Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Biblar til Egypt Bibeldagen 2015 Foto: Tor Tjeransen,

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Biblar til Egypt Bibeldagen 2015 Foto: Tor Tjeransen,"— Utskrift av presentasjonen:

1 Biblar til Egypt Bibeldagen 2015 Foto: Tor Tjeransen,
På Bibeldagen 2015 gjev vi vår støtte til bibelarbeidet i Egypt. Det egyptiske bibelselskapet driv eit stort og omfattande arbeid blant dei mange kristne i landet. Kvart år samlar dei inn 7 millionar kroner til bibelarbeidet i sitt eige land, men dette er ikkje nok til å dekke alle prosjekta med bibeldistribusjon som dei ønskjer å gjennomføre. Oppgåva vår er å støtte Bibelselskapet i Egypt økonomisk, i ei viktig og avgjerande tid. Biletet viser ei skulejente som har fått eit Lukasevangelium av Bibelselskapet i Egypt. Biblar til Egypt Bibeldagen 2015 Foto: Tor Tjeransen, Hans J. Sagrusten og Bibelselskapet i Egypt

2 EGYPT FAKTA OM EGYPT 1 002 000 km2 (3 x Norge) Hovudstad: Kairo
Egypt er eit stort og folkerikt land. Årsnedbøren er berre ein tidel av nedbøren i Skjåk, som er den staden i Noreg med minst nedbør. Folkesetnaden er konsentrert på nokre få prosent av landarealet, i Nildalen og i Nildeltaet i nord. Veksten i folketalet er så stor at det må startast opp ei ny skuleklasse – med ein nyutdanna lærar – kvart 15. minutt for å halde følgje med folketalet. Talet på kristne blir oppgjeve å vera alt frå 9 til 15 millionar. Den koptiske kyrkje oppgjev å ha omkring 12 millionar medlemmar i landet. km2 (3 x Norge) Hovudstad: Kairo Årsnedbør: 25 mm Offisielt språk: Arabisk Ca 90 millionar innbyggjarar Årleg vekst i folketal: 1,7 % Under 15 år: 32 % Lesekunnige: ca. 70 % Muslimar: 87 % Koptiske kristne: 11 % Protestantiske kristne: 1 % FAKTA OM EGYPT BENIN ALGERIA MOROCCO TUNISIA LIBYA EGYPT NIGER MALI CHAD SUDAN CENTRAL AFRICAN REPUBLIC CAMEROON NIGERIA MAURITANIA WESTERN SAHARA Canary Islands CAPE VERDE SENEGAL GAMBIA GUINEA BISSAU SIERRA LEONE LIBERIA VORY COAST GHANA TOGO BURKINA FASO MADAGASCAR SOUTH AFRICA SWAZILAND LESOTHO NAMIBIA ZIMBABWE ANGOLA ZAMBIA MOZAMMBIQUE MALAWI TANZANIA BURUNDI RWANDA KENYA UGANDA DEMOCRATIC OF CONGO DJIBOUTI ETHIOPLA SOMALIA BOTSWANA ERITREA A T L A N T I C OCEAN COMOROS GABON CONGO

3 Møte med bibelarbeidet i Egypt
Ved pyramidane er det vanlegvis tusenvis av turistar. Men etter fleire år med politisk og religiøs uro er det få som reiser til Egypt. Etter at president Hosni Mubarak vart avsett i 2011, kom Det muslimske brorskapet til makta i Då representanten deira, Mohammed Mursi, vart avsett sommaren 2013, vende mange ytterleggåande muslimar sin vreide mot dei kristne. Dei kristne i Egypt lever i dag under eit betydeleg press, men har gjeve si støtte til den nye presidenten, den tidlegare generalen Abdel Fattah el-Sisi. Det er få turistar ved pyramidane. Egypt er prega av politisk og religiøs uro. Møte med bibelarbeidet i Egypt

4 Et møte med bibelarbeidet i Egypt
Gåvene som blir samla inn under Bibeldagen 2015, skal gå til nokre av dei viktigaste prosjekta som Det egyptiske bibelselskapet driv. Kvart år samarbeider Bibelselskapet med Den koptiske kyrkje om utdeling av Lukasevangeliet til egyptiske skuleborn. I 2015 ønskjer dei å dele ut slike evangelium vaksne går kvart år på eit av leseopplæringskursa som Bibelselskapet driv saman med Den koptiske kyrkja, der vaksne lærer å lesa med tekster frå Bibelen. Bibelselskapet driv 16 bibelbutikkar over heile Egypt, på gateplan i dei største byane. Bibelselskapet arbeider òg med ei viktig studieutgåve av Bibelen, der den tradisjonelle arabiske bibelomsetjinga blir forklart for menneske i dag, med studienotar og kommentarar. Gåvene som blir samla inn til bibelarbeidet i Egypt, skal gå til: • bibelbøker til born i skular og kyrkjer, • leseopplæring med Bibelen for vaksne, • å gjera Bibelen tilgjengeleg i bibelbutikkar over heile Egypt, • biblar til bibelstudiegrupper i den koptiske kyrkja. Et møte med bibelarbeidet i Egypt

5 Møte med bibelarbeidet i Egypt
Velkomen til kyrkje i Egypt. Alle kyrkjer og kristne institusjonar som vi har vitja, hadde minst ei væpna vakt ved inngangen. Dei kristne lever under eit stadig press frå ytterleggåande muslimar. Dette har ført til ei oppdeling av samfunnet. Før 1980 budde kristne og muslimar side om side. I dag bur kristne ofte i eigne nabolag og eigne landsbyar. Men mange eldre lengtar tilbake til tida då kristne og muslimar levde fredeleg saman, og borna deira kunne leike i lag Det har vorte vanskelegare å vera kristen. Kyrkjer og kristne institusjonar er strengt vakta. Møte med bibelarbeidet i Egypt

6 Møte med bibelarbeidet i Egypt
To av bibelbutikkane til Bibelselskapet vart øydelagde i uroa etter at president Mohammed Mursi frå Det muslimske brorskapet vart avsett sommaren Bibelbutikkane i byane Minia og Assyut vart raserte og brende av ein rasande mobb. «I 129 år har vi drive bibelarbeid i Egypt» seier generalsekretær Ramez Atallah i Det egyptiske bibelselskapet. «I løpet av alle desse åra har det aldri hendt noko slikt.» Også dei muslimske naboane til butikkane var lei seg for det som hende, og kom til butikkane med lause bibelark som bles omkring. Bibelbutikkane har alltid hatt eit godt tilhøve til dei muslimske naboane sine, og mobben som stod for angrepa, kom frå andre bydelar, seier Atallah. I august 2013 vart to av bibelbutikkane til Bibelselskapet i Egypt brende. Møte med bibelarbeidet i Egypt

7 Møte med bibelarbeidet i Egypt
Bibelbutikkane i Minia og Assyut er no opna igjen. Dei vart bygde opp att med midlar frå norske gjevarar. Dei 16 bibelbutikkane til Bibelselskapet i Egypt er viktige møteplassar: Der møtest representantar for ulike kyrkjesamfunn og blir kjende med kvarandre, og der kan menneske som ikkje kjenner Bibelen og den kristne trua, koma og stille spørsmål. Viss dei ønskjer å lære meir, kan dei som arbeider i butikken, vise dei til ei lokal kyrkje. For mange er bibelbutikkane den einaste staden der dei kjem i kontakt med kristendomen. Difor vil vi bruke midlar frå Bibeldagen 2015 til å sikre at Bibelselskapet er til stades på gateplan i Egypt. Arbeidet til Bibelselskapet i Egypt er i sterk framgang. Bibelbutikkane er opna att, med midlar frå norske gjevarar. Møte med bibelarbeidet i Egypt

8 Møte med bibelarbeidet i Egypt
Bibelbilen har kome til ein barne- og ungdomsskule i ein kristen landsby i nærleiken av Minia i Øvre Egypt. Skulen ligg i ein kristen landsby, og alle elevane kjem frå koptisk-ortodokse familiar. Her samarbeider Bibelselskapet og Den koptiske kyrkja om å dele ut illustrerte Lukasevangelie til skuleborna. Bibelselskapet deler ut Lukasevangelie på barne- og ungdomsskular. Møte med bibelarbeidet i Egypt

9 Møte med bibelarbeidet i Egypt
Bibelselskapet og Den koptiske kyrkja samarbeider om utdelinga. I 2013 vart Lukasevangeliet delt ut til sjuendeklassinger, og i 2014 til Det egyptiske bibelselskapet ønskjer no å dele det ut til sjuandeklassingar i Dei innsamla midla frå Bibeldagen 2015 vil vera med og gjera dette mogleg. Det kostar 8 kroner å trykkje eit Lukasevangelium, og for 320 kroner kan ei heil skuleklasse med 40 elevar få desse bøkene.. Møte med bibelarbeidet i Egypt

10 Møte med bibelarbeidet i Egypt
Bibelselskapet og Den koptiske kyrkja samarbeider òg om leseopplæringskurs. Kvart år går vaksne på eit av leseopplæringskursa som Bibelselskapet i Egypt arrangerer i samarbeid med Den koptiske kyrkja. Over 30 prosent av vaksne egyptarar har aldri lært å lesa; dei fleste av dei er kvinner. Lærebøkene på kursa inneheld bibeltekster med arbeidsoppgåver til. Gjennom kurset lærer kristne egyptarar å lesa, og samstundes blir dei betre kjende med Bibelen. Møte med bibelarbeidet i Egypt

11 Møte med bibelarbeidet i Egypt
vaksne lærer kvart år å lesa med tekster frå Bibelen. Det er gripande å høyre godt vaksne menneske lære å lesa for første gong. Sjølv om ho les ei staving om gongen, slik førsteklassingar gjer, viser ho ingen teikn til å vera flau over å ikkje ha lært å lesa. Det som strålar ut av deltakarane på kursa, er glede over endeleg å kunna lesa. Møte med bibelarbeidet i Egypt

12 Møte med bibelarbeidet i Egypt
- Eg brukte å gråta når jeg opna Bibelen, fordi eg ikkje kunne lesa det som stod der. (Miriam, 24) Miriam på 24 år er ein av deltakarane på kursa. «Før opna eg Bibelen og gret fordi eg ikkje kunne lesa kva som stod der. Men no kan eg lesa», fortel ho glad. «I studieboka «Les din bibel» handla den første leksjonen om bibelteksta der Jesus blir freista (Matt 4,1-11). Då svigermor nyleg kom på besøk, kunne eg lesa denne teksta for henne. Eg var så stolt over å kunna visa svigermor at eg kan lesa! Møte med bibelarbeidet i Egypt

13 Møte med bibelarbeidet i Egypt
born er kvart år med på kristne barnefestivalar der dei lærer historier frå Bibelen Det egyptiske bibelselskapet arrangerer ca. 250 Kingo-festivalar kvart år. Kingo er ein stor og venleg løvefigur som borna kjenner frå bøker og filmar frå Bibelselskapet. Kingo lærer borna om Gud, han forklarer bibelhistorier for dei og talar om korleis dei skal leva livet sitt. Møte med bibelarbeidet i Egypt

14 Møte med bibelarbeidet i Egypt
Etter ein Kingo-festival får alle borna utdelt materiell frå Bibelselskapet. Det kan vera små bøkar med bibelhistorier, aktivitetsbøker eller som her: Puslespel med bilete av bibelhistorier. På biletet ser vi historia om Daniel i løvehola. Gjennom utdeling til skuleborn og deltakarar på Kingo-festivalar når Det egyptiske bibelselskapet ein halv million born med kristent materiell kvart år. Alle får ei bok eller eit spel frå Bibelselskapet. Møte med bibelarbeidet i Egypt

15 Det Norske Bibelselskap
Takk for støtten til bibelarbeidet i Egypt! Bibeldagen 2015 Det Norske Bibelselskap Vi vil oppmode norske bibelvener til å gje ei gåve til bibelarbeidet i Egypt. Dei innsamla midla skal gå til: Bibelutdeling til born i kyrkjer og skular Leseopplæring med Bibelen for vaksne Å gjera Bibelen tilgjengeleg i bibelbutikkar over heile Egypt, og Biblar til bibelstudiegrupper i Den koptiske kyrkja. Takk for gåva di til bibelarbeidet i Egypt! Møte med bibelarbeidet i Egypt


Laste ned ppt "Biblar til Egypt Bibeldagen 2015 Foto: Tor Tjeransen,"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google