Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Tilstanden i kommune- Norge: Synspunkt frå dei folkevalde Nils Aarsæther Universitetet i Tromsø – Norges Arktiske Universitet Lokalsamfunnsforeningen og.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Tilstanden i kommune- Norge: Synspunkt frå dei folkevalde Nils Aarsæther Universitetet i Tromsø – Norges Arktiske Universitet Lokalsamfunnsforeningen og."— Utskrift av presentasjonen:

1 Tilstanden i kommune- Norge: Synspunkt frå dei folkevalde Nils Aarsæther Universitetet i Tromsø – Norges Arktiske Universitet Lokalsamfunnsforeningen og Fagforbundets konferanse 28.01.2016

2 Representantar - om seg sjølve, leiinga og politiske arbeidsmåtar Framstillinga bygger på foreløpige resultat av ei undersøking i utført ved UiT i somd el av NFR-prosjektet «De-kollektivisering av kommunal leiing og eit sviktande styringsmandat?» (2012-2015, prosjektleiar Nils Aarsæther) Dokumentasjonsrapport vil foreligge februar 2016; funn som blir rapportert pr. 28.01.2016 er ikkje kvalitetssikra På prosjektbasis er det gjennomført kartleggingar av ordførarar, rådmenn – og kommunestyrerepr. – supplert med kvalitative intervju Ved å samanstille svar frå alle tre grupper har vi fått eit solid grunnlag for å drøfte den politiske tilstanden i kommunane Ved å gjenta, i 2015, spørsmål stilt i 2001 og 2011 har vi ein tidsserie Denne delen av prosjektet retta mot kommunestyrerepr. i 40 kommunar, fordelt på 4 størrelseskategoriar. I underkant av 500 svar, svarprosent ca. 50 Lokalsamfunnsforeningen og Fagforbundets konferanse 28.01.2016

3 Aukar interessen for lokalpolitikk gjennom deltaking? Spurt i oktober 2015, rett etter fullført periode (2011-2015) Påstand: «Arbeidet i kommunestyret har gitt meg økt interesse for lokalpolitikken» Ja: Heilt eller delvis einig: 84% (2001: 81%, 2011: 85%) Nei:Heilt eller delvis ueinig: 11% Verken/eller: 5% Svært høge andelar, og svært stabile andelar, rapporterer at arbeidet i perioden har gitt økt interesse. Tyder på sterk og positiv læringseffekt av å delta/stille opp i kommunestyret. Lokalsamfunnsforeningen og Fagforbundets konferanse 28.01.2016

4 Interesse, ja, men har dei innflytelse? Påstand: «Som folkevalgt i kommunestyret har jeg stor innflytelse i lokalpolitikken» Heilt eller delvis einig: 78% (2001: 67%, 2011: 69%) Heilt eller delvis ueinig: 17% Verken/eller: 5% - Overraskande høg skåre på opplevd innflytelse. Og større prosentandel enn i 2001 og 2011. Svært få som ikkje tar stilling - Innflytelse opplevd også av menige medlemmer. Dette som kontrast til oppfatningar hos ordf./rådmenn som (2013) rapporterer maktsentrering (Aarsæther mfl. 2015) Lokalsamfunnsforeningen og Fagforbundets konferanse 28.01.2016

5 Dersom våre resultat avspeglar situasjonen godt – gir det grunn til ettertanke Vi tar forbehald når det gjeld svarprosenten, men andelane vi fann er oppsiktsvekkande høge Grunn til å minne om at det er vald inn 10.561 nye representantar no Ved endt periode vil ein stor andel av desse ha opplevd å ha (hatt) innflytelse, og dei vil nesten alle ha fått økt interesse for lokalpolitikk Ein kommunereform som fx halverer antalet representantar gjere terskelen for å delta i lokalpolitikken dobbelt så høg (som i Sandefjord-Stokke- Andebu, der talet på repr. etter samanslåing blir redusert med 48) Kunnskapen hos dei som gjerne er opinionsleiarar ute i lokalsamfunnet vil kunne bli svekka, når færre opinionsleiarar vil kunne spele på erfaringar frå lokalpolitikken Lokalsamfunnsforeningen og Fagforbundets konferanse 28.01.2016

6 Korleis oppfattar repr. sin eigen ordførar? Ordførar er først og fremst målbærar av politisk program: 61% Ordførar er først og fremst brobygger i kommunestyret: 62% Ordførar er først og fremst representant utad: 62% svært stor andel heilt eller delvis einig, dei svarer ut frå ei vurdering av eigen ordførar (men har dei oppfatta «først og fremst»?) Oppfølgingsspørsmåla gir følgande skårer (heilt eller delvis einig): Lydhør overfor k-styret: 69%, synleg i media: 75%, ute blant folk: 78%, tilgjengeleg: 78%, lobbyist mot staten: 66%, bygger næringslivsnettverk: 69%, symbolfigur: 24% Litt av eit ordførarkorps her til lands! (Kva oppnår vi ved å halvere det, gjennom omfattande samanslåingar?) Lokalsamfunnsforeningen og Fagforbundets konferanse 28.01.2016

7 Kommunestyret sin arbeidsmåte: Sandpå-strøing på R’innst.? Deliberativ arena? «Det hender at repr. skifter standpunkt etter debatt i kommunestyret»: Einig: 50%, ueinig 40% «Kommunestyret er preget av uenighet og konflikt» Einig: 35%, Ueinig: 48%, verken eller 17% - Vi finn altså større spreiing når vi ber om synspunkt på arbeidsmåtar, men kommunestyra er tidvis, eller i nokre kommunar meir enn i andre, arenaer der ordskifte kan føre til at standpunkt blir endra. Lokalsamfunnsforeningen og Fagforbundets konferanse 28.01.2016

8 Vi har ein kommunestruktur tilpassa utfordringane (1 – leiarskap) Leiarar som er responsive og tilgjengelege, som nyttar media, næringslivskontakt og lobbyverksemd mot staten for å fremje lokalsamfunnet sine interesser. Refleksjon: Leiarskap ikkje uviktig i ein topografi som den norske (sml. med Danmark). Det står mykje på spel i den geografiske periferien, med jobbar, institusjonar ikkje lett let seg erstatte. Utan ordførar som står opp (og, om så blør) for desse lokalsamfunna kan alternativet for mange bli NAV eller flytting - med påfølgande sentralisering. Lokalsamfunnsforeningen og Fagforbundets konferanse 28.01.2016

9 Vi har ein kommunestruktur tilpassa utfordringane (2- dei menige) Låg terskel for å delta, mange får oppleve nærheit til politikken Den som deltar, opplever å ha innflytelse Den som har deltatt, tatt sin tørn, har opparbeidd seg kunnskap (som informert opinionsleiar i lokalsamfunnet kan det gjere ein forskjell) For samfunnsutviklinga i geografisk/klimatisk sårbare område kan det bety noko at ein har ei opplyst befolkning og eit engasjert kommunestyre – også for å motivere og understøtte ordføraren som frontfigur Tap av kommunestatus vil gjere lokalsamfunnet mindre robust – og tilby reduserte vilkår for deltaking – med negative følger for behaldninga av sosial kapital – altså for samarbeids- og mobiliseringsevna i ei befolkning. Lokalsamfunnsforeningen og Fagforbundets konferanse 28.01.2016

10 Der ting står på spel…(sluttrefleksjon) Tap av kommunestatus: Åpenbar svekking av muligheten for demokratisk deltaking - og åpenbar reduksjon av kunnskapsnivået om politikk ute i samfunnet Lokaldemokratiets funksjon i periferikommunar handlar i stor grad om å understøtte eksportretta eller importsubstituerande næringar (prosessindustri, fiske, fiskeoppdrett, reiseliv osv.) Dels blir jobbskaping fremma direkte (utviklingsstrategiar), men i hovudsak indirekte, ved infrastruktur (kommunikasjonar, offentlege tenester) Dermed vil avvikling av kommunestatus innebere å utsette det eksportretta næringslivet i regionane for ein betydeleg risiko. Refleksjon: Ufatteleg at statsråden med ansvar for regional utvikling ikkje forstår eller vektlegg dette. Lokalsamfunnsforeningen og Fagforbundets konferanse 28.01.2016


Laste ned ppt "Tilstanden i kommune- Norge: Synspunkt frå dei folkevalde Nils Aarsæther Universitetet i Tromsø – Norges Arktiske Universitet Lokalsamfunnsforeningen og."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google