Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Teikning av mekaniske delar

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Teikning av mekaniske delar"— Utskrift av presentasjonen:

1 Teikning av mekaniske delar
Teknisk teikning Teikning av mekaniske delar

2 Liner og kva dei vert brukte til
Linestorleikar: Me har vanlegvis to storleikar på linene, tjukke og tynne liner. Dei tjukke kallar me grove, dei tynne kallar me fine. Grove liner vert brukte til å teikna konturar med. Fine liner vert brukte til å teikna hjelpeliner, skraveringar, målliner og liknande med. Dei grove linene skal vera minst dobbelt så tjukke som dei fine. Når me teiknar på data, kan me bruka 0,5 og 0,25 mm tjukke liner. Når me teiknar for hand på papir bør me bruka tjukkare liner, t.d. 1,0 og 0,5 mm, for at ikkje blyet på blyanten skal vera så tynt at det knekk.

3 Grov heillina Grov heillinja vert brukt til å teikna synlege konturar med. Ein synleg kontur er ein kontur (ein kant) som me kan sjå ifrå den sida av delen som me teiknar.

4 Grov stipla lina Grove stipla liner brukar me for å visa skjulte konturar. Det er konturar som me ikkje ser på den delen me teiknar fordi dei er på baksida. Me kan òg bruka fine stipla liner til dette, men pass på at me må bruka den same typen på heile teikninga.

5 Fin heillina Fine heilliner vert brukte til mange ting, dei viktigaste er: Målliner og målgrenseliner Skravering av snittflater

6 Fin strekpunkt-lina Strekpunktliner vert ikkje brukte til å teikna konturar med. Fine strekpunktliner vert brukte til å laga senterliner og symmetriliner, og til å merka av kor ein har kutta for eit snitt.

7 Den europeiske projeksjonsmetoden
Når me teiknar, passar det ofte dårleg å teikna delane våre tredimensjonalt. Me teiknar dei heller fleire gonger, i ulike riss. Eit riss er ei teikning av den eine sida av ein del. Det risset som viser mest av delen, kallar me hovudriss. Viss me tenkjer oss at me snur delen 90˚ mot høgre, vil me ha ei anna sida framføre oss. Det er den sida som var til venstre før me snudde delen. Me kallar dette risset sett frå venstre. Fordi me snudde delen mot høgre, ligg dette risset til høgre for hovudrisset. Viss me snur delen nedover, kan me teikna risset sett ovanfrå. På enkle teikningar kan det ofte vera nok med to riss.

8 Sett frå venstre Hovudriss

9 Denne projeksjonsmetoden kallar me den europeiske projeksjonsmetoden
Denne projeksjonsmetoden kallar me den europeiske projeksjonsmetoden. Alle teikningar der ein brukar denne metoden, er merka med dette symbolet:

10 Snitt Av og til har me behov for å visa korleis ein del ser ut inni. Då kan me laga eit snitt. Då tenkjer me oss at me skjer gjennom delen, og så teiknar me snittflata og dei konturane me ser når me har skore delen. Snittflata skal skraverast.

11 Snitt Konturane og detaljane i snittet vert merka på same måten som eit vanleg riss. Skraveringa gjer me med strekar som går i 45˚ vinkel.

12 Målsetjing Måla skriv me i millimeter, men utan å skriva mm bak.
Me skriv aldri det same målet to stader. Mål vert alltid skrivne frå venstre mot høgre, eller oppover. Målet på ein sirkel med diameter 10 mm skriv me som Ø10. Målet på ein boge med radius på 5 mm skriv me som R5.

13 Slik Ikkje slik

14 Sirklar og radiusar

15 Vinklar

16 Gjenger Me teiknar gjenger med grov og fin heillina.
Utvendige gjenger har grov heillina for stordiameter og fin heillina for veslediameter. Innvendige gjenger har grov heillina for diameteren til gjengeboret, og fin heillina for stordiameteren.

17 Utvendige gjenger

18 Innvendige gjenger


Laste ned ppt "Teikning av mekaniske delar"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google