Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Formålet med opplæringa er å gi informasjon om kva seksuell helse inneber. Det skal leggast vekt på reproduktiv helse. Det skal også informerast om helsemessige.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Formålet med opplæringa er å gi informasjon om kva seksuell helse inneber. Det skal leggast vekt på reproduktiv helse. Det skal også informerast om helsemessige."— Utskrift av presentasjonen:

1

2 Formålet med opplæringa er å gi informasjon om kva seksuell helse inneber. Det skal leggast vekt på reproduktiv helse. Det skal også informerast om helsemessige og eventuelle strafferettslege konsekvensar av rusmiddelmisbruk.

3 Helsa hos befolkninga Alle har ansvar for å ta vare på si eiga helse.
1 Helsa hos befolkninga Alle har ansvar for å ta vare på si eiga helse. Helsemyndigheitene gir råd og rettleiing om korleis ein kan ta vare på si eiga helse, for eksempel råd om fysisk aktivitet og kosthald og informasjon om skadeverknader av alkohol og tobakk. Helsemyndigheitene jobbar også med tiltak for å førebygge sjukdom, som for eksempel vaksinar, tuberkuloseundersøingar og førebygging av seksuelt overførbare infeksjonar. Førebyggande helsearbeid er regulert av mellom anna folkehelselova og smittevernlova. Helsemyndigheitene jobbar førebyggande på fleire område. Dei gir for eksempel råd og rettleiing om kosthald og fysisk aktivitet og om samanhengen mellom kosthald og helse. Det er opp til kvar enkelt å bestemme i kor stor grad dei ønsker å følge helseråda frå myndigheitene, men det er svært viktig at barn blir vaksinerte for å førebygge alvorlege sjukdommar. Arbeidet som helsemyndigheitene gjer, er regulert av mellom anna folkehelselova og smittevernlova. I dette temaet blir det lagt vekt på obligatorisk tuberkuloseundersøking, vaksinasjonsprogram for barn, reproduktiv helse, seksuelt overførbare infeksjonar og skadeverknader av tobakk, alkohol og narkotika.

4 Obligatorisk tuberkuloseundersøking
2 Alle asylsøkarar og flyktningar må gjennomgå ei obligatorisk tuberkuloseundersøking. Formålet med undersøkinga er å hindre smitte av tuberkulose. Personar som er smitta, får behandling. Tuberkulose er ein sjeldan sjukdom i Noreg i dag, men på verdsbasis er tuberkulose ein av dei mest alvorlege infeksjonssjukdommane fordi så mange er smitta. Rundt ein tredjedel av verdas befolkning er truleg smitta av tuberkulose. For å hindre tuberkulosesmitte blir asylsøkarar, flyktningar og andre personar som kjem frå land der mange er smitta, kalla inn til tuberkuloseundersøking. Undersøkinga er obligatorisk og skal gjennomførast i løpet av 14 dagar etter at ein har komme til Noreg (jf. tuberkuloseforskrifta §§ 3-1 og 3-2). Det blir da gjort ei røntgenundersøking av lungene eller tatt ein blodprøve, eventuelt begge delar. Det er berre ubehandla lungetuberkulose som smittar andre. Personar som er smitta, får behandling. For meir informasjon, sjå Folkehelseinstituttets temaside om tuberkulose.

5 Vaksinasjonsprogram for barn
3 Helsemyndigheitene tilrår at alle barn går igjennom eit vaksinasjonsprogram for å førebygge alvorlege sjukdommar. Vaksinasjonsprogrammet inneheld vaksinar mot mellom anna meslingar raude hundar kusma difteri polio Alle foreldre får tilbod om å vaksinere barna sine. Formålet med vaksinasjonsprogrammet er å gjere barn og unge motstandsdyktige mot smittsame sjukdommar som kan gi alvorleg helseskade. Både helsemyndigheiter og forskarar tilrår vaksinasjon. For å hindre epidemiar i befolkninga er det viktig at så mange som mogleg er vaksinerte. 80–95 prosent av befolkninga må vere vaksinerte for at ein skal få ein sjukdom under kontroll, avhengig av kor smittsam sjukdommen er. Vaksinane blir gitt både på helsestasjonen og i skolehelsetenesta frå barnet er cirka 6 veker, til det er 15 år. Basisvaksinasjonen blir gitt i spedbarns- og småbarnsalderen. Påfyll av vaksinar blir gitt i skolealder. For meir informasjon, sjå Folkehelseinstituttets vaksinasjonsrettleiar.

6 Helsetenester for asylsøkarar
4 Asylsøkarar, flyktningar og familiesameinte har same rett til helsetenester som alle andre. Alle som er busette i ein kommune, har rett til fastlege. Asylsøkarar må ha eit D-nummer for å få tildelt fastlege. Kommunen har ansvar for at alle som har lovleg opphald i kommunen, får nødvendig helsehjelp. Det gjeld også for asylsøkarar utan fast opphald. Personar som har fått endeleg avslag på søknaden om vern (asylsøknaden), har rett til akutthjelp og helsehjelp som er heilt nødvendig og ikkje kan vente. Helsedirektoratet tilrår at asylsøkarar, flyktningar og familiesameinte får tilbod om ei helseundersøking i løpet av dei tre første månadene etter at dei kom til landet. Alle som bur i ein kommune, har rett til å ha ein fastlege. Ein fastlege er ein fast allmennlege. Fastlegen kan vise pasientar vidare til spesialistar og sjukehus. For å ha rett til fastlege må ein enten ha ei folkeregistrert adresse i Noreg eller vere asylsøkar og ha D-nummer. Når ein pasient ikkje snakkar norsk, skal det brukast tolk. Det er forbode å bruke barn som tolk til å formidle informasjon frå helsevesenet til pasienten. For meir informasjon om helseundersøkinga, sjå Helsedirektoratets rettleiar for helsetenestetilbodet til asylsøkarar, flyktningar og familiesameinte. For meir informasjon om retten til fastlege, sjå Helsedirektoratets rettleiar for helsetenestetilbodet til asylsøkarar, flyktningar og familiesameinte. For meir informasjon om D-nummer, sjå skatteetaten og Altinn.

7 Seksuell helse God seksuell helse inneber ei positiv haldning til seksualitet og seksuelle relasjonar, fri frå tvang, diskriminering og vald. Alle har rett til sjølv å velje partnar. Alle som er over 16 år, som er seksuell lågalder i Noreg, har rett til å bestemme kven dei ønsker å ha sex med, og når dette skal skje (samtykke). 5 Det er ein grunnleggande menneskerett å bestemme over eigen kropp, helse og seksualitet. Alle har rett til sjølv å velje partnar, rett til ikkje å bli utsett for vald og rett til å velje om ein vil ha barn, og om ein ønsker å vere seksuelt aktiv. Dette er kjernen i seksuell helse. Reproduktiv helse er ein sentral del av seksuell helse (sjå neste lysbilete). For meir informasjon om seksuell helse, sjå regjeringas strategi for seksuell helse. For meir informasjon om seksuelle rettar, sjå Amatheas nettside.

8 Reproduktiv helse Reproduktiv helse er ein del av seksuell helse og omfattar mellom anna trygg graviditet og fødsel familieplanlegging og tilgang til prevensjon førebygging og behandling av seksuelt overførbare sjukdommar 6 Omgrepet «reproduktiv helse» handlar mellom anna om graviditet og fødsel, tilgang til prevensjonsmiddel og vern mot seksuelt overførbare sjukdommar (sjå neste lysbilete).

9 Graviditet og svangerskapskontroll
Gravide kvinner får tilbod om svangerskapskontroll med medisinsk oppfølging, råd og rettleiing gjennom heile graviditeten. Alle gravide får tilbod om ultralydundersøking i 17.–19. svangerskapsveke. 7 Ei kvinne som trur ho er gravid, kan sjølv ta ein graviditetstest. Ein slik test kan kjøpast på apotek eller i daglegvarebutikkar. Ho kan også ta direkte kontakt med fastlegen for å få undersøkt om ho er gravid. Alle gravide får tilbod om svangerskapskontroll, enten hos fastlegen eller hos jordmora på helsestasjonen. For å sikre at mor og barn har det bra, blir det gjennomført undersøkingar og tatt prøvar gjennom heile svangerskapet. Svangerskapskontroll er eit gratis og frivillig tilbod. Faren til barnet er velkommen til å vere med. Gravide får tilbod om ultralydundersøking i 17.–19. svangerskapsveke. Formålet med undersøkinga er å fastsette tidspunktet for fødselen (termin), undersøke om fosteret utviklar seg normalt, og om kvinna ventar fleire enn eitt barn. Det er særleg viktig at gravide kvinner som er kjønnslemlesta , tar kontakt med helsevesenet i god tid før fødselen. Helsedirektoratet har brosjyrar på fleire språk om graviditet, fødsel og barseltid.

10 Barselomsorg og oppfølging frå helsestasjonen
Dei fleste fødslane i Noreg skjer på sjukehus. Etter at mor og barn har komme heim, får foreldra og den nyfødde oppfølging frå den lokale helsestasjonen. Barnet får oppfølging frå helsestasjonen fram til 5-årsalderen. 8 Dei aller fleste fødslane skjer på sjukehus. Derfor er det svært låg dødelegheit for mor og barn under fødsel i Noreg. Mor og barn ligg vanlegvis på sjukehuset i to til tre dagar etter fødselen. Nokon reiser også heim frå sjukehuset like etter fødselen, medan andre må ligge lenger på grunn av komplikasjonar. Det er ikkje uvanleg at mor og barn blir overførte til eit pasienthotell like etter fødselen. Dette er eit tilbod til pasientar som ikkje treng medisinsk tilsyn heile døgnet. Enkelte pasienthotell tilbyr familierom der også far kan bu. Etter at mor og barn har komme heim, får dei oppfølging og rettleiing frå helsestasjonen i barselperioden. Denne perioden varer frå barnet er født, til cirka 6 veker etter fødselen. Det er vanleg at familien får besøk av helsesøster i løpet av barselperioden. Da kan foreldra spørje om ting dei lurer på, for eksempel amming, stell av barnet og søvn. Norske helsemyndigheiter ser på amming som viktig og anbefaler at spedbarn får morsmjølk som einaste næring dei seks første månadene. Dei anbefaler også at barnet deretter blir amma ved sida av fast føde heile det første leveåret. Foreldra får tilbod om kontroll av barnet på helsestasjonen frå det er nyfødt, til det er 5 år. Der får dei råd og rettleiing om amming, vaksinasjon, ernæring, motorisk og psykososial utvikling, språkutvikling og tannhelse. Kontrollane på helsestasjonen er ein viktig del av det førebyggande helsearbeidet. Dersom barnet blir sjukt eller treng medisinsk behandling, må foreldra kontakte fastlegen eller legevakta.

11 Familieplanlegging og prevensjon
Familieplanlegging inneber retten til sjølv å bestemme om ein vil ha barn, kor mange barn ein vil ha, og når dette skal skje. Prevensjonsmiddel skal hindre graviditet. 9 P-piller Kondom Spiral Omgrepet «familieplanlegging» blir ofte brukt i samanheng med prevensjon fordi prevensjonsmiddel gjer at kvinna kan planlegge graviditet ut frå livssituasjonen ho er i. Kvinna har rett til sjølv å bestemme om ho vil ha barn, når ho vil ha barn, og kor mange barn ho vil ha. Seks veker etter fødselen er det vanleg at kvinna går til kontroll hos fastlegen. I samband med denne kontrollen vil legen også snakke om familieplanlegging og prevensjon. Prevensjonsmiddel skal hindre graviditet. I samarbeid med fastlegen kan kvinna få hjelp til å finne ein type prevensjon som passar. Prevensjonsmiddel er ikkje gratis, men ungdom mellom 16 og 20 år kan få økonomisk støtte til prevensjon. Det finst også ein tablett som kvinna kan ta like etter eit ubeskytta samleie for å hindre uønskt graviditet. Denne tabletten blir kalla «nødprevensjon» eller «angrepille» og kan kjøpast på apoteket utan resept.

12 Rett til sjølvbestemt abort
Kvinna har rett til sjølv å bestemme om ho vil ta abort eller ikkje. Dersom ei kvinne ønsker å ta abort, må det skje innan utgangen av 12. svangerskapsveke. Etter 12. veke er det strenge reglar for å få innvilga abort. 10 Kvinners rett til sjølvbestemt abort er regulert av abortlova. Dersom ei gravid kvinne ikkje ønsker å føde barnet, kan ho fram til utgangen av 12. svangerskapsveke få utført ein abort ved å ta kontakt med fastlegen, helsestasjonen eller eit sjukehus. Kvinner som ønsker abort etter 12. svangerskapsveke, må søke om det. I søknaden må kvinna forklare kvifor ho ønsker å ta abort. Kvinna kan ta kontakt med fastlegen sin eller med sjukehuset direkte. Det er strenge vilkår for å få innvilga abort etter veke 12. Abort er ikkje tillate når det er grunn til å tru at fosteret er levedyktig. For meir informasjon, sjå helsenorge.no «Til deg som vurderer abort».

13 Seksuelt overførbare infeksjonar
Seksuelt overførbare infeksjonar er infeksjonar som smittar gjennom seksuelt samvær, for eksempel klamydia herpes gonoré syfilis hiv Kondom er det einaste prevensjonsmiddelet som også hindrar seksuelt overførbare infeksjonar. 11 Både samleie utan kondom og munnsex kan føre til smitte av seksuelt overførbare infeksjonar. Mange seksuelt overførbare infeksjonar gir ingen symptom. Særleg gjeld det for kvinner. Det er derfor viktig å teste seg ved byte av partnar. Personar som mistenker at dei er smitta av ein seksuelt overførbar infeksjon, må oppsøke lege for å teste seg. Ein person som med vilje smittar andre med ein seksuelt overførbar sjukdom, kan straffast med fengsel. Det same gjeld dersom ein har sex utan å bruke kondom når ein veit at ein er smitta.

14 Hiv (humant immunsviktvirus)
Hiv er eit virus som kan utvikle seg til sjukdommen aids. Hiv smittar på tre måtar: ved sex utan kondom via blod frå mor til barn Hiv smittar ikkje ved vanleg sosial omgang. Det finst medisinar som kan halde hiv-infeksjonen under kontroll og gjere at den som er smitta, lever som normalt. Behandlinga er gratis. 12 Hiv er eit virus som kan utvikle seg til aids dersom ein ikkje får behandling. Aids er ein livstruande sjukdom. Hiv kan smitte gjennom sex utan bruk av kondom. Hiv kan også smitte via blod, for eksempel gjennom at nokon deler narkotikasprøyter. I enkelte land kan ein bli smitta gjennom blodoverføring, men ikkje i Noreg. Viruset kan også smitte frå mor til barn i svangerskapet, ved fødsel og ved amming. Hiv smittar ikkje ved vanleg sosial omgang, som for eksempel klemming, handhelsing og bruk av same toalett og dusj som den som er smitta. Hiv smittar heller ikkje gjennom mat som ein hiv-positiv har laga, eller ved å drikke av same glas som ein som er smitta. Ein person som er smitta av hiv, får medisinsk behandling som gjer at han/ho kan leve som normalt. Det er svært viktig med medisinsk oppfølging dersom ein som er smitta, ønsker å bli gravid. Det finst inga behandling som kan gjere hiv-smitta heilt friske. Ein blir ikkje kvitt viruset sjølv om ein får behandling. Det er svært viktig å gå til kontroll for å halde virusnivået nede.

15 Røyking og bruk av snus Røyking og bruk av snus er helseskadeleg.
Det finst fleire tiltak som skal avgrense helseskadar ved bruk av tobakk: Det er høge avgifter på alle tobakksvarer. Det er forbode å reklamere for tobakksvarer. Det er forbode å røyke innandørs, med unntak av i private heimar. Forbodet gjeld også for offentleg transport. Mange av tiltaka er regulerte av tobakksskadelova. Det er reglar for kor mykje tobakk ein kan ta med seg frå utlandet. 13 Røyking er helseskadeleg, både for den som røyker, og for den som oppheld seg i rom der nokon røyker. Passiv røyking er svært helseskadeleg for små barn. Det er også helseskadeleg å bruke snus. Staten har lagt høge avgifter på tobakksvarer for å halde bruken nede. Det er derfor dyrt å kjøpe røyk og snus i Noreg. Mange av tiltaka som skal avgrense helseskadar ved bruk av tobakk, er regulerte av tobakksskadelova. Ein må for eksempel vere 18 år for å kjøpe og selje tobakk, og det er forbode å reklamere for tobakk i alle samanhengar. Det er forbode å røyke innandørs, bortsett frå i private heimar. Det same gjeld røyking på offentlege transportmiddel som tog, buss, taxi, t-bane og ferje, også på stasjonar, og røyking i for eksempel møterom, arbeidslokale, på skolar og sjukehus. Røykeforbodet er innført for at alle skal kunne opphalde seg i eit røykfritt miljø, og fordi passiv røyking er helseskadeleg. Det er restriksjonar på kor mykje tobakk ein kan ta med seg inn i Noreg.

16 Alkohol Alkohol er eit vanleg og lovleg rusmiddel som ofte blir drukke i sosiale samanhengar og ved festlege anledningar. Misbruk av alkohol er både eit helseproblem for den enkelte og eit stort samfunnsproblem. Det finst fleire reglar som skal halde bruken av alkohol nede. 14 Diskusjon: Har du gjort deg nokon tankar om bruk av alkohol? Alkohol er eit lovleg og vanleg rusmiddel i Noreg. Dei fleste drikk øl og vin i moderate mengder, ofte i samband med måltid eller i sosiale samanhengar. Det er også mange som ikkje drikk alkohol i det heile. Men nokre drikk for mykje og for ofte, slik at dei utviklar eit alkoholproblem. Misbruk av alkohol skaper store problem, både for den som drikk for mykje, og for familie og venner. Mange ulykker, skadar og kriminelle handlingar er knytte til alkohol. Alkoholmisbruk er derfor også eit stort samfunnsproblem. Misbruket fører mellom anna til ein auke i sjukefråværet og større kostnader til medisinsk behandling. Myndigheitene bruker ulike verkemiddel for å halde forbruket av alkohol nede. Eit eksempel på det er høge avgifter på alkoholhaldige drikkevarer. Eit anna eksempel er at vin og brennevin berre kan kjøpast på Vinmonopolet, som er eigd av staten. Eit tredje eksempel er aldersgrensa på 18 år for kjøp av øl og vin og 20 år for kjøp av brennevin. Det er forbode å køyre bil når ein er påverka av alkohol. Sjå også «Kvardagslege tema og sosial omgang» / «Trafikksikkerheit».

17 Narkotika Narkotika er rusframkallande stoff.
All bruk, oppbevaring og sal av illegale narkotiske stoff er forbode. Bruk av narkotika er eit stort samfunnsproblem. Opiumvalmue Khat Heroin 15 Cannabis Diskusjon: Kva for rusmiddel er lovlege og ulovlege i land du kjenner til? Omgrepet «narkotika» blir ofte brukt om stoff som er klassifiserte som narkotika, og som framkallar rus. Narkotiske stoff er som regel sterkt vanedannande. Kva for stoff som er klassifiserte som narkotika, varierer frå land til land. Narkotikaforskrifta inneheld ei oversikt over kva stoff som er rekna som narkotika i Noreg. I motsetning til alkohol, som er eit lovleg rusmiddel i Noreg, er narkotika illegale rusmiddel. Nokre narkotiske stoff blir brukte medisinsk og blir skrivne ut av lege, for eksempel i samband med narkose ved operasjonar og smertestillande medikament. Slik bruk er lovleg så lenge medikamentet blir brukt slik legen har tilrådd/bestemt. Misbruk av narkotika er eit stort samfunnsproblem. Misbruket fører ofte til at ein mistar jobben, ikkje klarer å halde fram med utdanninga si og mistar den sosiale fellesskapen. Narkotiske stoff blir selde på den illegale marknaden, og det er dyrt for narkomane å skaffe seg daglege dosar. Dette fører til kriminalitet, som narkotikasal, innbrot og ran. Mange narkomane får derfor eit kriminelt rulleblad. Samfunnet har store utgifter til behandling og rehabilitering, rettssaker, fengselsplassar og trygdeutbetalingar som følge av narkotikamisbruk.

18 Strafferamme for bruk og sal av narkotika
Bruk av narkotika kan straffast med bøter eller fengsel i inntil 6 månader. Sal av narkotika kan straffast med fengsel i inntil 10 år. Sal av store mengder narkotika kan straffast med fengsel i inntil 21 år. Smugling av narkotiske stoff kan straffast med fengsel i inntil 21 år. 16 Det er straffbart både å bruke og å selje narkotika i Noreg. Bruk av narkotika kan straffast med bøter eller fengsel i inntil 6 månader. Sal av narkotika kan straffast med fengsel i inntil 10 år. Straffa for sal av store mengder narkotika er fengsel i inntil 21 år. Smugling av narkotiske stoff inn til Noreg har ei strafferamme på 21 års fengsel. Det er også forbode for privatpersonar å importere legemiddel frå land utanfor EU/EØS utan særskilt løyve. Det er heller ikkje tillate å importere stoff eller legemiddel som blir rekna som narkotika.


Laste ned ppt "Formålet med opplæringa er å gi informasjon om kva seksuell helse inneber. Det skal leggast vekt på reproduktiv helse. Det skal også informerast om helsemessige."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google