Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Kapittel 3: Lyrisk dikting – språklege bilete

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Kapittel 3: Lyrisk dikting – språklege bilete"— Utskrift av presentasjonen:

1 Kapittel 3: Lyrisk dikting – språklege bilete
Hanne Borchrevink: Blå, 2000 1 Tema Vg1, kap 3

2 Læreplanen seier at du skal kunne
gjere greie for eit breitt register av språklege verkemiddel og forklare kva slags funksjon dei har skrive tekstar i ulike kreative sjangrar 2 Tema Vg1, kap 3

3 Språklege bilete stolrygg som julekvelden på kjerringa trong fødsel ved foten av fjellet livet er ein dans på roser døden pustar han i nakken ta bladet frå munnen ta seg eit glas gå bort få hjartet i halsen sorg og glede Eit språkleg bilete er eit uttrykk som vi ikkje skal forstå bokstavleg, men i overført tyding. I tillegg formidlar biletet gjerne ein eller fleire sansekvalitetar: høyrselsinntrykk, synsinntrykk, lukt, smak osv. 3 Tema Vg1, kap 3

4 Poetisk samanlikning Ønskjer vi å framheve spesielle eigenskapar ved noko, kan vi setje det opp mot noko anna som har denne eigenskapen. Når slike bilete inneheld eit samanlikningsord, som regel som, har vi ei poetisk samanlikning. Seier vi om ein songar at «han syng som ei kråke», overfører vi kråka sine eigenskapar til songaren. «Fisken lever som ein far i sitt fedreland.» (Einar Økland) Livet er som ein pust i sivet. «Alle går amokk som en flokk med autista» (Side Brok) 4 Tema Vg1, kap 3

5 Metafor Ei samanlikning utan samanlikningsord kallar vi ein metafor.
Livet er ein tragedie. Livet er ein lang dags ferd mot natt. «Du er dop» (Øyvind Berg) «Vi er tropisk Nord-Europa» (Øyvind Berg) trongsynt leveveg Skulen er eit fengsel. Verda er eit teater. Han stormar fram med eit løvebrøl. 5 Tema Vg1, kap 3

6 Besjeling og personifikasjon
Besjeling: når konkrete eller livlause gjenstandar blir tillagde menneskelege evner eller eigenskapar Personifikasjon: når abstrakte fenomen blir framstilte som om dei har menneskelege evner eller eigenskaper «... trærne lar seg rive med» (Tone Hødnebø) Døden kom uventa på besøk. 6 Tema Vg1, kap 3

7 Klisjé og symbol Klisjé: språkleg bilete som har stivna og er blitt til eit fast uttrykk Symbol: eit fast bilete som uttrykkjer ei abstrakt førestelling, ein tanke eller eit omgrep Eit motiv kan ved å bli teke opp att utvikle seg til eit symbol. Liv Ørnvall: Under innflytelse, 1990–92 7 Tema Vg1, kap 3

8 Proporsjonsforskyvingar
Eufemisme: formildande omskriving Litot: å ta svakt i, underdriving Hyperbol: overdriving bamse (= bjørn) gråbein (= ulv) å sovne inn (= å døy) ingen direkte usmak Han er ingen dumming. «daud mun ein lite duga» (Håvamål) få hjartet i halsen sprekke av sorg 8 Tema Vg1, kap 3

9 Metonymi, oppattaking og kontrast
det kvite vatnet «Vår ære og vår makt/ har hvite sejl os bragt.» (Bjørnstjerne Bjørnson) Sverige slo Noreg. ta seg eit glas Metonymi: språklege bilete som ikkje byggjer på likskap, men på nærleik Oppattaking: når eit element blir brukt fleire gonger Kontrast: motsetning om att og om att og om att igjen svart – kvitt høg – låg liten – stor open – lukka god – dårleg god – vond 9 Tema Vg1, kap 3

10 Påkalling Når stemma i diktet vender seg til nokon, eller til eit «du», som ikkje er til stades, kallar vi det påkalling. Påkallingar gir diktet samtalekarakter (sjølv om den som det blir kalla på, ikkje har høve til å svare). Påkallingar verkar ofte inderleggjerande. «Å, du som viser lønnsam veg i ei dikterinnes miner/ ... » (Sissel Solbjørg Bjugn) «Hyl/ av dine/ lungers fulle/ kraft ... » (Per Ivar Martinsen) «Du er dop/ Jeg er dopa/ ... » (Øyvind Berg) «i den smale glipen mellom det du sa og det du ikke/ ville snakke om ... » (Markus Midré) 10 Tema Vg1, kap 3

11 Allusjon og intertekstualitet
Allusjon: når ein tekst viser til ein annan tekst Allusjon kjem av det latinske ordet allusio, som tyder «leik». Intertekstualitet: når ein tekst står i eit forhold til annan litteratur Ein allusjon er ei direkte tilvising, medan intertekstualitet til dømes kan vere berre ein likskap mellom tekstar. Ragnar Aalbu: Grundig om gris, 2005 11 Tema Vg1, kap 3

12 Figurdikt Når eit dikt dannar ein figur, eller når det grafiske oppsettet har ei tyding i seg sjølv, kallar vi det eit figurdikt. Per Ivar Martinsen, frå Sukkertøysmytologi, 2002 12 Tema Vg1, kap 3

13 Biletliste side 1: © Hanne Borchrevink foto: Halvard Haugerud
side 11: Ragnar Aalbu 13 Tema Vg1, kap 3


Laste ned ppt "Kapittel 3: Lyrisk dikting – språklege bilete"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google