Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Erfaringar frå og planar for Drømmeskuleåret ved Stryn vgs

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Erfaringar frå og planar for Drømmeskuleåret ved Stryn vgs"— Utskrift av presentasjonen:

1 Erfaringar frå og planar for Drømmeskuleåret ved Stryn vgs

2 1. skuledag -mentorane tek i mot dei nye elevane våre
Kvar vg1-klasse får tildelt 2 mentorar. Desse blir presentert saman med kontaktlærar under namneopprop i storsalen der alle elevane og tilsette er samla. – Viktig å vite kven dei er frå første stund;-) Nokre av fjorårets mentorar er også mentorar i år. For å få kontinuitet – dei fungerar ypperleg som seniorrådgjevarar  Etter presentasjonen spring mentorane til skulen sitt hjerte, nemleg kantina. Der står dei klare og deler ut gratis yoghurt og frukt til alle dei nye elevane.

3 Bli kjent-dag Første veka handlar om å bli kjent i klassen og med klassen. Mot slutten av veka er det tid for å bli kjent med heile skulen. Då arrangerar vi stor Bli-kjent dag. Denne dagen følgjer mentorane klassane sine rundt på forskjellige aktivitetsstasjonar – alle aktivitetane har fokus på samarbeid og det å gjere kvarandre gode  Når aktivitetane er ferdige møtest alle på Kåre Roseths plass. Der har vg3 grilla hamburgarar, steikt sveler, kutta frukt og blanda saft. Det er tid for felles lunsj og kos. Mot slutten av lunsjen blir det ein overraskelse for elevane, anten eit show, ein konsert eller liknande. I år vart det konsert  Stor stemning og ei herlig avslutning på ei elles så hektisk skulestartsveke

4 Drømmeklassen 1 I år gjennomførte vi DK1 i alle klassane i løpet av dei to første vekene. Dette gjekk kjempefint Kontaktlærarane var positive og glade for at vi kom inn til klassane og hjelpte dei med å sette ekstra fokus på klassemiljø frå første stund Det som vi merkar er at det har vore ein hektisk haust, og mykje som skjer heile tida. Utfordringa har vore å finne tid til oppfølging i klassane. Dette er noko som vi no har hovudfokus på for å få retta opp fortløpande.

5 PYSJ-PARTY i lunsjen

6 Trafikktryggingsdag Mentorane er også med når vi diskuterar og planlegg kva større Temadagar som vi skal ha. Her er bileter frå haustens Trafikktryggingsdag 

7 Arrangement vi er begynt å planlegge:
Dei følgjande «slides» viser litt av kva vi har planar om framover. I tillegg held vi på med oppstart av leksekafe. Det skal vi ha kvar tysdag frå Då blir det vafler og lekser i en herlig symfoni Det blir nok en «Kanelbolledag» og «Funfact-kahoot» også i nær framtid

8 Adventskalendar, nissefest og juleball

9 Elevstyrt skule Her tenkjer vi at mentorane skal få ansvaret for lunsjaktivitetar på dei to dagane som vi har tenkt å ha elevstyrt. Elevstyrt vil seie at ALLE tilsette forlet skulen, og elevane styrer ALT – inkludert rektorstilling, undervisning, reinhald, kantine og sentralbord  Bilda er frå elevstyrt tidleg vår 2015.


Laste ned ppt "Erfaringar frå og planar for Drømmeskuleåret ved Stryn vgs"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google