallrettar som potensielt kunne ha blitt brukt til å byggja eit mindre kraftverk. Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

5 Opning av Brokke Nord og Sør 10. oktober 2014.
Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

6 Oversikt over aktuelle resultat etter § 5 i ekspropriasjonserstatningslova
Marknadsmodellen jf. Uleberg-dommen, Rt s. 82 Samarbeidsmodellen, jf. Kløvtveit-dommen, Rt s. 1683 Naturhestekraftmetoden, jf. Otra Kraft II-dommen, Rt s. 612 Kva er dette? Ulike uttrykk eller verdsetjingsmetodar for å komme fram til salsverdierstatning etter ekspropriasjonserstatningslova § 5 Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

7 Kortversjonen av utviklinga på området:
Før 2008: Erstatning for fallrettar utmålt etter naturhestekraftmetoden, sjå til dømes Rt s Hellandsfoss. Kva er det? Ein teoretisk måte å komme fram til salsverdierstatning I realiteten ein vederlagsmodell – ser til inntektene i det konkrete kraftverket Naturhestekrefter = 13,33 x Qreg x Hbr (!) Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

8 Forts. utviklinga på området
Naturhestekraft= eit gamaldags uttrykk for kor mykje kraft (energi) det er i vassdraget Tal naturhestekrefter= 13,33 x Qreg x Hbr 13,33 = omrekning frå IS-system til naturhestekrefter Q-reg=regulert vassføring Hbr=høgda i fallet Prisen jf. Rt s. 1594: «Enhetsprisen fastsettes etter en totalvurdering der blant annet omkostningene ved utbygging, fallets beliggenhet og prisene for andre fall inngår» Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

9 Forts. utviklinga på området
Eit hovudproblem: gav berre erstatning for ekspropriasjon av fallrettar med ei viss reguleringshøgd Formelen seier heller ikkje noko om korleis ein skal finne prisen Skal seinare i forelesinga vise at naturhestekraftmetoden er modernisert. Lesetips: Oversjønnet om Saudefaldene-saka (LG ). Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

10 Forts. utviklinga på området
Bakgrunn for Uleberg-dommen, Rt s. 82: Utviklinga på marknaden for fallrettar Blir generelt pårekneleg for falleigarane at dei kan utnytta fallrettane («småkraftboom») Rimelegare tekniske løysingar Mogleg å få levera straumen dei produserer på nett Uttalt politisk motivasjon for å bygga små kraftverk Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

11 Forts. utviklinga på området
I tida etter Uleberg-dommen har rettstilstanden på området for erstatning for fallrettar nærma seg den alminnelige ekspropriasjonsretten Obiteret, avsnitt 81, som sette fart på rettsutviklinga: «Jeg er enig med lagmannsrettens flertall i at metoden ikke lenger er egnet som utmålingsprinsipp for erstatning for fallrettigheter hvor det er påregnelig med separat utbygging. Hvorvidt metoden er anvendelig ved andre typer fallrettigheter, tar jeg ikke standpunkt til.» Verknad: Påreknelegvurderinga blir den sentrale vurderinga også i ekspropriasjonssaker med fallrett som eigedomsobjekt. Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

12 Forts. Uleberg-dommen «Spørsmålet er så hvilke verdsettingsmetoder som kommer i stedet for naturhestekraftmetoden. Som nevnt er utgangspunktet etter ekspropriasjonserstatningsloven § 5 det som vanlige kjøpere vil gi for fallrettigheten ved frivillig salg. Ved vurderingen skal det blant annet legges vekt på eiendommens karakter og den påregnelige utnytting, samt» dei prisane som er oppnådd ved omsetnad av andre eigedomar som det er naturleg å samanlikna med», jf. § 5 annet ledd. Dermed er det en toleddet prosess som fører frem til utgangspunktet for salgsverdivurderingen: På bakgrunn av de karakteristiske trekk ved eiendommen skal det deretter velges ut egnede sammenligningseiendommer, jf. Ot.prp.nr.50 ( ) side 47 flg. Hvilke salgs- eller leiekontrakter det skal sammenlignes med, og hvilke modeller som kan benyttes ved den etterfølgende beregningen av fallrettighetens verdi, avhenger av de konkrete forholdene i den enkelte saken. Jeg finner ikke grunn til å komme nærmere inn på dette.» Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

13 Korleis kjem ein fram til kva metode som skal brukast ved verdsetjing av fallrettar?
Oversikt: Tolking av 5 første ledd Kva slags kjøparar og kva slags salsprisar er det relevant å sjå til i erstatningsutmålinga Påreknelegvurderinga Bruk av samanlikningsavtalar Eventuelle relevante unntak i § 5 tredje og fjerde ledd? Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

14 Kort om § 5 første ledd Kven er «vanlege kjøparar»?
Skjønnsretten skal sjå bort frå dei særlege behova til kjøparen Kan vera marknaden eller eigenskaper ved eigedomen som er bakgrunn for eit evt. høgt pristilbod – tilbodet er i så fall likevel relevant Eit mangfald av falleigeavtalar i utgangspunktet relevante Lovgivar: hypotetisk salsverdi nok Når omgrepet «reell» blir brukt, er det om prisnivået, og ikkje kjøperane, sjå Innst. O. nr. 27 (1983–84) s. 6. Høgsterett: set krav om ein realmarknad Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

15 Kravet frå Høgsterett om ein realmarknad
Kløvteit-dommen, Rt s. 1683, avsnitt 28. Første setning i avsnitt 28 sagt at «[b]estemmelsen i § 5 forutsetter dermed at det finnes et marked for den type eiendom det er tale om.» «Slik jeg ser det, bygger disse dommene på den tanke at når det finnes et reelt marked for de aktuelle rettighetene, er det de prisene som kan oppnås i dette markedet som skal legges til grunn som den tapte salgsverdi – slik man gjør ved ekspropriasjon ellers.» Realmarknaden i dette tilfellet var altså at dei andre rettshavarane var potensielle initiativtakarar til eit identisk prosjekt. Otra Kraft II-dommen: Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

16 Kravet frå Høgsterett om ein realmarknad
Otra Kraft II-dommen: separat utnytting var ikkje pårekneleg kravet om realmarknad blir tydeleg «…legger jeg til grunn at det i dag ikke eksisterer et marked for salg og leie av enkeltstående fallrettigheter der separat utbygging ikke er påregnelig, men som er utnyttbare i komplekse utbygginger. De ankende parter har ikke kunnet vise til kontrakter eller priser som dokumenterer et slikt marked…» Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

17 Kort om § 5 første ledd forts.
Vilkåret «friviljuge avtalar» Frivillige avtalar mellom vanlege kjøparar Høgsterett i dommen om Otra Kraft II, Rt s. 612 «Den peker på at verdsettelsesmåten har svært lang tradisjon og at det ikke er utviklet noen nye prinsipper for erstatningsfastsettelsen i de situasjoner der utbygging ikke er påregnelig. Den kan heller ikke se at det for vurderingen spiller noen rolle at det er regulatoriske forhold som er grunnen til at separat utbygging til småkraftverk anses upåregnelig.» Legg altså stor vekt på skjønnspraksis (rettspraksis) Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

18 Påreknelegvurderinga i § 5 andre ledd
Ordlyden i § 5 andre ledd Kva er det falleigaren får erstatta? Verdien av den bruken skjønnsretten finn det mest pårekneleg at ville ha funne stad, om ikkje ekspropriasjonstiltaket kom i staden. «Hypotetisk påreknelegvurdering» Kva blir verdsatt: fallretten bunde til den konkrete bruksforma som kjem fram gjennom påreknelegvurderinga. Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

19 Påreknelegvurderinga i § 5 andre ledd
Kva perspektiv skal skjønnsretten leggja til grunn i påreknelegvurderinga? Sidan det er tale om ei salsverdivurdering er ei naturleg tolking at det er eit spørsmål om kva «vanlege kjøparar», jf. § 5 første ledd, legg til grunn som er perspektivet for påreknelegvurderinga Rettspraksis viser at det ikkje er tilfelle . Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

20 Påreknelegvurderinga i § 5 andre ledd
Eigarperspektivet lagt til grunn i både Kløvtveit-dommen, og Otra Kraft II-dommen Kløvtveit-dommen: Tek utgangspunkt i Rt s. 1354, Svenkerud-dommen, og Rt s. 217, Ulvåkjølen-dommen: «Det er der sentralt at det er eiendommens verdi som skal erstattes, uten hensyn til hvem som er eier på avståelsestidspunktet. Den andre dommen er nettopp Ulvåkjølen, der uttalelsen i Svenkerud er utdypet med at det er «den alminnelige, forstandige» grunneier som er målestokken.» Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

21 Påreknelegvurderinga i § 5 andre ledd:
Frå Otra Kraft II: Utgangspunktet var at erstatninga skulle utmålast som tapt salsverdi, jf. ekspropriasjonserstatningslova § 5. Høgsterett uttala at det fylgde av Kløvtveit-dommen at retten må gjera ei objektiv vurdering («objektivisert vurdering»). Avsnitt 41: «Av samme avgjørelse avsnitt 25 følger dernest under henvisning til tidligere praksis at det er eiendommens verdi som skal erstattes uten hensyn til hvem som eier den på avståelsestidspunktet.» Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

22 Påreknelegvurderinga i § 5 andre ledd
Oppsummering så langt: Eit spørsmål om kva bruk som er pårekneleg sett frå ståstaden til ein vanleg eigar Deretter er spørsmålet kva «vanlege kjøparar» vil betale for ein eigedom om ein legg til grunn ein slik bruk Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

23 Påreknelegvurderinga jf. § 5 andre ledd - rettsleg
Er det juridiske hindringar for at falleigaren eller falleigarane ville ha kome til å etablera det alternative kratverket – sett bort frå oreigningstiltaket? Hovudregel: kompensasjon i samsvar med eksisterande planar Kva betyr det ved ekspropriasjon av fallrettar? Store kraftverk: Samla plan Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

24 Samla plan for vassdrag = ein plan for utbygging
Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

25 Kort om plansituasjonen i vassdrag
Utbyggingsplanar i vassdrag=Samla plan for vassdrag Samla plan har ein spesiell status jf. vassressurslova § 22 Poeng: Samla plan har direkte innverknad på konsesjonshandsaminga, og vil dermed ha avgjerande innverknad på kva som er pårekneleg bruk i vassdraget Verneplan for vassdrag I – IV kan også verka inn på påreknelegvurderinga (www.nve.no) Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

26 Påreknelegvurderinga jf. § 5 andre ledd - rettsleg
Kva har de lært om påreknelegvurderinga i den alminnelige ekspropriasjonsretten? Hovudregel: skal sjå bort frå bindande planar/ tilegnelsesplaner ved ekspropriasjon til offentlige anlegg jf. Lena-dommen, Rt s Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

27 Påreknelegvurderinga jf. § 5 andre ledd - rettsleg
Høgsterett i Otra Kraft I: Verknaden av Samla plan, og konsesjonsvurderinga er den same som ved andre rettsleg bindande planar, sjå vannressurslova § 22 Ville det alternative kraftverket fått konsesjon etter vassdragsreguleringslova eller vannressurslova? Verneomsyn? Optimal ressursutnytting (Otra Kraft II) Same omsyn som ligg bak Samla plan Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

28 Påreknelegvurderinga jf. § 5 andre ledd - faktisk
Litt generelt om innhaldet i påreknelegkravet framleis eigarperspektivet den aktuelle utviklinga må vera meir enn 50 % sannsynleg, jf. Rt s. 217, Ulvåkjølen-dommen ikkje nok at ei utvikling «generelt» er pårekneleg for eksempel ikkje nok at fallrettar generelt er eigna til å bli brukt i kraftverksprosjekt, sjå samanlikning Rt s. 29, Riggtomt-dommen Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

29 Påreknelegvurderinga jf. § 5 andre ledd - faktisk
Momenta kva slag eigedom det gjeld, og kvar eigedomen ligg i § 5 andre ledd er utgangspunkt for påreknelegvurderinga Vanskeleg å trekkja slutningar om bruken aleine ut frå ei skildring av eigedomen, må koplast saman med relevante ytre omstende Overskjønnet i Otra I: «Lagmannsretten bemerker at verdien av fall, enten det er salgsverdien eller bruksverdien, beror på en vurdering av flere usikre faktorer, der forventet langsiktig kraftpris og utbyggingskostnadene i forhold til energiproduksjonen ved det bedriftsøkonomisk gunstigste utbyggingsalternativet er viktigst.» Til saman kan vurderingane sei noko om kva som er pårekneleg bruk av fallrettane Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

30 Påreknelegvurderinga jf. § 5 andre ledd - faktisk
Er det pårekneleg at falleigaren kunne ha etablert det alternative prosjektet i vassdraget? Naturgitte forhold Økonomiske vurderingar Kraftpris Utbyggingskostnader Nedbør (Sjå til dømes LA ) Eigartilhøve Ikkje relevant at eksproprianten, eller andre, ikkje vil samarbeida jf. Kløvtveit-dommen Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

31 Bruk av samanlikningsavtalar etter § 5 andre ledd
Etter at skjønnsretten har kome fram til kva alternativ utnytting som er pårekneleg skjer bruken av samanlikningsavtalar Kva samanlikningsavtalar er relevant? Kva gjer skjønnsretten med samanlikningsavtalane? Kortversjon Finne avtalar Korrigere avtalar slik at dei passar til den konkrete saka Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

32 Nationen 14. mars 2014: «Småkraft-selskapet Fjellkraft legges ned – 14 mister jobben I 2012 ble kraftselskapet Fjellkrafts fallrettigheter verdsatt til rundt 1,2 milliard. Nå legges det ned fordi ingen vil kjøpe.» Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

33 Bruk av samanlikningsavtalar jf. § 5 andre ledd - døme
Bruk av samanlikningsavtale når skjønnsretten har kome fram til at det er pårekneleg med separat utnytting av fallrettane: Dei fleste falleigeavtalar er i prinsippet relevante Kva avtalemateriale er lagt fram i saka? T.d Fjellkraft-avtale eller avtale med annan utbyggingsaktør Nettomodell eller bruttomodell? Intern utbyggingsavtale? Korleis korrigere? Særlig lønnsomt kraftverk? Overtakingsrett («hjemfallsrett»)? Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

34 Unntak frå verdsettinga i § 5 tredje ledd
Skal sjå bort frå verdiendringar som kjem frå ekspropriasjonstiltaket Verdiendringar som kjem frå gjennomførde eller planlagde investeringar som har direkte samanheng med ekspropriasjonstiltaket Ved ekspropriasjon av fallrettar er unntaket for verdiendringar som fylgje av gjennomførte investeringar eit praktisk unntak . Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

35 Unntak frå verdsetjinga i § 5 tredje ledd andre alternativ
Spørsmålet er korleis skjønnsretten skal verdsetja fallrettar ved utviding av eksisterande kraftverk? Kor mykje av verdien fallrettane har kjem frå «gjennomførte investeringar», som er det eldre kraftverket? Ordlyd: direkte samanheng med gjennomførde investeringar Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

36 Unntak frå verdsetjinga i § 5 tredje ledd andre alternativ
Problemstilling: kjem heile verdien frå det tidlegare etablerte kraftverket? Rt s. 252, Røldal-Suldal Etter ei streng årsaksvurdering: ja Høgsterett les ikkje lova på denne måten La vekt på ein lovfesta rimeleg-standard i 1973-lova § 5 nr. 1 (NB! Post-Kløfta-dommen) Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

37 Unntak frå verdsetjinga forts.
Spørsmåla i dag: Kan vi leggja vekt på tilsvarande rimeleg-standard på ulovfesta grunnlag? Kva har det å seia for vurderinga at lovgivar til skilnad frå i 1973-lova har sagt at det må vera ein «direkte samanheng» mellom investeringa og oreigningstiltaket Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

38 «Direkte samanheng» Kva har det å seia for vurderinga at lovgivar til skilnad frå i 1973-lova har sagt at det må vera ein «direkte samanheng» mellom investeringa og oreigningstiltaket? Rt s. 240, Oppdrettsanlegg i Bømlo Investeringane var gjort på eit område der forgjengaren til selskapet dreiv fiskeoppdrett Også selskapet som kommunen eksproprierte til gunst for dreiv med fiskeoppdrett – på den same staden. Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

39 «Direkte samanheng» Dommen viser at investeringar gjort av ein annan enn eksproprianten, i ei tidlegare verksemd, kan oppfylle vilkåret. Vilkåret «direkte samanheng» ser altså så langt ikkje ut til å vera til hinder for at verdiar som kjem frå eldre kraftanlegg blir unntatt frå verdsetjinga Høgsterett seier også noko om det andre spørsmålet – rimelegvurderinga Konkluderer med at det i visse likevel er situasjonar er urimeleg å trekkja frå verdistigning som skuldast eldre investeringar Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

40 «Direkte samanheng» Rt. 1999 s. 737, Molo-dommen
Først bygd ein molo, og fastlandssamband til øya Indre Harøy Eksproprierte så til fordel for eit industritiltak med heimel i reguleringsplan jf. plan- og bygningslova § 35 nr. 1 «Jeg anser det helt klart at verdistigningen som følger av de gjennomførte investeringene i moloen, har direkte sammenheng med det som her er ekspropriasjonstiltaket.» Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

41 Rekkevidda av unntaka ved ekspropriasjon av fallrettar:
Den første kraftutbygginga er i større grad eit sjølvstendig prosjekt enn for eksempel bygging av eit infrastrukturtiltak som moloen – meint som eit tilretteleggingstiltak Kravet om «direkte samanheng» mellom investeringa og oreigningsføremålet var motivert av at unntaksregelen skulle praktiserast strengare Høgsterett har likevel lagt til grunn ei vid ramme både for kva som er omfatta av oreigningstiltaket, og kravet til direkte samanheng mellom investering og oreigningstiltak Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

42 Rekkevidda av unntaka ved ekspropriasjon av fallrettar:
Neppe grunnlag for å seia at vilkåret «direkte samanheng» aleine vil stenge for at takrenneprosjekt fell inn under unntaksregelen Etter ei vurdering av resultatet, med ei innskrenkande tolking av § 5 tredje ledd i tråd med Rt s. 240, Bømlo-dommen, kan skjønnsretten likevel la vera å gjera frådrag, eller i det minste justera frådraget som i Røldal-Suldalsaka, Rt s. 252. (Rt s. 808) Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

43 Tilbake til ulike utfall av påreknelegvurderinga
Samarbeidsmodellen: eit anna stort prosjekt er pårekneleg Småkraftmodellen eller marknadsmodellen: eit anna mindre kraftverk er pårekneleg Naturhestekraftmetoden: ikkje pårekneleg at fallrettane som blir oreigna blir brukt i eit anna alternativt kraftverk Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

44 Kløvtveit-dommen: Samarbeidsmodellen: eit anna stort prosjekt er pårekneleg. Samla utbygging lagt til grunn også i erstatningsutmåling Erstatningsutmåling ved hjelp av samanlikningsavtalar Samanlikningsavtalane må tilpassast den konkrete situasjonen Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

45 Uleberg-dommen: Småkraftmodellen eller marknadsmodellen: eit anna mindre kraftverk er pårekneleg Bruk av falleigeavtalar i erstatningsutmålinga heilt nødvendig jf. utsegn i Uleberg-dommen Mindre tilpassingar ut frå dei konkrete forholda er nødvendig også i desse sakene Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

46 Otra Kraft II-dommen: Naturhestekraftmetoden: ikkje pårekneleg at fallrettane som blir oreigna blir brukt i eit anna alternativt kraftverk Modernisert utgåve av naturhestekraftmetoden er lagt til grunn. Høgsterett: tradisjonell NHK-metode fangar ikkje opp den auka verdien av fallrettane Ikkje lenger reguleringshøgd, men fallhøgd, jf. Otra II avsnitt 74 I skjønnsvurderinga av kva pris som skal leggjast til grunn i erstatningsutmålinga kjem ein fram til ein høgare pris, jf. Otra II avsnitt 74 Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

47 Felles for alle resultat:
Utmåling av 25 % tilleggserstatning jf. vannressurslova § 51 andre ledd og vassdragsreguleringslova § 16 nr. 3 Otra II-dommen avsnitt 39: «Dette sjablonmessige påslaget er blant annet begrunnet i at det er rimelig at grunneier får en viss del av fortjenesten som tilkommer regulanten når et vassdrag blir regulert til kraftutvinning, jf. Ot.prp.nr.39 ( ) side 231.» Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

48 Frå overskjønnet i Saudefaldene-saka:
«7. FELLESSPØRSMÅL Når ikke annet er sagt, er samtlige erstatninger som gis, årlige erstatninger, som skal tillegges 25 %, jf. vannressursloven § 51. De årlige erstatningene skal reguleres automatisk hvert 5. år, jf. forskrift 4. desember 1987 nr. 945.» Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

49 Bruksordningar med sikte på etablering av fallrettar
Heimel: jordskiftelova § 2c jf. § 34b Jordskifteretten etablerer eigarlag Eigarlaget får kompetanse til ved fleirtalsvedtak å bestemme om ein skal gå vidare med eit utbyggingsprosjekt Ei praktisk form for «privat ekspropriasjon». Poeng: NVE prioriterer ikkje søknader om konsesjon der eigartilhøva ikkje er ordna Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

50 Jordskiftelova § 2c Eit jordskifte kan gå ut på å gi reglar om bruken både i område der det er sambruk frå før, og der det ikkje er sambruk mellom eigedommar Viss ikkje sambruk frå før er det ein noko høgare terskel for å ta bruke reglane Berre når retten finn at det ligg føre «særlige grunnar» Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

51 Jordskiftelova § 34b «Jordskifteretten skipar dei lag som er nødvendig for å kunne ordne bruk og sambruk innan skiftefeltet. Kvar av deltakarane i laget svarar i høve til tredjemann etter sitt høvetal, jf. §§ 27, 28 og 42 tredje ledd. Tiltak som kan innebere stor risiko, kan berre gjennomførast av eit driftsselskap. Laget tek avgjerd om gjennomføring ved fleirtalsvedtak. Kvar av deltakarane har rett til å vere med i driftsselskapet så langt det svarar til høvetalet. Om nokon vil vere med som ikkje røysta for, skal det seiast frå så snart råd er og seinast 3 veker etter at han har fått skriftleg melding om vedtaket med opplysning om denne fristen. Driftsselskapet skal svare vederlag for utnyttingsretten til laget, som fordelar dette til deltakarane etter høvetalet deira. Når partane er samde, kan andre tiltak enn nemnt i tredje ledd første punktum gjennomførast av eit driftsselskap. Tredje ledd tredje og femte punktum gjeld tilsvarande. Jordskifteretten skal setje ein frist for partane til å leggje fram slik avtale. Fristen kan ikkje setjast kortare enn tre veker. Jordskifteretten fastset vedtekter for det einskilde lag. Departementet kan gi nærare føresegner om normalvedtekter.» Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

52 Tapsgaranti i § 3a «Jordskifte kan ikkje fremmast dersom:
Kostnadene og nytten blir større enn fordelane for kvar einskild eigedom» Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

53 Bruksordning med sikte på etablering av kraftverk
Driftsselskap: frivillig å delta. Kraftverk Eigarlag: alle falleigarane er med. Fallrettar Falleigeavtalee Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

54 Bruksordning med sikte på etablering av kraftverk
Erstatningsutmålinga i desse sakene Eit spørsmål om kva krav jordskifteretten vil stille til falleigeavtalen mellom eigarlaget og driftsselskapet Eigarlaget sikrar verdifordelinga mellom eigarane Problemet: korleis sikra at eigarlaget får del i inntektene som blir produsert i kraftselskapet? 1979-lova: jordskiftelova gir heimel til å stille visse krav til falleiga i vedtektene 2013-lova: like klar heimel i lova, men forarbeida skapar tvil Vassdragsekspropriasjon Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

55 Takk for meg. Lykke til på eksamen!


Laste ned ppt "Vassdragsekspropriasjon"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google