Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Korleis dei ulike politiske partia ville fordele ein fiskefangst

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Korleis dei ulike politiske partia ville fordele ein fiskefangst"— Utskrift av presentasjonen:

1 Korleis dei ulike politiske partia ville fordele ein fiskefangst
Fisk og politikk Korleis dei ulike politiske partia ville fordele ein fiskefangst Henta frå Aftenposten: Alle illustrasjonar: Hanne Sigbjørnsen/Tegne-Hanne

2 Utgangspunktet Fem vener med ulike eigenskapar er på fisketur og får 25 kilo fisk. Kor mykje skal kvar av dei få? Her svarar partia. Skulen tek i bruk mange ulike metodar for å lære elevane politikk. Éin av dei er ei historie om fem vener med ulike eigenskapar som er på fisketur og skal fordele fangsten mellom seg. Kor mykje skal kvar av dei ha? Oppgåva blir gitt på ulike klassetrinn over heile landet. – Tanken med oppgåva er at elevane skal tvingast til å tenke sjølv, og det blir ofte heftig diskusjon i klasseromma, seier lærebokforfattar Torstein Bjaaland. Saman med Per Paaske Gulbrandsen presenterte han oppgåva i ei lærebok alt i – Dei fem venene er bilete på grupper i samfunnet, og elevane kjenner raskt igjen typane. Historia er eit veldig godt utgangspunkt for å lære elevane meir om økonomiske system og politikk, seier Bjaaland.

3 Oppgåva ser slik ut: «Fem personar har vore på fisketur og skal fordele fangsten mellom seg, men dei blir ikkje einige om kor mykje kvar av dei skal ha. Det er altså ei interessekonflikt. Nedanfor er det ei skildring av kvar enkelt sin innsats. Dikke Dahr gadd ikkje fiske, men ho eigde båten og alt utstyret som ho arva av mor si. Lystige Ludde fiska heller ikkje, men underheldt dei andre ved å synge eigne viser og spele gitar. Birger Bølle fiska ikkje fordi han sat med begge armane i gips etter ein slåstkamp. Men han kritiserte heile tida dei andre sin måte å fiske på. Flittig Lise stod på som ein helt på heile turen, og fekk 25 kg torsk, sei, makrell og kolje, men det var også heile fangsten. Ann Dante fiska endå meir iherdig enn Lise under heile turen, men mangla tydelegvis fiskelykke og fekk ikkje eit napp. Korleis skal fisken fordelast?» Aftenposten har bedt dei ni største partia i Noreg om å svare på korleis dei ville ha fordelt fisken i samsvar med politikken sin.  Her er svara deira:

4 «Venene burde krevje avstemming om fiskeutstyret»
Rødt meiner gruppa bør lage eit måltid med noko av fisken der alle er med på å lage maten, deler likt, et seg mette og kosar seg. Fiskeoverskotet burde gruppa forsøke å selje, og profitten burde brukast til å ruste opp utstyret, eller kanskje kjøpe fleire båtar. Etter måltidet ville Rødt oppmoda dei som ikkje eigde fiskeutstyret til å krevje eit demokratisk val om kven som skal eige fiskeutstyret og båten. Om Dikke Dahr set seg på bakbeina, burde dei andre nekte å bli med på neste fisketur. Rødt meiner alle bør vere med på fisket, og dele resultatet. Både vårt hell og våre evner til å delta varierer. Difor trur vi det er viktig at vi deler på arbeidet og resultatet. Vi ønskjer små forskjellar mellom folk, og Rødt vil ta vare på dei som ikkje har like stort hell, evne eller eigedeler. For at alle skal kjenne eit ansvar for å fiske, ta vare på fiskeutstyret og for å ha reelt folkestyre over ressursane, burde det avgjerast demokratisk kven som skal eige fiskeutstyret.

5 «Lise og Ann får velje fisk først»
Alle fem er svoltne etter fisketuren, og avtalen var å dele fisken. Vi deler fisken likt, men Lise og Ann får velje fisk først, sidan dei stod for fisket. Birger får velje sist, sidan han berre klaga. Samstundes gjer venene denne avtalen om neste fisketur: Alle som vil ha fisk må vere med på fisket, også den som eig utstyret. Dei som av gode grunnar ikkje kan fiske, til dømes fordi dei har armane i gips, må støtte dei som fiskar så godt dei kan. Om ikkje blir det ikkje noko fisk.

6 «Dikke Dahr trur ho er den viktigaste av alle fem»
Arbeiderpartiet ville fordelt fisken jamt, men ikkje heilt likt. Vi vil ha små forskjellar. Alle skal kunne leve gode liv, sjølv med ulike utgangspunkt. Og for stor ulikskap gir mindre lykke for alle. Men det må løne seg å jobbe og å gjere noko smart. Det fører til at samfunnet utviklar seg – at ein får meir fisk. Flittig Lise jobbar hardt, og trulig litt smartare enn Ann Dante. Lystig Ludde jobbar med kultur. Det synest vi i Ap er viktig. Birger Bølle fortener ikkje å svelte ihel. Og det kan vere grunnar vi ikkje kjenner til at han oppfører seg dårleg. I gamle dagar hadde Dikke Dahr fått alt, og så gitt bitte litt til dei som jobba – nok til at dei kunne jobbe neste dag. Det synest Ap er urettferdig, og vi har gjort mykje for at det ikkje lenger er slik i Noreg. Men draumen om å få eige mykje og jobbe lite, kan vere ein motivasjon for dei andre. Og ho hadde laga eit frykteleg bråk om ho ikkje fekk noko, for Dikke Dahr trur nemleg ho er den viktigaste av alle fem.

7 «Vi må slutte å kalle Birger for bølle»
Dikke Dahr skal ha 4 kg fisk – hadde det ikkje vore for henne, ville ein ikkje hatt båt. Men ho får heller ikkje noko ekstra, sidan ho ikkje var med og fiska.  Lystige skal ha 4 kg fisk – hadde det ikkje vore for han, ville fisketuren vore mykje tristare. Birger Bølle skal ha 4 kg fisk, han er sikkert berre gretten fordi han ikkje kan fiske sjølv. Det må innrømmast at han er veldig flink til å fiske, sjølv om han ikkje fekk vist det denne gongen. Og no er det snart på tide at vi sluttar å kalle Birger «Bølle». Ingen blir betre av å bli stempla på denne måten! Flittig Lise skal ha 7 kg fisk – ho skal få litt ekstra denne gongen, sidan ho var så flink. Det skal løne seg å stå på – og resultata tel! Ann Dante skal få 5 kg fisk. Ho var klart éi av dei som sto på hardast, og neste gong kan det vere ho som fiksar heile fangsten som alle er avhengig av. Du synest kanskje det er rart at vi berre har fordelt 24 kg fisk? Den siste skal sjølvsagt steikast på bålet og delast av dei alle saman. Eit godt leirbål forsterkar samhaldet!

8 «Vi vil sleppe fisken tilbake igjen i sjøen»
Miljøpartiet De Grønne vil fordele fangsten slik at alle fem får akkurat nok til middag. Noko av fisken vil vi sleppe fri igjen, slik at dei som vil fiske i framtida også skal kunne få napp. Mange fiskebestandar er trua av miljøøydelegging og overfiske. Om menneska hadde teke betre vare på dyra i naturen i utgangspunktet, hadde kanskje Ann Dante fått napp også! Det som blir til overs etter at alle er mette, vil vi spare til ein dag utan fiskelykke. Vi veit at mellom anna klimaendringar gjer matproduksjon vanskelegare, så det vil vere klokt av dei fem fiskarane våre å planlegge for trongare tider. Vi sit alle i same båt.

9 «Neste gong kan det vere Anne som får bonusen»
Dikke Dahr fiska ikkje, men sørgja for båt og utstyr, og utan henne hadde ikkje fisketuren vore mogeleg. Lystige Ludde er glad i å synge og spele, og bidrog til god stemning, sjølv om han ikkje fiska. Han bidrog med god underhaldning, noko som gjer at dei andre smilte og kosa seg. Birger Bølle kunne ikkje fiske på grunn av gipsen på armane. Det er viktig å ta vare på også dei som ikkje har mulegheit til å bidra med arbeidsinnsats sjølv. Sjølv om han kritiserte dei andre sin fiskemåte, var han ein del av fisketuren, og bør få nok fisk til å klare seg. Flittig Lise fekk all fisken, og hennar arbeidsinnsats og resultat bør lønnast med ein ekstra bonus. Utan hennar bidrag hadde det ikkje blitt mat på nokon av dei andre. Ann Dante manglar fiskelykke, men har stått på saman med Flittig Lise, utan å gi seg, og dei har motivert og inspirert kvarandre til felles innsats. Om lykka snur neste gong, kan bonusen bli hennar.

10 «Flittige Lise skulle kanskje ha lært bort litt»
Vi ville nok gitt likt med fisk til alle. På litt ulikt vis har dei jo bidrege alle saman. Kanskje med unntak av Birger då, men vi er heilt sikker på at han hadde lyst til å bidra. Her er det eigentleg fem flotte fiskevener. Kanskje han ikkje veit det sjølv, men vi trur Lystige Ludde er viktig. Han har utstråling og motivasjon til å få alle til å bidra litt meir. Kanskje han i tillegg til å synge og underhalde kunne teke ein prat med Dikke Dahr og Birger Bølle. For med sitt gode humør kunne han kanskje fått dei til å fiske litt, dei også. Spesielt om dei også hadde fått litt hjelp og tips av Flittige Lise. Ho har jo verkeleg taket på fiskinga. Kanskje ho skulle fiska litt mindre sjølv, og brukt litt tid på å gi bort nokre gode tips til dei andre. Då trur vi det hadde blir litt meir fisk til alle på neste tur, og dei kunne gledd seg over at dei fekk til noko saman.

11 «Flittige Lise burde få nesten halvparten av fisken»
Regel nummer 1 er at ingen skal vere svoltne når dei går og legg seg. Alle, til og med bølla Birger, bør få ein kilo fisk kvar. Regel nummer 2 er at alle som har bidrege til å fange fisk skal få noko av fisken. Både dei som jobba hardt og dei som faktisk fekk fisk fortener å få løn. Om ein ikkje hadde hatt båten og fiskeutstyret, så hadde ein ikkje klart å fange ein einaste fisk. Dikke Dahr bør få 4 kilo fordi ho hadde med utstyr. Lystige Ludde burde nok ha hjelpt til og fiska litt, men det er flott at han laga god stemning og underheldt dei andre! Sjølv om han ikkje bidrog direkte til fiskinga, så bør han få 2 kilo fisk som takk. Ann Dante forsøkte for harde livet å få fisk. Ho er like flink som Flittige Lise, og ho jobba like hardt. Dessverre var ho ikkje heldig nok. Sjølv om ho ikkje fekk fisk, bør innsatsen telje. Dante bør få 6 kilo fisk. Flittige Lise fiska heile fangsten, og har bidrege til at alle får mat på bordet. Ho bør få resten av fisken.

12 «Venene må bestemme fordeling sjølv»
Politikk handlar i først og fremst om kva slags samfunn vi ønskjer oss og kven som skal bestemme kva. Fremskrittspartiet meiner at alle har rett til å vere sjefen i eige liv. Vi vil at du og eg skal bestemme meir og at politikarane skal bestemme mindre. Difor meiner vi at det er gutane og jentene som var med på fisketuren som sjølv har ansvar for å bli einige om korleis dei vil fordele fangsten. Vi trur deltakarane vil meine at det er rett at Flittig Lise, som har stått på under heile turen og fått all fisk, får behalde ganske mykje. Samstundes ville ho ikkje fått noko fisk om ikkje ho fekk vere med på båten til Dikke Dahr og fekk låne fiskeutstyr – det gir Dikke Dahr eit godt utgangspunkt for ein del av fangsten. Lystige Ludde underheldt på turen. Bidrog det til å halde motivasjonen til Flittig Lise og Ann Dante oppe? Var Ann Dante med på å lokke fisken til båten gjennom sin iherdige innsats?  Og er Birger Bølle er meir enn berre ei bølle? Dette er ting vi politikarar ikkje veit noko om, og som vi difor ikkje bør blande oss bort i.


Laste ned ppt "Korleis dei ulike politiske partia ville fordele ein fiskefangst"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google