Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Opplæringslova. Lov- og avtalesystemet Tariffavtalar HovudtariffavtalenSæravtalar Sentrale SGS/SFS Lokale særavtalar Barnehagelova Opplæringslova Arbeidsmiljølova.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Opplæringslova. Lov- og avtalesystemet Tariffavtalar HovudtariffavtalenSæravtalar Sentrale SGS/SFS Lokale særavtalar Barnehagelova Opplæringslova Arbeidsmiljølova."— Utskrift av presentasjonen:

1 Opplæringslova

2 Lov- og avtalesystemet Tariffavtalar HovudtariffavtalenSæravtalar Sentrale SGS/SFS Lokale særavtalar Barnehagelova Opplæringslova Arbeidsmiljølova Ferielova Folketrygdlova Arbeidstvistlova Lover PartarStortinget Del A Forhandlingsordningar Del B Medråderett, rettar og plikter m.m. Hovudavtalen

3 Kvifor skulere i desse lovene? Lovene med forskrifter inkl. rammeplan og læreplanverket er det rettslege grunnlaget for skulen og barnehagen Kunnskap om lov og forskrifter er eit viktig grunnlag for godt tillitsvaldarbeid Bruke lov og forskrift som ei kjelde til å ivareta medlemmene sine interesser og Utdanningsforbundet sin politikk

4 Kor finn eg gjeldande lover og forskrifter?

5 Kva regulerer opplæringslova? Formålet med opplæring Rett og plikt til opplæring Gratisprinsippet og nærskuleprinsippet Retten til spesialundervisning Innhald og vurdering i opplæringa Elev- og foreldremedverknad

6 Kva regulerer opplæringslova? Organisering av opplæringa og leiing, funksjonar og læremidlar Elevane sitt skulemiljø Personalet i skulen Kommunen sine plikter Statleg tilsyn og kontroll

7 §1.Tilpassa opplæring og tidleg innsats 1-3 Tilpassa opplæring og tidleg innsats Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven. Opplæringa i fellesfaga skal vera tilpassa dei ulike utdanningsprogramma

8 § 3-47 Føring av fråvær i vgo Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast: a) helse- og velferdsgrunnar b) arbeid som tillitsvald c) politisk arbeid d) hjelpearbeid e) lovpålagt oppmøte f) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

9 § 3-47 forts. For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

10 § Kontakten med heimen i vidaregåande opplæring Skolen skal halde kontakt med foreldra til elevar som ikkje er myndige etter verjemålslova § 1 gjennom heile opplæringsåret. Skolen skal i starten av opplæringsåret på Vg1 og Vg2 halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra. Foreldra til ikkje myndige elevar på Vg1 og Vg2 har første halvår av opplæringsåret rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av privatskolelova § 1-1 og den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven.

11 § Kontakten med heimen i vidaregåande opplæring Eleven har rett til å vere med i samtalen med foreldra. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter § 3-11 tredje ledd og halvårsvurdering i fag etter § Foreldra til ikkje myndige elevar skal få munnleg eller skriftleg a) varsling om eleven sitt fråvær b) varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. § 3-7 c) informasjon om eleven og foreldra sine rettar etter opplæringslova og forskrifta d) anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagd teieplikt etter anna lovgiving.

12 § 5.1 Rett til spesialundervisning Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Organisering HFK: – 4-gruppene består, men 4-6 elevar i gruppa – tidlegare 8-gruppeelevar anten i vanlege klassar eller eigne klassar (+ kr ,- pr. elev)

13 § 8 Organisering 8-2. Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper I opplæringa skal elevane delast i klassar eller basisgrupper som skal vareta deira behov for sosialt tilhør. For delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper etter behov. Klassane, basisgruppene og gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Klassen eller basisgruppa skal ha ein eller fleire lærarar (kontaktlærarar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen eller basisgruppa og dei elevane som er der, mellom anna kontakten med heimen

14 § 9-1 Leiing Kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing. Opplæringa i skolen skal leiast av rektorar. Rektorane skal halde seg fortrulege med den daglege verksemda i skolane og arbeide for å vidareutvikle verksemda. Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar. Rektorar kan tilsetjast på åremål. Departementet kan etter søknad gjere unntak frå reglane i andre ledd og gi høve til andre måtar å organisere leiinga på.

15 § 9 a Elevane sitt skulemiljø 9a-1. Generelle krav Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Elevane sin arbeidsmiljølov – kan vera nyttig for oss i høve ressursar, rom, fysiske rammer… 9a-2 Fysiske krav Det fysiske miljøet i skolen skal vere i samsvar med dei faglege normene som fagmyndigheitene til kvar tid anbefaler. Dersom enkelte miljøtilhøve avvik frå desse normene, må skolen kunne dokumentere at miljøet likevel har tilfredsstillande verknad for helsa, trivselen og læringa til elevane. Veileder til forskrift om miljøretta helsevern i barnehage og skole

16 §9a Elevane sitt arbeidsmiljø §9a-3 Det psykososiale miljøet Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn. Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.

17

18 § 10-1 Kompetansekrav for undervisningspersonell Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Departementet gir nærmare forskrifter om krav til utdanning og praksis for den som skal tilsetjast i undervisningsstillingar på ulike årssteg og i ulike skoleslag.

19 Krav til tilsetjing vgo §14-3, SST a) Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i studieførebuande fag i den vidaregåande skolen, må fylle eitt av desse krava: - Universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning - Faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning - Lærarutdanning, jf. § 14-2, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg.

20 § 14-3 forts. yrkesfag - Yrkesfaglærarutdanning, jf. nasjonal rammeplan, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning, jf. § Universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning – Faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning

21 Forts. yrkesfag - Fagbrev, sveinebrev eller fullført og bestått anna yrkesfagleg utdanning i vidaregåande opplæring, 2 års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og 4 års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring, for undervisning i fag/på fagområde som utdanninga/bakgrunnen er relevant for. I tillegg krevst pedagogisk kompetanse etter § Lærarutdanning, jf. § 14-2, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg.

22 § 10-4 Utlysing av stillingar Undervisningsstillingar og rektorstillingar skal lysast ut offentleg. Kravet om slik utlysing gjeld ikkje for stillingar som er ledige for eit kortare tidsrom enn seks månader, eller når arbeidsgivaren skal tilby stillinga til ein arbeidstakar eller tidlegare arbeidstakar i verksemda med heimel i arbeidsmiljøloven §§ 14-2 om førerett til ny tilsetjing og 15-7 om oppseiingsvern. Gjeld heller ikkje ved IA-saker. Deltidstilsette har dersom dei er kvalifiserte til å undervisa i faget, rett til å utvide stillinga si før evt utlysing.

23 § 10-5 Val mellom fleire søkjarar Når ein må velje mellom fleire søkjarar til den same stillinga, skal det leggjast vekt på utdanning og praksis, kva undervisningsbehov tilsetjinga skal ta sikte på å dekkje, og kor kvalifisert søkjaren elles er for stillinga.

24 Kap.14 Tilsyn og kontroll Statleg tilsyn med kommunane og private skular – delegert til fylkesmannen To viktige tilsyn HFK: - Årsrammetimetal elevar, Inneklima og arbeidsmiljø, Oppfylgingstilsyn 2010 Kommunalt tilsyn – elevar som ikkje går på skule - heimeundervisning

25 F § 3. Vurderingsforskrift 3.1 generelle føresegner -Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane, lærlingane og lærekandidatane.

26 Meir om vurdering Viktige omgrep: Undervegsvurdering Halvtårsvurdering i fag Kompetansemål i fag

27 Rettar Eleven, lærlingen og lærekandidaten har minst éin gong kvart halvår rett til ein samtale med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i forhold til kompetansemåla i faga. Samtalen kan gjennomførast i samband med halvårsvurderinga utan karakter, jf. § 3-13 og i samband med samtalen med foreldra etter § 20-3 og § HFK sitt rettleiingshefte om vurdering


Laste ned ppt "Opplæringslova. Lov- og avtalesystemet Tariffavtalar HovudtariffavtalenSæravtalar Sentrale SGS/SFS Lokale særavtalar Barnehagelova Opplæringslova Arbeidsmiljølova."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google