Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Norrønt og moderne norsk Språk har alltid vekt sterke kjensler.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Norrønt og moderne norsk Språk har alltid vekt sterke kjensler."— Utskrift av presentasjonen:

1 Norrønt og moderne norsk Språk har alltid vekt sterke kjensler

2 Norrønt Språket som blei snakka i det norrøne området frå kring 800 til 1350 Det norrøne området: Dei områda vikingane hadde lagt under seg. Noreg, Island, Færøyane, Shetland, Orknøyane, Grønland, Härjedalen, Jämtland, Bohuslän

3 Kjelder til det norrøne språket Runeinnskrifter, kongesoger, eddadikt, lovverk, religiøse skrifter, brev. Bøker og dokument blei skrivne på pergament, rensa og tørka skinn frå kalv, sau eller geit. Skrivereiskapen var fjørpenn

4 Skilnader mellom moderne norsk og norrønt Þat er hræddr maðr sem ekki þorir at skjalfa 1. Norrønt har fleire bokstavar enn moderne norsk 2. Norrønt har mange ulike former av same ordet 3. Norrønt har friare ordstilling 4. I norrønt står adjektivet ofte etter substantivet

5 Det norrøne skriftspråket forsvann Svartedauden reduserte folketalet frå til Overklassen, som var dei skrivekunnige, blei sterkt redusert Svenske, danske og nordtyske adelsmenn tok over mye av makta Det blei ikkje skrive originallitteratur på norrønt Noreg kom under dansk styre i 1380 Konfirmasjonsopplæring blei obligatorisk i Opplæringsspråket var dansk

6 Skreiv nokon på norsk? Petter Dass: Skreiv dansk, men brukte særnorske ord og uttrykk. Ludvig Holberg: Skreiv dansk, men somme norske ord kom inn i tekstane hans. Norvagismar.

7 Språksituasjonen kring 1814

8 Dansk skrift, norsk tale Fleire lærte å lese. Men lærebøker og grammatikkar var på dansk Dei fleste snakka ei norsk dialekt Embetsmennene brukte danske ord med norsk uttale og tonefall, ei danna daglegtale

9 Eige storting – eigen grunnlov – eige språk Tre vegval: 1.Halde på det danske skriftspråket. Embetsmennene. Johan Sebastian Welhaven 2.Bruke norske ord og uttrykk. Gradvis fornorsking. Henrik Wergeland 3.Ta utgangspunkt i ei dialekt som ligg nær norrønt og skape eit nytt norsk språk. P.A. Munch

10 Romantikken: Språket er nasjonens eigenart og identitet Innsamling av eventyr: Asbørnsen og Moe. Dansk med særnorske ord og uttrykk Landstad: Norske Folkeviser. Telemarksdialekt

11 To svært viktige personar for utviklinga av det norske språket 1.Ivar Aasen 1813 – 1896 Ville skape eit nasjonalt skriftspråk bygd på dialektar Reiste rundt og samla dialektprøver. Besøkte over halvparten av kommunane i landet og alle fylka, bortsett frå Finnmark. Skreiv ordbok, grammatikk og gav ut bok med dialektprøver av landsmålet.

12 2. Knud Knudsen Lærar og språkkonsulent ved Det norske Theater i Kristiania Ville ha gradvis fornorsking av dansken – vidareførte Wergelands arbeid Skriftspråket skulle byggje på danna daglegtale Teaterspråket skulle ikkje vere dansk, men danna daglegtale Føreslo blant anna harde konsonantar i staden for «bløde». Kake – kage.

13 Aasen og Knudsen. Likskapar og skilnader Ivar Aasen fattig bondeson frå Sunnmøre fødd i 1813 samlarferd rundt i landet sjølvlært budde i Kristiania forskar og diktar, deltok ikkje i samfunnsdebatten purist bort med dansk skriftspråk dialektar var grunnlaget danne nytt språk straks «nynorskens far» ikkje tilnærming mellom dei to formene for norsk språket er uttrykk for folkeånden Knud Knudsen husmannsson frå Sørlandet fødd i 1812 brukte erfaringa si som lærar universitetsutdanna budde i Kristiania forskar og ivrig debattant purist bort med dansk skriftspråk danna daglegtale var grunnlaget gradvis fornorsking, ikkje nytt språk «bokmålets far» tilnærming mellom dei to formene for norsk skriftspråket eit praktisk problem

14 Språksituasjonen mot slutten av 1800-talet Skriftspråket hadde utvikla seg i tre retningar: 1.Embetsmennene ville skrive tilnærma dansk 2.Knud Knudsen ville fornorske dansken. Norsk riksmål – bokmål 3.Aasen hadde utarbeidd ein eigen normal. Blei brukt i stadig fleire samanhengar. Landsmål – nynorsk

15 Viktige språkvedtak på slutten av 1800-talet 1878: Talemålsvedtaket. Lærarane skal undervise på barnas talemål 1885: Jamstillingsvedtaket. Landsmålet og «det almindelige Bogsprog» skal vere likestilte i skule og administrasjon 1892: Målparagrafen. Skolestyra i kommunane kan avgjere om elevane skal ha undervisning og bøker på landsmålet eller «det almindelige Bogsprog»

16 Nordahl Rolfsens lesebok Nordahl Rolfsen gav ut ei lesebok som blei brukt i over femti år. Følgde mange av Knud Knudsens tankar og brukte heimlege ord og vendingar. Ville gjere språket nasjonalt og tilgjengeleg. Mange spesielle former som elevane tok etter. «Rolfsen-feil»

17 Språkreformer som leier fram til dagens språkform 1907: Riksmålet. Harde konsonanter erstattar dei «bløde». 1917: Endringar for både riksmål og landsmål. Tilnærmingstanken blir viktig. 1929: Landsmål får namnet nynorsk. Riksmål får namnet bokmål. 1938: Forenkle rettskrivinga. Tilnærming. Fellesformer blir brukte i lærebøker. 1952: Norsk språknemd. Tilnærming. Samnorsk. Protestar i Oslo 1959 : Ny rettskriving. Læreboknormal. Både nynorsk og bokmål 1981: Bokmålsreform. Tilnærmingstanken lagt på is. 2005: Ny rettskrivingsreform. Bokmål. Litt endring i nynorsk. 2012: Nynorskreform. Mål: Enkel og stabil form. Alle former sidestilte.

18 Oppsummering Ikkje samnorsk. Men det har skjedd ei tilnærming mellom bokmål og nynorsk. Stor utvikling frå dansk til moderne norsk Skriftspråket er blitt enklare.

19 Norsk eller engelsk? Norsk er eit lite språk. Blir lett påverka. Mange nye ord opp gjennom tidene. Tre måtar å ta inn nye ord i norsk på: 1. Ord frå andre språk blir ein del av norsk uten endringar. Eks: healer 2. Ord får norske alternativ. Eks: guide – omvisar. 3. Ord blir fornorska. Eks: krasj, sørvis.

20 Viktige omgrep når vi diskuterer språk Parallellspråklegheit: Når to språk blir brukte parallelt på eit område, vel ein helst morsmålet når det ikkje er nødvendig å bruke framandspråket Domenetap: Eit språk erstattar eit anna på eit heilt samfunnsområde. Domenetap er eit steg mot eit språk i oppløysing. Framtidas Noreg mangespråkleg?


Laste ned ppt "Norrønt og moderne norsk Språk har alltid vekt sterke kjensler."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google