Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Møte med kommunal Fellesnemnd.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Møte med kommunal Fellesnemnd."— Utskrift av presentasjonen:

1 Møte med kommunal Fellesnemnd.
Takk for invitasjon. Vi set stor pris på at vi får presentere arbeidet som pågår i dei kyrkjelege fellesråda når vi skal arbeide oss saman i ein ny storkommune. Når det vart opna opp for halvårlege møtepunkt med Fellesnemnda, har vi oppfatta at bakgrunnen er interesse for korleis dette arbeidet vert gjennomført. Det er difor lagt vekt på ein kort informasjon om dette arbeidet. Om de i presentasjonen skulle sjå ei grunngjeving for ein søknad i ei føreliggande sak, er vi sjølvsagt glade for det. Om det er spørsmål tek vi dei når de føler for å kome med dei. Skei Jetvard Kalland

2 Ny kommune i indre Sunnfjord i 2020!
Bakgrunn er vedtak i dei fire kommunane om at dei skal slå seg saman til ein kommune Med bakgrunn i kyrkjelova må også dei kyrkjelege organisasjonane i dei fire kommunane slå seg saman. Kyrkjelova pålegg oss å organisere oss i eit kyrkjeleg fellesråd. (Understreka og utheva av meg.) Kyrkjelova §5, 1. ledd: «I hvert sokn skal det være et menighetsråd. I kommuner med flere sokn skal det i tillegg være et kirkelig fellesråd.»

3 Slik er det vel i alle endringsprosessar? Men prosessen flyt!

4 Kyrkjeleg Fellesnemnd
Vidar Otterstad. Laila Nydal. 1. vara Harald Eikenes. 2. Vara Berit Irene Haarklau. Kommunal representant: Kari Iren Birkeland. Helga Endal, nestleiar. Eva Omdal Følling. 1. vara Nils Arve Styve. 2. vara Bente Holsen Furnes. Normann Aarseth. Steinar Dvergsdal. 1. vara. Silje Sørebø. 2. vara. Anne-Turid Taklo. Rep. for prestane: Reidar Knapstad, prost. Jetvard Kalland, leiar. Gunnhild Haarklau Mallasvik. 1. vara Kjell Klopstad vara Elin Iren Kalland. Presentasjon av medlemmene i Kyrkjeleg fellesråd. 2 frå kvart fellesråd. Gaular og Naustdal er organiserte i eit sokneråd med fellesrådsfunksjonar medan Førde og Jølster har to sokneråd som vel medlemmer til fellesrådet.

5 Prosjektorganisering.
Tre føremål: Effektiv prosess Klår ansvarsfordeling Ivareta tilsette sine rettar Kyrkja sin arbeidsgjevarorganisasjon (KA) sitt framlegg til organisering. Denne har vi valt å følgje. Prosessen sin kompleksitet er de vel kjende med. Prosessen har vorte forseinka i høve til at vi har slite med å få tilsett kyrkjeverje i Førde som også skal vere kyrkjeverje i den nye kommunen. No ser det ut som prosessen er på rett spor, vi er i ein tilsettingsprosess. I utgangspunktet står vi etter siste utlysing med 6 søkarar. Det er difor ikkje lyst etter prosjektleiar enno, det er i utgangspunktet av økonomiske årsaker. Stina Hansteen Solhøy

6 Partssamansett utval Frå kyrkjeleg fellesnemnd: Jetvard Kalland, Helga Endal, Vidar Otterstad. Vara: Normann Aarseth, Laila Nydal, Eva Omdal Følling. Frå dei tilsette: Imke Schüren, kantor, Naustdal Ingvar Vagstad, diakonmedarbeidar, Førde Vara: Rune Molvik, Jølster. Ragnhild Stav, Gaular. Det er valt partssamansett utval. Her har vi valt å lage eit mindre organ.

7 Lovgrunnlag 1 (Kyrkjelova)
§5, 5. ledd: «Ved endringer i kommunegrenser eller sammenslåing av kommuner gjelder bestemmelsene i inndelingslova om økonomisk oppgjør i kap. V og gjennomføring i kap. VI tilsvarende for kirkelig fellesråd så langt det passer. Bispedømmerådene utøver den myndighet som i inndelingslova er lagt til Fylkesmannen.» §14, 1. ledd: «Kirkelig fellesråd skal ivareta administrative og økonomiske oppgaver på vegne av soknene, utarbeide mål og planer for den kirkelige virksomhet i kommunen, fremme samarbeid mellom menighetsrådene og ivareta soknenes interesser i forhold til kommunen.» Lovgrunnlag ved samanslåing, utheving av meg. Oppgåvene til fellesrådet. Fellesrådet som organ er av ny dato, innført ved lov 1995.

8 Lovgrunnlag 2 (Kyrkjelova)
Kirkeloven §5: «I hvert sokn skal det være et menighetsråd. I kommuner med flere sokn skal det i tillegg være et kirkelig fellesråd. (…) I kommuner med bare ett sokn utøver menighetsrådet de funksjoner som ellers ligger til kirkelig fellesråd». Kirkeloven §15: Slår fast kommunens økonomiske ansvar for drift og vedlikehold av kirker, gravplasser, stillinger for kirketjener, klokker, organist/kantor, daglig leder i fellesråd, utgifter til lokaler (Stina Hansteen Solhøy, spesialrådgiver KA) Lovgrunnlaget for soknerådet og det økonomiske fundamentet. Viktig å understreke at for kyrkja er det soknet som er basis i den kyrkjelege organiseringa. Også etter lovendringane, den siste gjeldande frå , skal kyrkja framleis finansierast av staten gjennom kommunen. §15 er heilt sentral i høve til kommunen si forplikting overfor kyrkja. Stina Hansteen Solhøy

9 Møteaktivitet. Kyrkjeleg Fellesnemnd: 30.5., (Fellesmøte, konstituering.) , PSU: Fellesmøte for tilsette med val 30.5., , Planlagt 4 møter 1.halvår PSU: – 18.00, KFN: – Fellesmøte tilsette/fellesråd: Sande Naustdal. Planlagt: Vassenden. Litt om møteaktivitet. Skulle gjerne hatt møta på dagtid, men det er det i alle fall ikkje rom for. Vi slit også med å sjå at vi har rom for møtegodtgjerdsle til Kyrkjeleg Fellesnemnd. For dei tilsette må vi kompensere på eit eller anna vis, men det vert minimum for medgått tid.

10 Utfordringar; Ei kyrkjeverje. Mange små stillingsbrøkar.
To styringsliner. 4 organisasjonar skal bli ein! 11 kyrkjebygg. 6 sokn. Ca medl. Kommune Tilsette i kyrkja* Årsverk* Jølster 8 3,70 Førde 16 10,20 Gaular 13 4,80 Naustdal 7 3,90 Til saman 44 22,60 Kyrkjeverjene er i utgangspunktet dei einaste som i utgangspunktet må rekne med endra stillingsinnhald. I kyrkja har vi to styringsliner, den klerikale, organiseringa av prestetenesta og den leke gjennom rådsstrukturen. Viktig å understreke at vi har ei særskilt utfordring i at vi er fire kommunar som skal slå seg saman. Mykje administrativ koordinering av rutinar, regelverk og lokale forskrifter. * prestetenesta ikkje medteke.

11 Utfordringar; Samordning
Bygge ein ny organisasjon av fire. Kompetansebehov i ny organisasjon. Kommunal tenesteyting. Gravferdsforvaltning. Informasjon. Dagleg drift skal gå parallelt. Viktig å understreke utfordringa når fire skal bli ein. Kva kompetanse har ein bruk for og må den aukast? Korleis ser den nye kommunen for seg harmonisering av tenesteyting på lokale, IKT, telefon, brøyting, graving, løn, rekneskap, revisjon, anbod og anna teknisk bistand. Regelverk knytt til kyrkjegardar må samordnast, er ikkje mogeleg ut frå likskapsprinsippet å ha ulik praksis eller regelverk innanfor ein kommune. Kyrkja sine medlemmer/kommunen sine innbyggarar må få informasjon. Dersom det ikkje vert løyvd tilstrekkeleg midlar til prosessen vil det uansett gå ut over dagleg drift og vil gje ein dårleg start på det nye fellesskapet.

12 Prosjektsøknad! Prioriterer prosjektleiar i 50% stilling. (60%) Realistisk funksjonstid no er ca år. (2 år) Utfordring er drift av prosjektet, godtgjering til valde i Kyrkjeleg Fellesnemnd og tillitsvalde. Rettleiar KMD 4.4.9: «Utgifter til sammenslåing av kirkelige fellesråd dekkes innenfor departementets støtte til dekning av kommunenes engangskostnader i reformen.» Kort om bakgrunn for ny søknad. Til sist ei understreking av grunnlaget for søknaden.


Laste ned ppt "Møte med kommunal Fellesnemnd."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google