Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Dei første bondefamiliane

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Dei første bondefamiliane"— Utskrift av presentasjonen:

1 Dei første bondefamiliane

2 Dei første bondefamiliane…
Levde for år sidan. Budde der Iran og Irak ligg i dag. Lærte seg å rydde åkrar og så korn. Bygde hus på gardane, og budde der heile året saman med husdyra.

3 Svibruk Dei første bøndene hadde ikkje vanlege åkrar slik bøndene har i dag. Dei sette fyr på skogen, og sådde korn i oska. Dette kallar vi svibruk fordi dei svidde av skogen. I oska voks kornet fort. Bønder som dreiv svibruk, flytte frå stad til stad for å finne ny skog som dei kunne brenne ned.

4 Dei første gardane Nokre bondefamiliar fann ut at det var best å bu på ein stad heile året. Dei bygde hus, rydda bort stein og røter slik at kornet fekk god jord å vekse i. Dei stelte åkrane godt. Kvinnene hakka opp jorda med gravestokker før dei sådde, og dei luka vekk ugras slik at kornet voks betre. Mennene bygde gjerde for at ville dyr ikkje skulle ete opp eller trampe sund kornet. Fletta korger og laga leirkrukker som dei hadde kornet i. Kvinnene kunne male kornet til mjøl på handkvernar av stein.

5 Bøndene oppdagar metall
Når bøndene laga leirkrukker, brende dei krukkene i steinomnar. Det var kopar i mange steinar der dei første bøndene budde. Dei første bøndene laga reiskapar av kopar for over 9000 år sidan. Blei seinare vanleg å blande kopar med tinn, slik fekk dei eit metall som var mykje hardare. Dette metallet kalla dei bronse. Det var berre dei rikaste bøndene som hadde råd til å ha våpen og smykke av bronse. Bøndene støypte pilspissar, knivar, øksar og nåler.

6 Legering Når vi blandar to metall, får vi ei legering.
Bronse = blanding av kopar og tinn = legering. Bronsen var veldig verdifull.

7 Bondefamiliane får husdyr
9000 år sidan: nokre bondefamiliar greidde å fange ville lam og geitekillingar. Dei gav dei mat og heldt dei fanga i nærleiken av husa. Seinare fekk dei griser, og til slutt kyr og oksar. Bondefamiliane levde betre med husdyr. Kjøtt og mjølk frå husdyr er sunt for barn som veks. Dei kunne slakte dyra når dei trong ferskt kjøtt. Kyr og oksar kunne dei bruke som trekkdyr. Av skinnet og ulla laga kvinnene klede og sko.


Laste ned ppt "Dei første bondefamiliane"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google