Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Minoritetsspråklige elevers rettigheter Rådgiversamling 2015 Kari Tormodsvik Temre.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Minoritetsspråklige elevers rettigheter Rådgiversamling 2015 Kari Tormodsvik Temre."— Utskrift av presentasjonen:

1 www.telemark.no Minoritetsspråklige elevers rettigheter Rådgiversamling 2015 Kari Tormodsvik Temre

2 www.telemark.no § 2-8.Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar Elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Morsmålsopplæringa kan leggjast til annan skole enn den eleven til vanleg går ved. Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane. Kommunen skal kartleggje kva dugleik elevane har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal også utførast undervegs i opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring etter føresegna, som grunnlag for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Kommunen kan organisere særskilt opplæringstilbod for nykomne elevar i eigne grupper, klassar eller skolar. Dersom heile eller delar av opplæringa skal skje i slik gruppe, klasse eller skole, må dette fastsetjast i vedtaket om særskild språkopplæring. Vedtak om slik opplæring i særskilt organisert tilbod kan berre gjerast dersom dette er rekna for å vere til beste for eleven. Opplæring i særskilt organisert tilbod kan vare inntil to år. Vedtak kan berre gjerast for eitt år om gongen. I vedtaket kan det for denne perioden gjerast avvik frå læreplanverket for den aktuelle eleven i den utstrekning dette er nødvendig for å vareta eleven sitt behov. Vedtak etter dette leddet krev samtykkje frå elev eller føresette.

3 www.telemark.no § 3-12.Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar Elevar i vidaregåande opplæring med anna morsmål enn norsk eller samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole enn den eleven til vanleg går på. Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal fylkeskommunen så langt som mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane. Fylkeskommunen skal kartleggje kva dugleik elevane har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal også utførast undervegs i opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring etter føresegna, som grunnlag for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Fylkeskommunen kan organisere særskilt opplæringstilbod for nykomne elevar i eigne grupper, klassar eller skolar. Dersom heile eller delar av opplæringa skal skje i slik gruppe, klasse eller skole, må dette fastsetjast i vedtaket om særskild språkopplæring. Vedtak om slik opplæring i særskilt organisert tilbod kan berre gjerast dersom dette er rekna for å vere til beste for eleven. Opplæring i særskilt organisert tilbod kan vare inntil to år. Vedtak kan berre gjerast for eitt år om gongen. I vedtaket kan det for denne perioden gjerast avvik frå læreplanverket for den aktuelle eleven i den utstrekning dette er nødvendig for å vareta eleven sitt behov. Vedtak etter dette leddet krev samtykkje frå elev eller føresette.

4 www.telemark.no § 3-21.Fritak frå vurdering med karakter for minoritetsspråklege elevar som nyleg har kome til Noreg Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som begynner opplæringa i Noreg i siste halvdel av eit opplæringsår, er fritekne frå vurdering med karakterar i fag dette opplæringsåret, dersom foreldra ber om det. Dette gjeld både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering. Elevar i grunnskolen som har eit enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i eit innføringstilbod, kan fritakast frå vurdering med karakter i heile den perioden han eller ho er i innføringstilbodet. Eleven kan fritakast frå både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering. Elevar i vidaregåande opplæring som har eit enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 3-12, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i eit innføringstilbod, kan fritakast frå vurdering med karakter i halvårsvurderinga i heile den perioden han eller ho er i innføringstilbodet. Eleven kan ikkje fritakast frå krava til standpunktvurdering. Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter denne paragrafen, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter. Skoleeigaren skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av vurdering utan og med karakter inneber for eleven.

5 www.telemark.no § 3-22.Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål Elevar som har hatt rett til særskild språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Når ein elev i grunnskolen og vidaregåande opplæring får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål. Elevar i heile grunnopplæringa, tidlegare elevar og privatistar i vidaregåande opplæring har også rett til fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei: a)på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målformene b)ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole c)fylte vilkåra for fritak frå opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen, men på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak. Berre den skolen eller fylkeskommunen som kan skrive ut vitnemål for den det gjeld, jf. § 3-42, kan gjere enkeltvedtak om fritak frå vurdering i skriftleg sidemål etter denne paragrafen. Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter denne paragrafen, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter. Skoleeigaren skal stryke standpunktkarakter eller eksamenskarakter i skriftleg sidemål dersom en elev eller privatist som har fått innvilga fritak frå vurdering med karakter etter denne føresegna, likevel har fått vurdering i skriftleg sidemål.

6 www.telemark.no § 3-20.Fritak frå vurdering med karakter for elevar med individuell opplæringsplan Når ein elev i grunnskolen får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra om eleven skal ha vurdering med eller utan karakter. I fag der det både gis skriftlege og munnlege karakter, kan foreldra også velje om eleven skal ha berre skriftleg eller munnleg karakter i faget. Dei som vel karakter i norsk skriftleg, kan velje karakter i den eine eller begge målformene. Valretten gjeld berre i fag som er omfatta av enkeltvedtaket om spesialundervisning. Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter det førre leddet, skal ha halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter på grunnlag av måla i den individuelle opplæringsplanen, så langt planen avvik frå læreplanen for faget. Skoleeigaren skal syte for at eleven og foreldra i grunnskolen får nødvendig rettleiing om kva valet av vurdering utan og med karakter inneber for eleven. Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje få fritak frå vurdering med karakter sjølv om dei har individuell opplæringsplan i eit fag.

7 www.telemark.no Videregående - fagopplæring § 3-51  Lærlinger og elever som har fulgt opplæringa, men ikke bestått i inntil to av fellesfaga, kan framstille seg til fag- eller svenneprøve. Fagene må bestås innen to år etter at fagprøva er holdt, dersom lærlingen/eleven ikke omfattes av unntaket i § 3-67 § 3-67  Fagbrev kan utstedes selv om lærlingen ikke har bestått i to av fellesfagene dersom: Fritak for vurdering med karakter i grunnskolen Spesifikke lærevansker NB! Avgjørende at eleven har fulgt undervisningen i vgs., med karakteren 1

8 www.telemark.no § 3-46.Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis standpunktkarakterar og eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanverket når standpunktkarakter skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter i fellesfag på lågare nivå skal ikkje førast på vitnemålet. I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen. I fag der det i læreplanverket er fastsett at privatistar kan ta eksamen på høgare nivå og få godskrive faget på lågare nivå, jf. § 3-13, skal eksamenskarakteren/eksamenskarakterane på høgaste nivå førast. Det er mogleg å få ført på vitnemålet karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse. For elevar i vidaregåande opplæring som har fått sluttvurdering i eit fag som elev meir enn éin gong, jf. § 3-17a andre og tredje ledd, skal den siste karakteren som er 2 eller betre, førast på vitnemålet eller kompetansebeviset. For privatistar skal berre eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Eventuelle tidlegare standpunkt- og eksamenskarakterar i faget fell bort når privatisten får eksamenskarakteren ført på vitnemålet. For elevar som får fritak frå vurdering, jf. § 3-22, men ikkje fritak frå opplæring i skriftleg sidemål, skal det for skriftleg sidemål stå «Delteke» på vitnemålet eller kompetansebeviset, ikkje talkarakter. For privatistar skal det stå «Friteken». For elevar i vidaregåande opplæring med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter, jf. § 3-3, § 3-17 sjette ledd og 3-18, skal kompetansen til eleven dokumenterast på kompetansebeviset.

9 www.telemark.no Konsekvenser ved fritak for vurdering med karakter i et fag… Det er kun fritak for vurdering, ikke fritak for undervisning Dersom fritak for vurdering i eks. ENGELSK, så MÅ elevene få en tilpasset undervisning i faget. Dette kan innebære at eleven får undervisning på 3-4 klasse nivå i eksempelvis 9.klasse. «Rakettundervisning» - komprimert undervisning og rask progresjon Viktig å tenke på at en elev skal ha muligheter til å kunne ta både et studiespesialiserende løp og et yrkesfaglig løp, selv om de har fått fritak for vurdering med karakter i eks. engelsk. Den tilpassede undervisningen eleven har fått i engelsk vil da være avgjørende for om eleven vil klare å få en bestått karakter i faget dersom eleven velger studiespesialisering. Her blir elevens reelle kunnskap i faget helt avgjørende.


Laste ned ppt "Minoritetsspråklige elevers rettigheter Rådgiversamling 2015 Kari Tormodsvik Temre."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google