Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon v/Vegard Tjørhom – journalist og kommunikasjonsrådgiver i Kirkens Nødhjelp: Dette er mine foreldre, som bur høgt oppi fjellet på sørvestlandet,

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Presentasjon v/Vegard Tjørhom – journalist og kommunikasjonsrådgiver i Kirkens Nødhjelp: Dette er mine foreldre, som bur høgt oppi fjellet på sørvestlandet,"— Utskrift av presentasjonen:

1 Presentasjon v/Vegard Tjørhom – journalist og kommunikasjonsrådgiver i Kirkens Nødhjelp:
Dette er mine foreldre, som bur høgt oppi fjellet på sørvestlandet, nærare bestemt i Sirdal. Dei har tre faste rutiner kvar dag. Det eine er å sovne til værmeldinga på Dagsrevyen. Det andre er å sette potetene til kok – for utan poteter blir det jo aldri ein skikkeleg middag. Og det tredje er å drive ein stille kamp om å sikre seg lokalavisa først. Dei andre avisene kan gjerne vente. For det er i Agder du finn dei unike nyheitene frå Flekkefjord, Kvinesdal, Lund og, ja, Sirdal, som du ikkje finn nokon annan stad. Om det er noko som skjer i Sirdal – og, ja, det skjer faktisk ein del spennande i Sirdal, – då står det om det i Agder.

2 Korleis kome på i lokalavisene?
Og eg trur ikkje berre det er mine to gamle som posisjonerer seg for få fatt på lokalavisa før andre rekker å ta den, for lokalavisene står enormt sterkt i nordmenns kvardag. Mens dei store nasjonale papiravisene taper kampen om lesarane fordi dei produserer for mykje likt, så er det dei små lokalavisene med den nære journalistikken som held stand. I undersøkingar om kva medium i Norge som har mest tillit, så er lokalavisene på fjerdeplass, bare slått av NRK, Aftenposten og Dagens Næringsliv. Så – det er ikkje utan grunn at eg no står her og skal få dykk med på laget. For om me skal nå ut med informasjon om Fasteaksjonen, så er lokalavisene ein av dei aller viktigaste nøklane me har. Men me klarer ikkje å nå ut til alle utan at dykk er med på laget.

3 Korleis kome på i lokalavisene?
Bruk pressemeldinga og lesarinnlegget som ligg klart på Fasteaksjonen.no Så er spørsmålet korleis me skal klare dette?

4 Korleis kome på i lokalavisene?
Bruk pressemeldinga og lesarinnlegget som ligg klart på Fasteaksjonen.no – me har også vore storsinna nok til å lage bokmålsversjonar av dette. Me i Kirkens Nødhjelp har lagt det meste til rette for at dette skal bli enkelt. Me har laga eit utkast til ei pressemelding som ligg på Fasteaksjonen.no, og som de kan sende ut til dykkar lokalavis.

5 Eg har laga ein liten video som viser akkurat kor enkelt dette kan gjerast. Det er berre til å skrive inn fasteaksjonen.no i nettlesaren. Trykke i materiellbanken der du også finn mykje anna spennande, deretter inn på Media og Synlighet. Der ligg det pressepakkar på begge målformer. Me klikker oss sjølvsagt inn på nynorskpakken der me finn pressemelding og lesarinnlegg, og under finn du bilete som er til fri bruk. Men du må for all del ikkje vidaresende desse filane utan å opne dei først, for me har berre laga malar. Du må endre nokre småting slik at den vert tilpassa din kyrkjelyd eller lokalmiljø. Deretter kan du alltids finne eit bilete. Ta det biletet du synes passar best, lagre det på PC-en din slik at du kan sende det vidare til dei som treng det. Alt dette finn du altså på Fasteaksjonen.no, under materiellbank. Så himla enkelt, men også så himla viktig.

6 Korleis kome på i lokalavisene?
Bruk pressemeldinga og lesarinnlegget som ligg klart på Fasteaksjonen.no – me har også vore storsinna nok til å lage bokmålsversjonar av dette. Aldri dumt å planlegge litt på førehand. For å få gjort dette på ein effektiv og god måte, så er det greitt å starte planlegginga litt i forkant.

7 Korleis kome på i lokalavisene?
Bruk pressemeldinga og lesarinnlegget som ligg klart på Fasteaksjonen.no – me har også vore storsinna nok til å lage bokmålsversjonar av dette. Aldri dumt å planlegge litt på førehand. Snakk med nabosokna – eller andre samarbeidspartnarar i regionen. Meir proft å koordinere presseinnsalet. Det kan vere lurt å snakke med andre sokneråd i området, for å sjå om dei også har tenkt å sende inn eit bidrag.

8 Korleis kome på i lokalavisene?
Bruk pressemeldinga og lesarinnlegget som ligg klart på Fasteaksjonen.no – me har også vore storsinna nok til å lage bokmålsversjonar av dette. Aldri dumt å planlegge litt på førehand. Snakk med nabosokna – eller andre samarbeidspartnarar i regionen. Meir proft å koordinere presseinnsalet. Skal de gjere noko meir ut av det enn å sende ei pressemelding? Kanskje skal de gjere noko meir enn å berre seie at det er Fasteaksjon?

9 Korleis kome på i lokalavisene?
Bruk pressemeldinga og lesarinnlegget som ligg klart på Fasteaksjonen.no – me har også vore storsinna nok til å lage bokmålsversjonar av dette. Aldri dumt å planlegge litt på førehand. Snakk med nabosokna – eller andre samarbeidspartnarar i regionen. Meir proft å koordinere presseinnsalet. Skal de gjere noko meir ut av det enn å sende ei pressemelding? Fasteaksjonen er jo 50 år: Kan de invitere ein journalist til førebuingane til jubileumsaksjonen? Finnest det ein person i soknet som gjekk med bøsser for 50, eller kanskje 30 år sidan, og som framleis bidreg? Kanskje nokon av konfirmantane har ein bestemor eller bestefar som også gjekk med bøsser då dei var unge? Har de fått med dykk flyktningar frå Syria eller Etiopia til å gå med bøsser – eller samarbeid med den lokale moskeen? Bruk gjerne litt fantasi. I år er det til dømes 50. gongen at Fasteaksjonen vert arrangert. Kan de bruke det til noko? Eksempler Når de har gjort dette, så er de klar for den litt småskumle biten – som eigentleg ikkje er så skummel.

10 Alle desse folka på bileta her kjenner eg, og dei har to ting til felles. Dei er veldig hyggelege, også er dei journalistar. Så dette er ikkje så skummelt når alt kjem til alt.

11 Korleis kome på i lokalavisene?
Bruk pressemeldinga og lesarinnlegget som ligg klart på Fasteaksjonen.no – me har også vore storsinna nok til å lage bokmålsversjonar av dette. Aldri dumt å planlegge litt på førehand. Snakk med nabosokna – eller andre samarbeidspartnarar i regionen. Meir proft å koordinere presseinnsalet. Skal de gjere noko meir ut av det enn å sende ei pressemelding? Fasteaksjonen er jo 50 år: Kan de invitere ein journalist til førebuingane til jubileumsaksjonen? Finnest det ein person i soknet som gjekk med bøsser for 50, eller kanskje 30 år sidan, og som framleis bidreg? Kanskje nokon av konfirmantane har ein bestemor eller bestefar som også gjekk med bøsser då dei var unge? Har de fått med dykk flyktningar frå Syria eller Etiopia til å gå med bøsser – eller samarbeid med den lokale moskeen? Ta opp røyret og ring lokalavisa, eller aller helst ein journalist du kjenner Legg det fram som at dette er ein god sak og eit tilbod du har til journalisten, ikkje unnskyld deg. Gjer ein avtale om at du sender ein oppfølgingsmail med meir informasjon. Send pressemeldinga, eventuelt ein lokal versjon av denne, og anna informasjon som kan vere interessant for journalisten å dekke. Selg dette inn som ei god sak, og at dette er eit tilbod til avisa. Ikkje unnskyld deg. Sei at du har ein epost du gjerne sender med meir informasjon. Send pressemeldinga, eventuelt ein lokal versjon de har laga, og om du har nokre tips til vinklingar eller arrangement journalisten bør vite om – så skriv du det også. Om de gjer dette, så skal de sjå at de plutseleg kan ende opp med noko slikt som dette

12 Haugesund Rana

13 Vegårshei og Tvedestrand – begge i Tvedestrandsposten
Smaalenenes Avis Ås

14 Finnmarken


Laste ned ppt "Presentasjon v/Vegard Tjørhom – journalist og kommunikasjonsrådgiver i Kirkens Nødhjelp: Dette er mine foreldre, som bur høgt oppi fjellet på sørvestlandet,"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google