Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Opplæringsplan i basiskunnskap matematikk

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Opplæringsplan i basiskunnskap matematikk"— Utskrift av presentasjonen:

1 Opplæringsplan i basiskunnskap matematikk

2 Kvifor? Korleis? Det syner seg at svært mange jobbsøkjarar har manglande kunnskap på dette feltet i ein slik grad at det blir ei hindring for å fungere i arbeid eller utdanning, og vi ynskjer å gje dei det påfyllet dei treng for å fjerne den hindringa. Kurset er individuelt tilrettelagt, men mykje av undervisninga kan også gjerast i mindre grupper. Alle jobbsøkjarar gjennomgår kartlegging med Rådgiveren tidleg i tiltaksperioden og dersom resultatet tilseier det, får dei tilbod om kurs. Det vil variere kor i kurset deltakaren bør starte, og kor mange av modulane vedkomande har behov for. Etter at kurset er ferdig, gjennomfører vi ny kartlegging med Rådgiveren.

3 Fagleg innhald UKJENDE STORLEIKAR BUDSJETT DEI FIRE REKNEARTANE
OVERSLAGSREKNING DESIMALTAL PROSENT AREAL OG VOLUM UKJENDE STORLEIKAR BUDSJETT

4 INNLÆRINGSMÅL Dei fire rekneartane Delmål
Jobbsøkjaren skal kunne rekne med heiltal i alle fire rekneartar. Delmål Legge saman heiltal. (Addisjon) Trekke frå einannan heiltal. (Subtraksjon) Gange heiltal med kvarandre. (Multiplikasjon) Dele heiltal med kvarandre. (Divisjon) Forslag til læremateriell/metodikk: Øvingar på: m.m. Papirbaserte oppgåver tilrettelagde etter deltakars nivå

5 INNLÆRINGSMÅL Overslagsrekning Delmål
Jobbsøkjaren skal kunne gjera eit raskt overslag over t.d. samla kostnader ved innkjøp. Delmål Lage eit overslag, utan kalkulator, over eit mindre antal utgifter/inntekter. Lage eit overslag, utan kalkulator, over kva ein fast sum pr. dag/veke/månad vil utgjera i løpet av eit år. Lage eit overslag, utan kalkulator, over kva ein sum pr. år vil utgjere i løpet av ein månad. Lage eit overslag, utan kalkulator, over kva han/ho har att av inntekta pr. månad etter at faste utgifter er fråtrekte. Forslag til læremateriell/metodikk: Samtaler med instruktør og/eller i gruppe med utgangspunkt i relevante tal frå dagleglivet, t.d.: Prisar på daglegvarer, tilskotssatsar frå NAV, bensinprisar…

6 INNLÆRINGSMÅL Desimaltal Delmål
Jobbsøkjaren skal forstå samanhengen mellom heile tal og desimaltal, og kunne rekne med desimaltal i alle fire rekneartar. Delmål Kunne enkle reglar for flytting av komma ved multiplikasjon og divisjon Legge saman heile tal og desimaltal. Trekke frå kvarandre heile tal og desimaltal. Gange desimaltal med kvarandre. Dele desimaltal med kvarandre. Forslag til læremateriell/metodikk: Øvingar på: Papirbaserte oppgåver tilrettelagde etter deltakars nivå

7 INNLÆRINGSMÅL Prosent Delmål
Gjera om frå desimaltal til prosent og omvendt. Rekne ut kva gitt prosent av ein sum blir. Rekne ut auke eller reduksjon av ein sum når prosenten er oppgitt. Kunne enkle reglar for vanlege tillegg i prisar, som t.d meirverdiavgift. Forstå ei lønsavrekning og kunne rekne ut kor mykje ein betalar i skatt, kva feriepengane utgjer m.m. Prosent Jobbsøkjaren skal kunne forstå samanhengen mellom heile tal og prosent og kunne rekne med prosent i praktiske samanhenger. Forslag til læremateriell/metodikk: Øvingar på: Papirbaserte oppgåver med utgangspunkt i t.d. lønsslipp, avrekning frå NAV og så vidare.

8 INNLÆRINGSMÅL Areal og volum Delmål
Rekne ut arealet av eit golv og liknande for praktisk bruk ved innkjøp/oppussing av eige hus mm. Rekne ut volum av t.d. ei kasse, ein bilhengar og liknande. Areal og volum Jobbsøkjaren skal kunne forstå og bruke enkle formlar for utrekning av areal og volum. Forslag til læremateriell/metodikk: Øvingar på:

9 INNLÆRINGSMÅL Ukjende storleikar Delmål
Jobbsøkjaren skal kunne forstå korleis ein reknar ut ein ukjend storleik ved hjelp av enkel likning. Delmål Sette opp ei enkel likning med ein ukjend storleik. Reglar for utrekning av ei enkel likning. Forslag til læremateriell/metodikk: Øvingar på:

10 INNLÆRINGSMÅL Budsjett Delmål
Jobbsøkjaren skal kunne sette opp eit enkelt hushaldsbudsjett ved bruk av rekneark. Delmål Bruke rekneark med enkle formlar. Sette inn eigne tal for inntekter og utgifter. Forstå skilnaden mellom faste og variable utgifter. Bruke rekneark for å sjå kva som er til disposisjon pr. år, månad, veke, dag. Forslag til læremateriell/metodikk: Lage oppgåver i samarbeid, basert på den enkeltes reelle inntekter/utgifter


Laste ned ppt "Opplæringsplan i basiskunnskap matematikk"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google