Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Kommunikasjon med demente. Verbal kommunikasjon God kommunikasjon med ein dement krev at du kjenner han – Kva gjorde han før? – Kva har han opplevd? –

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Kommunikasjon med demente. Verbal kommunikasjon God kommunikasjon med ein dement krev at du kjenner han – Kva gjorde han før? – Kva har han opplevd? –"— Utskrift av presentasjonen:

1 Kommunikasjon med demente

2 Verbal kommunikasjon God kommunikasjon med ein dement krev at du kjenner han – Kva gjorde han før? – Kva har han opplevd? – Kva interesser har han? – Kva likar han å snakke om? – Kva verdiar har han – m.m…

3 Tiltaleform Tittel? Fornamn? Etternamn? Kjælenamn? Kan du bruke den same tiltaleforma som familien?

4 Kva kan de snakke om?

5 Samtale skaper sosial kontakt og ein gjer noko saman. Unngå emne som krev tenking og reflektering Bruk heller tørrprat og klisjear Ha ansvar for å halde samtalen i gang, bruk humor og trekk inn viktige sider ved pasienten.

6 Reminisens Minnearbeid – det å gjenkalle og snakke om minner. Ta utgangspunkt i pasienten sitt tidlegare liv eller framtredande eigenskapar. Styrkar sjølvbiletet og identiteten Pårørande kan hjelpe med informasjon Fotoalbum er eit godt utgangspunkt

7 Språk Korte setningar Enkelt språk Unngå ordbilete og overført tyding Unngå fleire beskjedar på ein gong – ta eitt og eitt steg av gongen

8 Repetere Beskjedar må ofte gjentakast Bruk same ordlyd og rekkefølge kvar gong

9 Unngå nederlagskjensle Unngå ”korleis” eller ”kvifor” Spørsmål der den demente må resonnere vert for vanskelege. Bruk heller ”kva” eller ”kven” Spørsmål med ja/nei-svar Det er viktigare at han greier å snakke om korleis han har det enn at du forstår kvifor. Han har ofte gløymt kvifor følelsen er der. Å bli kvitt ein negativ følelse er ofte målet.

10 Realitetsorientering Å bevistgjere den demente på kor og kven han er. –Merke miljøet –Presentere deg –Kva dag, årstid, tid på døgnet det er –mm. Dette bevarer orienteringsevna Kari Normann Hjelpepleiarelev

11 Validering Å kommunisere med brukaren ut frå verdiane hans – det som er viktig for han her og no. Ta utgangspunkt i det pasienten føler akkurat no. Å gje støtte til brukaren viss han er redd, sint eller lei seg og prøve å snu dette ved å skape positive tankar.

12 http://www.ahall.nu/bild_du_%C3%A4r_min_mor_4.htm

13 Ikkje-verbal kommunikasjon Kroppsspråket svært viktig Plassering i høve til brukaren Berøring Gje døme Handleiing Tolke den demente sitt kroppsspråk

14 Plassering i høve til brukaren Unngå plassering som verkar truande Til dømes: –Tett inntil brukaren (krenking av intimsona) –Å stå over (sjå ned på) Det er viktig å skape tillit Utrygge pasientar kan bli aggressive

15 Berøring Ha respekt for den einskilde sine ynskje, men det kan ofte vere kontaktskapande om du rører ved den demente. Ta i handa Klapp på skuldra Ein liten dult i sida Ein klem Stryk på kjaken

16 Gje døme Brukaren ser det du gjer og vil forsøkje å etterlikne det same som deg Bruk rolege og tydelege rørsler

17 Handleiing Du tek handa til den demente og startar på oppgåva ho skal utføre samstundes som du seier kva ho skal gjere. Døme: Å smørje på brødskiva Greie håret Pusse tenner Vaske anletet

18 Tolke kroppsspråket til den demente Den demente kan bli uroleg men veit ikkje kvifor ho er uroleg. –Ho kan vere svolten –Må på toalettet –Treng å vaske hendene –Er tørst Det kan vere eit nederlag å bli minna munnleg på dette Gå heller saman med den demente til rommet eller toalettet, sett på springen, ta fram drikke etc. Det er du som må tolke og finne eit mønster i uroen eller det den demente seier eller gjer.


Laste ned ppt "Kommunikasjon med demente. Verbal kommunikasjon God kommunikasjon med ein dement krev at du kjenner han – Kva gjorde han før? – Kva har han opplevd? –"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google