Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

1 Timeplan 1. Metafor 2. Metafor 3. Groruddalen – en reiseskildring og reiseskildringa som sjanger 4. Modellesar 5. Strukturerande metaforar i Groruddalen.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "1 Timeplan 1. Metafor 2. Metafor 3. Groruddalen – en reiseskildring og reiseskildringa som sjanger 4. Modellesar 5. Strukturerande metaforar i Groruddalen."— Utskrift av presentasjonen:

1 1 Timeplan 1. Metafor 2. Metafor 3. Groruddalen – en reiseskildring og reiseskildringa som sjanger 4. Modellesar 5. Strukturerande metaforar i Groruddalen – en reiseskildring 6. Kven er modellesaren i Groruddalen – en reiseskildring?

2 2 Metaphors we live by Lakoff og Johnson 1980

3 3 Kva er ein metafor? Læreboka:

4 4 Den eldste metaforteorien: Litteraturvitenskapelig leksikon: ”retorisk trope, ord eller uttrykk som brukes i billedlig eller overført betydning. I følge Aristoteles: ”et ord som er overført fra sin opprinnelige mening”” (s 154).

5 5 Kognitiv metaforteori (Lakoff og Johnson) Metaforar er ikkje språklege verkemiddel, dei er forståingsreiskapar. Metaforar er mykje meir grunnleggjande fenomen enn språklege verkemiddel, dei er reiskapar me brukar til å forstå og tenkja med.

6 6 Lakoff og Johnson er opptekne av dei metaforane som ligg til grunn for den daglege forståinga og tenkjinga vår, ikkje av dei kreative, nye metaforane som ein er mest oppteken av i studiet av skjønnlitteratur. L&J hevdar at det vanlege omgrepssystemet vårt, som me tenkjer og handlar ut frå, er bygt opp av metaforar

7 7 Me brukar omgrepsmetaforar for å forstå dei delane av verda som er abstrakte, og som elles ville vore vanskeleg å forstå Metaforiske uttrykk er systematisk knytte til metaforiske omgrep på tankenivå. Tanke: Omgrepsmetaforar (kjærleik er ei reise) Realisert tanke: Metaforiske, språklige uttrykk (Forholdet vårt står stille)

8 8 Døme: diskusjon er krig Knut Storberget gikk ut til forsvar av hijab i politiet. Storberget gjorde retrett i hijab-saken. (frå Dagbladet.no) Stoltenberg vann diskusjonen Eg knuste argumenta hans. Fleire?

9 9 Døme: kjærleik er ei reise Forholdet vårt står stille Me har gått ein lang veg saman Fleire?

10 10 ”The essence of metaphor is understanding one kind of thing in terms of another” (s 5) Me hentar vokabular frå eit kjeldeområde (krig) og brukar det på eit målområde (diskusjon). Korleis skil dette seg frå “tradisjonell” metaforforståing?

11 11 Kvar kjem metaforane frå?

12 12 Ulike typar metaforar Lakoff og Johnson (1980) opererer med ulike typar metaforar: –Strukturmetaforar –Orienteringsmetaforar –Ontologiske metaforar –Personifisering –Metonymi (som ikkje er metafor, men beslekta)

13 13 Strukturmetaforar Når eitt omgrep er metaforisk strukturert ut frå eit anna. Me forsøker å forstå aspekt ved eitt omgrep ut frå eit anna omgrep. Døme: Diskusjon er krig.

14 14 Orienteringsmetaforar strukturerer ikkje eitt omgrep ut frå eit anna, men organiserer eit heilt system av omgrep i høve til einannan. Dei fleste har med orientering å gjera: opp-ned, inn-ut, fram-bak, av-på, djup-grunn, sentral- perifer

15 15 Døme: opp og ned som metafor Glad er opp, trist er ned Bra er opp, dårleg er ned Medviten er opp, medvitslaus er ned Å ha kontroll eller kraft er opp, å vera underlagt kontroll eller kraft er ned Meir er opp, mindre er ned

16 16 Dei fleste av dei grunnleggjande omgrepa våre er organiserte ut frå ein eller fleire romlege metaforar. Det finst ein intern systematikk i kvar rommetafor, dei er ikkje isolerte tilfelle. Det er òg systematikk mellom rommetaforane, slik at ”bra er opp” gjer at alt som er bra kan symboliserast med opp, som å vera glad, god helse, levande, kontroll, status Kvar kjem dei frå? Kroppen og sosial samhandling.

17 17 Ontologiske metaforar Når me kan forstå erfaringar som ting, stoff og behaldarar, vert det lettare å snakka om dei, mogleg å kategorisera, gruppera, telja dei, og med det å tenkja rundt dei. Erfaringa vår med fysiske objekt (særleg våre eigne kroppar), legg grunnlaget for dei ontologiske metaforane, altså det å sjå hendingar, handlingar, kjensler, tankar osb som ting og stoff (s 25).

18 18 Kategoriar Ting- og stoffmetaforar Behaldarmetaforar

19 19 Døme, ting- og stoffmetaforar Sinnet er ein maskin Sinnet er eit skjørt objekt

20 20 Behaldarmetaforar Baserte på kroppen: me er alle ein slags behaldarar, med grenser, utside, innside og innhald. Dette overfører me til ting me ser, slik at me forstår ting som noko som har grenser, utside og innside, og me kan lura på kva som er inni ting.

21 21 Døme: behaldarmetaforar Landområde er behaldarar –i Noreg, i Bergen, på fjellet, i ei lysning i skogen, kart. Synsfeltet er ein behaldar –Han er ute av syne –Skip i sikte! –Eg har han i kikkerten

22 22 Hendingar, handlingar, aktivitetar og tilstandar er behaldarar: –Ho er i sjokk (sjokk, tilstand er ein behaldar) –Han scora ein halvtime inne i kampen (kampen, hendinga er ein behaldar) –Han forstyrra meg i lesinga (aktiviteten, lesinga, er ein behaldar) –Ho var inne i spelet etter to omgangar

23 23 Personifikasjon Ikkje-levande ting får menneskelege eigenskapar. Er ein type ontologisk metafor der tingen vert sett/forstått som ein person, vert gjeve menneskelege eigenskapar. Døme: Toget seier tut-tut. Staten bør ikke med åpne øyne sette framtidens pensjoner på spill.

24 24 Metonymi Skiller seg fra personifisering: Bruker ei eining for å referera til ei anna som er knytt til henne. Ei eining står for ei anna (motsett metaforar, der me oppfattar ein ting ut frå ein annan) Hamsun leste Ibsen Synekdoke: Del står for heilskap: De små luene gikk mot bussen

25 25 Oppsummering kognitiv metaforteori metaforar er grunnleggjande for korleis me tenkjer og forstår verda metaforar er systematiske og koherente metaforar er baserte på fysisk og kulturell erfaring, særleg er kroppen vår ein ressurs når det gjeld å levera omgrep å forstå med

26 26

27 27 Om sjangeren reiseskildring

28 28 Sjangerdrag: reisa Det viktigaste trekket: Teksten handlar om ei reise, og reisa strukturerer teksten. Ikkje ei kva slags som helst reise: det skal vera ei ekte, autentisk reise, som forfattaren har vore på, og forfattaren skal gje sannferdige skildringar av det han har opplevd Reiseskildring er (hovudsakleg) sakprosa. Grepstad: ”mellom biografisk og historisk framstilling” Likevel: skilje mellom reisehandboka og reiseskildringa

29 29 Sjangerdrag: form? Reiseskildringa har funnest og finst i mange former: brev, dagbok (skipsdagbok), beretning, etter kvart reportasjar og essay, dikt, dialogar, delar av biografiar er òg mogleg. Lærebøker kan òg vera strukturerte som reiser. Det er altså ikkje forma som avgjer om ein tekst er ei reiseskildring, sidan ei reiseskildring kan ha mange ulike former. Det er handlinga: ”forteljinga om/skildringa frå den autentiske reisa”, som avgjer om det er ei reiseskildring. Likevel har reiseskildringar gjerne visse formdrag og - ideal felles: den personlege og subjektive skrivemåten er ofte eit ideal

30 30 Reiseskildringa og romanen Reiseskildringa er ein eldre sjanger enn romanen, og har vore viktig for utviklinga av romanen. Reisa er eit viktig motiv både i tidlege og notidige romanar: Don Quijote (1605/1615), som ofte vert rekna som den fyrste romanen, er ei skildring av ei (fiktiv) reise. Andre døme: Robinson Crusoe (1719) og robinsonaden. Danningsromanen

31 31 Reiseskildringa – ei kort historie Den tidlege reiseskildringa handla om overvinning av kritiske situasjonar og farar. Døme: 17-1800-talet: både meir sakleg framstilling av det observerte, og etter kvart: meir personleg og essayistisk. Døme: Vinje: Ferdaminne frå sumaren 1860. Goethe: Italienische Reise.

32 32 Reiseskildringa i dag Forteljinga om å overvinna farar lever enno: Helge Ingstad, Thor Heyerdahl, Lars Monsen, side om side med den meir personlege og essayistiske reiseskildringa (Øyvind Holen, Carsten Jensen) Grepstad: ”Såleis blir ofte reiseskildringa i dag rekna som ein undersjanger til den biografiske (sjølv)framstillinga” (s 287)

33 33

34 34 Modellesar

35 35 Modellesar Frå Umberto Eco (1981) = den tenkte lesaren i teksten ein lesartype eller lesemåte ”et leserforbilde i teksten som vi faktiske lesere må identifisere oss med for å kunne lese den på en relevant måte” (Tønnesson 2008, s 111) Modellesar er ikkje ein empirisk eller faktisk lesar ein tekst kan godt ha fleire modellesarar Har mykje felles med omgrepet implisitt lesar (Wolfgang Iser) Vert brukt både om skjønnlitteratur og sakprosatekstar

36 36 Korleis identifisera modellesaren/- ar? Det enklaste og fyrste steget: Sjå etter direkte henvendingar til lesaren, leseinstruksjonar Andre nyttige spørsmål: Kva kan bruken av modalitet i teksten fortelja om den tenkte lesaren? Kva slags kunnskap/smak/interesser/haldningar/intertekstuelle referansar er føresett felles mellom forfattar og lesar (og difor ofte ikkje nemnt eller berre antyda)? Finst det røyster eller posisjonar i teksten som forfattaren polemiserer mot?

37 37 Metoden til Johan Tønnesson: a) identifisering av ulike situasjonskontekster og deres kommunikative formål b) undersøkelse av relevante retoriske strategier c) fortolking av eksplisitte spor i teksten d) rekonstruering av rimelige, svarende reaksjoner på konkrete ytringer

38 38 Modellesar er eit godt omgrep for å snakka om kven tekstar vender seg til og korleis dei gjer det eit svar på problemet med dei uendelege fortolkingsmoglegheitene i ein tekst eit alternativ til forståinga av lesarrolla i røyrmodellen


Laste ned ppt "1 Timeplan 1. Metafor 2. Metafor 3. Groruddalen – en reiseskildring og reiseskildringa som sjanger 4. Modellesar 5. Strukturerande metaforar i Groruddalen."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google