Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Arrangør av Handballkampar i Tysneshallen. gjer eg det ? Ei presentasjon av arbeidsoppgåver og metodar.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Arrangør av Handballkampar i Tysneshallen. gjer eg det ? Ei presentasjon av arbeidsoppgåver og metodar."— Utskrift av presentasjonen:

1 Arrangør av Handballkampar i Tysneshallen. www.tysnesil.nowww.tysnesil.no..korleis gjer eg det ? Ei presentasjon av arbeidsoppgåver og metodar.

2 Før kamphelga lyt du ordna fylgjande: Dommar pengar Kamprapporter Sekretariat Billettsal Vasking av garderobar

3 Dommarpengar: Domarane skal ha pengar i handa iflg. NHF. Det betyr at du må finna ut eit ca beløp denne dommaren skal ha. Det gjer du på fylgjande måte: På ”Banedagbok” på nettsida vår finn du navnet på den aktuelle dommaren. Dersom det er lokale dommarar frå Tysnes er det kun betaling for dei aktuelle kampane det gjeld. Er det utanforståande dommarar lyt du finna ut eit ca beløp.. Utfrå kor vedkommande bur.

4 Klikkar du deg inn på www.tysnesil.no og åpnar menyen ”Skjema” vil du finna eit skjema for dommarrekning som du lastar ned og skriv ut.www.tysnesil.no Her ser du takstane for dei forskjellige aldersklassar i tilegg til diett satsar, kilometersatsar etc,

5 Dersom du gjer eit søk på www.opplysningen1881.no på vedkomande dommar, kan du og finne ut kvar vedkomande bur, og såleis anntall kilometer reise. www.opplysningen1881.no Det gjer du enklast ved å trykke på ”vis i kart” under navnet og derfrå kan du gå på ”lag veibeskrivelse”

6 Dette er litt tungvindt og unødvendig i dei fleste tilfeller. Det du kan gjera er å gjera eit lite overslag på forventa beløp ut frå satsane på regningen, så legg du til for eksempel. 500,- for sikkerhets skuld Dette beløpet melder du frå tilrekneskapsførar om at du lyt ha inn på din egen konto. Du tar så pengane ut i minibanken og tek dei med deg inn i hallen der du betalar dommarane etter kampane er slutt. Du tar vare på signert dommarregning som du sender til rekneskapsførar. Overskytande beløp set du attende på kontoen til Tysnes idrettslag og sender melding frå banken til rekneskapsføraren der kommentar er lagt inn om kva beløpet gjeld.

7 NB. ! Det er viktig at alle beløp som vert sett inn eller overført til Tysnes Idrettslag er merka med dato og kommentar på kva beløpet gjeld. Dette for at rekneskapen skal verta mulig å etterspora.

8 Kamprapportar: Gå inn på www.tysnesil.nowww.tysnesil.no Klikk på ”Kamprapport” i Handballmenyen til venstre. Når du kjem inn på denne sida lyt du velja i nedtrekks menyane og bruka opplysningar som vist. Trykk så på ”Hent Kamprapporter” og skriv dei ut og ta dei med i hallen.

9 Begge lag skal fylla ut opplysningar om alle spelarar som er med. Dersom nokon av spelarane er av ein tidlegar årgang skal lagleiar visa fram dispensasjon for aktuell spelar Berre spelarar, ledarar som er oppført på rapporten har lov å opphalde seg på banen eller benken. Sekretariat overtar rapporten ved kampstart og fører rapport under kampen. Etter kampslutt ser dommar over rapporten og skriv under i lag med tidtakar og sekretær.

10 Når dagen er slutt lyt resultata frå kampane leggjast inn på nettet. Det gjer du slik: gå inn på www.tysnesil.no www.tysnesil.no Klikk på ”Klubbsia Logg-inn” i handballmenyen til venstre. Du kjem då her: Brukernavn:122300053356 Passord: får du hjå kretskontakt Trykk OK

11 Du er no inn på Tysnes IL’s Klubbside. Trykk på ”Resultatregistrering”

12 Set markøren din i ruta for resultat og skriv inn antall mål, poeng kjem av seg sjølv etter kvart. Kontroller resultatet før du lagrar. Etter alle resultat er lagt inn, går du ut av sida ved å trykka på den raude X oppe til høgre.

13 Kamprapportane legg du samla i ein konvolutt og sender til: NHF Region Vest P.B. 221 6800 Førde Adressa står og øvst på rapporten. Dersom forbundet ikkje får tilsendt rapportar etter kvart, kan me verta bøtlagt, så det er viktig å sende desse ein av dei fyrste dagane. Husk å få kvittering på event. utlegg for porto, det skal du ha tilbakebetalt frå TIL

14 Sekretariat: Her lyt ei vera 2 personar, ein tidtakar som styrer tavla, og ein sekretær som fører kamprapporten. Her er det lurt å bruka nokre av dei eldste spelarane på dei eldste kampane. Det er nemleg slik at ein bør kunna litt handballreglar når ein skal sitja i sekretariatet. Likevel er det slik at alle lyt byrja ein gong og dersom ein vert usikker på noko, er det berre å tilkalla dommaren, stoppe tida og få klarhet i det ein er usikker på. Er ein nybegynnar på dette, er det lurt å byrja med dei minste sin kampar, tempoet er mindre her, men ein lærer seg fort til å bruke tavla..

15 Set opp ei liste over kven som skal sitje og kva tid, det kan verta lenge å sitje heile dagen. Husk at dersom ein ikkje har gjort ein einaste feil, har ein sannsynlegvis ikkje gjort noko i det heile !!

16 Billettsal: Til dette kan ein godt benytte yngre spelarar eller andre foreldre/besteforeldre. Det er berre å finne seg eit bord, ta det med opp trappa og setja seg til der. Prisane er som fylgjer: Born 10,- Vaksne 20,- Familie 50,-

17 Vasking av garderobar: Dette er eit arbeid som vert sett ut til kvart lag å utføra. Likevel er det arrangøren som må påsjå at det vert gjort. Lister over lag/helg kan med fordel lagast og fordelast til laga før sesongen er i gang. Det er berre dei to øverste garderobane og tribuna som skal vaskast, elles er det berre rydding og tømming av boss etc.

18 Nøkkel til hallen: Nøkkel til hallen lyt ein kvittera ut på Vågebua og levera attende ved å putta han opp i postkassen på utsida dersom det er utanom opningstida. Hugs også på dette når du skal henta nøkkel, det er ikkje kjekt å koma ned til våge Søndag føremiddag og oppdaga at nøkkelen ikkje er å få fatt i..

19 Fordeling av garderobar: Her gjer ein stort sett som ein vil, men eit tips er å bruke dei to øverste på ein slik måte at det er mulig å vaske dei mens siste kampen pågår. Heng gjerne opp lappar på dørene så får du det akkurat slik som du tenkte. Tysnes sine lag brukar stort sett same garderoben dersom det berre er jenter

20 Etter at arrangementet er ferdig tel de over billettinntekter og set dei inn på Tysnes Idrettslag sin driftskonto: 3525.45.52087 Merk med kommentar/dato etc. og send meldinga til rekn.førar i lag med dommer rekningene. Her og må det lagast eit lite rekneskap på rest.beløp av midler til dommarutgifter som vert satt tilbake på same konto.

21 Lukka te ! PS..når det gjeld speaker så er det ingen nødvendig ting om du ikkje føler for det. Det avgjer du sjølv. Mvh redaksjonen@tysnesil.noredaksjonen@tysnesil.no Edvard Tysnes


Laste ned ppt "Arrangør av Handballkampar i Tysneshallen. gjer eg det ? Ei presentasjon av arbeidsoppgåver og metodar."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google