Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Politisk organisering i Sunnfjord kommune

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Politisk organisering i Sunnfjord kommune"— Utskrift av presentasjonen:

1 Politisk organisering i Sunnfjord kommune
Orientering i Fellesnemnda

2 Utgangspunktet (grunnlaget) for arbeidet
Intensjonsavtala Kommunelova. Stortinget vedtek ny lov den 7.juni (plan – og bygningslov - forvaltningslov) Organiseringa i kommunane i dag Organisering i andre kommunar på same storleik Statistikk over tal og type saker i dei ulike organa Temadagen

3 Mål Vi er samde om at hovudmålet med samanslåinga er å:
Sikre gode tenester med høg kvalitet for innbyggjarane Vere drivkraft og fylkessenter for Sogn og Fjordane Delmåla er å: Skipe ein livskraftig og attraktiv kommune som sikrar god folketalsvekst Legge til rette for samfunnsutvikling og skape attraktive bu-, arbeids- og fritidsområde i alle delar av kommunen Styrke folkevald styring, brei deltaking og involvering Byggje ein kompetent, effektiv og attraktiv kommuneorganisasjon med gode fagmiljø

4 Kva vi skal gjere Forslag til politisk hovudstruktur
Forslag til politisk delegeringsreglement Forslag til reglement for dei politiske utvala og ordføraren Forslag til reglement for godgjersle til dei folkevalde

5 Intensjonsavtala Tal på medlemmer i kommunestyret - 45 (felles kommunestyremøte) Formannskapsmodellen – ikkje parlamentarisme (kommuneråd) Kommunedelutval – (Fellesnemnda (FN, jf. Inndelingslova § 26) tek avgjerd om korleis vi eventuelt skal nytte kommunedelutval. )

6 Kommunelova Stor fridom for korleis kommunane kan organisere
Kommunestyret det overordna og heilskaplege ansvaret – Obligatoriske organ: Formannskap – partssamansett utval – kontrollutval Eldreråd – råd for personer med funksjonsnedsettelse Ungdomsråd eller ei anna form Plan – og bygningslova: Kommunestyret avgjer korleis vil arbeide med saker etter lova Peikar på organ som ikkje gruppa har drøfta: Arbeidsutval (formannskap – utval) Ikkje prinsipielle saker Institusjonsstyre

7 Organiseringa i dag Fekk eit innblikk på temadagen
Er variasjon – utval med avgjerdsmynde – komitear utan – eige planutval (ikkje personidentisk) – ulikt med delegasjon Ulike arbeidsmåtar -

8 Temadagen Fekk konkrete råd og vurderingar
Sette i gang tankeprosessar – refleksjonar Effektivitet – kontra brei involvering som ei viktig problemstilling

9 Utval vs komite Prinsipp: Alle skal med i utval/komite
Samla ansvar for styring på økonomien - formannskapet (finanskomite eller finansutval) Skilje politikk og administrasjon

10 Kommunestyrekomitear
Kommunestyrekomitear saksførebuande organ for kommunestyret §10 a Alle i kommunestyret skal fordelast på komitear. Kjønnsmessig fordeling som i kommunestyret. Formannskapet er finanskomite. Naustdal og Førde har komitesystemet i dag Saker direkte til kommunestyret, ikkje via formannskapet

11 Utval Gjennomgåande representansjon der alle skal vere med
Kan også velje å ha med folk utanfrå Har avgjerds- og innstillingsmynde Kan vere utfordring med likestilling. Sikre det så langt råd er. Kan nytte forholdstalsval for å kome rundt. Listene skal ha ha 40-60 Jølster og Gaular har utval

12 Utval vs komite Utval Komite
Spreiing av makt Kan delegere til fleire enn formannskap og rådmann Opphengt i einskildsaker og ikkje overordna/heilskap på sine område Seinare saksgang? Komite Konsentrere seg om overordna/heilskap – ikkje einskildsaker Kan ta meir initiativ – jobbe meir på sjølvstendig/friare grunnlag? Konklusjon: Ikkje den store skilnaden. Delegasjon og arbeidsmåtar avgjerande.

13 Politikarar vs systemet
Uansett organisering og system. Personane (politikarane) avgjerande Kva rolle politikarane vil ha Eit system kan virke oppdragande Vil vel ha engasjerte, aktive politikarar? Førespurnader/interpellasjonar, temamøte/drøftingsmøte, aktive høyringar, ad-hoc-utval/prosjekt Avklare gjennom reglementet Jobbe med store og viktige saker over tid – saksordførar – ei politisk innstilling – dei politiske prosjektgruppene i fellesnemnda.


Laste ned ppt "Politisk organisering i Sunnfjord kommune"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google