Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Gruppe 2: samarbeidsmodell

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Gruppe 2: samarbeidsmodell"— Utskrift av presentasjonen:

1 Gruppe 2: samarbeidsmodell

2 Møre og Romsdal Kjenneteikn på godt samarbeid:
«Samarbeid som fungerer godt har nokre felles kjenneteikn. Det som oftast blir trekt fram er at partane må ha eit felles mål som skal nås. At alle partar skal ha nytte av det – ikkje disharmoni. Deltakarane må i tillegg ha engasjement og interesse for saka. Vidare peikar fleire på at samarbeidet må vere formalisert og gjerne med fastsette møtetidspunkt. Deltakarane som møtes må vere på same nivå slik at møtet kan gjere vedtak på vegne av organisasjonane dei representerer, eller i alle fall ha fullmakter/mynde til forplikte organisasjonen. Dialogen i møtet må vere tillitsbasert og deltakarane må ha respekt for ulike fagfelt som er representert i møtet.  Møta må vere godt planlagt og deltakarane må vere godt forberedt og ha god kunnskap om sakene.  Møteforma må legge til rette for kreativitet og for at deltakarane kan blir kjent med kvarandre. Dette vil vere med å bygge eit tillit til kvarandre. Møta må ha eit tydeleg mandat og det må komme tydeleg fram kva ein skal oppnå (formål) i kvart møte. Kunnskapsgrunnlaget som sakene bygger på må vere kjent for alle.

3 Møre og Romsdal 2 Hindringar for godt samarbeid
«Hindringane for å skape eit godt samarbeidsklima har motsett forteikn av kjenneteikna på godt samarbeid. Men det er likevel nokre faktorar som må trekkast fram.  Saker som skal disktuterast i partnarskapa må vere forkankra i leiinga hos partane. Manglande forankring medfører at det ikkje er satt av korkje økonomiske eller personressursar til oppfølging. Dersom et det ikkje er utarbeidd og vedtatt plan for oppfølging eller ansvarsfordelinga vil resultata mangle og motivasjon for deltaking i samarbeidet forsvinn. Dersom det er store kulturforskjellar mellom partane må ein arbeide for å skape felles forståing for måla og kva retning ein skal ha.  Rolleavklaring er viktig for å vere trygg på kva forpliktingar ein kan ta på seg. Partane må prioritere å delta, og difor er det viktig med godt forarbeid slik at det er tydeleg kva felles mål deltakarane skal arbeide mot. Bruk av teknologiske løysingar som ikkje fungerer steler tid frå deltakarane og bidrar til å redusere  engasjementet i møtet og  kan påverke motivasjonen for vidare samarbeid negativt.»

4 Møre og Romsdal 3 Forbedringer av samarbeid:
«Utvikling av partnarskap, forankring av planar, strategiar og tiltak er sentralt for utvikling av samarbeid med eksterne aktørar. Samarbeidsforuma må utviklast til å bli forpliktande møteplassar for dei som deltek. Fokus i utvikling av møteplassane må vere på å få deltakarar med som har fullmakter til å forplikte verksemda dei representerer. Regularitet i arbeidet blir peika på som ein viktig suksessfaktor. Felles mål er ein føresetnad for å få samarbeidet til å fungere. Ein viktig del av utviklingsarbeidet må difor dreie seg om å definere dei ulike behova til aktørane og definere felles mål som partnarskapa blir einige om å arbeide mot. Andre peikar på at elektroniske verktøy som blir nytta i samhandling med eksterne miljø ikkje er integrert med kvarandre og er ei barriere for å skape eit meir dynamisk samhandling med eksterne aktørar. Fylkeskommunen kan bli meir aktive for å betre samarbeid med eksterne aktørar gjennom å invitere til dialogmøter, arrangere innspelskonferansar og samlingar der samansetninga gjerne er tverrfagleg. Vi kan gjerne utfordre oss sjølv til å tenke meir utradisjonelt og involvere og integrere av eksterne aktørar i utvikling av tenestene.»

5 Hordaland Vellukka: Prinsipp for  modellutforminga: Lagt inn føringar i plandokumentet for utforming av samarbeidsmodellen basert på diskusjonar undervegs i planprosessen. I høyringsrunden var det så mogleg for etternølarar eller aktørar som ikkje har vore med i planprosessen å kommentere desse.  Har ikkje fått inn innsigelser. Fleire har uttrykt støtte for desse prinsippa. Politisk vedtatt. Struktur Samarbeidsmodellen skal dekke dei viktigaste sektorane i fylket Samarbeidsmodellen skal ta omsyn til geografiske skilnader gjennom å sikre gode samarbeidsarenaer på lokalt nivå. Samarbeidsmodellen bør byggje vidare på eksisterande samarbeidskonstellasjonar som kan vise til gode resultat på området. I modellen bør det inngå ein samarbeidsarena på fylkesnivå der deltakarane tar ansvar for ein brei diskusjon om endringsdrivarar og framtidige kompetansebehov. Samarbeidet må gjerast gjensidig forpliktande. Mandat Samordne aktivitetar og arenaer for utvikling av kompetanse og karriererettleiing i fylket Sikre betre informasjonsflyt Leggje til rette for tettare samarbeid om tiltak som kan bidra til å nå måla i regional plan for kompetanse og arbeidskraft. Deltakarar Samarbeidsmodellen skal omfatte både dei som tilbyr og etterspør kompetanse og arbeidskraft, dvs. utdanningsaktørane, næringslivet og kommunane, men óg statlege regionale aktørar som har verkemidlar på dette feltet. I tillegg er det viktig å inkludere dei som jobbar med karriererettleiing. Kunnskapsgrunnlag Til grunn for samarbeidet skal det liggje eit mest mogleg oppdatert kunnskapsgrunnlag om kompetansebehovet i Hordaland. Det er forventa at alle aktørane bidrar til dette.

6 Hordaland 2 Vellukka (fortsettelse) Forankring
Etablerte ei styringsgruppe for utarbeiding av modellen som omfatta øvste leiarnivå hjå dei viktigaste aktørane (UiB, HVL, NAV, IN, NHO, LO, Bergen kommune). Fekk styringssignal frå denne gruppa til vidare utvikling av modellen. Definerte problemstillingar som må avklarast. Forslag til modell skal leggjast fram for ei breitt samansett referansegruppe som skal gje innspel. Styringsgruppa gjer deretter vedtak om samarbeidsmodell. Avklare grenseflater Har utarbeidd ein oversikt over eksisterande samarbeidsarenaer/nettverk knytt til kompetanseutvikling. Har starta med å avklare grenseflater, t.d. RSA.

7 Hordaland 3 Utfordringar: Gjenkjennelegheit
Utarbeide ein modell kor aktørane kjenner seg igjen, dvs som klarer å inkludere dei rette aktørane og bransjane/sektorane, utan at den blir for omfattande og vanskeleg å koordinere. Etablerte arenaer Korleis trekkje vekslar/dra nytte av næringsklyngene? Korleis sikre at bedrifter utanfor klyngene blir fanga opp? Nivå På kva nivå skal deltakarane i samarbeidsforumet på fylkesnivå vere? Kor operative skal dette utvalet vere?

8 ØSTFOLD 3 punkter som har vært vellykket Forankring og innvolvering
Etablering av møteplass og nettverk Styrking av kunnskapsgrunnlaget 3 punkter som har vært utfordrende Rolleforståelse på tvers av sektorer og forvaltningsnivåer Ansvarsfordeling og koordinering internt Nytenking, operasjonalisering, samkjøring

9 ØSTFOLD - Utfordringer 1
1. Ansvar- og rollefordeling og samhandling: Ansvaret for regional kompetansepolitikken bør tydelig avklares mellom kommune, fylke og stat Forhold til andre forvaltningsnivå: - må se sammenheng mellom forvaltningsoppgaver i kommunene, fylke og stat - hindringer i følge av dagens systemoverbygging, styringsformer og organisering Bedre koordinering, bedre intern rolleforståelse og en tydelig ansvarfordeling mellom avdelinger i fylkeskommune (ledelse + dedikerte ressurser + kulturendring) Internt i fylkeskommunen vektlegges utvikling av tilbudene for vgs. Det tar tid å endre det og løfte blikket på en helhetlig kompetansepolitikk.

10 ØSTFOLD - Utfordringer 2
2. Kunnskapsgrunnlag: Mangel på helhetlig og pålitelig regionalt kunnskapsgrunnlag/oversikt over etterspørsel etter arbeidskraft. Vi trenger en sammensetning av nasjonale og regional data. Vi trenger tettere regionalt samarbeid om kunnskapsgrunnlaget slik at hver enkelt institusjon ikke sitter med egne utredninger. Da kan et samordnet arbeidet om kunnskapsgrunnlag (sammenstilt) sikre at en ser sammenheng mellom egne og andre ansvarsområder 3. Planarbeid: Det er en risiko for at planprosess gjennomføres uten at partene som deltar forankrer planarbeidet tilstrekkelig intern i organisasjon – det skaper utfordringer i implementeringsfasen. Det er en risiko at planer med flotte målformuleringer ikke lykkes i implementeringsfase hvis utviklingsaktører på kompetanseområde skal fortsette samarbeide på samme måte (kreves både kulturendring og strukturelle endringer) Ikke bruke for mye tid på å planlegge – sett i gang!

11 ØSTFOLD - Suksessfaktorer
Tillit og gode relasjoner, bygget over tid – åpner alle dører og mulighetsvinduer Forankring og forpliktelser hos toppledelse, som setter av dedikerte ressurser (forankring må pleiers) Ha tydelig retning og felles forståelse om hva vi skal til med denne prosessen Tenke nytt og innovativt, tenk gjensidig nytte, tenk konsekvent koordinering, samkjøring og samskaping Team-arbeid, som har litt løselig kjøreregler, fleksibilitet og rom for innovasjon Aktørene/deltakere må føle seg forpliktet (eierskapsfølelse) og er villige til å sette av tid, jobbe mellom møtene og ta arbeidet inn i egen organisasjon Å jobbe sammen om et felles mål øker bevissthet om hvordan ulike aktørers handlinger kan knyttes sammen innenfor en felles ramme for å trekke i samme retning Det må kokes ned til behovene, å finne løsninger og implementere beslutninger som er fattet Samarbeide om konkrete oppgaver, som gir resultater raskt - det stimulerer og motiverer


Laste ned ppt "Gruppe 2: samarbeidsmodell"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google