Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Internasjonalt samarbeid

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Internasjonalt samarbeid"— Utskrift av presentasjonen:

1 Internasjonalt samarbeid
Kap.3

2 Internasjonalt samarbeid
Handlar om at land i verda samarbeider med kvarandre. Somme saker er viktige for fleire land, derfor kan det vere lurt å samarbeide om slike viktige saker. Noreg samarbeider med mange andre land. Internasjonalt samarbeid går føre seg gjennom organisasjonar som jobbar med ulike saker.

3 Saker som mange land er oppteken av:
Menneskerettar Miljø Fattigdom Krig og fred

4 Somme organisasjonar jobbar globalt = over heile verda
Somme organisasjonar jobbar globalt = over heile verda. Andre jobbar regionalt = i eit område.

5 SN- Dei sameinte nasjonane (FN)
Ein viktig organisasjon for internasjonalt samarbeid. Jobbar for at alle menneske skal ha eit godt liv. Den viktigaste oppgåva til SN er å ta vare på verdsfreden. Dei jobbar for å frigi folk frå krigslidingar, fremje menneskerettar og menneskeverd, og for å sikre at folk får betre levekår. Medlemslanda må love å løyse konfliktar ved hjelp av fredelege middel. SN er delt i mange organisasjonar, avdelingar og råd som har ansvar for ulike deler av det arbeidet dei gjer.

6 Visste du at….. SN- dagen er 24.oktober kvart år. (Til minne om den dagen SN-pakta blei underteikna, 24.oktober 1945.) Den første generalsekretæren i SN var frå Noreg. Han heitte Trygve Lie.

7 Menneskerettane SN har laga ei erklæring om menneskerettar.
Artikkel 1: « Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.» Vedteken i 1948. Alle menneske er like mykje verd og har dei same rettane.

8 Menneskerettane er delt i sju grupper:
Fridom Rettferd Tryggleik Demokrati Velferd Kultur Ansvar

9 SNs tusenårsmål SNs tusenårsmål handlar om å:
Det overordna målet er mål nummer 1: Halvere andelen mennesker som lever for under éin dollar om dagen. SNs tusenårsmål handlar om å: utrydde fattigdom og svolt Sørgje for skulegang for alle barn- både jenter og gutar Få til at fleire barn skal overleve Betre helseforholda for gravide og fødande Minske spreiing av aids og malaria Minske forureininga for å ta vare på jorda Jobbe for rettferdige reglar for internasjonal handel

10 Mange stader må barn arbeide i staden for å gå på skule.
Barnearbeid

11 UNICEF – SN sitt barnefond
UNICEF forsvarar rettane til barn. Verdas største hjelpeorganisasjon for barn. Vil sikre at barn over heile verda har moglegheit for å overleve, få vern og moglegheit for å utvikle seg. Blei oppretta i 1946 for å hjelpe krigsramma barn etter 2.verdskrig. I dag er UNICEF til stades i 190 land. Les meir her.

12 Viktige arbeidsområder for UNICEF:
Helse og ernæring Vaksiner Reint vatn og tilfredsstillande sanitære forhold Kvalitetsskole for alle barn Vern mot vald og utnytting Vern mot hiv/aids Vern i krisesituasjonar


Laste ned ppt "Internasjonalt samarbeid"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google