Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

ÅRSMELDING FOR FITJAR SOKNERÅDSBARNEHAGE BAKKEN 2018

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "ÅRSMELDING FOR FITJAR SOKNERÅDSBARNEHAGE BAKKEN 2018"— Utskrift av presentasjonen:

1 ÅRSMELDING FOR FITJAR SOKNERÅDSBARNEHAGE BAKKEN 2018
EIGAR: Fitjar soknerådsbarnehage Bakken, er ein kyrkjelydsbarnehage med utvida kristen formålsparagraf. Eigar er Stiftinga Fitjar soknerådsbarnehage. Fitjar sokneråd vel styret for stiftinga og har barnehagen som tema på eit soknerådsmøte om våren. Soknerådet og styret for stiftinga har kvar sitt medlem i samarbeidsutvalet for barnehagen. ÅRET 2018 : Årsplan for Bakken barnehage 2018/19har fylgjande hovudtema: «Alf Prøysen sine bøker og songar i årets rytme». Elles fortset vi med «Være sammen» programmet. Det implementerer den varme og grensesetjande vaksenstilen blant alle dei tilsette. Teori og praksis skal gå hand i hand. I ” Være sammen” programmet står barnas medverknad sentralt. ”Være sammen” utviklar vaksne og barn sin evne til å bygge relasjonar og ha ei felles forståing for grensesetjing. Det å ha gode og egna lokale har mykje å seia både for born og vaksne. Alle avdelinga er blitt meir medvitne på å dele barnegruppa i smågrupper store delar av dagen. Dette aukar vaksen- kontakten og det blir ein rolegare kvardag for borna. Alle born har kontaktpedagog og primær- kontakt. AVDELINGAR /PLASSAR: Me har 3 avdelingar med til saman 72 plassar for born i alderen 0-6 år. Eit barn under 3 år tel for 2, så tal på born i barnehagen varierer med alderen på borna. Avd. Blåklokka (4-6 år) : 24 plassar Avd. Marihøna (2-4 år) : 24 plassar Avd. Sommarfuglen (0-2år) : 24 plassar= 12 småborn Born pr. 15.desember 2018: 61born 53 born (51 i 2017) har fulltidsplass 8 born (11 i 2017) har deltidsplass( 60%) 17 born er under 3 år (fødd i -17 og -16) 44 born er over 3 år (fødd 15,14 og 13) Fitjar kommune har samordna opptak, og skulekontoret administrerer dette i lag med styrarane i barnehagane. Me har heile året hatt fullt belegg. * PERSONAL-RESSURS pr Styrar : 1,00 årsverk Ped.leiar/førskulelærar : 6,00 årsverk Assistentar : 3,00 årsverk Fagarbeidar : 3,60 årsverk Spes.ped : 1,09 årsverk Reinhald/vaktm : 0,47 årsverk Merkantilt : 0,05 årsverk Totalt antal årsverk : 15,21 årsverk Barn med særskilde behov: Spes.ped. tilsett av kommunen har timar i barnehagen kvar veke. Vi samarbeidar med PPT og barneverntenesta og har ”Fasttid-møte” ved behov. Årsmelding 2018, Fitjar soknerådsbarnehage Bakken

2 Årsmelding 2018, Fitjar soknerådsbarnehage Bakken
TILSETTE PR Styrar Torunn K. Aarskog, % Styrarassistent Serina Sørfonn Barnehagelærarar Serina Sørfonn, ped.leiar 2-4 år % Else F. Sortland, ped.leiar år % Arnhild J. Raunholm, ped.leiar, 4-6 år % Ingvild Rimmereid % Lillianne Jæger Thorland % Mari Anne Tislavoll % Assistentar Anita Havn % Liv Berit Siglen , fagarb. barn/ungdom % Tone Henriksen, fagarb.barn/ungd % Marit Nilsine Tislevoll % Laila Thomassen % Mai Britt Solli, fagarb, barn/ungdom % Gjertrud Strand, fagarb, barn/ungdom 100% Sonja Pedersen , assistent spe.ped ,33% Reinhaldar + vikar Joanna Sawicka ca. 40% STYRET FOR STIFTINGA Erling Prestbø (leiar) Asbjørn Vik Frøydis Almås Torunn K. Aarskog (skrivar) SAMARBEIDSUTVALET 2018 Eigar: Frøydis Almås og Gunnvald Aarbø Tilsette: Serina Sørfonn Sonja Pedersen Foreldre: Elin Sørfonn og Eli Sigrunn Wiik (vår) Eline Ø. Aarskog og Lillian K. Vik (haust) Skrivar : Torunn K. Aarskog ØKONOMI Frå 2011 overtok kommunane ansvaret for barnehagefinansieringa. Frå 1.januar 2015 skal driftstilskot til private barnehagar reknast ut frå rekneskap i den kommunale barnehagen (2 år tilbake i tid), ikkje budsjetterte kostnadar som i I Fitjar får dei private barnehagane 100% av kostnadane pr plass i den kommunale barnehagen ut frå rekneskap. Driftstilskotet pr heildagsplass under 3 år var : ( i 2017) og ,- pr heildagsplass over 3 år ( i 2017). Tilskot til kapitalkostnadar, rekna ut med grunnlag i kapitalkostnader for den kommunale barnehagen + påslag for nybygg utgjorde kr ,- pr heiltidsplass . Me har hatt overskot i 2018, noko me vil bruka til nedbetaling av gjeld og rehabiliteringar på leikeplassen . Me har god personalressurs med 4 heile stillingar på kvar avdeling, dvs. ein vaksen pr. 6. barn over 3 år. Med dette er bemanningsnorma gjeldande frå august 2019 allereie innfridd. KURS/ VIDAREUTDANNING Me fylgjer ”Plan for kompetanse- utvikling ”, utarbeidd av kommunen, og ” Fitjar soknerådsbarnehage sin Plan for kompetanseutvikling” og har i delteke på desse kursa: Samtalar med barn Inkluderande barnehagemiljø Relasjonskompetanse Teieplikt og opplysningsplikt FORELDREKURS 26. sept: Foreldremøte . Innlegg om inkluderande barnehagemiljø ved Arnhild Raunholm Årsmelding 2018, Fitjar soknerådsbarnehage Bakken

3 Årsmelding 2018, Fitjar soknerådsbarnehage Bakken
Barnehagen skal gi borna sosial kompetanse Innan dette område har me jobba med: Å bevisstgjera personalet/foreldre som rollemodellar (kurs, personalmøte) Psykologisk førstehjelp: Grøne tankar-glade barn Øva inn gode vanar /høfleg framferd ved måltid, rutinesituasjonar, samspel. Prosjektet: Vennskapsbarnehage, Stefanusbarnehagane i Egypt. Utlodding på Vennskapsfesten 28.nov. gav det flotte resultatet kr ,- som er sendt til dei via Stefanusallliansen Samarbeidsprosjekt med musikkskulen. Barnehagen skal gi borna språkleg kompetanse Her har me jobba med : Vera bevisste og bruka dei naturlege situasjonane i kvardagen Opplegget ”Språksprell” Registreringsverktyet ”TRAS” Me har hatt ”Vennskapsfest” på Bedehuset. Julespel med drama, song og musikk. Daglege samlingsstunder med fokus på dag, dato, årstid, gamle/ nye songar, rim og regler, bøker, samtale Bibelforteljingar PEDAGOGISK ARBEID / SATSINGSOMRÅDE Rammene for vårt arbeid er ”Rammeplan for barnehagen” og ”Årsplan for Bakken barnehagen”. Visjonen vår er: ”Me vil barnet det beste!”. Og hovudmottoet vårt er ”Tryggleik, glede, leik og rørsle.” Dette ynskjer me borna skal oppleva ved å møta vaksne i barnehagen som viser omsorg og som legg til rette for leik og læring i barnehagekvardagen. Våre satsningsområde er: *Kristne høgtider og bibelforteljing *Sosial kompetanse/ vennskapsbarnehage i Egypt *Språk/kommunikasjon *Fysisk fostring, Joggespretten Barnehagen som kulturarena Vår identitet med ”utvida kristen formålsparagraf” gir oss mange moglegheiter innan område kulturformidling. Me har i 2018 hatt eit nært samarbeid med kyrkja/ prestane. Me har hatt påskevandring og pinsevandring i kyrkja, delteke på familiegudstenesta Hausttakkefest, og hatt julegudsteneste med julespel i kyrkja. I tillegg har prestane og kyrkjelydspedagogen vore i barnehagen og formidla Bibelforteljingar etter oppsett plan. Dette er eit samarbeid me får gode tilbakemeldingar på frå born og foreldre. Årsmelding 2018, Fitjar soknerådsbarnehage Bakken

4 Årsmelding 2018, Fitjar soknerådsbarnehage Bakken
RAMMEPLANEN SINE 7 FAGOMRÅDE: ”Kommunikasjon, språk og tekst”, ”Kropp, rørsle og helse”, ”Kunst, kultur og kreativitet”, ”Natur, miljø og teknikk”, ”Etikk, religion og filosofi”, ”Nærmiljø og samfunn”, ”Tal, rom og form”. Desse fagområda blir det arbeida med i samlingsstunder, gruppeaktivitet, rutinesituasjonar, leik og turar. I årsplanen vår tydeleggjer me korleis tema og fagområde heng saman. I års og månadsplanen skriv me om tema og dei fagområda som er i spesielt fokus, men kvar barnehagedag inneheld moment frå kvart fagområde. MER –barnehage Me er innmeldt i dette opplegget der me er oppteken av sunt kosthald og meir frukt i barnehagen. Frukt inngår i matprisen og vert servert kvar dag. Barnas gebursdagar vert feira med fruktfat, smoothy eller milkshake (gebursdagsbarnet får velje). Dette er noko som foreldra er oppteken av og gir positive tilbakemeldingar på. Sidan august 2016 får borna alle måltid servert i barnehagen, varm lunsj ei gong i veka. Foreldra betalar kr. 250 i kostpengar for heil plass. Det dekkar frukost (havregraut 2 gonger pr veke), lunsj, lite måltid på ettermiddagen, mjølk, frukt /grønsakar kvar dag og fruktfat eller smoothy ved gebursdagsfeiringar! Dokumentasjon/ vurdering Korleis me har jobba med dette: Årsplan: dokumenterer kva me skal jobba med. Årsmelding: Dokumenterer kva me har gjort. Månadsplan/tilbakeblikk: dokumenterer kva me skal jobba med kommande månad, og kva me har gjort i månaden som gjekk. Månadsevaluering. Dagen i dag blir dokumentert på tavla Borna sine permar: bilete, teikningar, førskuleopplegg. Nettsida: bakken.barnehage.no Vurderingsarbeidet /Brukarmedverknad Korleis me har jobba med dette: Personalet: Avdelingsmøte/ personalmøte Medarbeidarsamtale Born: Tilrettelagte barnesamtalar (5-6 åringar) Observere trivsel Lytte til kva dei gir uttrykk for Foreldre: Evaluering – Foreldreundersøkinga utarbeidd av UDIR, kvart år i november. Foreldresamtalar: startsamtale + 1 samtale Foreldrerepresentant i Samarbeidsutvalet Kontakt ved henting/bringing Vurderingsarbeidet viser ein stor grad av trivsel, og me opplever at det er veldig god søknad til barnehagen vår. Vårt mål er å vera førstevalet til flest mogleg foreldre. Kva me skal jobba vidare med Fortsetja mykje bra arbeid innan kulturformidling, språkleg og sosial kompetanse. Fortsetja samarbeidet med musikkskulen og kyrkja Fortsetja prosjektet ”Vennskapsbarnehage” Jobba vidare med vurderingsarbeidet og synleggjera dette. Fortsetja kursing av personalet i ”Være Sammen” og implementere dette i barnehagen. Sakshandsaming Årsmeldinga har vore handsama i desse rådsorgana: Personal-avd.møte Samarbeidsutval Styret for stiftinga Fitjar Torunn K. Aarskog Årsmelding 2018, Fitjar soknerådsbarnehage Bakken


Laste ned ppt "ÅRSMELDING FOR FITJAR SOKNERÅDSBARNEHAGE BAKKEN 2018"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google