Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Verdisetjing av gåver Gåver Det er mange form for gåver. Nokre ynskjer å gje reine pengegåver til noko som dei ser verdi av å støtte. Det kan vere lag.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Verdisetjing av gåver Gåver Det er mange form for gåver. Nokre ynskjer å gje reine pengegåver til noko som dei ser verdi av å støtte. Det kan vere lag."— Utskrift av presentasjonen:

1 Verdisetjing av gåver Gåver Det er mange form for gåver. Nokre ynskjer å gje reine pengegåver til noko som dei ser verdi av å støtte. Det kan vere lag og organisasjonar, bedrifter eller privatpersonar. Alt dette kan førast opp som Gåver i ein finansiering av noko. Men det er også ein del som utførar arbeid med maskiner, låner ut noko utan å ta betaling for det, eller bidreg på andre måtar med det som normalt er ein kostnad for deg. Det kan t.d. vere at ein gravmaskineigar utfører graving på dugnad. Dei har då i tillegg til sin eigen arbeidsinnsats som er verdt noko, også bidrege med maskin som vi vanlegvis må betale ein timepris for å leige. Kanskje får de låne gratis stillas, det er normalt ein fastpris pr. dag/veke eller helg på å leige slikt utstyr. Dette er berre nokre døme, det fins mykje som vert gjort på dugnad med utstyr som ein normalt har utgifter på. Dette bør synleggjerast i finansieringa av eit prosjekt. Bruk då eit gåvebrev som vedkommande fyller ut med namn og verdi på utført teneste.(det dei normalt ville tatt i betaling) Dette vil då bli liggande ved finansieringa som ein gåve. I budsjett set vi opp den reelle summen på kva det vil koste å leige ei gravmaskin eller eit stillas, og i finansieringa set ein inn tilsvarande sum som gåve.

2 Verdisetjing av dugnad Dugnad For å verdsette verdien av dugnad er det to alternativ: 1.Pristilbod frå entreprenør e.l. Dersom ein har eit konkret prosjekt som er enkelt å avgrense kan ein be om eit pristilbod frå fagfolk på kva dei vil ta for å utføre jobben. Ein legg då summen som ein får tilbod på, inn som verdi på dugnadsarbeid, om ein vel å gjere heile jobben på dugnad. Det har ikkje betydning om de brukar 30 eller 130 timar på jobben. Summen ligg fast og er ikkje knytt opp mot timar. T.d. utvendig måling av bygget m utstyr 80 000,- 2.Timerekna dugnad Det er ein del arbeid med nybygg, vedlikehald etc. som ikkje er så enkelt å avgrense til eit anbodsprosjekt. Det kan då vere nyttig å rekne timar med fastsats som dugnadsinnsats. Bruk då ein timesats på minst kr 200,-.

3 Verdisetjing av sponsing Sponsing Det er nyttig å spørje om rabattar hos lokale forhandlarear, spesielt om ein skal til på større prosjekt. Det er mange som ser verdien av å støtte lokale lag og organisasjonar, og gjev gode rabattar. Visst ein skal søke om tilskot til eit prosjekt bør ein be om eit prisoverslag på kva det vil koste i materiell av ein forhandlar. Dei vil då sette opp den vanlige prisen på produkta, og du kan setje det opp som ein utgiftspost. Spør om du kan få rabattar ved å handle hos vedkommande og ved kjøp av eit visst kvantum. Dersom dei kan gje deg eit konkret svar på kva dei kan gje i rabatt (t.d. ein prosentsats av prisen) er det enkelt å rekne seg fram til kva de vil spare på dette. Sett då opp summen (eller summane om de har fleire forhandlarar de skal handle hos) som ein eigne finansieringspost: Sponsing. Døme: De har fått kostnadsoverslag frå kjøpmann på materiell kostnader til kr 15 000,-Kjøpmann vil gje dykk 20% rabatt, som utgjer kr 3000,- I budsjett står summen på materiell kostnader på kr 15 000,- I finansieringsdelen står det oppførst kr3000,- som sponsing.

4 Eigenfinansiering i budsjett Dugnad 1.Timesats minst kr 200,- pr. time. 2.Få tilbud frå fagfolk og bruk denne som dugnadsinnsats i finansieringa. Stor del av finansieringa kan vere dugnad! Sponsa produkt, få bevis på verdien. Rabattar på innkjøp, vis verdien. Gåvebrev Få dei som gjev gåver til å skrive gåvebrev. I ein søknad om tilskot er det viktig å setje verdien på dugnad som vert utført og synleggjere sponsing og gåver

5 Der er mange moglegheiter! Skap engasjement og entusiasme! Det er viktig å vere kreativ! Form søknader etter krav. Samarbeid med andre.


Laste ned ppt "Verdisetjing av gåver Gåver Det er mange form for gåver. Nokre ynskjer å gje reine pengegåver til noko som dei ser verdi av å støtte. Det kan vere lag."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google