Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Motivasjon for utdanning og hinder for utdanning i fengsel

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Motivasjon for utdanning og hinder for utdanning i fengsel"— Utskrift av presentasjonen:

1 Motivasjon for utdanning og hinder for utdanning i fengsel
Terje Manger Forskingsgruppe for kognisjon og læring (BCLG) Universitetet i Bergen Opplæring innan kriminalomsorg. Samling for skuleeigarar og leiarar. Quality Hotel Augustin, Trondheim 4. og 5. april 2017

2 Forsking i norske og nordiske fengsel (Forskingsgruppe for kognisjon og læring, Universitetet i Bergen) 2004: Alle innsette i Noreg 2006: Alle innsette i Noreg 2007: Eit representativt utval innsette i Noreg : Alle innsette i dei nordiske landa (i Sverige eit representativt utval) 2009: Alle innsette i Noreg 2011: Utvalde grupper utanlandske innsette i nordiske fengsel* 2012: Alle norske innsette og alle innsette frå Polen, Litauen og Nigeria 2015: Alle norske innsette og alle innsette frå Polen, Litauen og Albania Fengselsbetjentane si rolle i forhold til opplæringa i kriminalomsorga* *I samarbeid med Kariane Westrheim, Forskingsgruppa kunnskap, utdanning og demokrati, Universitetet i Bergen

3 Takk til Innsette og tilsette i norske fengsel Tilsette i skulane
Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga Justis- og beredskapsdepartementet, ved KDI

4 Undersøkingar av livsløp viser tre «stiar» til utvikling av antisosial åtferd og kriminalitet
Alvorlege åtferdsproblem frå tidleg barndom. Personar som viser antisosial åtferd og kriminalitet gjennom livet («tidlegstartarar»). Tilnærma normal barndom. Personar som viser antisosial åtferd og kriminalitet frå ungdomsåra («seinstartarar»). Personar som viser antisosial åtferd og kriminalitet frå vaksen alder. (t.d. Chen & Jaffee, 2015; Eme, 2016; Moffitt m.fl., 2008; Odgers m.fl., 2007)

5 Tidlegare funn: Motivkategoriar hos innsette (Manger, Eikeland, Roth & Asbjørnsen, 2013)
Ein faktoranalyse basert på 15 einskildgrunnar gav tre motivkategoriar: Faktor 1: «Endring og meistring av framtida» Faktor 2: «Sosiale og situasjonsprega grunnar» Faktor 3: «Kompetansebygging»

6 «Grovt» sortert: To former for motivasjon
Indre motivasjon Ytre motivasjon

7 Amotivasjon og ulike former for motivasjon (Deci & Ryan, 1985)
Amotivasjon (manglar heilt motivasjon) Ytre motivasjon (aktiviteten er regulert av ytre forhold) Ytre regulering (oppnå eit gode, unngå straff) Indre tvang (visa at ein duger, unngå skam) Identifisert regulering (identifiserer seg med verdiane bak aktiviteten) Integrert regulering (aktiviteten passar med verdiar/livsstil) Indre motivasjon (aktiviteten er interessant i seg sjølv)

8 Metode Motivasjon for utdanning
Innsette med norsk og utanlandsk (albansk, litauisk og polsk) statsborgarskap som deltek i opplæring innan kriminalomsorga Ein norsk, albansk, litauisk og polsk versjon av Academic Motivation Scale (AMS), tilpassa innsette (Ratelle mfl., 2007; Vallerand mfl.,1989) The AMS byggjer på «Self-Determination Theory» (SDT) (Deci & Ryan). Utsegner som måler integrert regulering er ikkje med i AMS Hinder for utdanning i fengsel Innsette med norsk og utanlandsk statsborgarskap som ikkje deltek i opplæring innan kriminalomsorga Eit spørjeskjema som inneheld 21 aktuelle grunnar for å ikkje delta

9 Spørjeskjema (AMS) – døme på utsegner
Amotivasjon: «Jeg vet ikke; jeg forstår ikke hva jeg gjør på skolen» Ytre regulering: «For å få bedre lønn senere» Indre tvang: «Fordi det å lykkes i utdanning får meg til å føle meg viktig» Identifisert regulering: «Fordi det vil hjelpe meg til å ta et bedre valg når det gjelder yrkesvei» Indre motivasjon: «Fordi jeg opplever glede og tilfredsstillelse når jeg lærer nye ting» Skala frå 1 («passer ikke i det hele tatt») til 7 («passer helt»).

10 Motivasjon for utdanning hos innsette som deltek i opplæringa i kriminalomsorga
Norske statsborgarar Albanske, litauiske og polske statsborgarar Amotivasjon 1, 5 1, 4 Ytre regulering 4, 7 4, 5 Indre tvang 4, 3 Identifisert regulering 5, 0 Indre motivasjon 5, 4 5, 6 Skala frå 1 («passer ikke i det hele tatt») til 7 («passer helt»). Skår mellom 2 og 3 = «passer litt» Skår 4 = «passer delvis» Skår mellom 5 og 6 = «passer godt»

11 Både høg indre motivasjon og høg ytre regulering
Norske statsborgarar: 41 prosent Albanske, polske og litauiske: 43 prosent Indre motivasjon: Faget eller aktiviteten interessant i seg sjølv Ytre regulering: Tek utdanning for å oppnå eit gode

12 Signifikante skilnader i motivasjon for utdanning mellom grupper av norske innsette som deltek i opplæringa i kriminalomsorga Eldre personar har lågare ytre motivasjon enn yngre, men høgare indre motivasjon. Dei med høgare utdanning har lågare ytre motivasjon enn andre men høgare indre motivasjon. Dei som tek høgare utdanning i fengsel har lågare ytre motivasjon enn dei andre som tek utdanning (men lik indre motivasjon) Dess større lærevanskar (lesing, skriving, matte) dess lågare indre motivasjon og dess høgare amotivasjon. Den ytre motivasjonen stig med soningslengd.

13 Praktiske utgangspunkt: Motivasjon, meistring og læring
Samspel mellom forhold i personen (t.d. evner, kunnskapar, innsats, sjølvregulering, meistringsforventning, tru på seg sjølv) og forhold i situasjonen eller miljøet (t.d. betjentar, lærarar, lærestoff, meistringsopplevingar, rollemodellar, sosial overtaling, læringsmiljø, eksternt hjelpeapparat)

14 Skal ein vektleggja indre eller ytre motivasjon hos elevar og studentar?
Indre og ytre motivasjon er naudsynlegvis ikkje motsetnader. Indre motivasjon har effekt på kvaliteten av prestasjonar medan ytre motivasjon har effekt på kvantiteten. Cerasoli, Nicklin & Ford (2014) Ein metaanalyse av forsking om indre og ytre motivasjon dei siste 40 åra. “Seeking only immediate enjoyment with no attention to external contingencies and constraints may substantially reduce a student’s future outcomes and opportunities” (Lepper, Corpus, and Iyengar, 2005 s. 191).

15 Praktiske følgjer for utdanning i fengsel Motivasjon
Opprettheld den ytre motivasjonen gjennom samarbeid med arbeids- og velferdsetaten og kommunar og fylkeskommunar. Styrk den indre motivasjonen gjennom utvikling av kompetanse og autonomi Styrk motivasjonen hos dei som heilt manglar motivasjon gjennom oppgåveros, men unngå overdriven personros Styrk motivasjonen for utdanning hos dei som sonar kort tid

16 Institusjonelle hinder Situasjonelle hinder Disposisjonelle hinder
Hinder for utdanning Institusjonelle hinder Situasjonelle hinder Disposisjonelle hinder (Cross, 1981; Flynn, Brown, Johnson & Rodger, 2011; Darkenwald & Merriam, 1982)

17 Stemmer ikkje i det heile
Dei 10 viktigaste grunnane til å ikkje delta i opplæringa i fengsel. Svara (i prosent) frå 786 norske innsette som ikkje deltek. Grunnar Stemmer heilt Stemmer godt Stemmer litt Stemmer ikkje i det heile Det er mangelfull tilgang på programvare og internett 38 16 19 28 Eg vil heller jobba 33 14 22 32 Straffegjennomføringa blir avslutta før eg får fullført utdanning/opplæring 18 40 Tilbodet som eg er interessert i finst ikkje 24 12 21 43 Eg får ikkje nok informasjon om utdanning/opplæring 11 26 42 Det er vanskeleg å konsentrera seg i fengsel 17 15 29 39 Eg har nok utdanning/opplæring 10 50 Opplæringsforholda er for dårlege 47 Det er vanskeleg å kombinera jobb og skule 25 51 Eg har store vanskar med rekning eller matematikk 13 54

18 Dei 6 viktigaste grunnane til å ikkje delta i opplæringa
Dei 6 viktigaste grunnane til å ikkje delta i opplæringa. Svara frå 97 innsette frå Albania, Litauen og Polen som ikkje deltek. Prosenttal som svarar at utsegnene «stemmer heilt» eller «stemmer godt». Grunnar Albania Litauen Polen Eg vil heller jobba 50 46 51 Eg ventar på plass 43 53 27 Eg får ikkje nok informasjon om utdanning/opplæring 29 57 Tilbodet som eg er interessert i finst ikkje 44 37 Det er mangelfull tilgang på programvare og internett 17 58 63 Eg forstår ikkje informasjonen som blir gitt 24 26

19 Praktiske følgjer for utdanning i fengsel: Reduser hinder
Tilgangen på ikt og programvare må betrast Tilboda om opplæring må bli enda meir varierte Informasjonen om opplæring må bli betre Dei som har lærevanskar og konsentrasjonsvanskar må få god hjelp til å koma i gang med utdanning Korte domar må ikkje vera hinder for utdanning

20 «Tru på seg sjølv» (Eit uttrykk, ofte brukt upresis, i omtale av innsette)
Korleis formast slike opplevingar (tru på seg sjølv) hos eit menneske? Kva gjorde «The self-esteem movement» i USA og kva viste dei forskingsmessige evalueringane av framgangsmåtane deira?

21 Øving gjer meister Å prøva å snakka folk til å tru godt om seg sjølv utan å utstyra dei med den kompetansen som skal til hjelper ikkje mykje. Det skal mykje meir til enn høg tru på seg sjølv for å kunne meistra oppgåver. (Albert Bandura, 1997)


Laste ned ppt "Motivasjon for utdanning og hinder for utdanning i fengsel"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google