Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

SPRÅKLØYPER Ein introduksjon

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "SPRÅKLØYPER Ein introduksjon"— Utskrift av presentasjonen:

1 SPRÅKLØYPER Ein introduksjon
Denne presentasjonen er tenkt som eit utgangspunkt for rektor/ styringsgruppe når Språkløyper skal presenterast for personalet. Før ein går gjennom denne på møte med dei tilsette bør styringsgruppa på skulen ha gjort nokre tankar om korleis dei ser for seg at arbeidet skal organiserast lokalt på eigen skule, slik at ein er førebudd på å svare på spørsmål om dette. Det kan også hende ein ønskjer å føye til eigne lysark som presenterer plan for arbeidet lokalt, eller refleksjonsspørsmål som er tilpassa skulen sine eigne planar for utviklingsarbeidet. Vi anbefaler også at den som skal gjennomføre presentasjonen har lese dokumenta som er lagt ut under ”Les mer” på framsida av nettsida, då desse gjer ei grundigare innføring i grunnlaget for strategien. I tillegg ligg det nokre kommentarar i notatfelta som kan vere ei støtte undervegs i presentasjonen.

2 Nasjonal strategi for språk, lesing og skriving (2016-2019)
”Gode språklege ferdigheiter er avgjerande – for leik og læring i barnehagen, for lesing, skriving og læring i skulealder, og for moglegheitene den enkelte har til å nå måla sine og utvikle potensialet sitt.” Sitatet er innleiinga på strategidokumentet til Språkløyper. For første gong vert det satsa systematisk både på barnehage og alle trinn i grunnskole og vidaregåande skole i same strategi. Gjennom arbeidet med Språkløyper skal skole- og barnehagepersonalet få styrka kompetanse i å tilpasse det pedagogiske tilbodet til alle og å identifisere barn og unge med språk-, lese- og skrivevanskar. Strategien skal styrke språk- og tekstkompetansen til alle barn og elevar. Det er Lesesenteret som har fått oppdraget frå utdanningsmyndigheitene å leie satsinga. Skrivesenteret deltek også i utvikling og styring av satsinga, og andre nasjonale senter er involverte i utforming av det faglege innhaldet.

3 3 grunnar til å satse på lesing og skriving
Skrift i kvardagen Organisere livet Personleg kommunikasjon Private interesser, glede og personleg utvikling Skrift i samfunnet Å delta i demokratiet Å ivareta rettane sine Skrift i utdanning og arbeidsliv Å lære seg fagets skriftkultur er ein viktig del av utdanninga Lesing og skriving er viktig i alle yrke i dag Språkleg kompetanse er avgjerande for eit arbeidsliv i stadig endring og utvikling Tilgang til skrift er grunnleggjande for eigne liv, for deltaking i samfunnet og for utdanning og arbeidsliv. Utan grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving aukar faren for å hamne utanfor arbeidslivet dramatisk. Tilgang til skrift handlar om å lære å lese, finne meining i tekstane ein les og kunne kommunisere med andre. Som eit eksempel på korleis gode ferdigheiter i lesing og skriving er ein føresetnad for å lukkast i arbeidslivet presenterer vi eit døme på teksthandlingar ein truckførar vil møte i det følgjande lysarket, som ei påminning om kor tekstbasert samfunnet i dag har blitt:

4 Ein truckførar Kjelde VOX

5 Målet med strategien: Arbeidet med å styrke språkmiljøet i barnehagen skal forsterkast Det skal vere samanheng mellom språkarbeidet i barnehagen og skulen Kompetansen til lærarar innan språk, lesing og skriving skal styrkast Barn og elevar som strever med språk, lesing og skriving, skal raskt bli identifisert og følgde opp med effektive tiltak Talet på elevar med svake lese- og skriveferdigheiter skal reduserast Talet på elevar med svært gode lese- og skriveferdigheiter skal aukast Høgt presterande elevar skal få dei utfordringane og den støtta dei treng

6 Frå mandatet for Språkløyper:
Kompetanseutviklingspakkene skal brukast i barnehagar og skolar som ei støtte i lokalt utviklingsarbeid Kompetanseutviklingspakkene skal bidra til lokale læringsprosessar i skolar og barnehagar og føre til ei utvikling i den enkelte sin praksis

7 Sentrale tema i Språkløyper
Språkutvikling og lese- og språkstimulerande aktivitetar i barnehagen Samanheng mellom språkarbeidet i barnehagen og i skolen Den første lese- og skriveopplæringa Lesing og skriving i alle fag Digitale teknologiar i lese- og skriveopplæringa Det vil kome ei pakke for overgangen barnehage-skole. I første omgang er det prioritert å utvikle mest innhald retta mot barnehage, begynneropplæring og mellomtrinnet: - fordi grunnopplæringa er svært viktig - tidleg innsats gir resultater - fordi satsingar på ungdomstrinn og vidaregåande har fått mykje merksemd dei seinare åra, slik at barnetrinnet, og ikkje minst begynneropplæringa, har kome meir i bakgrunnen når det gjeld satsingar.

8 Målgrupper for Språkløyper
Alle barn og elevar, men særleg fokus på: barn og elevar med språkvanskar elevar med lese- og skrivevanskar gutar minoritetsspråklege barn og elevar høgt presterande elevar Vi har prioritert å lage pakker for det vi kan kalle generelt god undervisning i lesing og skriving først, sidan god lese- og skriveopplæring er førebyggande og kjem alle elevar til gode. Det vil kome fleire økter etterkvart som rettar seg meir mot særskilde målgrupper frå hausten 2016.

9 Tiltak Introduksjonssamlingar for barnehagar og skolar
2015 sentralt 2016 – 2019 desentralisert Gratis nettbaserte kompetanseutviklingspakker Lokalt utviklingsarbeid, lagbygging Fagleg fordjuping Fagtekstar, eksempelfilmar, videoforelesingar, refleksjonsspørsmål og oppgåver Pedagogiske ressursar ligg tilgjengelege på nett. Ressursane er sett inn i ein barnehage- og skolebasert utviklingssamanheng og kan takast i bruk av styrarar og leiarar i utviklingsarbeidet

10 Til bruk i fellesskap Lokalt på den einskilde arbeidsplassen
I fellestid – med tid til refleksjon i fellestid og i mellom 45 – 60 minutt (med unnatak) Heile skolar, team eller faggrupper Over lang tid (spreidd over eitt år) Mellomarbeid viktig Anbefaler oppstart januar 2016 Det er viktig at ein følgjer anbefalingane om korleis pakkene skal gjennomførast. Det er særleg viktig at det vert arbeidd godt og grundig med refleksjonsspørsmåla, planlegging av mellomarbeid og erfaringsdeling.

11 sprakloyper.uis.no Dersom de ønskjer å gå inn og vise sjølve nettsida under presentasjonen ligg det lenke her.

12 Å delta i utprøvinga Gi tilbakemelding på: Kva som kan forbetrast
Kva som manglar Kva som verkar Tema de spesielt ønskjer at vi skal prioritere i 2016 Svare på spørjeskjema og bruke kommentarfelt Elles: Som deltakarar i utprøvinga av Språkløyper er de viktige samarbeidspartnarar for oss. Det er fint om alle lærararne også vert informerte om at det vil kome spørjeskjema til alle i april/mai og i desember Informasjonen som kjem inn i spørjeskjema vil brukast til intern rapportskriving og til å utarbeide ein artikkel.

13 Fullskala 2016 - 2019 Vår 2016: fleire introduksjonssamlingar
Oppstart haust 2016 Arbeidet med Språkløyper vil bli forska på Det kjem fleire økter og kompetanseutviklingspakker etterkvart

14 Skulebasert kompetanseutvikling
Skolebasert kompetanseutvikling innebærer at skolen, med ledelsen og alle ansatte, deltar i en utviklingsprosess på egen arbeidsplass. Hensikten er å utvide skolens samlede kunnskap, holdninger og ferdigheter når det gjelder læring, undervisning og samarbeid (Udir 2012) God samarbeidskultur Forskande tilnærming Felles visjonar Kollektivt ansvar for elevane si læring (Helstad 2014) Læringsfellesskap, lærarsamarbeid og refleksjon er både mål og verkemiddel i Språkløyper Udir sin definisjon av skulebasert kompetanseutvikling bygger på erfaringar frå fleire statlege satsingar på skuleutvikling, og det vi veit frå organisasjonteori om faktorar som fremjar utvikling. Godt fungerande profesjonsfellesskap skaper god opplæring for elevane. Lærarar som samarbeidar kan oppnå meir i fellesskap enn om dei jobbar aleine. Skolar som fremjar læring mellom lærarar, systematisk og målretta utviklingsarbeid, observasjon og refleksjon over undervising er skulane med beste føresetnadar for utvikling. Målet er at Språkløyper kan bidra til fagleg lagbygging: det faglege fokuset skal vere på lesing og skriving, men også på å arbeide saman i kollegiet, i faggrupper og i team.

15 Tema for barnetrinn Dei følgjande lysarka presenterer ingressar og ”Dette lærer du” for dei ulike pakkane som så langt er lagt ut under dei ulike tema Lesing, Skriving, Begynneropplæring og Når lesing og skriving blir utfordrende. Styringsgruppa får vurdere om dette er noko de ønskjer å gå gjennom i plenum, eller om de ønskjer at alle skal orientere seg på sidene på eiga hand. Fordelen med å gå gjennom i samla personale er at dette kan danne eit fint utgangspunkt for ein avsluttande refleksjon, der analyse av nåverande praksis samt lærarane sine ønskjer for utvikling kan bidra i valet fram mot kva pakke skulen vil starte utviklingsarbeidet med.

16

17

18

19

20

21

22

23 Kartlegging av eksisterande praksis:
Refleksjon i grupper: Korleis arbeider vi med lesing og skriving i våre fag i dag? Kva område ønsker vi å utvikle vidare? Det kan vere ein god ide å ha ein avsluttande refleksjon etter første presentasjon av Språkløyper. Spørsmåla ein diskuterer kan dreie seg om å identifisere og finne utviklingsbehov i fellesskap. Kartlegging av eksisterande praksis kan vere ein innfallsvinkel, eller ein kan velje å formulere eigne, lokalt tilpassa spørsmål.


Laste ned ppt "SPRÅKLØYPER Ein introduksjon"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google