Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Å vere jøde. Den som er fødd av ei jødisk mor, er jøde. I dag er det 14 millionar jødar. Dei er spreidde over heile verda, dei fleste i USA og Israel.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Å vere jøde. Den som er fødd av ei jødisk mor, er jøde. I dag er det 14 millionar jødar. Dei er spreidde over heile verda, dei fleste i USA og Israel."— Utskrift av presentasjonen:

1 Å vere jøde

2 Den som er fødd av ei jødisk mor, er jøde. I dag er det 14 millionar jødar. Dei er spreidde over heile verda, dei fleste i USA og Israel. Jødane er bundne saman gjennom sams tradisjonar og ei sams historie. Alle like mykje jødar, anten dei er religiøse eller ikkje.

3 Toraen er grunnlaget for jødisk tru og levemåte. Toraen er dei fem Mosebøkene, som står heilt først i den jødiske bibelen. Det er den samlinga av heilage skrifter som dei kristne kallar Det gamle testamente. Toraen fortel korleis jødane bør leve.

4 Ifølge jødedommen finnast det berre ein Gud, som har skapt verda og alle menneska. Jødane trur at Gud har inngått i pakt (høgtideleg avtale) saman med det jødiske folket. Ifølge denne avtalen vil Gud beskytte folket og vere trufast mot dei dersom dei følgjer boda i Toraen (loven).

5 Jødane reknar seg som Guds utvalte folk, det betyr ikkje at dei er betre enn andre menneske. Jødane trur at Gud har gitt dei nokre plikter som andre slepp. Mykje tid vert nytta til å lese og diskutere påboda og forboda i Toraen. Mykje av det dei har komne fram til er skrive ned i Talmud. Talmud er forklaringa på skriftene.

6 I heimen blir dei jødiske tradisjonane ført vidare til borna: Forteljingar, songar, bøner, høgtider og festar. Dei fleste høgtidene handlar om noko som ein gong skjedde i jødane si historie. Pesach er påskefeiringa, den er til minne om då Moses førte folket ut av Egypt.

7 Kjøkkenet og måltida er viktige fordi Toraen har mange reglar for kva jødane kan ete og ikkje ete. Mat som er lov å ete, blir kalla kosher. Kosher er jødane sitt ord for noko som er lov, men er mest brukt om mat og drikke. Nokre jødiske familiar følgjer alle etereglane, andre følgjer nokre få. watch?v=gRdfX7ut8gw

8 Synagoga kjem frå gresk og betyr «forsamling». Synagogen er jødane sin forsamlingsstad. Der kan dei be og studere og ha undervisning. I gudstenesta i synagoga skal heile Toraen bli lese høgt i løpet av eitt år. Ein rabbinar er ein prest og leiar av ein jødisk meinigheit. watch?v=5vpKoj8a93s watch?v=5vpKoj8a93s

9 Sabbaten er jødane sin kviledag og varer frå fredag kveld til laurdag kveld. Religiøse jødar (ortodokse) prøver å følgje alle dei strenge reglane for sabbaten, andre er så nøye på det. /watch?v=LnaZqHy2ZHE /watch?v=LnaZqHy2ZHE

10 Fellestrekk er: Éin Gud har skapt verda og menneska. Gud har fortalt menneska kven Han er, og kva Han vil. Det står det om i religionen sine heilage bøker. Jødar, kristne og muslimar legg vekt på bøn. Dei har eit personleg forhold til Gud. Abraham (Ibrahim på arabisk) er ein viktig person i alle dei tre religionane. Jødar, kristne og muslimar reknar seg som «Abraham sine barn». Gud har sendt profeter til menneska. Jerusalem er ein heilag by for jødar, kristne og muslimar.

11 Jesus og tilhengarane hans var jødar, og det kan vi sjå tydeleg i Det nye testamente i Bibelen. Jødane trur ikkje på Jesus. Islam er i slekt med jødedomen. Profeten Muhammad ville at menneska skulle vende tilbake til trua på den eine Gud, den trua som Abraham hadde. Dei religiøse lovene i dei to religionane inneheld mykje av det same, til dømes forbodet mot svinekjøt.


Laste ned ppt "Å vere jøde. Den som er fødd av ei jødisk mor, er jøde. I dag er det 14 millionar jødar. Dei er spreidde over heile verda, dei fleste i USA og Israel."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google