Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Innlegg på ”Språk åpner dører” Oslo ved Inge Kvamme

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Innlegg på ”Språk åpner dører” Oslo ved Inge Kvamme"— Utskrift av presentasjonen:

1 Innlegg på ”Språk åpner dører” Oslo 27.11.2009 ved Inge Kvamme

2 Førebuing til Kunnskapsløftet våren 2006:
Volda vgs. bestemte at eit tverrspråkleg grammatikkurs skulle vere den viktigaste nyskapinga i språkundervisninga for Vg1-elevane i møtet deira med reforma. Kvifor grammatikkurs? Manglande grammatikkunnskapar hos 1.-klassingane, ikkje minst i norsk grammatikk, eit problem særleg i framandspråkundervisninga. Kvifor tverrspråkleg? Semje om at dårleg grammatikkgrunnlag frå norsk er eit problem. Læreplanane i norsk, engelsk og framandspråk:

3 norsk: "forklare særtrekk ved norsk språk, sammenlignet med andre språk"
engelsk: "drøfte likheter og forskjeller mellom engelsk og andre fremmedspråk" framandspråk: "undersøke likheter og ulikheter mellom morsmålet og det nye språket og utnytte dette i egen språklæring." "Eleven skal kunne utnytte erfaringer med språklæring for å videreutvikle sin flerspråklighet." Felles europeisk referanseramme for språk (Rammeverket), som snakkar om "Plurilingualism” vs. ”Multilingualism” (kap. 1.3), der ”Plurilingualism” betyr at dei språka ein person kan meir eller mindre godt, heng tett saman i ein total språkkompetanse.

4 Ei gruppe på 3 personar laga det opprinnelege kurskompendiet i 2006
Ei gruppe på 3 personar laga det opprinnelege kurskompendiet i Alle dei 4 språka på Vg1 hausten 2006 var med: norsk, engelsk, tysk og fransk. Eit elementært, relativt tradisjonelt kompendium: Ordklasser Enkel setningsanalyse Setningar og ordstilling Det spesielle ligg i samanlikninga av språka. Sjå for eksempel side 6-7: Determinativ. Unntak for tidene av verbet i fransk og spansk.

5 Kurset vart avvikla før haustferien, i veke 38-39
Kurset vart avvikla før haustferien, i veke Avsluttande test onsdag 4. oktober. -Denne gjekk inn i karaktergrunnlaget i alle faga. -Kvar enkelt elev tok testen på 3 språk: norsk, engelsk og tysk I/II eller fransk. -Kompendiet danna malen for undervisninga. -Faglærarane laga leksjonar og øvingar til kvar leksjon og den avsluttande prøvedelen for sitt språk. -Lærarane i framandspråk tok utgangspunkt i norsk.

6 I 2007 fekk vi midlar frå Framandspråksenteret i Halden til vidareutvikling av grammatikkurset og utvikling av eit kurs i tekstgrammatikk. Neste innlegg handlar om dette. Grammatikkurset var tilgjengeleg for heile landet på nynorsk og bokmål i god tid før skulestart 2008 på Fremmedspråksenteret sine heimesider. Kurset i tekstgrammatikk var ferdig primo november 2009. Ad førespurnader frå andre skular om å sende frå oss øvingar og testar: våre erfaringar viser at kurset vert absolutt mest vellykka når lærarane som underviser gruppene lagar oppgåvene og testen.

7 Lærarane lagar og gjennomfører leksjonane, og øvingane og testen må samsvare med det som læraren legg vekt på i leksjonane. Sjå elles side 3 i grammatikkurset: Gode råd i samband med gjennomføringa av eit slikt kurs, basert på evaluering av kurset frå elevar og lærarar. Ein del negative reaksjonar på at grammatikk skaper avstand til språklæringa, som heller bør vere direkte, intuitiv og praktisk. Oddrun Torvik skreiv då ei grunngjeving for kurset, som stod på trykk i "Språk og språkundervisning" i oktober 2008. Hovudfokus: elementært kurs til praktisk nytte. Sjå vedlagt grunngjeving og innleiinga til kurskompendiet.

8 Grammatisk terminologi har alltid, eller i alle fall svært lenge, vore eit problemområde:
Generasjonskløft (eldre lærar vgs. – elevar frå ungd.sk. med yngre lærar) Ulike tradisjonar i språkmiljøa i Noreg Ulike tradisjonar i grammatikkundervisninga i språkområda Forskjellig terminologi i lærebøker og ordbøker, også dei nyaste For å få ein heilskapleg terminologi, landa vi på "Grammatiske termer til bruk i skoleverket", ei tilråding frå Norsk språkråd og Utdanningsdirektoratet frå 2005, oppdatert i 2006.

9 Både eigne lærarar og lærarar frå andre skular har sagt seg lite komfortable med deler av denne tilrådinga, av ulike grunnar. Viktig å ikkje ha hovudfokus på terminologi, men på innhaldet i dei ulike kategoriane. Diskutere alternativ terminologi av og til. Då vil elevane lettare kunne kjenne att eksempel frå lærebøker, grammatikkar og ordbøker, og lære seg til å takle ulike terminologiar. Å lære seg ulike måtar å sjå dei same fenomena på vil også utvikle forståinga av språk som system.

10 Hausten 2007 starta vi for første gong opp med spansk I
Hausten 2008 og 2009 har vi køyrt same opplegget, med små justeringar. Hausten 2009 hadde vi også fransk II og spansk II. Litt om oppsummeringa av kurset 2009: Elevar og lærarar jamt over nøgde med kurset. Viktig med samarbeid og arbeidsfordeling mellom språkgruppene. Norsk er det faget som har ambisjonar om å gå gjennom heile kurskompendiet, og melder behov for å starte ei veke før dei andre. Mange elevar meiner det er for mykje med prøve i 3 fag samtidig.

11 Eit par tilbakemeldingar frå andre skular:
Engelsk har vanskeleg for å "finne sin plass" i opplegget. Ein kjenner ikkje same behovet som i dei andre språka, inkl. norsk. Klare tilbakemeldingar frå utanlandske universitet om svake ferdigheiter i "academic English" hos norske studentar tyder likevel på at behovet er større enn ein trur. Det er vanskeleg å lage eit godt opplegg i framandspråk I (tidlegare C-språk) så tidleg. Her må ein ta utgangspunkt i norsk, plukke ut aktuelle avsnitt og kome hyppig tilbake til kompendiet seinare i skuleåret og på Vg2.

12 Oppsummering om hovudføremål med dette kurset:
Elementært grammatikkurs ved overgang usk.-vgs. Oppslagsverk for elevane vidare, læraren kan ta det fram av og til. Tverrspråkleg kurs: beskriv og samanliknar dei 5 språka. Hovudfokus på praktisk nytte: - nyttig for å snakke om tekst, t.d. kategori vs. funksjon (t.d. subst. vs. subjekt). - nyttig ved bruk av ordbok, t.d. unngå eks. som: "The wallpaper was great” (Tapet var stort), der eleven m.a. har slått opp på ”tapet” i staden for ”tap”. - betre forståing av skilnaden mellom munnleg og skriftleg språk.

13 3 viktige føresetnader for å gjennomføre eit slikt utviklingsprosjekt:
Minst ei eldsjel som brenn for saka. Støtte frå eit fleirtal av kollegaene. Aktiv støtte frå leiinga ved skulen. Eit prosjektet er likevel ikkje sikra "evig liv" berre med desse føresetnadene. Vi ser no klart at det er viktig å trekkje med nye folk i leiinga av prosjektet, slik at det heile ikkje fell saman av "oksygenmangel".

14 Bibliografi: Læreplanar for Kunnskapsløftet i norsk, engelsk og framandspråk "Grammatiske termer til bruk i skoleverket", ei tilråding frå Norsk språkråd og Utdanningsdirektoratet 2005, oppdatert i 2006 "Felles europeisk referanseramme for språk", Europarådet Spesiell fokus på 1.3 Oddrun Torvik: "Tverrfagleg grammatikkurs i Volda. Ei grunngjeving". Lars Anders Kulbrandstad: "Tverrspråklig grammatikk", Gyldendal 1982 Hauser, Chomsky, Fitch: "The Faculty of Language", Science's Compass Review, november 2002


Laste ned ppt "Innlegg på ”Språk åpner dører” Oslo ved Inge Kvamme"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google