Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Oppsummering etter høyring

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Oppsummering etter høyring"— Utskrift av presentasjonen:

1 Oppsummering etter høyring
Samarbeid om krise- og katastrofeberedskap og utvikling av den akuttmedisinske kjede i Møre og Romsdal

2 Samandrag OSU 22.11.16 Høyring, frist 13.januar 2017
Høyringsinnstansar: - Brukarutvalet HMR HF - Kommunane i MR - HMR HF - Regionråda i MR Møte i Akuttutvalget

3 Høyringsspørsmål: Er valte hovudmål det rette med bakgrunn i utfordringsbiletet og behov i Møre og Romsdal? Er dei valte tiltaka dei rette for å understøtte målet? Bør det vere fleire tiltak? I så fall kva for tiltak? Sluttar ein opp om ansvars- og oppgåvefordelinga som er skildra i handlingsplanen? Sluttar ein opp om at Akuttutvalet i MR får mandat til å koordinere gjennomføring av dei ulike tiltaka? Slutter ein opp om at rapportering og evaluering må inngå som en del av arbeidet? Møte i Akuttutvalget

4 5 høyringssvar - Orkide - Ålesund kommune - Brukerutvalet i Helse Møre og Romsdal HF - Medisinsk avdeling Ålesund - Radiologi Molde og Kristiansund sjukehus Møte i Akuttutvalget

5 1. Hovedmål Det visast til at målet slik det kjem fram i handlingsplanen er meir ei lovpålagt plikt for partane, enn eit valt mål. Det er difor udiskutabelt at dette må vere siktemålet for organisering og utbygging av tenestene, vidareutvikling av kvaliteten i tenestene og for sjølve samhandlinga. Det visast til samordna krise- og katastrofeberedskap og ein heilskapleg akuttmedisinsk kjede er eit føremål som følgjer direkte av lovverket og av akuttmedisinforskrifta. (kommentar: bør en da finne mål som kan understøtte formålet?) Det er oppslutning om at gjennomføring av tiltak og aktivitetar i handlingsplanen skal støtte opp om føremålet. Møte i Akuttutvalget

6 2. Tiltak Det visast til at dei valte tiltaka er relevante og at det er god samanheng mellom tiltaka i handlingsplanen og ansvarsområda som kjem fram i Samhandlingsavtalen. Det visast samstundes til behov for konkretisering og tidfesting av tiltak i perioden Eit døme er tiltak 2.2b som omhandlar tilrettelegging for at vaktpersonell i den akuttmedisinske kjeden har nødvendig kunnskap om system, ansvar og roller. Eit anna døme er 2.2c som omhandlar det å etablere gode rutinar for informasjonsutveksling og kommunikasjon i akuttmedisinske situasjonar. Det stillast spørsmål til korleis, når og kven som skal ha ansvar for at dette vert utført. Ein slik konkretiseringsgrad kjem til dømes fram under tiltak 1.1 f , «Arrangere felles fagdag» hausten 2017. Møte i Akuttutvalget

7 Tiltak forts.. Det visast til tiltak knytt til å samordne og dele planar for sosial og helsemessig beredskap og utarbeiding av ROS-analyse (1.1 og 1.1a). Enkelte kommunar etablerer samarbeid knytt til legevakt og øyeblikkeleg hjelp døgntilbod, og for dei kan det vere hensiktsmessig med ei samla planlegging for kommunar som inngår i samarbeidet. Når det gjeld samordning og deling av planar knytt til forsyning og forsyningssikkerheit og for materiell og medisinsk utstyr, er området utfordrande på grunn av at leverandørar skal ha minst mulig lager og baserar seg på god logistikk og rask transport. Ved krisesituasjonar der kommunikasjonsrutene er langvarig sperra, står ein dårlegare rusta enn før. Det visast til at lageroppbygging krev egna lager, gode logistikksystem og lageroppbygging. Dette kostar pengar. Møte i Akuttutvalget

8 Tiltak forts.. Til spørsmål om det er andre tiltak som bør vere med i handlingsplanen, vert det fremma ønskje om eit ekstra tiltak knytt til kartlegging og avklaring av behov for kompetanse, organisering og lokalisering i ambulansetenesta opp mot ØHD, legevakt, sjukeheim og lokalmedisinsk senter (2.4). 2.4c – «Vurdere mulege tiltak for å betre legevaktsberedskapen i perifere delar av vaktdistriktet ved hjelp av den kompetansen og dei ressursane distriktsambulansen har». Det visast til at det er dei aktuelle kommunane sitt ansvar å ha kompensatoriske tiltak for val av fjern legevaktstasjon. Ein ser tydeleg at samspelet mellom ei ambulanseteneste med døgnvakt og lite utrykningar ute i distrikt og lokale kommunale tekniske ressursar og nye prosedyrer, vil kunne gje nye og betre tenester for lokalbefolkninga. Det visast til at tiltak 2.4.c vil ha ein tydeleg samanheng til tiltak a og b. Møte i Akuttutvalget

9 Tiltak forts Det gis tilbakemelding på at å vurdere samlokalisering av ambulanse opp mot legevakt/ØHD er eit særs viktig tiltak og kan bidra til å betre akuttberedskapen i kommune. Det vil i følgje forsking også føre til reduksjon i akutte innleggingar i sjukehus. Det visast til at dette tiltaket bør prioriterast og vurderast i perioden Dei prehospitale tenestene er ikkje tatt med i handlingsplanen og det vert stilt spørsmål om dette bør vere eit prioritert område for ROS-analyser. Det visast til høyringsuttale frå Orkide til konseptrapporten SNR. Sjå Brukarutvalets vurderingar – vedlegg Sjå vurdering frå radiologi Molde og Kristiansund Møte i Akuttutvalget

10 3. Ansvars- og oppgåvefordeling
Handlingsplanen gir partane stort sett likt ansvar for å nå mål i eigen organisasjon. Det visast til at utfordringa kjem ved ønskje om nye tiltak/tenester for å tette «hola» i samhandlinga og ein ikkje kjem til semje om ansvar og ressursar. Eit døme er plikt til å sende kommunal lege ved utrykning, rein pasienttransport med ambulanse, ulik vurdering av behov for akutt innlegging i sjukehus. Det visast til at handlingsplanen i liten grad adresserar tiltak innafor desse utfordringsområda. Møte i Akuttutvalget

11 4. Akuttutvalets rolle Det er oppslutning om at akuttutvalet får mandat til å koordinere gjennomføring av dei ulike tiltaka. Det visast til representasjon: Det ser derimot ut til at utkantkommuner ikkje er representert. Ofte kan mindre perifere kommuner som ligg lengre frå sjukehusa, ha andre utfordringar enn større kommuner/bykommuner. Det er ei svakheit at disse kommunene ikkje direkte er representert. Møte i Akuttutvalget

12 6. Evaluering Det er oppslutning om å evaluere arbeidet og at det skal utarbeidast ein årleg rapport om evaluering av mål og tiltak for å sikre framdrift i arbeidet Møte i Akuttutvalget

13 Andre kommentarar Det visast til at utfordringsbiletet inneheld ein del områder det må arbeidast med, for at pasienten skal oppleve ei samanhengande helseteneste og samstundes nytte ressursar på ein samfunnsøkonomisk måte. Handlingsplanen bør adressere desse utfordringane meir direkte. Det visast samstundes til at dette er ein første generasjons handlingsplan med føremål om å oppnå ei generell styrking av samhandlinga og gjensidig kunnskap om dei samla tenestetilboda. I utvikling av handlingsplanen, bør tiltaka rettast meir i retning av konkret problemløysing på dei områda der helsetenestene har mynde og kontroll over ressursane. Møte i Akuttutvalget

14 Vidare plan Justert utkast i OSU 18. mai
Kva kan konkretiserast og evt nye tiltak mht tilbakemeldingar Korleis sikre operasjonalisering? Akuttutvalet og representasjon i framtida – behov for utviding? Møte i Akuttutvalget


Laste ned ppt "Oppsummering etter høyring"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google