Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Foreldremøte Kleppe SFO.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Foreldremøte Kleppe SFO."— Utskrift av presentasjonen:

1 Foreldremøte Kleppe SFO

2 Organisering Ca 110 barn (september 2017) To avdelingar
Base 1: Hakkebakkeskogen, 1. – 2. trinn Base 2: Pikachu, 3. – 4. trinn 13 i personalet Base 1 Base 2 Anna SFO-personale Anne Cathrine (avd.leiar 1. tr) Anita (avd.leiar) Monika (kjøkkenansvarleg) Karin (avd.leiar 2. tr) Renata Katrine (SFO-leiar) Cristina Agush Lene Geir Bisrat Eleni Malin Chanett (lærling) Nedgang sidan i fjor haust, verst i skiftet august/september To avdelingar på bakgrunn av synkande elevtal, personalet redusert Endringar frå haustferien. Anne Cathrine tar over som SFO-leiar då Katrine går ut i permisjon, mange fordelar med ei som kjenner SFO-en frå før. I oktober kjem det mest sannsynlig inn to stykker i arbeidspraksis. Ho eine har erfaring som styrar i bhg, ramma av nedbemanning. Ho andre er under utdanning for å bli barne og ungdomsarbeidar og har hatt vikariat på Bore SFO.

3 Primærkontaktar Kvar elev har ein primærkontakt.
Overordna ansvar for oppfølging av elevar Kjennskap til enkeltelevar SFO-leiar Katrine Anne Cathrine Karin Avd.leiar 1. trinn Avd.leiar 2. trinn Ansvar for oppfølging av elevar Kunnskap om enkeltelevar Ansvar for oppfølging av enkeltelev Meir inngåande kunnskap Primærkontakt 1A og 2B Cristina Primærkontakt 1B og 2A Lene Primærkontakt 1C og 2C Bisrat Primærkontakt 1D og 2D Eleni Avd.leiar 3. og 4. trinn Anita Primærkontakt 3B, 4B , 4E og 5C Renata Primærkontakt 3A, 3C, 4D og 4S Agush Kvar elev har ein primærkontakt. Alle vaksne passer på alle barn, men primærkontakten fyller opp litt ekstra. Avd. har oversikt over alle barn på sin base. Foreldresamtalar i oktober og november, info kjem på heimesida. Vi kallar ikkje inn, de som føresette tar kontakt ved behov.

4 Visjon, mål og verdigrunnlag
«Barna vår framtid» «Vere ein SFO der barn opplever å bli sett, høyrt og er ein aktiv del av eit inkluderande miljø» Ein SMART-SFO! S – Solidaritet M – Mangfald og meistring A – Ansvar R – Raushet T - Tryggleik Ny kvalitetsplan for SFO-ane i Klepp, heimeside. Utarbeida av Lasse Hjelmervik, Katrine Idland og Sissel Johannessen på etatskontoret. Mykje av det same innhaldet, men stiller meir krav til innhaldet og tilsette enn tidlegare. Oppfordre til å gå inn å sjå. Klepp kommune sin visjon til grunn for arbeidet vårt. Verdigrunnlaget vårt bunner i å vere ein SMART-SFO. Solidaritet – Alle barna ein del av fellesskapet, læra å forstå og respektera andre, andre sine meiningar og medverke til eit godt fellesskap. Lærer av kvarandre. Mangfald og meistring – Barna blir møtt med sine talent og utfordringar, læring skjer fortrinnsvis gjennom leik, plass til alle. Legger til rette for at alle skal få oppleve meistring og bygger videre på sjølvbiletet. Ansvar – Lære å stå til ansvar både i medgang og motgang. Ansatte ansvar for å bygge opp stolthet og tryggleik til å mestre og feile. Raushet – Gjere gode ting for andre. Bli kjent med mange andre barn. Fokus på å sjå styrkar og likskap foran forskjellar. Kultur og mangfald der alle blir verdsatt. Tryggleik – Rammer for å nå sine mål, meistring, jobbe for å tørre å strekkja seg litt lenger. Begrepa glir raskt over i kvarandre.

5 Kommunale satsingsområder
Medborgar-kompetanse og sosialt medansvar Vennebenk Positiv merksemd Tydelege og trygge vaksne Veiledning Leik som utviklingsarena Fokus på at SFO er barna si fritid Fri leik Organisert leik Helse, miljø og fysisk aktivitet Sunn mat, tilbereding og rydding, måltidet Tur Gym Symjing, bmx, karate, pantomime Utetid Skøyting Kunst, kultur og kreativitet Temaveker Kunstkafe Forming Sløyd Med.borg og sos.medansvar: Mål – Barna skal lærast opp til å delta aktivt i samhandling med andre. Læra å forstå og respektera andre, andre sine meiningar og medverke til eit godt fellesskap. - Tydelege og trygge vaksne som veileder legg eit godt grunnlag for det. Vennebenk har blitt introdusert, sette seg der om ein er åleine, dei andre plikta til å be vedkommande med i leik. Positiv merksemd til det vi ønskjer meir av. Leik som utviklingsarena: Mål – Barna i SFO skal stimulerast til sosial samhandling gjennom ulike aktivitetar og leikeformer. Vi har fokus på at SFO er barna si fritid, men det er ikkje synonymt med at SFO er ein opphaldsplass. Ønskjer eit bredt utvalg av aktivitetar, prisen for SFO er tross alt svært høg. Leiken er viktig av mange grunnar. Bearbeiding av kvardagen, knytter venskap og relasjonar, lærer ord, tal og verden og kjenna. Vekker nyskjerrighet, opplever meistring, glede, sjølvinsikt, fysisk aktivitet, utfordra til å prøve nye ting. Helse, miljø og fysisk aktivitet: Mål – Barnet skal oppleve glede og meistring i fysiske aktivitetar og friluftsliv i nærmiljøet. Mat: Mat drikke og frukt kvar dag, varmmat ein dag i veka, fellesskap, ro, i henhold til helsedirektoratet sine anbefalingar og eigen kostholdsplan. Kunst, kultur og kreativitet: Mål – Oppleve glede og meistring ved å delta i ulike kunst og kulturaktivitetar Temaveker: Advent, karneval. Høgtlesing, tilgjengelege bøker.

6 Dagsrytme Morgon-SFO frå 07.00 – skulestart
SFO åpnar når trinn sluttar skuledagen Frie/organiserte aktivitetar (tysdag og fredag) Måltid ca kl 13.50 Utetid, gruppeaktivitetar fram til 15.15 Frie aktivitetar og leik til 16.30

7 Tilbod, prisar og vedtekter
100 %, 60 % og morgontilbud (07.00 – skulestart) Ope heile skuleåret, utanom raude dagar, julaftan, nyttårsaftan, og fem plandagar i året (stengt juli) Bot på 200,- ved henting etter kl 16.30 3 dagar (60 %) Matpengar 1695,- / mnd 130,- / mnd 5 dagar (100 %) 2790,- / mnd 210,- / mnd Morgontilbod 355,- / mnd Vedtekter på heimeside, felles for kommunen. Revidert 1/1-17 Kjem du for seint? Ring, så finn vi ei løysning Mogleg å få støtte/redusert betaling kommunalt og gjennom nav.

8 Oppseiing/endring av opphaldstid
Skulefritidsordninga har ein månads oppseiingstid. Det gjeld og for endringar i opphaldstida. Oppseiinga gjeld frå den 1. i kvar månad. 1.mai er fristen for å gje melding om at ein ikkje skal ha SFO-plass neste skuleår. Ved oppseiing av plassen etter 1.mai må det betalast ut august månad. Oppseiing av plassen må vera skriftleg. - §5 i Vedtekter for SFO i Klepp kommune

9 Ferie-SFO Fokus på at ferie ikkje berre er reise Påmelding i forkant
60 % nyttar same dagar som elles i året Ikkje mogleg å kjøpe ekstra dagar Åpent kl (07.00 for dei med morgontilbod) Kjernetid kl 10-15 Programmet blir presentert etter påmeldingsfristen Alle er på base 1 i feriar. Vil gi dei som er på SFO ein minst like minneverdig ferie som dei som ikkje nyttar tilbodet. Påmelding i forkant for å kunne planleggje best mogleg. Årets haustferie, prøvde utan å levere ut lappar i papirutgåve. Mangla 80 stk når fristen gjekk ut. Kjem til å levere i papir framover, likevel viktig å følgje med på heimeside (abonner) og vigilo. Ver greie å hald fristane.

10 Levering, henting og heimsending
Elevar som ikkje nyttar morgon-SFO må ikkje gå inn i garderobane før 08.05, heller ikkje i følgje med føresette. Droppsone – Stor bussplass ved riksvegen og stor parkeringsplass ved Kleppe U-skule. (Mindre farleg i trafikken for elevane våre) Snuplassen kun for avlevering/henting før eller etter kl – 14.15 Forbode å køyre inn på skuleområdet utan særskild tillating Kom inn ved henting, ikkje ring frå bilen Hugs å gi beskjed når du henter/utkryssing Beskjedar om endringar/sjukdom. Send melding i vigilo eller sms på SFO-telefon før SFO-tid eller ring SFO etter oppstart. Hugs å gi beskjed, personalet kan ikkje ringe føresette for å bekrefte elevane sine påstandar Dei som går heim sjølve: heile og halv timar Kom inn for å henta: Ved ringing binder vi opp verdifulle ressursar som burde vore nytta blant barna og går glipp av kontakten mellom foreldre og SFO. Kjekt å kunne fortelje om korleis dagen har vore Avtale 2?

11 Diverse NB! Hugs å sjekke etter om barnet ditt har skifteklede
Månadsplan med info kjem ut 1. i kvar månad Meld de på nyheitsbrev på heimesida Nytt vigilo Følg med på ranselpost Overhold fristane Bla gjennom kvalitetsplan og årsplan. Gjev eit betre bilete av kva dykk kan forvente Nyheitsbrev: Til høgre på heimesida «abonner på nyheiter», legg inn mail, huk av. Legger ikkje ut meir enn naudsynt. Vigilo: Logg på server «kleppesfo», brukernavn er mailadr, passord er sendt på mail, kan huke av for pushvarsler. Mange foreldre på 1. trinn har tatt tenesten i bruk, få tilbakemeldingar eller spørsmål. Ikkje nøl med å ta kontakt og sei i frå dersom du fortsatt skulle mangle tilgang eller har gløymt passord etc. Sjølv om skulen har tatt i bruk schoollink vil vi fortsette med vigilo. Schoollink har ikkje utarbeida eit godt nok system for SFO enda, i tillegg har vi ein kontrakt å forholde oss til. På sikt håper vi å nytte same teneste som skulen.

12 Brukarundersøking SFO
Brukarundersøkinga frå 2016 tilseier at 91 % på første trinn trivdes godt eller svært godt. Godt verktøy for Kleppe SFO sitt utviklingsarbeid og for å samanlikne med andre. Ny undersøking våren 2018 Avhengige av å få svar for å kunne vidareutvikle oss. Set også pris på andre innspel. Ønsker generelt lav terskel for å ta kontakt.

13 Foreldrerepresentantar
FAU: Helga Mossige Lønne Vara: Hege Øyen Eshaghi

14 Innspel


Laste ned ppt "Foreldremøte Kleppe SFO."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google