Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

SKULEOVERTAKING Bratteberg skule 28.januar-15.februar

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "SKULEOVERTAKING Bratteberg skule 28.januar-15.februar"— Utskrift av presentasjonen:

1 SKULEOVERTAKING Bratteberg skule 28.januar-15.februar
Informasjon til foreldre/føresette

2 Personalsituasjonen Lærarane er på skulen 28.-31.januar
Studentane tek over all undervisning f.o.m 1.feb., lærarane er vekke t.o.m 7.feb. Rektor Vidar Nupen og skulesekretær Oddveig Lundebrekke er på skulen heile praksisperioden Assistentane er på skulen heile tida når lærarane er vekke. Dei er godt kjende med elevane. I perioden 8.feb.-15.feb. er lærarane tilgjengelege. Dei blir delvis på skulen, og skal ha rettleiing av studentane. Studentane har all undervisning.

3 Personalsituasjonen forts.
Studentane tek over rollene til lærarane: teamleiar, kontaktlærar, timelærar, spesialundervisning Studentadministrasjon: Eskild Valsø, Jo-Fredrik Øiamo, Solveig Hurlen Studentane fyl klassen dei høyrer til, hjelper eventuelt til som vikarar ved sjukdom Tilsette frå høgskulen fyl opp studentane i praksisperioden

4 Kontaktinformasjon Studentane har arbeidstid kl.08.00-15.00 kvar dag
Info om kvar student kjem på vekeplanen for v.5 (namn,telefon, bilde....) Rektor Vidar Nupen: tlf , skulesekretær Oddveig Lundebrekke: tlf Studentane nyttar sin e-post på høgskulen. All kontaktinfo blir sletta etter endt skuleovertaking.

5 Greit å vite..... Studentane er 3.eller 4.års studentar. Dei er snart ferdig utdanna lærarar. Bratteberg skule er praksisskule, og skuleovertaking er ei av dei oppgåvene vi har ansvar for. Det er 3.gongen vi gjennomfører skuleovertaking. Volda kommune oppfordrar alle skulane til å vere praksisskular. Høgskulen og grunnskulen er naturlege samarbeidspartar.

6 Erfaringar Studentar, elevar, foreldre og tilsette kjem med mange positive tilbakemeldingar etter gjennomført skuleovertaking. Studentane tek arbeidet på alvor. Dette er ei praksisform som gir dei høve til å vere ”lærarar på skikkeleg” Utfordringar møter vi både i den vanlege skulekvardagen og i praksisperiodar. Vi kan ikkje forvente at alt går ”knirkefritt”. Det handlar om god kommunikasjon og korleis vi tek det.

7 Gode løysingar..... Utfordringar skal løysast på lågast mogleg nivå
”Det som får mest merksemd får vi meir av” Snakk med elevane om korleis dei har hatt det på skulen Ta kontakt dersom du lurer på noko, eller dersom du har viktig info til studentane/lærarane

8 Lukke til med 3 spennande veker!


Laste ned ppt "SKULEOVERTAKING Bratteberg skule 28.januar-15.februar"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google