Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Treff vår analyse noko viktig i dag?

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Treff vår analyse noko viktig i dag?"— Utskrift av presentasjonen:

1 Treff vår analyse noko viktig i dag?
Landskapet er eit heilt anna – treff analysen vi hadde noko viktig i dag? Landskapet då Populisme då Treff vår analyse noko viktig i dag? Audgunn Oltedal

2 Landskapet då PAG vart til
Prega landskapet: Verda vart sett frå venstre Uppsalamøtet 1968( Kirkenes erdensråd) Studentopprøret i Paris Fagkritikk prega ulike studium Avkolonialisering (Vietnamkrigen) Kvinnefrigjering( Simone de Beauvoir: Det annet kjønn) Brox (og Sætra )sine analyser vart høyrt på i SF

3 SVL(Studentvenstrelaget) vart til PAG(15.2 1971)
Laget arbeider i grupper. Dei grupper som nå er bygt opp,tar for seg desse emna: 1.Populisme 2.Verdiskaping i Bergen(Tilhøvet bedrift/samfunn) 3. Fagrørsla 4.Trafikk og byplan 5.Studentopolitikk 6. Sosialpolitikk (Frå artikkel i Orientering 27.mars 1971)

4 ‘Ein ny måte å arbeide politisk på’
‘ Det eg ser som det aller viktigaste ved populismen, er at den ved å leggja hovudvekta på å arbeide på grasrotplanet, og ved å konsentrere seg om alternativ til dagens utvikling, kan arbeida fram politisk interesse mellom folk. Og det er sjølve føresetnaden for endring av makttilhøva. Populismen er ein ny måte å arbeida politisk på’.(Artikkel av A.Oltedal i Vår Kirke nr.22. mars 1971)

5 Landskapet vi stod i Vi såg verda frå venstre, vektla kapitalismekritikk Vi vektla ny kunnskap om miljø- og ressurskrisa. Denne kunnskapen var grunnleggjande for etableringa av vårt miljø (PAG) Kritikk av den rådande politiske utviklinga var sentral for etableringa av PAG: - kritikk av landsdelsplanar/byutvikling (Bergen)m.m - kritiserte trua på at utviklinga ikkje kunne endrast - kritiserte måten dei politiske partia arbeidde på M-l rørsla sine analyser vart avvist på svært viktige punkt Synet på alvoret i miljø-og ressurskrisa skilde oss frå m-l rørsla.

6 ‘Verda’ var konteksten
Verda stod overfor ei ressurs-og miljøkrise som kravde ny måte å tenkje på, ein ny måte å arbeide politisk på. ‘Tragedien i allmenningen’- la grunnlaget for mi populismeforståing. Vår populisme stod på to føter; ‘verda’( gav utgangspunkt for arbeidet) ‘lokalsamfunnet’ (grasrot/motekspertise/nye skiljeliner - ein ny måte å arbeide på) Vi vektla skiljeliner på tvers av eksisterande parti, og kontakt med nye systemkritiske miljø. ‘Det nasjonale’ var ikkje sentralt perspektiv då PAG vart til, det kom med EEC-kampen. Vår kritikk av EEC vektla kritikken av ‘fri rørsle av varer, tenester, kapital og personar’, og der nasjonal sjølvråderett var viktig føresetnad for å hindre ei slik utvikling.

7 Populisme då og no I dag blir ordet ‘populisme’ nesten ikkje brukt av oss som var i PAG, men vi har det i namnet og historia vår, så det vil henge ved oss så lenge forkortinga PAG vert brukt. Populisme i dag: skjellsord, primært knytta til det nasjonale forstått som motsetnad til det internasjonale Vektlegg og tek utgangspunkt i skiljet ‘oss og dei andre’, der ‘våre verdiar’ blir forstått som betre enn dei andre sine verdiar, men vekt på at grenser må stengast for dei andre. Var vi nokon gong populistar målt ut frå måten ordet vert brukt på i dag? Eg kjenner meg ikkje att i dagens måte å bruke ordet populisme på.

8 Treff analysen vi hadde noko viktig i dag?
Miljø-og ressurspoblema var viktigaste sak då Miljø-og klimakrisa er viktigaste spørsmål i dag Vårt miljø har innverka på kampen mot sentralisering og avfolking. Vår vekt på ståstad i det lokale, vekt på grasrotengasjement, motekspertise, på å byggje alliansar, har medverka til å hindre ‘svenske tilstandar’. Svært mange PAG-arar har hatt eit yrkesliv der dei har vore med og lagt premisser for politisk arbeid og forsking i tråd med dei verdiane vi stod for. Deler av måten vi tenkte på er blitt felles tankegod. Eg trur noko av det viktigaste vi målbar, var oppfatninga av at utviklinga i samfunnet ikkje var naturnødvendig, men at det gjekk an å gripe inn i den og endre på den. Parisavtalen er m.m uttrykk for at verdssamfunnet trur det er mogeleg å snu utviklinga (miljø-og ressurskrisa), sjølv om rådande syn ikkje inneber mykje kapitalismekritikk.

9 Treng begge føter ‘verda’ og ‘det lokale’
Treng begge føter ‘verda’ og ‘det lokale’. Vekt på ‘verda’, på det internasjonalt forpliktande arbeidet Nytt trekk ved dagens samfunn: Menneskerettane spelar ei meir sentral rolle i samfunnet enn før (Menneskerettslova 1999, punktet om menneskerettar i grunnlova m.m.). Dei er blitt ein integrert del av samfunnet(rettsapparat/forvaltning m.m.) og gjev sentrale premisser i nasjonal og internasjonal politikk. Menneskerettane set internasjonal standard og målestokk for kva ein forstår med menneskeverd og menneskeverdig liv. Menneskerettane set rammer for den politiske debatten og får fram kvasse politiske skiljeliner (m.a. om kva menneskerett som skal vege tyngst jfr m.a. debatten om omskjæring av gutebarn eller i debatten om asylpolitikk). Treng motekspertise og motmeldingar på fleire felt. -Treng nye blikk på kampen mot avfolking,m.a. på landbrukspolitikken. ( ynskjer ein meir todelt landbrukspolitikk som ivaretek utkantane betre,- eksemplet Sveits) -Treng motmelding i flyktning-og innvandringspolitikken. Her rår ein kvelande konsensus om ‘streng- og rettferdig innvandringspolitikk’ som ligg som eit røykteppe over debatten.

10 Er landskapet eit heilt anna?
Ja og nei Vår forståing av populisme vart til i eit heilt anna politisk landskap enn det vi har i dag. Vi stod i ‘verda’ og populismen hadde ‘to’føter, det internasjonale og det lokale. Det er fortsatt den viktige ståstaden. PAG vart til før migrasjonskrisa og før menneskerettane vart implementert i samfunnet vårt. Trur vårt perspektiv, vår analyse og ståstad har relevans og for det nye i dagens landskap. For eigen del ikkje oppteken av å diskutere ‘populisme’, men forståinga av at den for oss hadde to bein (verda og det lokale) er for meg viktig for å sjå skilnaden på vår ‘populisme’ og dagens ‘populisme’.


Laste ned ppt "Treff vår analyse noko viktig i dag?"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google