Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

KORLEIS KOMME I PRESSA, LAGE BRÅK OG SETTE DAGSORDEN

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "KORLEIS KOMME I PRESSA, LAGE BRÅK OG SETTE DAGSORDEN"— Utskrift av presentasjonen:

1 KORLEIS KOMME I PRESSA, LAGE BRÅK OG SETTE DAGSORDEN
ALL PR ER DIGG PR KORLEIS KOMME I PRESSA, LAGE BRÅK OG SETTE DAGSORDEN Med dette føredraget har eg laga ei innføring i pressearbeid. Det er sikkert mykje meir som kunne vore med, og eg er ingen ekspert, men eit par tips og triks er det her. Det viktigaste er å få lokallag til å skjønne kor viktig og kor stas pressearbeid er.

2 KVIFOR PRESSE? «Den fjerde statsmakt»
Nå ut til folk og fe, og politikarar Delta i debatten, fronte krava Vere synlege, og rekruttere til NU Her kan ein også spørje publikum kvifor dei meiner det er viktig at NU er i media. Punkta i lysbiletet som viser generelle årsaker til at NU burde vere i media. «Den fjerde statsmakt» - Media har sjukt mykje makt. Dei rår jo over folkeopplysninga, og politikarar vil ikkje drite seg ut eller legge seg ut med folk, så dei tar media veldig alvorleg Nå ut til folk og fe, og politikarar - Opplysning er også viktig. Det er mange miljøproblem som media ikkje skriv om, anten fordi dei meiner andre ting er meir spennande eller fordi dei ikkje vei om dei. Då er det NU si oppgåve å forklare kva som er problemet og kva som er løysninga. Delta i debatten, fronte krava – Når NU er i media er det ofte med krav om at noko må bli gjort. Her kan politikarar plukke opp idear og skjønne kva som er greia. Viss ein utfordrar politikarar på noko så hender det dei kjem på bana dei også, og så har ein fått i gang ein debatt. Vere synlege, og rekruttere til NU – Mange les avisa/hører på radioen/ser på nyhendene/er på facebook og twitter. Media er ein stad folk kan oppdage NU og bli engasjerte for miljøet. Folk melder seg av og til inn i NU berre fordi dei ser eit lesarinnlegg eit lokallagsmedlem har skrive, og dei innser at dei er einige.

3 KORLEIS? To hovudvegar: Pressemeldingar (tips) Lesarbrev
NU pleier vanlegvis tipse avisa eller aktivt kommentere ved å sende inn pressemeldingar når me vil meine noko om ei sak. Når me vil delta i ein debatt eller lage ein heilt ny debatt skriv me ofte lesarbrev.

4 PRESSEMELDINGA Skjer det noko viktig? Send pressemelding!
Nøkkelen til å komme på trykk, på nett eller på papir Objektiv framstilling av saka med slagkraftige sitat Treng ikkje vere lang! Skriv og send ut i god tid Før aksjonen! Ei pressmelding er noko som viser kva NU meiner. Ein sender pressmeldingar til journalistar når det skjer noko som NU må kommentere på. Det viktigaste me pressmeldinga er å gi journalisten nødvendig bakgrunnsinformasjon om saka og eit flammande sitat ho/han kan trykke i avisa. Det som også er viktig er at viss ein skal ha ein aksjon så må ein informere journalistane om det i god tid, då er det mykje større sjanse for at dei lager sak. Det som er fint med pressemeldinga er at viss journalisten er litt lat så trykker ho/han berre pressemeldinga sånn som den står. Ofte er det ikkje det som skjer – ofte er det berre ein liten del av meldinga som kjem på trykk eller berre eit sitat. Journalistar lager ofte ei større sak der NU berre er ein av dei som uttaler seg. Det er likevel viktig å sende inn heile pressemeldinga, så journalisten har noko han/ho kan bruke.

5 Dette er eit eksempel på noko NU pleier å kommentere på
Dette er eit eksempel på noko NU pleier å kommentere på. Det er viktig å følge med om det skulle dukke opp aktuelle saker i aviser og på nett.

6 OPPSKRIFT 1. Brødtekst 2. Sitat 3. Meir brødtekst 4. Sitat + informasjon om tid og stad for aksjonen/vardebrenninga/politikermøtet + kontaktinformasjon (kontaktpersonar med telefonnummer og e-postadresse) Dette er eigentleg berre oppskrifta på korleis pm-malane til NU pleier å vere. Det er viktig å få med kontaktinformasjonen.

7 Dette er eit eksempel frå då me brann vardar vinteren 2013 mot oljeboring i Lofoten. Vardebrenninga var klokka og me sendte denne til NRK om morgonen. Dette førte ikkje til at NRK lagde nettsak, men derimot til at dei hadde den med i disktriktsnyhendene (nyhendesendingane på fem minutt som går kvar time på radioen i løpet av dagen).

8 ETTERPÅ Send inn! Ring avisa (vakta, evt. ein konkret journalist)!
Send eventuelt inn på nytt Viktig: Ver kort og konsis! Få fram saka! Følg med om du får svar! På aksjon/politikarmøte: Skriv ut pressemeldinga og gi den til journalistane. Dette er kva ein burde gjere etter å ha skrive ei pressemelding. Viktig å uansett ringe avisa. Har ein nummeret til ein journalist er det flott. Har ein ikkje det kan ein ringe vakta. Ein kan gjerne ringe tidleg på dagen. Redaksjonane pleier å ha møte i tida, og då planlegg dei kva dei skal skrive om i løpet av dagen. Sei derfor ifrå tidleg på dagen – viss ein er heldig kan avisa gjere noko stort utav det. Det som er viktig når ein ringer til avisa er å vere kort og konsis. Få fram poenget. Journalisten må trass alt vurdere om dette er verdt å bruke tida si på. Det er sjølvsagt alltid NU, men journalisten har ikkje nødvendigvis skjønt det. Viss ein får raskt fram kvifor ho/han skal bruke tida si på dokker er det stor sjanse for at det blir sak. Så er det sjølvsagt også viktig å følge med om avisa tar kontakt, så ver tilgjengeleg på telefon og sjekk e-post. Så er det lov å purre litt viss dei sa dei skulle gjere noko, men ikkje for mykje. Eit bra triks for å kome i avisa viss det er journalistar til stades, på eit kommunestyremøte eller ei markering, er å ha skrive ut pressemeldinga og gi ho fysisk til journalistane. Då har dei noko handfast – og det er utruleg kor mykje meir det har å seie å ha noko handfast enn å berre ha ein e-post. På eit kommunestyremøte sit gjerne journalistane på bakerste benk i salen og skriv noko til morgondagens avis. Viss dokker også er og hører på kommunen så kan dokker gi pressemeldinga til journalisten og så berre BANG veit ho/han kva NU meiner og så har han/ho noko å skrive i avisa. Journalistar vil gjerne ha reaksjonar på det som skjer i lokalpolitikken, så pressemeldingar på kommunestyremøte er gull.

9 Lettaste måten å komme i avisa
LESARBREV! Lettaste måten å komme i avisa God måte å nå ut til folk Delta i debatten Eit gammalt slagord i NU er at det som er mest lese i avisa er debattsidene og teikneseriane. Lesarbrevet er dermed ein av dei lettaste måtane å nå ut til folk på. Lesarbrevet er kanskje også den lettaste måten å komme på trykk på. Alle kan komme på trykk med lesarinnlegg. Avisa trykker innlegg uansett om du kan skrive eller ikkje så lenge det er interessant å lese det du skriv. På debattsidene kan ein også delta i ein debatt. Om det er om fornybar energi eller kollektivtilbod så er det ofte mange som er interesserte og skriv om miljø. NU kan ofte bidra med mykje i desse debattane, og avisene vil gjerne trykke noko som dei veit er ein del av ein pågåande debatt i avisa deira. Skriv derfor gjerne svar til folk som er på jordet og berre vil bygge veg eller pumpe opp olje – eller start ein debatt sjølv!

10 Dette er eit eksempel på ein kar som er heilt ute og køyrer
Dette er eit eksempel på ein kar som er heilt ute og køyrer. NOKON MÅ SVARE HAN, BLIR DET DEG?!

11 Finn ei sak som engasjerar deg Verda er ikkje rettferdig!
FØRST OG FREMST Finn ei sak som engasjerar deg Verda er ikkje rettferdig! Det er ein grunn til at du er med i NU, og det er fordi du bryr deg. Det er mange miljøproblem, og verda er ganske urettferdig. Det er derfor mange ting å skrive om som folk kan bli engasjerte av. Det er mange politikarar som fortener å høre at dei prioriterer feil og burde bygge meir kollektivfelt eller fornybar energi og slutte og forureine

12 MENS DU SKRIV Forklar kva som er galt - kort og greitt
Skriv kva som må gjerast! Appeller til kjenslene! Gjer det personleg. Ikkje bruk framande faguttrykk. Skriv enkelt. Ver litt sassy, men ikkje gå til personangrep Ha folkeskikk og ver sakleg Det er særleg to ting som er viktige med eit lesarinnlegg: kom til saka og ver forståeleg. Forklar kva som er problemet og kva som må gjerast. Lengd er ikkje nødvendigvis bra, dei korte innlegga har større sjans for å bli lesne, og ingen gidd å lese lange kompliserte utgreiingar. Andre viktige ting: Gjer problemet personleg, til dømes: «ME pustar inn giftig luft», «ME skal leve på jorda, ikkje øydelegg ho» osv. Patos og alt det der. Skriv enkelt, forståeleg og folkeleg. «Klimahandling nå!» er betre enn «829 % reduksjon av CO2 og CH4 med CCS!». Du skjønner greia. Gode formuleringar gjer lesarbrev betre og er oftast meir overbevisande. Ver litt på spissen, litt sassy (som Veronica Mars). Ha folkeskikk, og ikkje svartmal folk som ikkje fortener det. Ver sakleg og ha fakta på plass.

13 ETTERPÅ Kutt ned som om det var CO2
Korte lesarinnlegg kjem lettast på trykk og får flest lesarar Finn på ein dramatisk blikkfang-tittel Få nokon til å lesa gjennom, konstruktiv kritikk Igjen dette med korte lesarbrev. Blikkfang! Korleis skal du få flest til å lese innlegget ditt? Korleis kan du med berre tittelen få folk til å tenke, over på di side? Konstruktiv kritikk – tilbakemelding frå folk på kva som funkar bra og kva som ikkje funkar så bra – er også feitt! Viss du er usikker på fakta, evt. vil ha nokon som har sendt inn lesarbrev før til å lese gjennom så ta gjerne kontakt med regsek eller ansvarssentralist. Me er til for å brukast!

14 NÅR DU SENDER INN Hugs kontaktinformasjon blindkopi
Aviser har ofte eigne reglar for at ein må legge ved adresse, poststad og nummer og liknande når ein skal få eit lesarbrev på trykk. Av og til må ein ha eit bilete også viss det er eit veldig langt innlegg. Nokre aviser er veldig pripne, og trykker berre lesarbrev som dei får eksklusiv tilgang til. Så hugs blindkopi viss ein sender til fleire. Det beste er å få innlegget på trykk i så mange aviser som mogleg, men det er ikkje alltid dette går.

15 Her det forskjellige lesarbrev som medlemmar av NU har hatt på trykk
Her det forskjellige lesarbrev som medlemmar av NU har hatt på trykk. (Det er heilt tilfeldig at alle desse folka er frå Stavanger, putt gjerne inn andre innlegg etter hvor du holder foredraget) Det er sjukt digg å kome på trykk, og det er eigentleg ganske lett 

16 Ting du kan skriva om: LoVeSe Køprising Fjorddumping (Repparfjorden)
Byluft Sykkel Kollektivtrafikk Fergefritt E39 Fornybar energi Global oppvarming Snøggtog og jernbanesatsing Atom Kva nå enn du bryr deg om (: Viss folk ikkje har idear er dette ting ein kan skrive om. Lofoten er ikkje hot igjen før om fire år i skrivande stund då. Lokallaget har gjerne best peiling sjølv på kva som er greia med kommunen deira, men også nasjonale saker burde jo heile landet få vite om.


Laste ned ppt "KORLEIS KOMME I PRESSA, LAGE BRÅK OG SETTE DAGSORDEN"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google