Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Kapittel 3 Nervesystemet

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Kapittel 3 Nervesystemet"— Utskrift av presentasjonen:

1 Kapittel 3 Nervesystemet

2 Nervecella Nervecella har som oppgåve å motta og sende informasjon
Nervecellene er kopla saman med ei eller fleire celler i eit nettverk Dette nettverket gjer at kroppen vår kan fungere som ein avansert maskin

3 Nervecella Akson: Sender informasjon frå nervecella. Fleste akson er korte, men lengste kan bli opp til ein meter. Aksonet endar i ei synapse Dendritt: Mottek informasjon frå andre nerveceller. Dendrittane spreiar seg som greinar frå cellekroppen. Ei nervecelle kan ha opptil dendrittar. Dendritten startar i ei synapse Cellekropp: Sender informasjon frå dendrittane, vidare gjennom eit akson Cellekjerne: Inneheld DNAet til cella. Er oppskrifta på korleis cella skal vekse og oppføre seg

4 Nervecella Nervecellene kommunisera med kvarandre med elektriske signal Signalet går igjennom eit akson til ei synapse Signalet reiser med ein hastighet på 2 m/s Myelin er ei hjelpecelle som aukar denne hastigheten til m/s Utan myelin ville vi hatt mykje treigare reaksjonsevne

5 synapse Synapse er slutten på aksonet og starten på dendritten
Det elektriske signalet går ikkje direkte frå cellekropp til cellekropp I synapsa blir det elektriske signalet omgjort til eit kjemisk signal Spesielle stoff kalla transmittar blir sendt frå aksonet til dendritten Reseptorar på dendritten registerar desse transmittane og sende signal vidare til cellekroppen Celle kroppen bearbeidar signalet og sender det vidare

6 Ulike nerveceller I kroppen har vi mange ulike typar nerveceller
Motoriske nerveceller kontrollera musklar Sensoriske celler registera lys, berøring eller lydar Alle denne informasjonen blir sendt frå nervecellene til hjerne der informasjonen blir prosessert

7 Sentral nervesystemet
Sentral nervesystemet består av hjernen og ryggmergen Hjernen bestemm kven du er, personlegdom og styrer nesten alle prosessar i kroppen Ryggmergen koplar hjernen til resten av kroppen Ryggmergen ligg beskytta inne i ryggrada Blir ryggmergen skada og broten vil ein bli lam frå brotet og ned. Hjernen kan ikkje lenger sende signal til desse musklane, og kan ikkje kontrollere dei

8 Hjernen Menneskehjernen er det mest komplekse organet vi kjenner til
I eit voksen menneske veg den mellom kg, ca 2% av totale kroppsvekta. Men den brukar 25% av energien kroppen produsera Menneskehjernen består av 86 milliardar nerveceller, kvar nervecelle er kopla til oppimot andre nerveceller Det er dette nettverket av nerveceller som gjer at vi menneske er bevist, kan lære, forstå og utvikle oss Vi er ikkje 100% sikre på korleis hjernen vår fungera og det mykje som enda er eit mysterium Lyall Watson — 'If the brain were so simple we could understand it, we would be so simple we couldn't.'

9 Inndeling av hjernen Vi deler hjernen inn i tre hovuddelar
Hjernestammen: Styrer mange prosessar utan at vi aktiv tenker på dei. For eksempel puste eller hjerteslag Veslehjernen: Kontrollera rørsle og balansen vår. All informasjon frå kroppen og resten av hjernen blir samla her og finjustert og sendt vidare til musklane våre Storhjernen: Styrer tankar og bevisstheita vår. Det er «du» eksistera og menneske får sin intellegens frå

10 Menneskehjernen Nesten alle levande skapningar har ei hjerne
Menneske har den mest utvikla hjernen av alle skapningar på jorda «Gamle hjernen» er den som blei utvikla først. Den styrer «dyret» i deg og held deg i live Den kontrollera kroppen din og lar deg føle følelsar som frykt, glede, tørst etc. «Nye hjernen» blei utvikla i nyare tid. Den gjer oss beviste. Den lar oss reflektere over verda rundt oss Den «Nye hjernen» er det som skiljar menneske frå dyra og gir oss intellegens

11 DET PERIFERE NERVESYSTEMET
Det perifere nervesystemet er alle nervar utanfor nervesystemet Det perifere nervesystemet er kopla til sentral nervesystemet i ryggmergen Det perifere nervesystemet består av det somatiske og autonome nervesystemet

12 Det somatiske nervesystem
Den delen av nervesystemet som er viljestyrt Det er dette systemet som gir deg kontroll over musklane som er kopla til skjellette ditt Somatiske nervesystemet inkludera og sanseorgana. Syn, lukt, hørsel, føling, etc. er ein del av somatiske nervesystemet, sjølv om du kanskje tenker at du ikkje har direkte kontroll over dei

13 Det autonome nervesystem
Det autonome nervesystemet styrer ting i kroppen som går automatisk Du slepp å tenke over at du skal puste, fordøye mat, produsere spytt etc. Styrer musklar du ikkje har direkte kontroll over, for eksempel pust Det autonome er delt inn i to system Sympatiske gjer deg klar for å slåst eller flykte. Blir aktivert når du blir skremt eller er i ein farleg/stressande situasjon Parasympatiske roar kroppen ned og gjer deg klar for kvile. Blir aktivert når du skal slappe av, fordøye mat og restituere kroppen

14 Refleksar Ein refleks er ein reaksjon som skjer utan at du tenkjer over den Sanseceller tek imot informasjon som blir sendt til ryggmergen. Denne informasjonen blir sendt direkte tilbake til musklar som reagerer på hendinga Dette går mykje raskare enn om informasjonen først skulle gå til hjernen også tilbake til muskelen Ein reaksjon er når du må tenke over kva du skal gjere. Informasjonen går frå sanseceller, igjennom ryggmergen og til hjernen der du bestemm deg kva du skal gjere

15 Nervesjukdommar og Hjernehinnebetennelse
Sjukdommar som Parkinsons, ALS, Multippel Sklerose og Cerebral Parese angrip nervesystemet og hindrar personen å ha kontroll over sin eigen kropp Nokre sjukdommar gir berre små symptom som svimmelhet, andre kan vere dødelege Hjernehinnebetennelsen er virus eller bakterie som har infisert laget utanpå hjernen Gir hevelse som i verste fall er dødelege Symptoma er stiv nakke, feber og raude prikkar på kroppen. Ein virusinfeksjon går over av seg sjølv, ein bakterieinfeksjon kan vere dødeleg og må behandlast med antibiotika


Laste ned ppt "Kapittel 3 Nervesystemet"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google