Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Digitale tankekart i læring og undervising

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Digitale tankekart i læring og undervising"— Utskrift av presentasjonen:

1 Digitale tankekart i læring og undervising
>Turistinfo for å sjekka teknikken. Guttorm Hveem guttorm.hveem.no twitter.com/ghveem This work is licensed under a Creative Commons Attribution-NonCommercial 3.0 Norway License.

2 Velkommen til Kirkenes.
I utkanten av Noreg, men midt i Barentsregionen. Stor optimisme - gruvedrift - nordleg sjørute til Asia - verdas høgaste trehus - grenseboerbevis - sjukehus som tek i mot russiske pasientar? - Kirkenes = Svinesund for russarane - Gate-/vegskilt på minst tre språk (norsk, russisk, samisk) - russisktalande på dei fleste butikkar

3 Sett Nyrud på kartet? ca to timar, nordeuropas lengste blindveg midt mellom Russland og Finland. Mørketid, nordlys, midnattssol og med det avslutter med omvisinga...

4 Kirkenes vidaregåande
Odelsgut Allmennlærar Master IKT i læring HSH Sandnes skole Kirkenes vidaregåande Odelsgut i Sunnhordland Allmennlærar Master IKT i læring, HSH Pedagogisk IKT-støtte på HSH Grunnskule, kontaktlærar på mellomtrinnet, Sør-Varanger kommune IKT-pedagog og lærar, mest spesialundervising, Kirkenes vidaregåande Teknologien er eit verktøy eller hjelpemiddel. Du treng ikkje å ha kontroll over alle verktøya, men vurderingskriterier og mål for prosess/produkt må du ha ei formeining om og ikkje minst visa desse til elevane. Men no, den typen verktøy eg er mest interessert i. Tankekart med meir

5 Tankekart? Kva er tankekart?
Idemyldring: skriv ned 5 stikkord om tankekart -- Kvifor kan eg noko om tankekart? Papirversjonen var eg ukjent med fant: verktøy for å laga websider, trudde eg og så oppdaga eg at det var litt meir For å skriva/tenka Dysleksi: veninne med sterk dysleksi, produserte 1-2 sider tekst på ein arbeidsdag. Skreiv brått 11 sider til dagen i tankekartprogramvare... Finfint, her har me kanskje ei problemstilling til masteren. Men då fann eg ut at det ikkje var så enkelt som tenkt... Før me kan gå laus på tankekart må me ha litt teori, prekunnskap.. Figur: Buzan, 2001, Hveem 2005

6 1 2 3 4 Mindtools Grafiske organisatorar Begrepskart Tankekart
Tankekart er eit smalt felt, som høyrer til fleire kategoriar - mindtools - grafiske organisatorar - begrepskart - og godsakene til slutt, korleis bruker du som lærar tankekart i undervising 2 Grafiske organisatorar 3 Begrepskart 4 Tankekart

7 Tenk og skap Mindtools bit.ly/ghmindtools bit.ly/mindtools
Kategoriar innan mindtools: Verktøy for hypertekst Utvikling av modellar Samarbeid Visualisering Bildeproduksjon Komposisjon Semantiske nettverk (Begrepskart) Eg skal bare sei noko om verktøy for å laga semantiske verktøy, men det er element frå fleire kategoriar her. Jonassen, 2000 Tenk og skap bit.ly/ghmindtools bit.ly/mindtools

8 Aktiv og kritisk Mindtools bit.ly/tenking bit.ly/ghhattie
- aktiv lærande - kreativ tenking - kritisk tenking - kunnskapsproduksjon Mindtools slår ut på John Hattie si undersøking om kva som verkar i skulen (Concept mapping på plass 33. Men hugs no at undersøkingane om IKT er frå 2005 og mest frå førre årtusen) Kva er concept mapping? Jonassen, Hattie, 2009 Aktiv og kritisk bit.ly/tenking bit.ly/ghhattie

9 Dette er concept mapping, eit semantisk nettverk, eller begrepskart laga av Geir Graff, Asker kommune. Dette er ei framstilling som viser assosiasjonar til omgrepet IKT. Kartet inneheld Nodar (t.d. IKT) og relasjonar (t.d. ”handler mye om”) Her ser ein t.d. at der er to ”ruter” til ”Bøker”. Den eine ruta er ”IKT omfattar og behandling av informasjon bl.a gjennom bøker.” Den andre ruta har fleire ”steg”: IKT handlar mykje om datamaskinar, er laga av metall som tinn, kan og brukast til å laga tinnsoldatar som HC Andersen har skriv om i ei av sine bøker. Bilde: Geir Graff

10 1 2 3 4 Mindtools Grafiske organisatorar Begrepskart Tankekart
Innanfor mindtools har ein ein del verktøy som vert rekna for grafiske organisatorar. Kva er grafiske organisatorar? Det er ganske mykje eigentleg: 2 Grafiske organisatorar 3 Begrepskart 4 Tankekart

11 Organisera informasjon?
Grafiske organisatorar Ein har mange ulike typar verktøy, i desse kan ein laga fleire forskjellige framstillingar eller produkt, samstundes så har ein ulike ”metodar” eller reglar for korleis ein kan arbeida med grafiske organisatorar. Organisera informasjon? bit.ly/grafiskorg

12 Mange måtar å framstilla informasjonen på, som t. d
Mange måtar å framstilla informasjonen på, som t.d. fishbone, mindmapping, cycle. Det finst mange typar oppsett eller framstillingar, eg presenterer ut lite utval her.. Ein del av desse er tilpassa spesielle føremål, Desse framstillingane har ulike eigenskapar, ofte har dette ein samanheng med korleis ein systematiserer og relaterer informasjonen, t.d. rangordning. For å visa litt korleis dette kan sjå ut i ein grafiske organisator vil eg presentera nokre bilete frå forskjellige program Eit lite utval?

13 Kort fortalt har grafiske organisatorar funksjonar for
visualisering av informasjon og relasjonar, desse relasjonane kan vere retningsstyrte. Vidare kan ein ofte bruka ulike fargar, størrelsar og former på tekst, nodar og relasjonar. Ein del program inneheld bibliotek med bilete, figurar og ikon ein kan bruka i kartet. Nokre verktøy er retta mot spesielle bruksformer eller arbeidsmåtar og har gjerne funksjonar som er spesialtilpassa dette. I nokre verktøy kan ein skriva tekst til nodar og relasjonar. Vidare kan ein bruke eksterne dokument, lenker og ressursar som ein del av kartet. Nokre program kan eksportera produktet til andre format og program. Ein del av programma er meir generelle og kan brukast på forskjellige måtar, mens andre er utvikla med tanke på å vere støtte i utforming av ein spesiell type kart.

14 1 2 3 4 Mindtools Grafiske organisatorar Begrepskart Tankekart
Begrepskart og tankekart ser ganske likt ut for eit utrent auge, men det er to forskjellige ting... 2 Grafiske organisatorar 3 Begrepskart 4 Tankekart

15 Novak - Relasjon Begrepskart bit.ly/begrepskart bit.ly/ghcmap
Teorien rundt begrepskart er utvikla av Joseph D. Novak for å forstå og sjå utvikling i kunnskap. Samanlikning av kart tidleg og på slutten av ein prosess vil visa forskjellar. Kartet med HC Andersen og tinnsoldatar er eit begrepskart. Barbro Grevholm - CMap i matematikk, t.d. Tangenten: bit.ly/ghcmap Novak, 2008 (http://cmap.ihmc.us/Publications/ResearchPapers/TheoryCmaps/TheoryUnderlyingConceptMaps.htm) Novak - Relasjon bit.ly/begrepskart bit.ly/ghcmap bit.ly/grevholm

16 Er forståelige for andre enn forfattar
To begrepskart Er forståelige for andre enn forfattar Relasjonen er namngitt og har ofte retning. Kanskje meir presist? Lettare å vurdera? Forskjellar tidleg og seint i ein fase. Novak, Jonassen

17 1 2 3 4 Mindtools Grafiske organisatorar Begrepskart Tankekart
Og no, tankekart og kanskje litt meir matnyttig. 2 Grafiske organisatorar 3 Begrepskart 4 Tankekart

18 Tony Buzan - Husk Tankekart bit.ly/ghbuzan
Utvikla av Tony Buzan, bilete, fargar og ikon gjer det lettare å huska Egentleg papir-teori, har utvikla seg. Ringominstituttet, Bjørn Ringom driv kursing, sannsynlegvis i papirversjonen: Tony Buzan - Husk bit.ly/ghbuzan

19 Starta med papirversjonen, driv no med digitale tankekart.
bilete, fargar og ikon gjer det lettare å huska. Bredde og plassering spelar ei rolle. Starta med papirversjonen, driv no med digitale tankekart. Digitale kart er meir dynamiske og kan innehalda meir informasjon. Samstundes kan ein velja å filtrera eller skjula deler av kartet. Bilete: Buzan, Hveem

20 Kva passar? Både begrepskart og tankekart har forslag til korleis ein skal utforma karta sine. Den viktigaste forskjellen mellom desse to typane kart er at relasjonane i tankekart ikkje er namngivne, og det vert opp til utformaren å tolka eller ha kontroll på dette Teori: kognisjon - minnefunksjonar sosiokulturell: stimulerande omgivnadar der slike verktøy kan vere ei støtte. ... kunnskap må konstruerast av individet gjennom deltaking i bestemte former for sosial praksis (Ae-Hwa, Beth, 2004) konstruktivistisk læringssyn: Jonassen sitt arbeid med Mindtools sentralt. Eit anna perspektiv som støttar opp under dette er gitt gjennom Salomon og Perkins sin analyse av effekten av, med og gjennom teknologi. Der dei mellom anna hevdar at bruk av grafiske organisatorar gjer at ein kan konstruera ei framstilling det kan vere vanskeleg å laga utan bruk av teknologi. Person Pluss, kva får ein til dersom ein bruker tankekart eller mindtools i læring? Det som passar brukaren og målet er best... Og i skulen?

21 Kva og kvifor? Kven lærer mest i klasserommet? Læraren?
Kven produserer, styrer prosessen og deler? Fronter/its learning for å gi informasjon. Powerpoint for å gi informasjon. Word for å skriva informasjon.... Figuren er kanskje litt vanskeleg å lesa, sjekk side 20 på lenka. Bok: mindtools av David H. Jonassen. Alle programma og aktivitetane høyrer til i delen MINDTOOLS: kjenneteikna av: aktive, engasjerte elevar som skapar noko og er kreative. Salomon og Perkins skriv og noko fornuftig om temaet. Det som heng igjen hos meg er at me skal jakta på dei situasjonane der me klarar å få til meir med PC enn utan. Å skriva raskare er kanskje ikkje så relevant, men å skriva saman med andre er kanskje meir relevant. Sjekkspørsmål (Fritt etter George Siemens): - kan ein laga noko? - kan ein dela/visa noko? - kan ein samhandla? - kan ein diskutera/kommentera?

22 Kunnskapsløftet udir.no/grep handlar det mykje om informasjon å finna
søkje etter informasjon… utøve kjeldekritikk…velje ut relevant informasjon… å utarbeide, presentere og publisere eigne og felles multimediale produkt, kommunisere og samarbeide...å søke informasjon og for selv å produsere informasjon i tekst og bilder…presentasjon av egne og andres arbeid…å søkje etter informasjon, samanlikne og vurdere… og presentere fagleg innhald…å mestre sammensatte tekstformer og uttrykk…produksjon og komponering og i redigering av tekster. I den sammenheng er det viktig å utvikle evne til kritisk vurdering og bevisst bruk av kilder. Bruk av digitale verktøy kan også støtte og utvikle elevenes kommunikasjonsferdigheter og presentasjoner... utforsking, visualisering og publisering. Det handlar òg om å kjenne til, bruke og vurdere digitale hjelpemiddel til problemløysing, simulering og modellering. I tillegg er det viktig å finne informasjon, analysere, behandle og presentere data med høvelege hjelpemiddel, og vere kritisk til kjelder, analysar og resultat…utforske religioner og livssyn for å finne ulike presentasjoner og perspektiver... handlar det mykje om informasjon å finna å vurdera å bruka å visa å huska Passar ikkje dette ypperleg då? - ikkje til alt - ikkje for alle, for mange blir det rot, t.d. autistar og ADHD Eit døme udir.no/grep

23 Prosjektarbeid? Finna informasjon Fant masse informasjon
God start Finna informasjon Fant masse informasjon Ehhh. For mykje? Prøv på nytt? Er det ikkje slik mange elevar «strandar»? Mange slit med starten. Tankekart: Kva er temaet? Kva kan du frå før? Bygg stillas, bruk prekunnskap. Dei fleste kan noko frå før, dei må berre systematisera det Bygg rammeverk først, revider, revider, revider

24 Kva tid? Det er hovedsakleg i to fasar tankekart er nyttig:
Søkefase Vurdering Suksess! Det er hovedsakleg i to fasar tankekart er nyttig: Oppstart og avslutting, enten det gjeld skriveoppgåve, prosjekt, gruppeoppgåve osb. Fleire synest tankekartprogramvaren støtter undervegs og, men det er helst først og sist det er ein effekt med. T.d.: - idemyldring (gjerne saman) - problemdefinering - søkefase - sortere informasjon - oppsummering - vise samanhengar - puggeark (Eg skal visa nokre døme straks) Det meste eg gjer/lagar er innom tankekart tidleg eller seint i prosessen. Men korleis vurderer ein tankekart? Steg 1 Steg 2 Step 3 Steg 4 Steg 5 Steg 6 Problemdefinering Analyse Konklusjon

25 planlegging GTD? ideskisser den blå lærarplanleggaren? Notat Skrivestøtte Konstruera kunnskap Diskusjonsgrunnlag Oppsummering Puggeark Samanhengar Dysleksi? De skal få sjå ein del kart...

26 Lokal læreplan matematikk

27 Notat frå kurs, lenker

28 Elevoppgave

29 Idemyldring i klassen

30 Kurs, presentasjonsmodus

31 Skisse til organisering av eit personalrom i fronter.

32 den blå planleggaren, faga er merka, velg matematikk og planlegg matematikk for ei veke, deretter andre fag. Filter, skriv ut ei grein gjenbruk

33

34 Favoritt: Sjukepleiarstudentar lagar vebsider om førstehjelp.
Fokus på innhold og fag, ikkje verktøy. Lagde flotte nettsider, med fokus på innhald

35 Naturfag: websider

36 Puggeark, oppsummering

37 Naturfag: oppsummering

38 Diskusjonsoppgave/idemyldring

39 Skisse til undervisning

40 Skisse til læringssenter, brukt som diskusjonsgrunnlag med leiarar

41 Læringsverktøy, med fokus på tankekart. presentasjonsmodus
No har de sett ein del tankekart. Kva kjenneteikn har eit godt kart? Korleis kan ein visa kunnskap med tankekart? Prøv å skriva ned 5 stikkord om vurdering.

42 Analyse Framstillingar Element Progresjon Kartet med teksten
Heng det saman? Framstillingar Element Progresjon Kartet med teksten Du kjenner igjen eit godt fagleg produkt når du ser det! Spoke, Chain, Net Dersom ein ser på elementa i analysemodellen med tanke på hierarki, prosessar, heilskap og utviklinga av forståing: startar med lause assosiasjonar og ei isolert begrepsforståelse, men gjennom prosessen, med reorganisering og omstrukturering så vert kartet meir komplekst og heilskapsoversynet vert utvikla. Ein ser at det spesielt er i dei første fasane at lause assosiasjonar er til stades i kartet. Men seinare i prosessen kan desse verte flytta, sletta eller sett i samanheng med andre begrep. Kinchin: bit.ly/vurdering

43 Til kva? Notat Skrivestøtte Planlegging Konstruera kunnskap
Lærar Elev Planlegging Undervising Med elevane Notat Skrivestøtte Konstruera kunnskap Diskusjonsgrunnlag Oppsummering Puggeark Samanhengar Dysleksi? planlegging GTD? ideskisser den blå lærarplanleggaren? presentasjon idemyldring fokus på stikkord og samanhengar spesielt godt for visuelt sterke Notat Skrivestøtte Konstruera kunnskap Diskusjonsgrunnlag Oppsummering Puggeark Samanhengar Dysleksi?

44 Program? Mindmanager Mindomo.com/Crea za Bubbl.us mindmeister.com
comapping.com Mindmanager (skuleversjon), catalyst, bør ha microsoft office Mindomo.com (som er inkludert i Creaza)Bubbl.us mindmeister.com comapping.com

45 guttorm.hveem.no/tankekart/
Referansar er å finna her: twitter.com/ghveem guttorm.hveem.no/tankekart/ This work is licensed under a Creative Commons Attribution-NonCommercial 3.0 Norway License.


Laste ned ppt "Digitale tankekart i læring og undervising"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google