Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Ungdata 2016 Presentasjon på Folkehelseseminar, Tønnegarden 9.11.2017.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Ungdata 2016 Presentasjon på Folkehelseseminar, Tønnegarden 9.11.2017."— Utskrift av presentasjonen:

1 Ungdata 2016 Presentasjon på Folkehelseseminar, Tønnegarden

2 Ung-data-undersøkinga
8. og 10. klasse på Fusa ungdomsskule og elevar på vg2 på Fusa vgs deltok i undersøkinga februar 2016.  Nesten 200 elevar totalt har svart.  Vg2-undersøkinga kan også inkludera elevar frå andre kommunar. Undersøkinga er gjennomført i klasseromma. Svarprosent ungdomsskulen: 92 %. Vidaregåande: 73 %.

3 Vi får veta mykje på ulike område
Ressursar (familieøkonomi, nære relasjonar, nettverk) Skule og framtid (lekser, trivsel, skuleproblem, mobbing, framtidstru) Fritid (organisert, uorganisert, mediebruk) Helse og trivsel (psykisk, fysisk aktivitet, måltidsvanar, trivsel i nærmiljø) Tobakk og rusmiddel (eigen bruk, tilgjenge, reglar i heimen, forbruk i nettverk) Åtferdsproblem, vald og risiko (lovbrot, kontakt m/politiet, andre ting)

4 1 - Ressursar Familieøkonomi: Ca. 10 % av vg2-elevane bur i familiar som stort sett eller alltid har dårleg råd. Ungdomsskulen: 4 %. Nære relasjonar: Over 90 % har minst ein fortruleg venn. Ca. 10 % har ingen å gå til dersom dei har personlege problem. Ca. 20 % er plaga av einsemd i løpet av den siste veka.

5 2 - Skule og framtid Ungdommen trivst godt på skulen.
27 % i 8. klasse gruer seg ofte til å gå på skulen. Rundt 20 % på ungdomsskulen og på vg2 gruar seg ofte til å gå på skulen. Dei ser lyst på framtida med tanke på å få tatt utdanning og eiga sin eigen bustad. 83 % av gutane og 63 % av jentene trur dei vil få eit godt og lukkeleg liv.

6 3 - Fritid Ca. 60 % av ungdomsskuleelevane er med i fritidsorganisasjon. Nesten det same for vg2-gutar, men berre 30 % av jentene på vg2. Dei kjenner seg trygge i nærmiljøet, men saknar betre kulturtilbod og betre offentleg transporttilbod. Ungdomsskuleelevane er svært negative til om det er nok lokale (møtestadar) for å treffa andre unge. Vg2-elevane er på landsgjennomsnittet når det gjeld nok lokale for treff.

7 4 - Helse og trivsel Fleire enn landsgjennomsnittet rapporterer at dei trener kvar veke (93 % i ungdomsskulen, 86 % i vg2). Spisevaner: Meir enn 40 % av ungdomsskuleelevane et ikkje dagleg lunsj/niste. Nesten 50 % av jentene på vidaregåande et ikkje lunsj/niste og 45 % av gutane på vg2 et ikkje frukost dagleg.

8 4 – helse og trivsel - framhald
Sjølvbilete: Ca. 90 % av gutane og under 60 % av jentene liker seg sjølv slik dei er (begge skuleslag). 15 % av gutane og 37 % av jentene i ungdomsskulen er ofte skuffa over seg sjølv. 19 % av gutar på vg2 og 60 % av jentene er ofte skuffa over seg sjølv. Depressivt stemningsleie og einsemd – plager «i løpet av den siste uka». Jentene i Fusa ligg høgt og faktisk i øvre sjikt i høve til landet

9 5 – tobakk og rusmiddel Lite rus på ungdomsskulen, både når det gjeld røyk, snus, alkohol og hasj. Rusbruken på vg2 er under landsgjennomsnittet. Fusa-ungdommen debuterer 1 år seinare med alkohol no enn tidlegare. Ein god del opplever alvorlege og uheldige situasjonar fordi dei har drukke for mykje alkohol (angra/uønskt sex, slagsmål, problem med politiet). Det er få som røykjer dagleg. Få som snusar samanlikna med andre kommunar. Jentene er i overvekt som daglege snusbrukarar.

10 6 - Åtferdsproblem, vald og risiko
Spørsmåla gjeld nasking, innbrot, tagging, slåssing, trugsmål om vald og skadd pga vald. Det er låge tal og stort sett same situasjon som landsgjennomsnittet.


Laste ned ppt "Ungdata 2016 Presentasjon på Folkehelseseminar, Tønnegarden 9.11.2017."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google