Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Renessanse og opplysningstid

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Renessanse og opplysningstid"— Utskrift av presentasjonen:

1 Renessanse og opplysningstid
Kap.4

2 Læringsmål for kapitlet:
Kva ordet renessanse betyr Om kunstnarane Michelangelo og Leonardo da Vinci Kva vitskapen fann ut om naturen og universet Korleis kong Ludvig 14. styrte Frankrike Nye idear som kom i opplysningstida

3 Renessansen Mellom 1400-1600-talet
Renessanse tyder «atterføding» (gjenføding) Dei italienske kjøpmennene ville ha meir makt Mange blei rike på å lage og selje ulltøy, og av å låne ut pengar med renter. Dei rike italienarane gjorde byane vakre Kunstnarane ville lære av det gamle Hellas og Romarriket (studerte statuar og bygningar) Ville lage måleri, skulpturar og byggverk som var mest mogleg naturlege

4 Ny epoke innan kunsten - Michelangelo
Det var ikkje lenger nokon skam å vise nakne kropppar Mennesket var skapt av Gud, og nakne, vakre menneske fortalde berre om reinleiken til Skaparen og den skjønne himmelen på ein naturleg måte. Både skulpturar og måleri var prega av nakne kroppar Gud gir liv til Adam. Måleri i Det sixtinske kapell i Roma. Statue av David- før han blei jødane sin konge. Både bilete og skulptur er laga av Michelangelo.

5 Vanleg å byggje palass og kyrkjer med søyler, runde bogar
Peterskyrkja i Roma. Bygd på slutten av 1500-talet etter teikningar av Michelangelo. Området rundt Peterskyrkja er ein eigen stat som blir styrt av Paven (Vatikanstaten).

6 Leonardo da Vinci ( ) Ein dyktig kunstmålar, vitskapsmann og oppfinnar. «Nattverden» i eit kloster i Milano. Ein meister i å få fram menneskelege kjensler, rørsle, lys og skugge, dybde og rom.

7 «Mona Lisa» Leonardo da Vinci sitt mest kjende kunstverk
«Mona Lisa» heng i kunstmuseet Louvre i Paris.

8 Leonardo sine oppfinningar
Leonardo var langt føre si tid, og var utvilsamt eit av dei største genia som nokon gong har levd. Konstruerte ei dykkardrakt Teikna ein fallskjerm og eit helikopter Planla å byggje eit fly som likna ein fugl Nesten ingen tok oppfinningane hans alvorleg, så dei fleste av dei blei gløymde og funne opp på nytt fleire hundre år seinare.

9 Leonardo som vitskapsmann
Leonardo gjorde noko som var strengt forbode: han skar opp lik for å undersøkje korleis menneskekroppen såg ut inni. Han laga hundrevis av teikningar av knoklar, musklar, sener, hjartet og andre organ, og han var den første som viste korleis eit foster låg plassert i livmora.

10 Ny naturvitskap: Hans Lippershey fann opp kikkerten
Omkring år 1600: to barn leikte i verkstaden til den hollandske brillemakaren Hans Lippershey. Under leiken fann barna på at dei skulle leggje to brilleglas etter kvarandre for å sjå på kyrkjetårnet i byen. Da oppdaga dei noko morosamt: Tårnet blei forstørra. Barna bad brillemakaren om å komme og sjå. Han bøygde seg ned, kikka gjennom brilleglasa og fekk plutseleg ein god idé: «Dersom eg set to brilleglas inn i to røyr, som blir skyvde inn i kvarandre, kan eg lage eit intrument som gjer det mogleg å sjå ting som ligg langt vekk mykje tydelegare!»

11 Galileo Galilei (1564-1642) Stjernekikkert
Galileo Galilei var ein italiensk astronom- svært interessert i kikkerten. Bygde ein stjernekikkert. Galilei studerte himmelrommet. 1610: etter å ha studert sola, månen og fleire av planetane, kom han fram til at jorda går i bane rundt sola- ikkje omvendt, slik kyrkja og dei lærde meinte på denne tida.

12 Galileo opp data mykje med stjernekikkerten sin:
Det finst fjell på månen Sola har flekker Jupiter har fleire månar Galileo var dyktig i matematikk og fysikk

13 Nicolaus Copernicus (1473-1543)
Polsk astronom Copernicus rekna ut at jorda gjekk rundt sola Var redd for å gå imot læra til kyrkja om himmelrommet Like før han døydde i 1543: ga ut ei bok der han fortalde om undresøkingane sine. Var ikkje mange som var einige med han Kyrkja prøvde å stoppe folk som meinte noko slikt

14 Giordano Bruno Italienar Skreiv at jorda gjekk rundt sola
Skreiv også at verdsrommet var utan grenser og at det fanst planetar der ute som likna på kloden vår. Bruno blei arrestert for meiningane sine Satt i fengsel i 8 år før han blei stilt for retten Nekta for å ha tatt feil, blei dermed dømd til døden. 1600: blei brend for meiningane sine på bålet på Blomstertorget i Roma.

15 Galileo Galilei, Copernicus og Bruno
Galilei fann ut at både Copernicus og Bruno hadde hatt rett: jorda gjekk rundt sola. Verken paven eller biskopane ville gå med på denne teorien. Galilei blei trua med å bli pint dersom han ikkje trekte tilbake meiningane sine. 1633: Galilei klarte ikkje stå i mot presset: erklært at han ikkje lenger trudde på det Copernicus hadde funne ut. Blei tvinga til å bu i eit hus langt ute på landet, og resten av livet blei han passa på av strenge vakter. Først på 1800-talet innrømte den katolske kyrkja at både Copernicus, Bruno og Galilei hadde hatt rett.

16 Vitskaplege framskritt 1500-1750
1500-talet: nokre medisinarar begynte å skjere opp lik for å finne ut korleis kroppen er inni. 1543: Andreas Vesalius gav ut ei ny lærebok om anatomi (menneskekroppen) Anatomi= betyr «å skjere opp» Boka til Vesalius blei den viktigaste læreboka for legestudentar i fleire hundre år.

17 Isaac Newton (1642-1727) Ein av verdas største vitskapsmenn
Fann ut korleis tyngdelova verka. Tyngdelova forklarar mellom anna kva som skjer når eit eple fell ned på bakken, og når planetane går i banar rundt sola. Newton oppdaga også at ei lysstråle som passerer gjennom eit slipt glass, blir delt opp i fleire fargar.

18 Carl von Linné Svensk botanikar
Laga eit nytt system for å beskrive korleis planter er i slekt med kvarandre. Han gjorde det same for dyr. Linné skapte orden og oversikt for forskarar som studerer naturen.

19 Ole Rømer, Gabriel Fahrenheit og Anders Celsius
Ole Rømer: Dansk vitskapsmann Rømer studerte stjernehimmelen Slutten av 1600-talet: fann ut at lyset har ein bestemt fart Laga ein eigen temperaturskala (er ikkje i bruk i dag) Gabriel Fahrenheit besøkte Rømer i 1708, lærte av Rømers arbeid. 1724: Fahrenheit laga sin eigen temperaturskala. Skalaen er framleis i bruk i enkelte land. 1742: Anders Celsius fann opp celsiusskalaen .


Laste ned ppt "Renessanse og opplysningstid"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google