Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Foreldremøte 4.klasse Foreldremøte 4.klasse Haust 2008.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Foreldremøte 4.klasse Foreldremøte 4.klasse Haust 2008."— Utskrift av presentasjonen:

1 Foreldremøte 4.klasse Foreldremøte 4.klasse Haust 2008

2 Timeplanen vår 1 MANDAG Matte TIRSDAG Norsk ONSDAG Engelsk TORSDAG Matte FREDAG Samf./k&h 2 Data (norsk) Mat og helseNorsk Data (matte) 3NorskNaturfagSamf. fagNorskMatte 4RLEMatteNorskEngelskNorsk 5K & hRLEGymMusikkSymjing

3 Lærarar Monika er faglærar i naturfag og samfunnsfag, samt at ho har dei i gym og éin time kunst og handverk. Kamilla er faglærar i dei andre faga. Delingstimar (to lærarar): 3 timar tysdag 3 timar onsdag 3 timar fredag

4 Klassereglar Alle klassene på skulen har desse klassereglane: –Vi skal snakke lågt. –Rett opp handa når du vil ha ordet. –Ikkje banning eller uvennlege ord. –Hald hender og føter for deg sjølv. –Gjer det du får beskjed om med ein gong.

5 Ordenselevar Det er sett opp to ordenselevar kvar veke. Dei skal ha eit ekstra ansvar for at klasseromet er ryddig og triveleg, og i tillegg: –Hente frukt –Hente mjølk –Hjelp lærar om det trengs

6 Arbeidspar Kvar måndag trekkjer vi nye arbeidspar som skal jobbe saman den veka. Dei jobbar då saman i alle aktivitetar der dei skal jobbe saman med nokon.

7 Lekser Leselekse og oppgåver kvar dag i norsk. Lekser i dei ulike faga enkelte dagar. Kvar veke er det øveord på vekeplanen – test kvar fredag. Engelsk-glosar på vekeplanen – gloseprøve kvar torsdag.

8 Orden Elevane (evt. foreldra skal sørge for orden i sekken. Meldemappa må vere i sekken. Når ein skal spørje eleven fri (tannlege el.l.) brukar ein meldingsboka. Når elevane har vore sjuke, ønskjer eg melding om det i meldingsboka. Kvar elev har ei korg på pulten. Denne skal etter kvar skuletime innehalde blyant, viskelêr og limstift.

9 Avslutning på dagen 1.Pakkar saman 2.Elevane finn fram bøkene dei har lekse i. 3.Evaluering av dagen: –Friminutta –Arbeidsro –I gangen –Mat –Mot kvarandre

10 Skulebøekr Norsk: –Tuba Luba lesebok+skrivebok –Tuba Luba oppgåvehefte Matematikk: –Multi grunnbok + skrivebok NMS: –Terrella + skrivebok RLE: –Fortel meg meir + skrivebok Engelsk: –Stairs textbook + skrivebok –Stairs workbook –Glosebok

11 Kroppsøving Kroppsøving vil vere inne i gymsalen, ute eller i symjehallen. Elevane skal ikkje dusje etter gym, men eg ønskjer gjerne at dei har på kle som er lette å bevege seg i dei dagane det står gym på timeplanen. Elevane MÅ ha skikkelege sko til desse timane. Crocs eller slippersar er ikkje eigna sko til gym.

12 Belønning - klinkekuler Etter kvar time set lærar enten,  eller  på timen. På slutten av dagen reknar vi saman kor mange det har blitt, og elevane får tilsvarande antal klinkekuler. Elevane får, når det er tomt klinkekuleglas, vere med på å kome med forslag til kva vi skal ha som belønning når glaset er fullt. Eg tek avgjersla kva vi gjer. Dette for at ikkje same elevane skal få bestemme kvar gong.

13 IKT / data IKT - ein naturleg del av undervisninga. Norsk –Tekstskaping –Pedagogisk programvare Matematikk: –Rekning med pedagogisk programvare

14 Dette ønskjer vi at elevane skal lære i år innan IKT: Skrive korte tekstar inkl. grunnleggande rettskrivingsreglar Endre skriftstorleik Lagre ei fil i si eiga mappe på elevnettet. Bruke pedagogisk programvare i matte og norsk Kunne skrive ei internettadresse og finne rett side. Finne fram til ulike ting på klassa si side på pedit.

15 RLE – nytt religionsfag Kunnskapsdepartementet har fastsett ny læreplan i religion, livssyn og etikk for grunnskulen f.o.m. 08/09. Den nye læreplanen er justert for å imøtekomme dommen frå EMD (Den europeiske menneskerettsdomstolen), og er i samsvar med endringane i opplæringslova. Faget inneheld tre hovudområde: 1. Kristendom, jødedom, islam, hindusime og buddhisme. 2. Humanistiske livssyn 3. Filosofi og etikk

16 Situasjonen i klassa Rutinar Vennskap Arbeidsro Orden Munnbruk

17 Vi ventar av deg som forelder - at barnet ditt er utkvilt, har ete frukost og har med sunn matpakke. - at du rosar, oppmuntrar og lyttar til barnet ditt. - at barnet ditt er fornuftig kledd og godt budd for skuledagen, undervisning og friminutt. - at du held kontakt med kontaktlæraren til barnet ditt. - at du som vaksen formidlar positive utsegner om skulen og at du tek kontakt med skulen dersom du er misnøgd med noko. Vi på skulen kan berre betre det som vi får kjennskap til. Vi vaksne kan som oftast løyse vanskar utan å uroe barnet. - at du interesserer deg for barnet sine heimeoppgåver og hjelper det til å ta ansvar for at arbeidet vert gjort. - at du er merksam på mobbetendensar og ser til at kontaktlæraren får kjennskap til om nokon elev vert utsett for mobbing. Mobbing er vanskeleg å oppdage, derfor er det barnet fortel heime verdifullt for skulen å få vite. - at barnet ditt får vere heime ved sjukdom. - at skulen får vite om planlagt fråvær i god tid. - at du hjelper barnet ditt til å vere med i passeleg mange fritidsaktivitetar. - at du hjelper barnet ditt til å leve opp til skulen sine forventningar. - at du tek del i informasjon frå skulen, skriv på og sender tilbake svarlappar. - at du møter på foreldremøte og foreldresamtalar.

18 Heimane kan vente av skulen - at alle vaksne på skulen tydeleg gjer det klart kva vi ventar og kva som er viktig for arbeidet i skulen. - at alle elevane skal møtast med omsorg og respekt. - at heile personalet arbeider for å skape tryggleik for elevane. - at vi evaluerer kontinuerleg både vårt og elevane sitt arbeid. - at kontaktlærar gjennomfører samtalar med elev/ foreldre/ føresette kvart halvår. - at alle skal merke ei positiv atmosfære på skulen vår. - at vi vil gi alle elevane støtte etter deira behov. - at dei vaksne hjelper elevane å løyse konflikter. - at vi gir elevane større ansvar for si eiga læring etter stigande alder. - at vi alltid held fast på skulen sin kvalitet. - at personalet er blide, vennlege og har ei fin framferd. - at alle vaksne skal leggje vinn på å lære elevane å kjenne. - at ansvarleg personal tek kontakt med familien dersom noko skulle hende barnet deira.

19 Vi ventar av deg som elev - at du lyttar til andre og ventar på din tur. - at du brukar fine ord. - at du passar tida. - at du viser respekt for alle og er hjelpsam. - at du seier frå til ein vaksen viss nokon ikkje har det bra. - at du har fin bordskikk. - at du viser omsyn og oppfører deg fint og vennleg. - at du ikkje utset andre barn eller vaksne for noko vondt. - at du følgjer skulen sine reglar og ikkje utset andre for fare. - at du hjelper til med å halde skulen rein og fin og seier frå til vaksne viss noko går sundt eller vert øydelagt. - at du tek vare på tinga dine og gjer arbeidsoppgåvene dine. - at du går ut i friminutta når ikkje noko anna er bestemt. - at du gir vidare informasjon frå skulen til heimen.


Laste ned ppt "Foreldremøte 4.klasse Foreldremøte 4.klasse Haust 2008."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google