Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Formålet med opplæringa er å vise kor sentralt likestilling står i Noreg, og tydeleggjere innsatsen frå myndigheitene si side for å fremme likestilling.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Formålet med opplæringa er å vise kor sentralt likestilling står i Noreg, og tydeleggjere innsatsen frå myndigheitene si side for å fremme likestilling."— Utskrift av presentasjonen:

1

2 Formålet med opplæringa er å vise kor sentralt likestilling står i Noreg, og tydeleggjere innsatsen frå myndigheitene si side for å fremme likestilling og arbeid mot diskriminering. Det skal leggast særleg vekt på likestilling mellom kjønna.

3 Likestilling mellom kvinner og menn
1 Likestilling mellom kvinner og menn Lov om likestilling mellom kjønnene (likestillingslova) blei første gong innført i 1978. Lova gjeld på alle område i samfunnet. Likestillingslova av 1978 blei avløyst av ny lov om likestilling i 2013. Formålet med likestillingslova er å fremme likestilling uavhengig av kjønn og å betre kvinners stilling. Noreg er eit av dei landa i verda der likestilling mellom kjønna har komme lengst. (Kjelde: Sjå også «Barn og foreldrerolla» og «Kvardagslege tema og sosial omgang» / «Deltaking i arbeidslivet». Her finst også ei diskusjonsoppgåve/case.

4 Kvinnekampen førte til store samfunnsendringar
2 Demonstrasjonstog for kvinners rettar i Oslo cirka 1975 I 1986 fekk Noreg den første regjeringa som bestod av fleire kvinner enn menn. Fram til 1970-talet var mange kvinner heimeverande og hadde ansvar for barna og heimen, medan mannen hadde lønt arbeid utanfor heimen og forsørgde familien. På 1970-talet skjedde det store endringar. Kvinners kamp for økonomisk sjølvstende og individuell fridom førte fram. Det blei meir og meir vanleg at kvinner arbeidde utanfor heimen. I dag er det sjølvsagt at kvinner deltar i arbeidslivet, tar utdanning og er aktive i politikken på lik linje med menn. Ei rekke familiepolitiske reformer frå 1970-talet til i dag, som rett til fødselspermisjon og rett til barnehageplass, har bidratt til dette. Sjå også «Kvardagslege tema og sosial omgang» / «Deltaking i arbeidslivet».

5 Kvinners deltakelse i arbeidslivet
3 Noreg har høg grad av yrkesdeltaking for både kvinner og menn. I dag er det nesten like mange kvinner som menn som deltar i arbeidslivet. Sjølv om likestillinga i arbeidslivet har komme langt, er det framleis klare skilje etter kjønn i arbeidsmarknaden. For meir informasjon, sjå stortingsmeldinga Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn. Kjelde: ssb.no/arbeid-og-lonn, oppdatert 18. januar 2017

6 Kvinner i høgare utdanning
4 40 % 2015 60 % Det er fleire kvinner enn menn som tar utdanning ved universitet og høgskolar. I dag er 60 prosent av studentane i høgare utdanning kvinner. Denne prosentdelen har vore uforandra dei siste 15 åra. Det er også fleire jenter enn gutar som fullfører vidaregåande opplæring. Kjelde: ssb.no/utdanning, oppdatert 20. januar 2017

7 Kvinner i politikken 60 % 40 %
5 5 60 % 40 % Kjelde: stortinget.no Oppdatert 27. juli 2016 Det er 169 folkevalde representantar på Stortinget. I 2016 var 40 prosent av representantane kvinner, 60 prosent var menn. Fordelinga av kvinner og menn på Stortinget endrar seg ved kvart stortingsval.

8 Likestilling og diskriminering – to sider av same sak
Likestilling betyr at alle skal ha like moglegheiter og rettar. Diskriminering skjer når nokon blir behandla dårlegare enn andre på grunnlag av kjønn, religion, etnisitet, nasjonalitet, seksuell orientering eller nedsett funksjonsevne. 6 Likestilling blir av norske myndigheiter rekna som ein grunnverdi i samfunnet. Den norske staten har gjennom tilslutning til FNs menneskerettserklæring forplikta seg til å fremme likestilling. (Kjelde: Det er vanleg å skilje mellom likestilling i betydninga relasjon mellom ulike grupper, og likeverd, som inneber at alle individ og grupper har same verdi. Vern mot diskriminering er eit viktig perspektiv i likestillingspolitikken.

9 Diskriminering på grunnlag av kjønn
Vern mot diskriminering på grunnlag av kjønn er heimla i likestillingslova. Trakassering på grunnlag av kjønn er forbode. Det same gjeld seksuell trakassering. 7 Likestillingslova slår fast at diskriminering på grunnlag av kjønn er forbode. I eit jobbintervju er det for eksempel ikkje lov å spørje ein kvinneleg søkar om ho er gravid eller planlegg å bli det i nær framtid. Med trakassering på grunnlag av kjønn meiner ein handlingar eller ytringar som er krenkande, skremmande, fiendtlege, støytande eller audmjukande. Med seksuell trakassering meiner ein uønskt seksuell merksemd som er plagsam for den det gjeld.

10 Diskriminering på grunnlag av etnisitet, religion eller livssyn
Vern mot diskriminering på grunnlag av etnisitet, religion eller livssyn er regulert i diskrimineringslova om etnisitet. Formålet med diskrimineringslova er å fremme likestilling, uavhengig av etnisitet, religion og livssyn. 8 Det er forbode å diskriminere personar på grunnlag av etnisitet, religion og livssyn, jf. diskrimineringslova om etnisitet. Trakassering på grunnlag av etnisitet, religion eller livssyn er også forbode.

11 Forbod mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering
Det er forbode å diskriminere for eksempel lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og intersex-personar (LHBTI) på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk. Vern mot diskriminering er regulert i diskrimineringslova om seksuell orientering. Formålet med lova er å fremme likestilling, uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. 9 Alle menneske har krav på å bli behandla med respekt. Det er forbode å diskriminere nokon på grunnlag av seksuell orientering. Diskrimineringslova om seksuell orientering tredde i kraft i 2014 og gjeld på alle område i samfunnet, med unntak av familieliv og andre private forhold. LHBTI-personar skal ikkje stengast ute frå arbeid, organisasjonar eller andre sosiale møteplassar på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk. For meir informasjon, sjå

12 Diskriminering på bustadmarknaden
Case: Lisa og Anna har vore kjærastar i to år og skal bli sambuarar. No er dei på jakt etter ei leilegheit, og Lisa har vore i kontakt med ein huseigar som ønsker å leige ut ei kjellar- leilegheit. Huseigaren er svært positiv og vil at Lisa skal komme og sjå på leilegheita så snart som mogleg. Lisa og Anna går saman for å sjå på leilegheita. Når huseigaren opnar døra, skjer dette: Huseigaren: Hei, er det du som er Lisa? Skal du sjå på leilegheita? Og har du med deg ei venninne? Lisa: Ja, det er kjærasten min, Anna. Vi skal bli sambuarar. Huseigaren: Oi, dette var litt uventa. Leilegheita er dessverre allereie utleigd. Diskusjon: Kva trur du er grunnen til at huseigaren likevel ikkje vil leige ut til Lisa? Er dette diskriminering? 10 Lisa og Anna blir her utsette for usakleg forskjellsbehandling av ein utleigar. Det er ikkje lov å diskriminere på grunnlag av seksuell orientering (jf. husleigelova § 1-8), men det kan vere vanskeleg å dokumentere at dei blei forskjellsbehandla fordi dei er lesbiske. Det er fleire statlege etatar som jobbar for likestilling og mot diskriminering. Hos Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) kan alle som meiner at dei blir diskriminerte, få hjelp. All hjelp frå LDO er gratis, sjå

13 Diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne
Det er forbode å diskriminere personar på grunnlag av nedsett funksjonsevne. Vern mot diskriminering er regulert i diskriminerings- og tilgjengelova. 11 Det er eit mål at menneske med nedsett funksjonsevne skal få oppfylt dei grunnleggande rettane dei har til å bestemme over seg sjølve, ha eit familieliv og delta i samfunnet på same måte som andre. Diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne er forbode. Dette er regulert i diskriminerings- og tilgjengelova. Lova gjeld på alle område i samfunnet, med unntak av familie- og privatliv.

14 Tilrettelegging og tilgjenge
Diskusjon: Sjå på bileta, og snakk om kva som er gjort for å legge til rette for personar med nedsett funksjonsevne. 12 Offentlege bygningar og transportmiddel skal i prinsippet vere utforma slik at dei er tilgjengelege for alle. Personar som bruker rullestol, skal for eksempel kunne komme inn i eit bygg eller på ein buss med rullestol, og blinde og svaksynte skal kunne orientere seg, for eksempel i ein heis eller ute på gata.

15 Hatkriminalitet Hatkriminalitet er straffbare handlingar som er motiverte av religion, etnisitet, kjønnsidentitet eller funksjonsevne. Trakassering blir også definert som hatkriminalitet. Strafferamma for diskriminerande eller hatefulle ytringar er fengsel i inntil tre år. 13 Straffbare handlingar som er motiverte av hudfarge, religion, etnisk opphav, seksuell orientering eller funksjonsevne, kan gi strengare straff. Ytringsfridommen gjeld ikkje for diskriminerande eller hatefulle ytringar, jf. straffelova §§ 185 og 186.


Laste ned ppt "Formålet med opplæringa er å vise kor sentralt likestilling står i Noreg, og tydeleggjere innsatsen frå myndigheitene si side for å fremme likestilling."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google