Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Venstre-populistisk alliansepolitikk

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Venstre-populistisk alliansepolitikk"— Utskrift av presentasjonen:

1 Venstre-populistisk alliansepolitikk
PAG-samling Hyllestad Nils Aarsæther, Tromsø

2

3 Dei tre strategiske elementa
Grasrot-mobilisering Motekspertise Alliansebygging Grasrot og motex er heroiske aktivitetar med stor appell. Grasrot er spontan og saksretta, alle kan vere med, godt tilpassa Facebook. Motekspertise er kritisk vitskap, noko som svært mange under høgre utdanning – og tilsette fagfolk – gjerne vil engasjere seg i. Alliansebygging er meir «Bismarck med bismak»: Kompromitterande kompromiss på bakromet, sviket mot medlemmane, karrierepolitikaren, heiltidspolitikaren og rådgivarkorpset sitt felt? Eller tvert om – iallfall i prinsippet: Det som skal til for å flytte fjell, gjennom samarbeid om felles sak, blant folk som ikkje deler alt

4 Merkesteinar i rød-grønn alliansebygging
(1) Kriseforliket : Arbeiderklasse og bønder i «uhellig» allianse? (2) Ideologisk utforming, først i Hva skjer i Nord-Norge (Brox 1966) siste kapittel: Venstresosialistar og sentrumsparti V, SP, KrF) må bygge ein populistisk allianse, i ein situasjon der sosialdemokratiet er blitt del av teknokratiets allianse saman med Høgre), samtidig som all slags kommunisme (Moskva, Beijing) er diskreditert. Ideologisk sett i slekt med «Small is beautiful» Vurdering: Håplaust å få fleirtal utan å lausrive delar av LO / AP. Men vi danna PAG slik Brox hadde angitt. Utan å ha noko svar på det offensive, samfunnsbyggande, utover vag nostalgi og utsegner som «lokalt må det dannast arbeidsgrupper» (som det stod i Norsk Populisme 1972)

5 Merkestein 3 Kampen mot norsk EEC-medlemskap Her blei det allianse SF-SP-NKP med Krf, halve Venstre og LO/AP-opposisjonen. Oppskrifta til Brox blei følgd (sosialdemokratiet og LO var på feil side), men «vi» vann likevel. Kampen henta mykje av sin energi frå studentopprøret. Alliansen var prekær. SP var lite meir enn bondeinteresser. SF-folk tenkte stort SV i samarbeid med AP. Sentrumsregjeringa (Korvald ) blei raskt felt etter valget i 1973: SV ville heller ha eit Ja-til-EF-regjering enn å finne på noko saman med SP, Venstre og KrF. Og det var gjensidig: At 1972 var eit blaff blei understreka av at SP gjekk i regjering med Høgre i 1983, mens SV blei minimert ved valget allereie i 1977. Samstundes: Ute i kommunane skjedde det no ein voldsom vekst i velferdsutbygging (eldre, skole, barnehage, vegar og småflyplassar) samtidig som politisk orden blei gjenetablert (Gro mot Kåre).

6 Merkestein 4. Kampen mot EU-medlemskap 1989-1994: Seks år med ny allianse
Frå aksjon (Folkebevegelsen) til organisasjon (Nei til EU) – ei strategisk vurdering: kampen ville bli for lang til at aksjon var eigna. Nye partnarar inn: Rødt og AP-folk (Halvard Bakke!) – og NTEU-leiar Kristen Nygård var AP-medlem med kred i LO. Eit 6-årig politisk arbeid lokalt førte til oppbygging av tillitsforhold, særleg mellom SP og SV-folk. Etter 1994: Arbeidet mot EØS og spesielt EU-direktiv er vidareført. Og det er etablert tette band mellom LO og Senterpartiet (Fagforbundet).

7 Merkestein 5 Rødgrønn regjering 2005-2013
Aktivistar frå NTEU jobba fram alliansen i sine respektive parti, og med hjelp av media Regjeringsplattform med kompromiss: Ja til EØS og NATO i bytte mot vern av Lofoten Vellykka for å sikre fellesinteresser – men null interesse for det rødgrønne utanfor landet Støre i blomst nasjonalt, men på «Dear Condi»-premiss, det blir bomba som under Bombevik. SV hardt ramma av regjeringsdeltaking; men det tar tid før Rødt og MDG tar av Lenge god stemning i SP, tett allianse med Fagforbundet. Men media tar Åslaug Haga ned, og deretter Liv Signe, noko er i ferd med å råtne SV-SP-AP kastar eigentleg korta før valet i 2013, vil ikkje lage felles val-plattform! Kuppforsøket frå høgresida i SP mislukkast. Trygve tar kontroll, med Trond Giske og LO

8 Vi er gamle – men i ei stund til…
Kan vi «plage» små, mellomstore og ein sjeldan gang store offentlegheter med å skrive, snakke og fortolke samfunnet, vise til erfaringar og metodar med «på-tvers-potensiale» - lokalt og sentralt. Nokre tips: SV og Rødt: stille felles lister kommunevalget Rødt er domestisert no SP Ikkje berre landbruket: Vis fram distrikts-Norge sine muligheter og behov MDG: Kom varsamt inn i varmen på den breie venstresida, men fortsett som trekkplaster på miljøfolk i H og V AP: Ein nøkkelpartnar, må utvikle ei betre forståing av den nordiske modellen KrF: Forvaltaransvar og nestekjærlighet bygger bru rød-grønne tilfellesskapsverdiar (Venstre, Høgre : No hope Frp: Enda verre)

9 Fellesskapsbevissthet
Norge kan fortsatt bli ei øy i eit hav av nyliberal teori og praksis. Ikkje heilt enkelt. Det kan bli mykje moro, men delar av den må kanskje vi, ventrepopulistar, bidra til Vi kan vere meir bevisst korleis vi snakkar og skriv om ein bærekraftig samfunnsvisjon (takk til Sveinung), kanskje basert på lokal- eller klasse-bevissthet, men på fellesskapsbevissthet og «virksomme ord» (takk tilTerje SE) Vi kan med truverdigheit gi råd og informere om korleis tverrpolitisk alliansebygging kjem til, og gir resultat Erfaringar som at folk frå fleire parti, og utanfor parti, har stått saman i aksjonar og deltatt i organisasjonar (nabolag, lokalsamfunn, frivorg, miljøbeveg. Og Nei til EU, for all del)

10 Neste generasjon – klar for innsats?
Korleis overfører vi allianseerfaringar til nye generasjonar (barn og barnebarn)? Lett å vidareføre fortellinga om grasrota og om motekspertise Men tilstrekkeleg for å sikre fellesskapsverdiar? Nei, vi treng OGSÅ formidle våre erfaringar om alliansetenking og eit realistisk syn på, men nødvendigheta av, partiarbeid. Avisa Klassekampen er vel i dag verktøyet «vi» rår over – saman med ein rik flora av lokalmedia Og «viktigst av alt er vaflane» (ideen om at alle yter litt, verdien av å møte folk i eit eller anna frivillig, skape arenaer som luktar vaflar og dugnad) (Samfunnsvitskap handlar først og fremst om å finne ut av mekanismar som ikkje kan tilbakeførast til intensjonar aleina. Matpakkar gir større egalitet i samfunnet?)


Laste ned ppt "Venstre-populistisk alliansepolitikk"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google