Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Torbjørn Hasund, planstaben Sogn og Fjordane fylkeskommune

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Torbjørn Hasund, planstaben Sogn og Fjordane fylkeskommune"— Utskrift av presentasjonen:

1 Torbjørn Hasund, planstaben Sogn og Fjordane fylkeskommune
«Korleis forankre regional plan for vassforvaltning inn i det kommunale plansystemet.» Torbjørn Hasund, planstaben Sogn og Fjordane fylkeskommune

2 Regional plan Regional plan er IKKJE juridisk bindande
Men; den SKAL likevel leggjast til grunn for kommmunal planlegging og verksemd Kan fungere som grunnlag for motsegn Kor god prosessen har vore er avgjerande. Planen er IKKJE juridisk bindande. Den fører ikkje til absolutte forpliktelsar av rettslig art. MEN det betyr samstundes at det vert FORVENTA at det som vert vedteke av mål og tiltak i den regionale planen skal takast med og svarast på i kommunale planar, tiltak og anna kommunal verksemd. Den kan og nyttast som grunnlag for å reise motsegn til kommunale planforslag for dei mynde som vert berørt og har innsigelseskompetanse. Prosessen er avgjerande. Det aller viktigaste er kanskje at alle berørte mynde; kommune, fylke og stat har som mål at den regionale planen skal gjennomførast. Det viktigaste er at planprosessen og arbeidet med planen vert gjennomført på ein slik måte at alle involverte partar ser det som føremålstenleg å følgje opp planen.

3 Kommuneplanprosessen
Kommunal planstrategi Alle kommunane har vedteke ein planstrategi for Planstrategien er ein plan for planarbeidet i planperioden. I planstrategien vil også ein definisjon av kva mål ein ønskjer å oppnå for kommunen og kommunesamfunnet vere sentral. Korleis ein vil halde seg til ulike regionale planar, inkludert REGIONAL PLAN FOR VASSFORVALTNING bør vere diskutert i kommunal planstrategi. Strategien skal munne ut i ei prioritert liste over kva planar som må prioriterast for å nå dei måla. Samfunnsdel og arealdel Ofte vert samfunnsdel og arealdel prioritert tidleg i planperioden, dei er heilt sentrale planar i kommunal verksemd. Samfunnsdel helst først. Vassforvaltning og andre mål for den fysiske planlegginga bør diskuterast i samfunnsdelen, fordi samfunnsdelen også skal setje føringar for vidare arbeid med arealdelen.

4 Kommuneplanen sin arealdel
Ei overordna bindande forskrift for arealbruken Resultat av ein brei medverknadsprosess Alltid planprogram og konsekvensvurdering. Sentralt middel for å oppnå kommunal, regional og statleg arealbrukspolitikk Statlege og regionale fagetatar kan gå til motsegn Kommunedelplan for vatn og avløp byggjer på arealdelen Arealdelen er ei overordna juridisk bindande forskrift for arealbruken. Dei fleste arealplanar berører eitt eller fleire vassdrag, grunnvassførekomstar eller sjøområde direkte eller indirekte. Kommunen skal gjennom arealdelen prøve å sikre at miljøtilstanden i vassførekomstane ikkje vert forringa og slik at miljømåla som er fastsatt i vassforvaltningsplanen vert nådd.  Resultat av ein brei medverknadsprosess. Kommuneplanen sin arealdel er underlagt eit ganske tungt krav til medvirkning, i og med at ein slik plan vil kunne ha store konsekvensar for mange interesser. Kommuneplanen skal alltid ha planprogram og konsekvensvurdering. Det skal lagast eit planprogram som skal vedtakast i kommunestyret, og som mellom anna seier kva utgreiingar som skal gjennomførast. Konsekvensane av den foreslåtte arealbruken skal undersøkast gjennom konsekvensutgreiinga og kunnskapen skal inn i planen Gjennom prosessen vil kommune, fylkeskommune og regional stat ha meiningar om planane, og kome med innspel om sine føringar og kva dei ønskjer skal inn i planen. I enkelte tilfelle kan dei gå til motsegn for å oppnå sine mål for planlegginga. Regional plan for vassforvaltning kan leggast til grunn for å gå til motsegn mot plan. Det gjeld både i høve dei miljømåla som den regionale planen sjølv set, og dei krava som ligg i vassforskrifta § 12 for å tillate ny aktivitet eller nye inngrep. Kommunedelplan for vatn og avløp byggjer på arealdelen. Det vil seie at nye tiltak i arealdelen vil legge føringar for nye ønska tiltak innan vatn- og avløpssektoren. Samstundes er der eit gjensidig avhengigheitsforhold; arealdelen må søkje å forholde seg til eksisterande infrastruktur.

5 Planprogram Planprogrammet er ein plan for planarbeidet som skal:
Skildre føremål med planen Skildre kva rammer planarbeidet må halde seg til Skildre opplegg for medverknad Setje opp framdriftsplan Vurdere kunnskapsbehov og setje opp opplegg for kunnskapsinnhenting og konsekvensvurdering Planprogrammet er første formelle steg i ein kommuneplanprosess. Eg vil berre seie litt om det siste punktet her; kunnskapsbehov og konsekvensvurdering Ved utarbeiding av planar med direkte eller indirekte verknad på vassmiljø, skal kommunen vurdere eksisterende kunnskap og behovet for ny kunnskap knytt til nye tiltak. Det sentrale vurderingstemaet er om dei konkrete tiltaka som planen legg til rette for kan forventast å forringe miljøtilstanden frå ei tilstandsklasse til ei anna. Kommunen må derfor vurdere om dei alt har tilstrekkelig informasjon til å foreta ei slik vurdering eller om planprogrammet må stille krav til at nødvendig kunnskap vert framskaffa.

6 Føremålsområde - vassmiljø
Vassmiljø kan takast med i følgjande arealføremål: Grøntstruktur Landbruks-, natur og friluftslivsområde Bruk og vern av sjø og vassdrag Så korleis kan ein ta konkret omsyn til vassmiljø i arealplanen gjennom føremål? Grønnstruktur. Føremålet Grønnstruktur er gjerne mest brukt i og ved bebygde område og langs samferdselsanlegg. Dei rensar vatn og gjer at vatnet brukar lenger tid på å finne vegen til kummar og avløp. Landbruks-, natur- og friluftslivområde, LNF-område. Det er alt på land som ikkje er lagt ut som dei andre føremåla. Dette er ein føremålstype ein ikkje nyttar «aktivt» for å leggje til rette noko gjennom plan. Men det kan leggast føringar for bruk gjennom føresegner. Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Det er også sett miljømål for kystvatn, og ein kan setje føresegner som søkjer å ivareta desse måla. For eksempel kan område for akvakultur ha negativ verknad på miljømåla.

7 Føresegner - føremål fastleggje tilhøve som ikkje kan setjast i plankartet setje vilkår for bruk eller forby bruk nyansere føremål, skildre nærare kvifor setje krav om rekkjefølgje på tiltak styre visse former for bruk Føremålet med føresegner er å fastlegge tilhøve som det ikkje er mogleg eller føremålstenleg å fastlegge i plankartet. Dette kan gjelde: • setje vilkår for bruk eller forby bruk for å fremje eller sikre målet med arealføremålet • nyansere føremål, altså skildre nærare hensikt med føremålet • setje krav om rekkjefølgje for gjennomføring av tiltak (rekkjefølgjebestemmelse) • styre visse former for bruk som ferdsel, aktivitet og verksemd i planområdet.

8 Føresegner - eksempel Føresegner kan setje bindande føringar for:
omfang, lokalisering og utforming av bygningar og anlegg til landbruk og reindrift bruk og vern av sjø og vassdrag byggeforbod i 100-metersbeltet sikring av kantvegetasjon artsgrupper og artar av akvakultur plassering og omfang av anlegg Det kan til dømes setjast føresegner for: (sjå plansje) omfang, lokalisering og utforming av bygningar og anlegg til landbruk og reindrift bruk og vern av sjø og vassdrag inkludert vassflate, vassøyle og botn at det i område inntil 100 meter langs sjø og vassdrag skal vere forbode å sette i verk bestemte bygge- og anleggstiltak sikring av kantvegetasjon. Typisk direkte mot vassdrag, men også på sideareal til veg og andre anlegg kva artsgrupper og artar av akvakultur som enkeltvis eller i kombinasjon kan etablerast plassering og omfang av anlegg i vassførekomstar der det er risiko for at miljømåla ikkje kan nåast

9 Føresegner - eksempel Føresegner om vassmiljø kan også knytast til utbyggingsområde og andre anlegg og tiltak: fysisk utforming av anlegg begrense lukking av bekker krav til plassering og krav til oppsamling krav til plassering og krav som begrenser avrenning til vann og vassdrag Førre plansje viste føresegner ein kan knyte til dei føremåla som er aktuelle å nytte som eigne areal for sikre og ivareta hensynene til vassførekomsten (grøntstruktur, LNF, bruk og vern av sjø og vassdrag). Ein kan og knyte føresegner til andre typar føremål som utbyggingsføremål som bebyggelse og anlegg eller samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur. Det kan gjevast føresegner som forbyr eller påbyr tiltak eller aktivitet som har til hensikt å ivareta vassmiljøet i eller utanfor planområdet. For eksempel fysisk utforming av anlegg, slik at anlegget får minst mogleg negativ effekt på vassmiljø avgrense lukking av bekker, t.d. krevje opne løysingar som gir betre vasskvalitet og fordrøyning krav til plassering og krav til oppsamling frå areal avsett til for eksempel båtpuss krav til plassering og krav som avgrensar avrenning til vann og vassdrag

10 Omsynssoner og generelle føresegner
Omsynssoner PBL § 11-8 Skal nyttast for særskilt viktige vassførekomstar som til dømes drikkevatn Generelle føresegner PBL § 11-9 Krav til nærare gjevne løysingar for vassforsyning, avløp, veg,….. Rekkefølgjekrav for å sikre etablering av…..teknisk infrastruktur….før område vert tekne i bruk Omsynssone Spesielt viktige vassførekomstar kan i kommunale arealplaner avgrensast med omsynssone etter plan- og bygningslova (§ 11-8, 3. ledd bokstav a) og b)) som sikringssone rundt drikkevatn, både grunnvatn og overflatekjelder, eller sone med særleg krav til infrastruktur knytt til avløp og vassuttak. Omsynssoner vert brukt for å kunne knyte føresegner til spesielt viktige område. Generelle føresegner Kommunen kan, uavhengig av arealføremål, setje generelle føresegner for å sikre vassmiljøet. Det kan gjerast gjennom plan- og bygningsloven § 11-9: Krav til nærare gjevne løysingar for vassforsyning, avløp, veg,….. Rekkefølgjekrav for å sikre etablering av…..teknisk infrastruktur, grønnstruktur….før område vert tekne i bruk

11 Reguleringsplan Føresegner som kan nyttast i reguleringsplan for å sikre vassmiljøet: Tilpasse plassering og utforming av tiltak for betre vassmiljø Setje nærare vilkår for bruk av areal Setje rekkjefølgjekrav Setje krav om å gjennomføre utfyllande undersøkingar om t.d. miljøpåverknader av tiltaket. Setje funksjons- og kvalitetskrav til bygningar Som hovudregel skal ein reguleringsplan vere i tråd med arealdelen. Om den er det vil ein ha eit godt grunnlag både ved at det er gjort ein overordna konsekvensutgreiing for området, og fordi arealformål, omsynssoner og føresegner frå kommuneplanens arealdel skal leggjast til grunn for utarbeiding av reguleringsplanar. Ein reguleringsplan inneber ei detaljering av overordna plan, og ein nyttar dei same arealføremåla som i arealdelen, men med bruk av meir detaljerte underføremål . I tillegg kan det, for å ivareta omsynet til vassmiljøet, gjevast føresegner i reguleringsplan for å: tilpasse plassering og utforming av areal, bygningar og anlegg for å avveie interesser og ivareta ulike omsyn setje nærare vilkår for bruk av areal – til dømes at grøntområde også skal fungere som fordrøyingsbasseng setje krav om rekkefølge for gjennomføring av tiltak – t.d. at blågrøne areal skal vere på plass før bygningar vert tatt i bruk Setje krav til nærmere undersøkingar, herunder overvåking, for å klargjøre verknad for miljø og samfunn Setje funksjons- og kvalitetskrav til bygninger og anlegg for å sikre hensynet til bl.a. miljø


Laste ned ppt "Torbjørn Hasund, planstaben Sogn og Fjordane fylkeskommune"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google