Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

SFS 2213 Arbeidstidsavtalen for undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal grunnopplæring Revidert september 2014.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "SFS 2213 Arbeidstidsavtalen for undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal grunnopplæring Revidert september 2014."— Utskrift av presentasjonen:

1 SFS 2213 Arbeidstidsavtalen for undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal grunnopplæring
Revidert september 2014

2 SFS 2213 Ny og gamal SFS2213: Gamal avtale er prolongert ut skulåret, gjeldande til Ny avtale gjeld frå

3 Gamal og ny avtale Vi går gjennom innhaldet i den nye avtalen og legg vekt på endringane. Vi legg vekt på forhandling, partsemje versus drøfting Vi kommenterer korleis ny avtale påverkar tillitsvaldrolla – og prøver å gje nokre råd om korleis handtere prosessen. Ikkje bruk ressursar på å reforhandle noko som berre vil gjelde ut dette skuleåret. Bruk tida og ressursane på å få til gode prosessar og ein god lokal avtale frå neste skuleår, når den nye avtalen startar å gjelde.

4 Den gamle SFS 2213 gjeld t.o.m. dette skuleåret – til 31.07.2015
I denne avtalen er ALLE arbeidstidsavtalar lokale avtalar Lokal avtale er forhandla på kommune-/fylkeskommunenivå. Kan vere lik for heile kommunen, eller ulik for kvar skule. Den lokale avtalen kan – på eit eller fleire område – vere lik den sentrale avtalen Men det er ikkje slik at den sentrale avtalen gjeld dersom ein ikkje blir samd om ein lokal avtale; ingen sikring. Kor mange har pr. d.d. lokale avtalar som er identisk med sentral avtale? Kor mange har avtalar som skil seg tydeleg frå sentral avtale? Kor mange har ei praktisering som skil seg frå avtaleteksten?

5 Den gamle SFS2213 Tvistebestemmelsar ved usemje om lokal avtale:
Usemje lokalt  bistandsforhandlingar Usemje etter bistandsforhandlingar  dei sentrale partane forhandlar Ved fastsett usemje  sentralt oppretta nemnd

6 Den nye SFS2213 Gjeld frå 1.8. 2015 Lokale avtalar på skulenivå
Forhandlingsbestemmelse på skulenivå Sentrale bestemmelsar som fungerer som sikring Krav til partsemje for mange endringar

7 Drøfting Forhandling Partssemje Den nye SFS 2213 Tre sentrale omgrep:
Kva legg de i dei tre omgrepa?

8 Den nye SFS2213

9 Den nye SFS2213 Arbeidsåret:
Årsverket er 1687,5 timar (1650 for 60+) = inga endring Arbeidsåret si lengde blir fastsett etter forhandling på kommune-/fylkeskommunenivå med utgangspunkt i elevane sitt skuleår + 6 planleggingsdagar Kan ved partssemje på skulenivå avsette inntil 4 dagar til for-/etterarbeid, planlegging, evaluering, fagleg ajourføring

10 Den nye SFS2213 Arbeidstid på skulen:
Skal fastsetjast ved partsemje på skulenivå Kan vere maksimalt 9 timar per dag og 37,5 timar per veke

11 Den nye SFS2213 Avtaleteksten gjev forslag til nokre modellar for organisering av arbeidstida på skulen. Modellane er IKKJE bindane.Ein kan bruke dei som utgangspunkt – eller gjere det heilt annleis.

12 Den nye SFS2213 Tvistebestemmelsen for arbeidstid på skulen:
Ved usemje om fastsetting av arbeidstid på skulenivå  tvisten vert sendt til lokale partar på kommune-/fylkeskommunenivå Ved usemje der  den løysinga med minst omfang av arbeidstid på skulen gjeld, men likevel ikkje lågare arbeidstid på skulen enn minsteløysinga i «eksempeltabellen»: altså sikring mot meir arbeidstid på skulen enn etter dagens sentrale avtale.

13 Den nye SFS2213 Oversikt/plan:
Oversikt over arbeidstid kvar dag med start-/slutttidspunkt Kan endrast med 2 veke varsel Skal innehalde undervisningstid og planlagde møte Undervisningstid jf. årsrammer for undervisning. Desse er uendra. Kan endrast ved partssemje. Matpause reknast innanfor arbeidstida på skulen Inga endring i kva som utløyser overtid eller korleis den skal godtgjerast

14 Den nye SFS2213 Andre arbeidsoppgåver
Undervisningstida kan etter avtale reduserast for å gjere andre oppgåver knytt til undervisninga Arbeidstid utanfor skulen blir då redusert med same prosentdel som undervisningstida er redusert = proposjonalitet i kvar ein hentar tida frå i staden for trinnvis innslag som i den gamle SFS2213 Gjeld ikkje kontaktlærar, tidsressurspott og livsfasetiltak

15 Den nye SFS2213 Livsfasetiltak
Nyutdanna nytilsette får redusert undervisning med inntil 6% første yrkesår Rett til inntil 6% redusert undervisning frå skulestart det kalenderåret ein fyller 57 år Rett til inntil 12,5% redusert undervisning frå skulestart det kalenderåret ein fyller 60 år Frigjort tid disponerast til for- og etterarbeid og fagleg ajourføring, dersom ein ikkje er samde om noko anna Overgongsordning for lærarar født i 1962 eller tidlegare Merk: Berre skrive i avtalen for 60 +

16 Den nye SFS2213 Tidsressursar
Ingen store endringar, berre omorganisering i korleis det er skrive slik at det er sortert på skuleslag Tidsressurspott Kontaktlærar Kontaktlærar for elevråd Rådgjevarar Vaksenopplæring NB! Merk likevel endringa i ordlyd for tidsressurspotten – tidlegare «lette i den einskilde lærar/leiar sin arbeidssituasjon» – no UNDERVISNINGSSITUASJON.

17 Den nye SFS2213 Skuleleiarar
Årsverk 1687,5 timar med arbeidstid på 37,5 timar per veke i 45 veke Stilling delt mellom undervisning og leiing – undervisninga skal ligge i den ordinære arbeidstida Årsverket kan komprimerast etter avtale

18 Arbeid med lokale arbeidstidsavtalar
De har nesten eit år til ny SFS2213 trer i kraft Bruk tida til å få til gode prosessar lokalt med rektor med medlemmane Ver i forkant. De treng/bør ikkje vente på at rektor legg fram eit forslag de skal godta eller avvise. Kor mange har diskutert med rektor korleis de skal legge opp arbeidet med ny lokal arbeidstidsavtale?

19 Arbeid med lokale arbeidstidsavtalar
Kva ynskjer vi å få gjort? Kva treng vi tid til? Kva brukar vi tid på no som ikkje er naudsynt? Kva måte å jobbe på fungerer best for elevane våre? Start med kva ein vil med arbeidstida og sjå om korleis arbeidstida skal organiserast kan kome som konsekvens av det. Sikringa ligg i botn  det må vere rom for å tenke høgt

20 Arbeid med lokale arbeidstidsavtalar
Forhandlingsbestemmelse på skulenivå  gjer noko med tillitsvaldrolla og ansvaret Når du gjer ein avtale med rektor må du kunne stå inne for den Ein avtale må ha legitimitet blant medlemmane Korleis vil de legge opp prosessen? Korleis er rolla dykkar annleis når de forhandlar enn når de drøftar? Kva utfordringar ser de med å få dette ansvaret?

21 Arbeid med lokale arbeidstidsavtalar
Forhandlingane: Likeverdige partar Ver (litt) formelle Respekter spelereglane og vis god forhandlingsskikk – det som skjer i forhandlingsrommet, blir i forhandlingsrommet Skriftleggjer – og hugs at resultatet skal vere forståeleg og klart uavhengig av personar; inneforstått og lese mellom linjene fordi vi veit kva vi snakka om og meinte fungerer dårleg

22 Arbeid med lokale arbeidstidsavtalar
Kva hjelp kan de forvente? Bruk HTV i kommunen Fylkesslaget kan gje råd og rettleiing. Bruk oss til dei vanskelege sakene/problemstillingane På storkurset i mars kjem vi attende til: råd og rettleiing til dei meir formelle sidene, t.d. korleis skrive ein avtaletekst korleis handtere ulike meiningar blant medlemmane Tenk likevel alt no gjennom: Korleis vil de handtere «den vanskelege kollegaen»? Korleis vil de handtere det med ein klubb som deler seg i to – eit lite fleirtal, eit stort mindretal?

23 Arbeid med lokale arbeidstidsavtalar
Den lokale arbeidstidsavtalen skal gjere det betre både for elevane og undervisningspersonalet De gjer ikkje avtalar for å hjelpe kommunen å spare pengar. Avtalen skal ikkje medføre redusert ressursbruk i skulen. Det er ingen som MÅ godta ein lokal avtale som gjev dårlegare arbeidstilhøve. Start i tide og kom i land i god tid før siste skuledag i vår.


Laste ned ppt "SFS 2213 Arbeidstidsavtalen for undervisningspersonalet i kommunal og fylkeskommunal grunnopplæring Revidert september 2014."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google