Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Læreplanen seier at du skal kunne samanlikne og vurdere tekstar som blir overførte frå eitt medium til eit anna gjennomføre arbeidet med ei sjølvvald fordjupingsoppgåve.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Læreplanen seier at du skal kunne samanlikne og vurdere tekstar som blir overførte frå eitt medium til eit anna gjennomføre arbeidet med ei sjølvvald fordjupingsoppgåve."— Utskrift av presentasjonen:

1 Læreplanen seier at du skal kunne samanlikne og vurdere tekstar som blir overførte frå eitt medium til eit anna gjennomføre arbeidet med ei sjølvvald fordjupingsoppgåve og utforme henne som ein munnleg, skriftleg eller samansett tekst med språkleg, litterært eller anna norskfagleg emne Kapittel 7 Frå eitt medium til eit anna 1 Tema Vg3, kap 7

2 Frå filmen Gymnaslærer Pedersen (2006) – Ane Dahl Torp som Nina Skåtøy 2 Tema Vg3, kap 7

3 Adaptasjon Adaptasjon (eller adapsjon) tyder «tilpassing». Det er adaptasjon når tekstar blir overførte til andre medium enn dei var skapte for. frå bok til film frå bok til teikneserie frå teikneserie til film frå film til dataspel frå teater til film... Frå oppsetjinga av Få meg på, for faen av Olaug Nilsen på Det Norske Teatret i 2007 – Pia Tjelta som Maria og Nina Woxholt som mor til Alma 3 Tema Vg3, kap 7

4 Adaptasjonar er svært vanlege i filmbransjen: fascinerande historier gamle tekstar i nye medium: aktualisering nytolking gjennom andre medium utnytte kommersielt potensial I USA er om lag 50 % av spelefilmane adaptasjonar, i Noreg om lag 30 %. 4 Tema Vg3, kap 7

5 Frå roman til film Ein roman fortel med ord, ein film fortel først og fremst med bilete. Storyboard markerer overgangen til eit biletmedium. Orda i romanen skaper individuelle, indre bilete. Filmen lèt oss sjå og høyre romanen, han viser oss forteljinga. 5 Tema Vg3, kap 7

6 Frå roman til film Forteljarposisjon i romanen → kameraposisjon i filmen (objektivt eller subjektivt kamera) Filmen er som regel basert på scenisk framstilling og dialog. Forteljarstemme kan leggjast på som «voice over». Frå filmen Tatt av kvinnen (2007) – Trond Fausa Aurvåg som ”Han”, og Marian Saastad Ottesen som Marianne. 6 Tema Vg3, kap 7

7 Frå roman til film Personane i romanen: Kven er dei rette skodespelarane? Rollefordelinga (casting) er viktig. Stil og stemning i romanen må attskapast med filmatiske verkemiddel, mellom anna –kameraføring –lys –reallyd, inklusive dialog –effektlyd og musikk 7 Tema Vg3, kap 7

8 Sult – ein modernistisk film Romanen Sult er ein eg-roman. Filmen Sult har ikkje gjennomgåande subjektivt kamera, men vi forlèt ikkje perspektivet til hovudpersonen. Per Oscarsson blei vald til å spele hovudrolla. Ytre detaljar blir dempa ned gjennom svart/kvitt-film. Musikken er ein sentral stemningsskapar. 8 Tema Vg3, kap 7

9 9

10 10 Tema Vg3, kap 7

11 Kva er likt, og kva er ulikt i oppbygginga av boka og filmen? Er noko fjerna? Er noko lagt til? Er kronologien den same i boka og filmen? Er det ein hovudkonflikt i filmen? Er det den same konflikten som i boka? Analyse av ein adaptasjon kan ta utgangspunkt i nokre av desse momenta: 11 Tema Vg3, kap 7

12 Korleis er forteljarperspektivet i boka og i filmen? Korleis er personane i boka og i filmen? Korleis blir miljøet skildra i boka og i filmen? Korleis er stilen og stemninga i filmen samanlikna med boka? Finn vi den same tematikken i boka og i filmen? Analyse av ein adaptasjon, framh. 12 Tema Vg3, kap 7

13 Lord of the Rings Harry Potter Star Wars Batman Dataspel som adaptasjon Frå dataspelet The Lord of the Rings Online 13 Tema Vg3, kap 7

14 Viktig forskjell frå film: interaktivitet Dataspelet kan ikkje kopiere handlingsgangen i filmen direkte. Fleire dataspel er baserte på filmar og/eller bøker: Dataspel må komponerast med tanke på spelaren som medskapar. Dataspel er sjeldan komponerte lineært. Vi kan snakke om arkitekturen i eit dataspel. Dataspel og film 14 Tema Vg3, kap 7

15 Moment til samanlikning mellom film og dataspel: Kva for element frå filmen er vidareførte i spelet? Blir sjølve historia frå filmen brukt i spelet? Korleis? Kva for element i historia kan vi eventuelt kjenne att? Kva er likt, og kva er ulikt, når det gjeld det visuelle uttrykket? Har til dømes dataspelet miljø, scenar og figurar som liknar miljø, scenar og personar i filmen? I kva grad har spelet skapt eigne, visuelle uttrykk? Kva slags rolle kan spelaren ha i spelet? På kva måte skaper spelaren ei eiga forteljing i spelet? 15 Tema Vg3, kap 7

16 side 2Motlys/Erik Aavatsmark side 3Det Norske Teatret/Marit-Anna Evanger side 6SF Norge AS side 13© Turbine Biletliste 16 Tema Vg3, kap 7


Laste ned ppt "Læreplanen seier at du skal kunne samanlikne og vurdere tekstar som blir overførte frå eitt medium til eit anna gjennomføre arbeidet med ei sjølvvald fordjupingsoppgåve."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google